![]() |
Enkle stubbar 2 | |||||
| 13 1 55 | ||||||
|
FuglenFor lenge lenge sia kom ein svært sjeldan fugl ned til utkanten av byen Lu. Herskaren var nesten over seg av glede over den kjærkomne fuglen. Han sette han i eit stort bur, heldt ein stor fest til ære for han og fekk attpåtil ein god musikar til å spele for å underhalde han. Men alt frå første dag blei fuglen matt i auga og ville verken ete eller drikke, og etter tre dagar døydde han. Dette blir kalla "Å fôre ein fugl som deg sjølv." Men skal du mate ein fugl som ein fugl skal matast, lyt du la den bu i ein djup skog eller symje i ei elv eller ein innsjø, eller gå på tørt land og finne sin eigen mat heilt naturleg. [Frå gamle Kina] PS. Her langt nord er det godt å fôre småfuglar støtt gjennom vinteren, for når det blir snø og kulde, kjem dei nær heimane til folk i håp om å finne mat så dei kan overleve. Meir i Hogstad si hendige bok i litteraturutvalet nedst på sida.
Familietre og livshistorier
Lyse skogen kan vere til stor hjelp for mennesket: Utan tre og andre plantar, ikkje noko liv! Det er i dei store linjene. Det er helst dei som tel i langdrag.s Det er sælebot i mangt eit tre. Tre, livshistorier og stamtre har jamt mange greiner. Folk er jamt godt påverka av skog og plantar omkring seg, og kan deppe når dei ikkje gjer miljøet lagleg, men er borte. Sjå f.eks. Asbjørnsen, "Ein vestlandsk skogdal". |
|
© 19992011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |