Norsk del, Gullvekta
Eventyr av H. C. Andersen  ❀ 12
Seksjon › 12   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Jean-François Millet. La recolte de pommes de terre. 1855. Modifisert detalj.
Potethaustinga av J.-P. Millet, 1855.

Potetene

"Det som er godt, kjem vel ein gong i akt og ære", sa mormor. "Hugs berre potetene. Dei kunne fortelje om det, om dei kunne snakke."

Dei hardføre potetene blei innført i Europa frå Sør-Amerika, men det gjekk seint å få bønder til å godta dei. I dei dagane hjelpte det knapt at prestane preika frå preikestolen at poteter var god mat, til glede og nytte, for folk flest trudde knapt nok på det. Jamvel når kongen delte ut poteter til å legge i jorda, blei dei lagt dit av den grunn?

Gamle kong Fritz i Preussen gjekk også inn for poteter. Han gav eit heilt vognlass til ein av byane i riket sitt og kalla saman folk i byen med trommeslag. Byrådet sjølv laut vise fram poteter på torget og lese opp korleis dei ein legg dei i jorda og dyrkar dei, oppbevarer dei og steller dei til for måltid. Men undervisninga gjekk inn i det eine øyret og ut det andre. Folk forstod ikkje det som blei lest opp, og beit i dei rå potetene. "Fy så fælt dei smaker", sa dei kasta potetene i rennesteinen. Der blei dei liggande. Sjølv ikkje laushundar ville ha dei, og det la fleire borgarar merke til også.

Somme ville likevel prøve å så og dyrke potetene; dei stakk poteter i jorda, ei her og ei der, og venta at det skulle vekse opp potettre som dei kunne riste poteter ned av, som eple*. Andre kasta alle potetene dei fekk, ned i ei stor grop. Der vikla groane seg saman i ein klump og strekte seg oppetter saman, utan heilt å komme til.

Neste år måtte kongen starte på ny frisk, men det gjekk seint å få folk til å dyrke potetene rett. "Der som her miskjende folk den beste rotfrukta vi har fått", sa mormor. "Men no klarer potetene seg. Folk har sanna dei er verdifull mat. Det som er godt, kjem vel ein gong i akt og ære."

Sidan har eg ofte tenkt på orda til mormor og potetene som blei så miskjende i lange tider her i verda. [Attgiving]

* Poteteple finst. Dei veks fram i potetriset, over bakken, og er slektningar til tomatar. Akkurat som poteter med grønt skal er dei litt giftige, så ein skal ikkje ete dei. Det er elles lyset som gjer at delar av poteter over bakken få grønt skal. Før folk lærte å grave mold over potetene der dei voks fram, fekk somme diare og kvalme av gifta (solanin) i dei grøne delane. Slikt visste ikkje folk før etter prøving, feiling, gransking og fundering. (Wikipedia, "History of the Potato"; "Potato")

FN valde elles 2008 til å vere det internasjonale potetåret.

Notar

  Innhald  


Bøker

Eventyr av Hans Christian Andersen, H. C. Andersens folkeeventyr.    Seksjon     Sett    Neste

Eventyr av Hans Christian Andersen, H. C. Andersens folkeeventyr. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2012–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]