Norsk del, Gullvekta
Blanda  ❀ 2
Seksjon › 25 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Balderøy ved Vigrøy

Balderøy har namnet sitt etter kjempa Balder. Mellom Balder og kjempa Vigar fann det stad ein stor kamp på det som då var ei landtunge mellom Balderøya og Vigrøy. Dei to stridande stampa og stridde fram og tilbake over landtunga til all molda og grusen forsvann i vatnet omkring. Då mørket fall på hadde Balder drive Vigar til Vigrøysida. Då heldt dei opp og tok seg heim kvar til sitt, Balder til Balderøy og Vigar til Vigrøy. Mellom dei låg det no eit sund som båtar kunne segle gjennom.

[Jf. Thiele, bd 1, s. 5: "Balder og Hother"]

Balder og Hother (dansk)

Haderslev kaldtes før i tiden Hotherslev og har dette namn efter kempen Hother. Noen mil derifra ligger byen Bollerslev, som før i tiden hed Balderslev, hvilket navn det har fået efter kempen Balder. Mellom disse to kemper er der en gang blevet udkempet et stort slag på Bollerslev mark, hvilket endnu kan sees ag de mange høje, som ligger der, og hvori de faldne er blevet begravet.

Arnkiel, Cimbr. Heyden Relig. I, 71. Om Bollerslev: "Se Rasks Moerskabslæsn 1839, 205. Byen Ballerup ved København menes også at have sit namn efter Balder, som blev feldet af Hother og begravet i en stendysse [steinrøys, liten gravhaug] nord for byen. Danske Atl. VI, 14.

No er spørsmålet: Skal tru om ikkje ei soga som gir til kjenne at ho er tull, er likast å ha med å gjere?

Balderhola

Då Balder ifrå Balderøya hadde drive kjempa Vigar til Vigrøy, gav han folket sitt ordre om å grave ut ei hole i bergveggen vest på Balderøya, for han var ein fjong, flott kar som ikkje fekk så mykje fred og ro som han trong. Og fred og ro, og det fann han i hola. Inngangen til hola låg om lag 55 meter over havet. Opninga var om lag trettiåtte meter høg, så han fekk godt med sol om kvelden. Hola gjekk om lag hundre og førti meter innover i fjellet. Dei inste sekstini metrane var botnen ganske flat.

Sidan den fjonge Balder heldt til rundt opninga, har hola blitt heitande Fjong-hellaren.

Balder-fingrane

På garden Mudderholen ligg ein halvstein av stivna mudder, og i den kan ein sjå avtrykk av fem fingrar. Det blir fortalt at gode, milde Balder ein gong budde der, men fekk ikkje eit augeblikks fred for kona. Då slo han i steinen så hardt at dei fem fingrane hans skapte varige merke. Enno syng barna når dei leikar:

Balder og den arrige kona
kom i krangel.
Der slo Balder ein stein.
Ni slag vil vi slå i stein og gå heim.
Eitt, to, tre, fire, fem, seks, sju, åtte og ni -
Dermed går ryggen fri.

I Prestekrøniker frå 1765 heiter det: "På Mudderud finst ein stein, og i den kan ein liksom sjå eit grep av ti fingrar." Under steinen skal den kjende kjempa Steinhard (Steinar) ligge daud. Juleleiken blant barna der kan ha opphav i ein strid der Balder slår i hel ein prestemann ute etter kiv.

Prov på at noko er sant kan mangle

Om prov på noko manglar, trur ein eller lar vere. Det siste er ikkje i strid med bra vitskap og bra kvardag, og lèt heller ikkje att døra for god underhaldning. Vil ein få til ei vurdering av tingen likevel - og det kan ein bli nødt til - kan ein enten forske fram data - dyrt og tidkrevjande som det ofte er - eller prøve å vurdere kor pålitelege og relevante (nyttige) opplysningar ein har, og ta stilling heller overflatisk.

"Få syn for segn" er eit uttrykk for det same: Det gjeld å få stadfesting (ved sjølvsyn) på noko ein har høyrt". Segntilfang kan verke som tull og vas for det meste, og sjølvsyn verkar lite rimeleg å skaffe seg. Noko kan ein skaffe seg: bakgrunnkunnskap til segner, og kunnigheit i å tolke og tyde historier. For ein kan somtid finne djupare vink ved hjelp av litegrann bakgrunnskunnskap og tolkingskunnigheit i spann.

Det same gjeld for nattlege draumar og gamle folkeeventyr. Fagfolk innan psykoanalyse og jungiansk litteraturanalyse hevdar dei kan slikt, men dei kan ta feil like fullt. Det er ikkje godt nok berre å påstå ein forstår; ein må også kunne dokumentere det på ei godtatt vis. Baldwin Hergenhahn (2005:499-504) gir eit avklarande samandrag av forsking over delar av den grovt dogmatiske læra til Freud. Ein kan i regelen ikkje finne ut kva som er sant i den truslæra. Sagt med Hergenhahn på vitskapleg vis: "Freud's theory violates Popper's principle of falsifiability." (s. 504) Det vil seie ein kan ikkje etterprøve deler av psykoanaasen.

Men same kva, Sigmund Freud og disiplar gav seg til å tolke gamle greske segner og kom fram til nokså overraskande poeng i si tid, og Carl Jung og andre Freud-disiplar - som Erich Fromm - gav seg i kast med å tolke eventyr og annan litteratur også. Dei syner eigentleg at det kan bli lite føremålstenleg å berre forkaste vas som vas - sidan det kan gøyme seg skattar midt i noko som verkar som vas, men kanskje "løyner gull" på figurativt vis. For å finne "gullet", går ein over til andre "bølgelengder" enn dei konkrete, enn dei i syninga, enn ein først tenker seg. Det same gjeld truleg draumane dine. At somme hardhuda forståsegpåarar ser ut til å tolke tullete, slik Erich Fromm tolka Raudhette, får ein også ta med i rekninga. [jf. Berne 1973:42-47]

Ei av dei store utfordringane er å prøve å finne fram til kva som stemmer, kva som tyder kva, og kor gode prova er på nett det. Når gode prov og avklaringar er mangelvare, held ein gjerne saka svevande, in suspensio, utan å gjere seg opp noka fast meining enno.

Tilbake står vi med ein annan lærdom: Ein får no og då gjere seg nytte av dei reiskapa ein har for å kome frametter og få til betringar og løysingar i livet, jamvel om reiskapa ikkje er heilt tipp topp - berre ein kan vere tent med dei.

Beowulf kjempa mot både troll og drake

Beowulf heiter eit gammalt dikt om helten Beowulf som hadde eit fælt troll, Grendel, imot seg, mora til trollet og ein drake. Etter å ha vunne over dei to første, kunne Beowulf herske i Götaland i femti år, heilt til han døydde av såra sine etter ein kamp mot ein drake han vann over. Så blei Beowulf hauglagt, står det. [Baff]

"Det var det", kan ein tenke, men det blei dikta om Beowulf, og diktet lever og leverer bakgrunnskunnskap enno. Beowulf tyder 'bie-ulv' eller 'bijeger', og diktet kjem frå 700-1000 i vår tidsrekning. Handlinga er lagt til Danmark og Götaland (Geatland), der helten voks opp og seinare herska. Det omtvista verket er eit "forteljande heltedikt" med bokstavrim, i angelsaksisk litteratur. [Sjå svensk Wikipedia, s.v. "Beowulf"]

I boka The Beowulf Poet har Donald Fry samla essays over "det beste diktet som har overlevd etter ein meisterleg handverkar i teknikkane som kvar diktar i einkvar tidbolk har for handa." Det dreier seg om det som blir kalla "meistring av struktur of veving av stoff, for det meste i å handtere avvik frå emnet - mastery of texture and structure, mostly in the handling of digressions". [Tbpc 1, 4]

Ikkje alle klarer å avvike frå hovudsaka og likefram hyllast for det. Det er sikkert og visst. Thomas Bulfich fortel elles historia om Beowulf kort i kapittel 42 i mytologi-verket Bulfinch's Mythology: The Age of Fable, or Stories of Gods and Heroes.

I dette gamle diktet finn vi element som også er i eventyra: Troll og drakar, og kamp mot dei. Troll og drakar . . .

  • Figurativt språk kan fakke og nærme seg det fryktelege.
  • Mange husdrakar lager huskestue.
  • Ein må freiste å fange inn att og verdsette den djupe grundinga. One must seek to recapture and esteem the deep pondering.", skriv J. Tolkien, som blei inspirert av trollet Grendel mellom anna. [Tbpc 13]

Heile Beowulf i engelsk prosaversjon: [Lenke]

Gullkjeda i gamleskogen

I mellomalderen var det ei stormannsætt på øya Giske i havgapet. Stamfaren til ætta var gift med dotter til ein fiende av Heilag-Olav, men var trufast mot kongen og følgde han ut av landet då kongen blei jaga ut. Dotter til ættestamfaren, Tora, blei gift med Harald Hardråde og blei stammor til den kommande kongeslekta. Så langt stemmer soga!

Den stolte ættefaren blei lagt i grav. Var det oppi den største skogen på øya, og har nokon i ettertid funne eit urimeleg tungt og flott gullkjede der i grava, har dei halde det for seg sjølv.

Farleg

Når historiske fakta blandast i hop med tull og vas, kan det bli vanskeleg å styre beint.

Innhald


Blanda forteljingar, litteratur  

Alexander, Michael, trans. Beowulf and Grendel. London: Penguin, 1995.

Berne, Eric. What Do You Say After You Say Hello? The Psychology of Human Destiny. New York: Bantam, 1973.

Fry, Donald. The Beowulf Poet. A Collection of Critical Essays. Englewood Cliffs, NJ: Prentice-Hall, 1968.

Hergenhahn, Baldwin Ross. An Introduction to the History of Psychology. 5th ed. Belmont: Thomson / Wadsworth, 2005.

Jung, Carl Gustav. Drømmetydninger. Utval og omsetting ved Ove Steen. Oslo: Pax, 2007.

Klaeber, Friedrich, ed. Beowulf and the Fight at Finnsburg. 3rd ed. Lexington, Mass: Heath & Co, 1950.

Munch, P. A. Norrøne gude- og heltesagn. Rev. ed. Oslo: Universitetsforlaget, 1981. — Heile boka på engelsk.

Rytter, Henrik. Beowulf og Striden um Finnsburg. Oslo: Det Norske Samlaget, 1921.

Sugg, Richard P., ed. Jungian Literary Criticism. Evanston, ILL: Northwestern University Press, 1992.

Thiele, Just Mathias. Danmarks folkesagn. Bd. 1 og 2. Kjøbenhavn: C. A. Reitzel, 1843.

Thiele, Just Mathias. Danmarks folkesagn. 3 band. (red., Per Skar). København: Rosenkilde og Bagger, 1968.

Blanda forteljingar, opp Seksjon Sett Neste

Blanda forteljingar BRUKARGAID: [Lenke]
© 1999–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]