Norsk del, Gullvekta
Eventyr av H. C. Andersen  ❀ 3
Seksjon › 12   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Keiserens nye klær, illustrasjon

Nye keisarklede

For mange år sidan var det ein keisar som var så urimelig glad i vakre, nye klede at han brukte alle pengane sine på å bli pynta opp. Han brydde seg ikkje om soldatane sine, brydde seg ikkje om morosame teaterstykke eller å køyre i skogen: han brydde seg berre om å ha på seg og vise fram nye klede. Han hadde ei drakt for kvar time på dagen.

I den store byen han budde i, kom det mange framande innom. Ein dag kom to. Dei gav seg ut som vevarar, og sa at dei kunne veve dei vakraste kleda ein kunne tenke seg. Fargane og mønsteret var uvanlig vent, og klede som blei sydde av tøyet, var så utsøkte at folk som var udugelige i embetet sitt, slett ikkje såg dei, og det kunne heller ikkje dumrianar.

"Det høyrest ut som bra klede", tenkte keisaren. "Ved at eg går i dei, kan eg få vite kven som duger til embetet sitt. Eg kan få vite kven som er kloke og kven som er dumme. Ja, det tøyet lyt eg få vevd for meg med det same!"

Han gav dei to karane mykje pengar så dei kunne ta til og veve klede for han i nokre rom han viste dei til. Dei sette opp to vevstolar og lét som om dei arbeidde, men dei hadde ikkje noko som helst tøy på veven. Dei bad no om beste sort silke og gull, enda meir silke og gull. Det putta karane i sine eigne sekkar. Så arbeidde dei vidare med dei tomme vevane, endatil til seint på kveld.

"No vil eg gjerne vite kor langt dei er komne med tøyet", tenkte keisaren, og meinte han sjølv sikkert ikkje burde frykte å ikkje sjå dette tøyet, men han følte ein rar otte for det likevel. For å vere på den trygge sida, ville han sende ein annan for å sjå korleis det gjekk med karane.

Alle i byen hadde fått høyre om mirakelkrafta til tøyet, og somme kunne godt tenke seg å få vite kor dårlege og dumme grannane var.

"Eg vil sende den ærlege, gamle ministeren min til vevarane!" tenkte keisaren, "han kan best sjå korleis tøyet ser ut, for han har forstand, og ingen skjøttar stillinga si betre enn han!"

Så måtte den gamle, kloke ministeren inn til karane som sat ved tomme vevstolar. "Fri og bevare", tenkte den gamle ministeren og sperra opp auga. "Eg ser ikkje noko tøy!" Men han sa det ikkje.

Dei to karane bad han om å komme nærare, og mens dei peika på den tomme veven, spurde dei om ikkje mønsteret og fargane var herlege. Ministeren stod med vidopne auge og kunne ikkje sjå noko. Der var ingen ting å sjå heller. "Milde himmel", tenkte han", kan eg ha blitt uskikka for stillinga mi, gammal som eg er? Eller blitt dum? Det ville eg ikkje trudd. Eg blir kan hende nøydd til slå i dei ei plate og skryte av tøyet for å berge meg, men helst ikkje."

Den eine av dei to karane ved vevstolen sa, "No, du seier ikkje noko om tøyet!"

"Det kan vel vere herleg i keisarens auge", sa ministeren forsiktig og såg opp frå vevstolen. "Eg skal gjerne bede keisaren komme og sjå sjølv. " Ministeren blei ikkje kalla klok for ingenting.

"Det ville gle oss", sa dei to ved veven, og gav seg til å kommentere fargar og mønster i veven sin. Ministeren lytta nøye så han kunne seie noko liknande om tiltrengt. Og då han kom attende til keisaren, laut han gi att det som karane hadde fortalt.

No kravde karane ved veven meir pengar, meir silke og enda meir gull til veven, men dei putta alt i eigne lommer. På veven kom ikkje så mykje som ein trevl. Men dei heldt fram som før med å veve på den tomme veven.

Keisaren sende snart ein annan vørd hoffmann for å sjå korleis det gjekk med vevinga, og om tøyet snart var ferdig. Det gjekk like eins for han som den første, kloke hoffmannen. Han såg godt etter, men såg ikkje anna enn tomme vevstolar.

"Er det ikkje eit vakkert tøystykke?" spurde dei to karane mens dei peika og sa korleis mønsteret og fargane var – dei som ikkje fanst.

"Eg er då ikkje dum!" tenkte hoffmannen, "Er det den høge stillinga mi eg ikkje duger til? Er det på tide å bakke ut, skal tru?" Høgt sa han berre, "Eg kan gi att for keisaren det som de har fortalt." Og det gjorde han.

Rett mange i byen snakka no ofte og mykje om det merkeleg tynne tøyet der dei kom saman. Keisaren ville av stad og sjå tøyet mens det var på veven, han også. Med ei heil skare utvalde menn drog han, og midt iblant dei gjekk dei to embetsmennene som alt hadde vore og sett på veven. Dei kom snart inn i romma til to som sat og vov med fynd og klem, men utan ein tråd.

"Er det ikkje storarta tøy med mønster og fargar dei satsar på", sa dei to embetsmennene som hadde vore der før, og peika på den tomme veven, for dei trudde dei andre kunne sjå tøyet.

"Kva for noko?" tenkte keisaren, "Eg ser ikkje noko tøy. Det er jo forferdeleg! Er eg dum? Duger eg ikkje til å vere keisar?" Høgt sa han: "Ja, særs vakkert", og nikka fornemt og såg på veven, utan å ville seie kva han tenkte på. Han ville no ikkje ut med at han ikkje såg noko spesielt tøy. Alle mennene han hadde med seg såg og såg, dei også, men fekk ikkje noko meir ut av det enn andre. Dei fann det dermed tryggast å seie om lag som keisaren: "Vakkert, vakkert." Keisaren ville gå i flotte klede under det store festtoget som snart skulle vere. Det skulle bli "storarta! framifrå!" kom det frå munn etter munn.

Keisaren gav vevarane ein orden kvar til å henge på brystet, og slo dei til riddarar med adelstitlar. Dei to var ikkje seine i snuinga: heile natta før festtoget skulle vere, sat dei to oppe med mange lys tente. Folk kunne sjå at dei hadde det travelt med å få ferdig dei nye keisarkleda. Dei lét som om dei tok duken frå veven, klipte i lufta med store sakser, sydde med synål utan tråd, og sa til slutt: "Sjå no - vi er ferdige!"

Keisaren kom snart til vevarane i lag med alle dei fornemste adelsmennene han hadde i tenesta, og dei to karane heldt armane opp i lufta som om dei heldt i noko og sa: "Buksene . . . drakta . . . kappa", og så vidare. "Alt så lett som spindelvev. Ein kunne sikkert tru ein ikkje hadde noko på seg, at det er berre venleiken til tøyet ein har på seg!"

"No ja!" sa alle dei fornemme adelsmennene som var samla. Dei kunne ikkje sjå nokon klede i dei tomme hendene til dei to karane.

"Vil De no ta av dykk kleda, Dykkar Majestet?" sa dei to, "så kan vi ordne resten her inne framfor den store spegelen."

Keisaren tok av seg kleda, og dei to karane tedde seg som om dei sette på han alle klesplagga dei hadde latt som dei hadde sydd, og fekk keisaren til å snu og vende seg framfor spegelen.

"Kor godt, nei praktfullt", gol alle saman. "Mønster! Fargar! Kosteleg!"

"Utanfor står folk med ein stor silkebaldakin klare til å halde over Dykkar Majestet under det store festtoget", sa han som hadde ansvaret for seremoniane.

"Ja eg er snart klar, eg også", sa keisaren, og vende seg ein gong til for å sjå seg i spegelen.

Hoffmennene som skulle bere slepet i drakta hans, famla med hendene langs golvet som om dei tok opp eit slep, og gjekk og heldt i vêret og torde ikkje la seg merke med at dei ikkje kunne sjå noko slep.

Så kom keisaren ut og gjekk under den vakre silkebaldakinen aller først i festtoget, og alle i gata og vindauga sa: "Dei nye keisarkleda må jammen vere tynne og fine! For eit vakkert festtog det er, og kor dette passar han!" Ingen ville seie klart ifrå at dei ikkje såg nokon klede på keisaren, for i så fall ville det nok heite at dei var uskikka til stillingane sine eller farleg dumme, og dei ønskte ikkje å gå og skamme seg heller.

Ingen andre keisarklede hadde gjort slik lykke heilt til eit lite barn gav lys frå seg: "Men keisaren har då ikkje på seg noko!"

"Høyr!" hauka faren til barnet, "Høyr kva eit uskyldig barn ser!" og fort kviskra den eine til den andre det som barnet sa.

"Han har ikkje på seg noko som helst!" ropte til sist heile folket. Det nådde keisaren også, og han tykte dei hadde rett. Men ogsĺ: "No lyt eg likevel berre halde fram gjennom heile festtoget", og det gjorde han. Og hoffmennene heldt fram med å bere på slepet som ikkje fanst.

Notar

  Innhald  


Bøker

Eventyr av Hans Christian Andersen, H. C. Andersens folkeeventyr.    Seksjon     Sett    Neste

Eventyr av Hans Christian Andersen, H. C. Andersens folkeeventyr. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2012–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]