Norsk del, Gullvekta
Eventyr av H. C. Andersen  ❀ 4
Seksjon › 12   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Det far gjer, er støtt rett, illustrasjon

Det mannen min gjer, er aldri gale

No skal eg fortelje ei historie eg høyrde som liten. Kvar gong eg sidan har tenkt på ho, synest eg ho har blitt vakrare, for det går med historier som med somme menneske: dei blir vakrare og vakrare med alderen, og det er så hyggeleg!

Har du vore langt ute på landet i Polen og sett ein verkeleg gammal gard med stråtak? Der veks det moseteppe og urter av seg sjølve, og det er storkereir oppå takryggen. Storken kan ein knapt nok vere utan. Husveggane er skeive, vindauge låge, og det er berre eitt vindauge som kan lukkast opp. Bakaromnen struttar fram som ein liten, tjukk mage, og hyllebusken luter seg over gjerdet der det er ein liten vasspytt med ei and eller andungar i, like under det knudrete piletreet. Ja, og så er det ein bandhund der, ein som gøyr på alt og alle.

Nettopp slike bondegardar var det mange av ute på landet i Danmark i gamle dagar, og i ein av gardane budde ein mann og ei kone. Dei eigde lite, men fann ut at dei kunne godt unnvere hesten som gjekk og beita i grøfta langs landevegen. Bondefar rei han til byen, grannane lånte han og gjorde bonden gjentenester for det, men i det heile det var kanskje mest til nytte for dei to å selje hesten eller byte han for eit eller anna som kunne vere meir til gagn for dei. Men kva skulle det vere?

"Det forstår du best, du mann", sa kona. "No er det marknad i byen. Ri dit inn, få penger for hesten eller gjer ein god bytehandel, for det du gjer, er no støtt rett. Ri til marknads."

Så batt ho halskluten hans om han med dobbel sløyfe, pussa hatten hans med flat hand og kyste han på munnen. Dermed rei han av stad på hesten som skulle seljast eller bytast.

Sola brann, og det var ikkje ei sky på himmelen. Vegen var støvete av alle som skulle til marknads i vogner og på hestar eller på eigne føter, og det var ikkje skugge langs vegen.

Det gjekk ein kar og dreiv ei ku. Ho var så pen som ei ku kan vere. "Ho gir nok herleg mjølk!" tenkte bonden. "Eg trur det vil vere godt byte å få ho for hesten." Høgt sa han, "Veit du kva, du med kua? Skulle ikkje vi to snakke litt saman? Ganske visst er ein hest meir verdt enn ei ku, men det er det same; eg trur eg har meir gagn av kua. Skal vi byte?"

"Gjerne det!" sa mannen med kua, og så byta dei.

No var det gjort; no kunne bonden ha snudd og dratt heim att, for han hadde jo gjort det han skulle. Men sidan han først hadde tenkt seg at han måtte til marknaden for å greie det han hadde gjort, gjekk han vidare med kua si berre for å sjå marknaden. Han gjekk fort, og kua gjekk fort. Snart gjekk dei ved sida av ein mann som leidde ein sau. Det var ein fin sau, i god stand og med mykje ull.

"Den skulle eg gjerne ha", tenkte bonden. "Då kunne sauen halde grøftekanten vår jamn og glatt ved å beite der. Og om vinteren kunne vi ta han inn i stova til oss. I grunnen er det rettare å ha sau enn ku for kona og meg." Høgt sa han: "Skal vi byte?"

Ja, det ville mannen med sauen, og så gjekk bonden vidare langs landevegen med den nyskaffa sauen sin. Då han nesten var kommen til byen, såg han ein mann med ei stor gås under armen.

"Det er ei diger ei du har der", sa bonden. "Ho har både fjør og feitt! Ho kunne ta seg godt ut i snor i dammen vår!" Kone mi kan fôre ho med skrell. Ho har ofte sagt, "Berre vi hadde ei gås!" No kan ho få ei – ja, ho skal få ei. Vil du byte? Eg gir deg sauen for gåsa, og takk attpå."

Det gjekk den andre med på, og så byta dei.Bonden fekk gåsa. Dei var like ved byen, og det var mykje ferdsel langs vegen. Det myldra av folk og fe. Mange gjekk langs vegen, andre i veggrøfta, og somme gjekk i ein potetåker der ei høne stod fastbunden så ho ikkje skulle bli så skremd av alt folket at ho forsvann. Det var ei stumprumpa høne som blinka med eine auget og såg godt ut. "Klukk, klukk, klukk", sa ho.

"Ho er den venaste høna eg har sett", tenkte bonden som hadde bytt til seg gåsa. "Ho skulle eg gjerne ha. Ei høne kan finne nesten all maten sin sjølv. Eg trur det er eit godt byte om eg får ho for gassen."

"Skal vi byte?" spurde han mannen som eigde høna.

"Byte?" sa hin, "ja, det ville jo ikkje vere så gale."

Og så bytte dei. "Klukk, klukk, klukk", sa høna då bonden tok tak i ho. Han følte han hadde fått gjort ein heil del på ferda til byen. Det var varm, og han var trøytt. Han fekk lyst på ein drope sodavatn og ein brødbit, for no var han ved vertshuset. I døra støytte han på vetshuseigaren som kom berande med ein sekk som var full av eit eller anna.

"Kva har du der?" spurde bonden.

"Ròtne eple", sa karen. "Ein heil sekk til grisane."

"Det er då veldig mange! Dette synet unner eg kona mi heime. I fjor fekk vi berre eitt eple på det gamle treet ved torvhuset. Eplet skulle gøymast, og det stod på dragkista til det sprakk. "Det er alltid ein velstand", sa kona mi, men her kunne ho få sjå velstand! Ja, eg kunne unne ho det."

"Ja, kva byr du for epla då?" spurde vertshushaldaren.

"Eg gir høna i byte." Så gav bonden høna i byte, fekk epla og gjekk inn i vertshuset, like bort til skapet med drikkevarer. Sekken med eple stilte han opp mot kakkelomnen, utan å tenke over at det var fyr i omnen. Det var mange framandfolk i stua, hestehandlarar, oksehandlarar og to engelskmenn. "Dei er så rike at lommene deira rivnar av gullpengar, og så er dei lystne til å gjere veddemål", sa verten i øyret hans.

"Susss! susss!" Kva var det for lydar frå omnen? Det var epla som tok til å steikast.

"Kva det er? sa bonden, og sa det med det same. Dei fekk også høyre historia om hesten som blei bytt i ei ku, heilt til han hadde bytt til seg dei ròtne epla.

"No får du nok bank av kona når du kjem heim!" sa dei to engelske karane. "Det blir nok eit fælt leven!"

"Eg får kyss og klem og ikkje noko verre", sa bonden. "Kona mi kjem til å seie til meg, "Det far [husbonden, ektemannen] gjer er ikkje gale."

"Skal vi vedde?" sa dei. "Vi veddar gull i lassevis."

"Det får vel halde med tretti liter", sa bonden, "for meir kan eg ikkje vege imot med epla, meg sjølv og kona"

Det gjekk dei med på, og så skreiv alle under på veddemålet, og vertshushaldaren skulle ta vare på det.

No blei vogna til vertshushaldaren rulla fram, og engelskmennene, bonden og epla hans kom oppi, og så kom dei fort fram til bondehuset.

"God kveld, mor!" sa bonden, for dei kalla kvarandre far og mor, som skikken var.

"Takk, far!"

"No har eg bytt!"

"Ja, du kan deg med slikt, du", sa kona, tok han om livet og gløymde både sekken og dei framande som var i stua.

"Eg bytte hesten i ei ku!"

"Takk, milde makter, for mjølka!" sa kvinna, "no kan vi få mjølkemat, smør og ost på bordet. Det var eit herleg byte!"

"Ja, men kua bytte eg i ein sau!"

"Det er avgjort betre også!" sa kona, "Du er alltid omtenksam; til ein sau har vi akkurat nok beite, No kan vi få sauemjølk, saueost og ullstrømper, ja, nattrøye av ull! Det gir ikkje kua. Ho berre mister håra, ho. Du er slik ein veldig omtenksam mann! "

"Men sauen bytte eg i ei gås!"

"Skal vi verkeleg ha gås til Mortensmesse [1] i år, far? Du tenker då alltid på å glede meg! et var godt tenkt av deg. Gåsa kan stå tjora og bli enda feitare til Mikkelsmess."

"Men gåsa bytte eg for ei høne!" sa mannen.

"Høne! Det var eit godt byte", sa kona. "Høna legg egg, ho rugar dei ut, og vi får kyllingar, vi får hønsegard! Det har hatt slik lyst til lenge!"

"Ja, men høna bytte eg bort i ei sekk ròtne eple!"

"No lyt eg kysse deg!" sa kona, "Takk, mann min! No skal eg fortelje deg noko. Då du drog av stad, tenkte eg på å lage eit rettig godt måltid til deg: eggekake med purreløk. Egga hadde eg, løkane mangla eg. Så gjekk eg bort til kona som held skolen. Der i garden har dei purre, visste eg. Men den gjerrige kona sa, "Det gror ikkje noko i hagen vår, ikkje ein gong eit ròte eple." No kan eg låne ho ti, ja ein heil sekk full som spott. Eg likar det, far!" og så kyssa ho han rett på munnen.

"Slikt kan eg like!" sa engelskmennene. "Alltid nedoverbakke og alltid like glad! Det kan vere verdt pengane!" Og så betalte dei 180 kilo gullmyntar til bonden som fekk kyss og ikkje kjerringbank.

Ja, no har eg fortalt eventyret om kona som oppfatta og forklarte at ektemannen var klokast, same kva han gjorde . . . Historia høyrde eg då eg var liten, og no har du òg fått del i ho. [2]

Ord

  1. Ei soge fortel at Martin av Tours (rundt 315 - 397) gøymde seg blant gjæser for å unngå å bli tatt til biskop. Men biskop blei han likevel, i 371. Gjæsene avslørte han venteleg med gakk. Mortensmesse eller Mortensdag er ei høgtid den 11. november til minne om han. Den dagen åt ein tradisjonelt mortensgås i land som Tyskland og Danmark. Somme gjer det kan hende enno.

  2. Sluttavsnittet er korta av.

Notar

  Innhald  


Bøker

Eventyr av Hans Christian Andersen, H. C. Andersens folkeeventyr.    Seksjon     Sett    Neste

Eventyr av Hans Christian Andersen, H. C. Andersens folkeeventyr. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2012–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]