![]() |
Merknader til danske stubbar | |||||
| 13 1 5 | ||||||
|
Om AT-nummer, ATU-nummer og ML-nummerAT er frå forbokstavene i etternamna Aarne og Thompson, og viser til eit internasjonalt klassifiseringssystem for eventyr og skjemtesoger. AT-nummer har blitt ført vidare av ATU-nummer frå 2004. Då kom ei revidering av dette klassifiseringssystemet. [Ti] [Meir] AT- og ATU-nummera viser til motiv-grupper, dvs. historietypar. Slike AT-nummer finst opplista i internasjonale eventyrkatalogar, med rom for godt og vel 2500 enkle intrigar, plott, med modifikasjonar. AT-nummer som har vore i bruk i hundre år, er stort sett uendra som ATU-nummer også, men skildringane av eventyrtypane etter ATU-nummer i den nye katalogen er grundigare.
Innpå narraEventyr med AT-nummer ifrå 1000 til 1160 - som dette - kjem inn under hovudoverskrifta Guten og det dumme trollet. Det finst ei mengd kombinasjonar av motiv og/eller typeelement (og dermed AT-nummer) i slike stubbar. Eventyret er det danske "Noget nær narret" ifrå Danske folkeeventyr gitt att [Dao 138-57]. Jamfør eit norsk døme her: Jutultabbar. [Til soga] Kongsdottera på glasbergetAT 530: Kongsdottera på glasberget Tre brør blir ein etter ein sendt for å vakte ei løe eller ei eng som blir ramponert av eit monster om natta. Dei to eldste brørne blir skremde vekk, men den yngste lykkast og sikrar seg ved det hestar og rustning. Takk vere dei rir han til kongsgarden utan å bli kjent og tek gulleple eller lenkjer frå ei kongsdotter som har blitt sett høgt opp, på eit glasberg, tilmed. Alle friarane blir samla, så kongen kan finne han som rei så høgt og vann, og då gir helten seg til kjenne og giftar seg med kongsdottera. Det gjeld å vere skarpskodd. [Til soga] SkattenGitt att frå svend Grundtvigs Danske Folkeæventyr, Bind 1. København: Reitzel, 1876, s. 226-230. [Til soga] GrisesaletGitt att frå Skattegraveren: En Evald Tang Kristensen antologi ved Peter Lykke-Olesen og Ole Pedersen.. København: Dansklærerforeningen/Skov, 1983:162-66. Bonden i historia er frå Ty, og byen er Ålborg. [Til soga] HumraneAT-. Good fellows - Ei molbuhistorie er ei skrøne om noko innskrenka og godtruande folk. I Danmark er det folk frå Mols på Jylland som blir plassert i rollene, i England er det folk frå Gotham, i Bergen er det vossingane, somme stader langs kysten i Noreg er det landkrabbar, snåsingar, og så bortetter. Skrøna er oppskriven både i Hordaland og Danmark - denne er frå Danmark. Den eldste utgåva med molbuskrøner i Danmark er frå 1781 (Caplex). [Gado, Mob] [Til soga] JomfrusprangetDenne stubben (segna) er gjendikta. Forskjellen mellom segn og eventyr er stundom ikkje god å sjå. Segna finst frå Jacob Grimm si samling tyske segner [Dtsn 1:212 o.a], og på dansk heiter den "Jomfruspringet" i Thiele si samling [Df 1:71]. [Til soga] KattenSkrøna står i ei bok av Evald Tang Kristensen. Den heiter Molbo- og aggerbohistorier, samt andre dermed beslægtede fortællinger. (F. V. Backhausen's bogtrykkeri, I kommisjon hos Gyldendal, Kjøbenhavn, 1905, nr. 12 (s. 8). Også denne finst på tysk - mellom Grimm-eventyra. [Til soga] |
|
© 20002011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |