NORSK DEL, GULLVEKTA  

Norske eventyr og segner

 13 › 1 › 10

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Bygda blei fri for orm

I ei bygd var dei for noka tid sia mykje plaga av orm. Heldigvis kom ein finn reisande. Han lovde å få dei vekk for gode ord og betaling, om berre folket kunne seie at dei ikkje hadde sett kvitorm; for var det kvitorm der, var der linnorm også, og då torde han ikkje. Nei, kvitorm hadde ingen sett der i bygda.

Finnen gjekk då opp i skogen, bygde og sette eld på eit stort bål, kleiv opp i eit stort tre som stod nær ved, tok opp ei fløyte frå lomma og tok til å spele. Straks kom det ormar frå alle kantar, kvar med ein kjepp i munnen. Alle kasta kjeppen på bålet, rente deretter inn i det, og ein smell for kvar fortalde at livet var over.

Finnen spela, og ormar kom til utan stans, så det såg ut som det ingen ende ville ta. Rett som det var, tok det til å dure oppi berget. Då blei finnen redd og sa, "Det er nok linnorm her likevel."

Bygdefolket rådde han til å røme, men det ville han likevel ikkje. Han spela vidare. Snart kom det kom ein ganske stor linnorm, sette mot treet og lyfta hovudet mot finnen, men nådde berre dei nedste greinene. Så laut ormen på varmen, som dei andre. Deretter kom ein større orm og kasta seg mot treet; men heller ikkje den nådde opp til finnen, som hadde klive så langt opp i toppen som han berre kunne.

Men så kom eit brak frå fjellet langt oppe, og det revna. Det var ein fælande stor linnorm som kom med gnistrande auge og rasande fart nedetter fjellsida. Finnen skjøna at treet hans ikkje var høgt nok, og kleiv ned. Han fekk låne ei heil mengd klede å ha på seg før ormen kom fram. Dei tok han på seg så ein så vidt kunne sjå auga hans. Han var knapt nok ferdig med det då linnormen kom med ei opprykt selje i gapet. Etter å ha kasta selja på bålet, ville den sluke finnen. Men han tok til å hoppe fram og tilbake tvers gjennom elden, og spela samtidig på fløyta si. linnormen følgde etter, og sia den var så fælande lang, blei somme av buktingane til den liggjande i elden og brenne av. Ein svær smell fortalde at den var død.

Finnen var frelst, om enn noko forbrent. Den dag i dag er bygda fri for orm.
OPP NOTAR  

Sauerittet

Sjøklippe
Det var ei heks som heitte Guro. Det var ei jente i slekta hennar som ho gjerne ville skulle ta over etter seg, for ho sjølv tok til å bli gammal, og kunne ikkje slutte før ho fekk ein arvtakar. Jenta kom då til Guro og var der ei stund. Så var det i juletida at Guro tok jenta med seg til mektige Hornelen [1]. Dei hadde ein sopelime, og på limen var det eit horn med noko smurning i. Guro tok hornet og smurde på limen, og av garde bar det.

Då dei hadde fare eit stykke, kom dei til eit sauefjøs. Der gjekk Guro inn og tok ein vêr. Så smurde ho på han av hornet og fekk jenta til å setje seg på vêren i lag med seg, og så bar det i veg att.

Så kom dei til ei kyrkje. Der stogga dei litt, mens Guro gjekk inn og skava laus ei flis av døra utan at jenta kunne sjå kva ho dreiv med, og Guro gøymde flisa i kleda sine.

Endeleg kom dei fram til Hornelen og helsa på styggen sjølv. Dei blei godt mottekne, fekk lutefisk og lefse og andre gode saker, så der tykte jenta det var godt å vere. Men så tok styggen og skar i veslefingeren hennar så ho blødde og sa "Au!" Då kom ho Guro fram med flisa ho hadde gøymt, og heldt under så det kom blod på den.

Etterpå pakka ho flisa godt inn att og gøymde ho som før. Så skulle dei på heimvegen att. Dei sette seg opp på bukken og flaug gjennom lufta. Straks dei kom over sjøen, tok Guro fram flisa og kasta den i vatnet og sa: "Sjela mi skal ikkje kome til Himmill før denna flisa kjem flytande attende til kyrkjedøra. Det får eg då håpe."

Ord

  1. Hornelen i Bremanger kommune er den høgaste sjøklippen i Nord-Europa, 860 meter opp frå havet. Dei går merka løype opp.

OPP NOTAR  

Rømmen flaut utover

På garden Jerland i Holse sokn fortel segna, skal det ha levd ei kone som var namngjeten for å få mykje smør. Alltid kinna ho på fredagsmorgon så tidleg som ho berre kunne. Ho kunne ha så lite rømme i kinna si at dei andre folka ikkje kunne sjå at der var noko; men straks ho tok til å kinne, tok det til å vekse, slik at det nesten rann over kinna etter litt. Då pla kona rope: "Nok, nok!" og så rann det ikke over.

Ho heldt alltid på med dette på stuegolvet midt under ljoren, som måtte liggje litt på lett. Ein dag hadde ho vore for seint oppe, og då fekk ho ikkje kinna si full. Som ho stod og kinna, kom ein av drengane hennar inn i stova. Ho sa til han: "Å jøye meg! I dag fekk eg ikkje kinna mi full, for eg kom ikkje lenger enn til Vallestad-garden ei og ei halv mil frå her."

Ei tid deretter sette ho tenestejenta si til å kinne, for ho skulle reise vekk eitt bel. Innan ho drog, sa ho. "Du ska ha ei skei rømme i kinna, men ikkje meir. Det må du hugse!"

Jenta gjorde seg i stand og sette seg ved kinna. Men ho syntest at ei skei rømme blei for lite, så ho hadde i seks skeier til.

Straks ho begynte, tok rømmen til å svelle, og rann så over kinna. Jenta blei så redd at ho var mest vettlaus. Rømmen flaut utover og stod snart over skorne hennar. Dei andre tenestefolka kom til for å berge rømmen. Dei auste av alle krefter til det til det stod fullt av rømmekoppar på både bord og benkar, men det monna lite. Dei klarte ikkje å ta hand om alt.

Men då då lei litt, kom kona heim att. Då ho såg korleis der stod til, ropte ho: "Nok, nok!" og så voks då ikkje meir. Så spurde ho jenta: "Kor mange skeier hadde du eigentleg oppi kinna? Eg sa du skulle ta berre ei."

"Å," svara den forskrekka jenta, "eg meinte ei skei var nesten ingen ting, så eg la til seks skeier."

"Ja, det kan eg forstå," sa kona. "Du var ikkje nøgd med rømme frå eitt prestegjeld, du måtte ha frå sju." Så la ho til, "Ein annan gong får du sjå til å gjere nøyaktig som eg seier."

Seinare ein gong skulle kona reise av garde og bli vekke nokre veker. Om det var i gjestebod eller i eit anna ærend, veit eg ikkje. Men før ho reiste, sa ho til folket på garden at om dei såg eit spøkelse sitje på kinna hennar, så måtte dei ikkje gjere det noko vondt.

Så var då ein dag att mannen hennar sat i stova og arbeidde på sko. Mens han sat der og såg seg omkring, glana han også bort på kinna. Då blei han var at det sat ei padde der. Det såg ut som ho hadde vore nedi kinna. Då kasta han skoleisten på henne, og trefte henne så godt at lårbeinet gjekk tvert av. Padda blei straks vekke. Etter litt kom kona hans heim med avbrote lårbein.

OPP NOTAR  

Ei gild hoppe

Kvar jule- og jonsoknatt samla alle trollkjerringar seg på Hornelen i Bremanger saman med Gamle-Eirik for å danse og feste i lag. Ei julenatt var det ei trollkjerring som skulle fare til Hornelen, men ho ikkje ville at mannen skulle vite av reisa, så ho venta med å dra til ut på natta. Då lista ho seg frå mannen ut av senga, henta ei kvit geit i fjøset og la i senga med ei hette over seg, gjekk inn i stua og tok fram ein sopelime. Den smurde og smurde ho både opp og ned med ein salve som frå eit horn ho tok fram frå eit holrom under ei laus fjøl på golvet. Då ho var ferdig, sette ho seg overskrevs på limen og sa, "Beine vegen fram, over alle busketoppane til Hornelen!" og fór opp gjennem ljoren.

Ho hadde ikkje sett at tenesteguten låg i stua og var vaken og hadde sett alt saman. Han låg ei stund og tenkte på dette og undra seg over kor lett det gjekk for matmora hans å kome seg av stad. No ville han prøve sjølv. Han stod opp, fekk fatt på ein lime, fann smurningshornet, og tok til å smørje slik han hadde sett kona gjere. Då han hadde smurt slik han hadde sett, sette han seg skrevs over limen og sa det som han hugsa: "Beine vegen fram, gjennom alle tretoppane til Hornelen!"

I det same blei han lett som ei fjør og fauk opp gjennom ljoren, han også. Susande fort gjekk det gjennom lufta, men det blei ei vanskeleg reise: Han laut fare gjenom alle busketoppane på vegen, og heldt på å bli halvt sundriven. Men fram kom han.

Han kom til ei flate der oppå fjellet der folk dansa ringdans og tura, og kjende att matmor si og mange andre koner frå bygdene omkring. Midt mellom dei sat Gamle-Eirik og skreiv inn namna til dei som var der, og brukte blodet deira som blekk. "Korleis er du komen hit?" sa han til guten. Han hadde så fæl stemme at guten grøssa då han høyrde den.

"Å, eg gjorde som matmor mi gjorde, eg," sa guten.

"Eg får skrive deg inn i boka mi då, sia du har kome hit," sa Gamle-Eirik, og spurde kva guten heitte.

"Eg kan skrive sjølv, eg," sa guten. Så tok han boka og skreiv Fadervår og krossa seg. Då blei det eit svare spetakkel. Gamle-Eirik kvitna og forsvann, og kjerringane som hadde starta å springe mot han for å fakke han, kvitna og forsvann, dei også, på ei nær. Det var matmora hans. Ho var som venteleg var svært lei seg over at ho skulle bli oppdaga slik. Guten kunne ikkje kome ned frå fjellet utan hjelp, trudde han, for han visste ikkje sikkert kor han var, og ikkje retninga heim derifrå. Husmora hans baud seg derfor at ho skulle skaffe han skyss, når han berre ville love ikkje at seie til nokon at ho var med mellom trollkjerringane. Det lovde guten.

Ho ville skape seg om til ei hoppe, og han fekk ri henne heim om han lovde å ta bekslet av og daske henne lett over baken med det når dei var framme. Guten lovde. Så gjorde ho seg om til ein hest, og guten fekk frisk skyss heim.

Vel framme batt han hesten etter bekslet i ein krok, slik som ein elles plar, gjekk inn til husbonden og spurde om han ville kjøpe ei gild hoppe av han. Det ville husbonden, og då dei så var komne overeins om prisen, tok guten bekslet av hoppa og daska den over baken så ho kneggja. Med det same blei ho til eit kvinnfolk og mannen kjende att kona si.

"Men," sa mannen forferda, "låg du ikkje med meg i natt?"

"Nei", svara kona, "det var den kvite geita vår som låg med deg."

Om Hornelen enno er brukt som leikeplass for trollkjerringane, er uvisst. Kan hende den blei gjort ubrukeleg av guten, kan hende fann dei ein annan plass å samle seg.

OPP NOTAR  

Svart katt i garden

Det flaug ei fremmend, svart katte i fjøset. Mannen spente til katta for at ho skulle halde seg vekke derifrå. Morgonen etter hadde mannen eit ærend til garden nedafor. Der hadde kjerringa vondt i armen. Då skjøna mannen kven han hadde sparka til dagen før.

OPP NOTAR  

I danseskor

Det var ein gong dei dreiv og dansa på eit vertshus i byen og det gjekk noko over seg. Det var ei jente der som var så urimeleg glad i å danse. Det var dans på dans. Då det gjekk på det villaste kom ein fremmend med ei fele inn i rommet. Han gav seg til å spele så det gjekk kaldt nedover ryggen på gutane, Det spraka om felebogen, og det var som om det stod eld av fela. Jentene dansa dans på dans så vilt at dei heldt på å bli sprengde. I sær ei av dei dansa vilt. Ho var elles urimeleg glad i å danse, men no kunne ikkje halde opp: ho måtte danse. Villare og villare gjekk dansen, så blodet skvetta ut av skorne hennar.

No la spelemannen fela til sides og gjekk fram og tok henne om livet og dansa vidare med ho. Fela spela vidare av seg sjølv. Han dreiv på til blodet pipla frå nase og munn på jenta og ho hang nesten som ei fille i armane hans.

Då meinte dei at det måtte vere styggemannen sjølv og blei skjelvande redde, og henta ein prest til å binde fremmendmannen. Men han var ikkje lett å bli kvitt. Dei laut hente gamlepresten, og heldigvis kom han på flygande flekken, før jenta låg død på golvet.

Gamlepresten gjorde eit rundt, lite riss på golvet med stokken sin, las i Svarteboka han gjekk med, og sa, "Der skal du ned." Så letta det seg opp ei rund luke i golvet nett så stor som risset presten hadde gjort. Der laut fanden igjennom. Då han fór, spraka og gneistra det så det var stygge ting.

Etter at Gamle-Eirik var borte, tok jenta han hadde dansa med, til å kome seg. Det var nære på at ho hadde sett livet til. Men då blei det slutt med dansen for ei tid.

OPP NOTAR  

To gonger trulova

Ei jente var trulova med ein ung gut, men så viste ho teikn til å vere lei av han. Guten ansa det, men masa og ville gjerde henne inn og ha henne likevel, like til ho blei lei av han og sa ho ikkje ville ha han. For å reinse øyra hans sa ho at ho ville heller ha Styggemannen enn guten.

Men ho lét ikkje att for betre folk med dette, og trulova seg etter kvart med ein annan. Det blei bryllaup og dei dansa. Då kom det ein mann inn og sette seg saman med dei andre gjestane. Då dansen byrja, ville han danse med bruda. Dei trudde det var ein vanleg mann, for det var vanleg at det kom folk og dansa i bryllaup slik. Så dansa han med bruda. Då la spelemannen merke til at mannen hadde hestehovar på føtene. Mannen dansa med bruda ei stund, og så fór han ut gjennom døra med henne.

Men han kunne ikkje reise langt med henne før nokon tok krona av henne, og det kunne han ikkje gjere sjølv. Dei trefte først ein gammal mann og Gamle-Eirik ville gi han mykje pengar dersom mannen ville ta kruna av henne. Men mannen ville ikkje.

Så trefte dei guten ho hadde vore trulova med først, og Gamle-Eirik lovde at han skulle få lommene fylt med pengar, om han ville ta krona av brura.

Men den guten hadde tenkt seg om. "Stikk av med deg," sa han og heldt fast i jenta. "Bruda har fått ny heim og har ikkje vore utru."

Då laut Gamle-Eirik gi seg og forsvann i ei stor sky av eld og rauk. Den gongen lyktest han ikkje, for han verka ikkje tiltalande og freistande nok.

"Det er ikkje alltid det går så bra," sa jenta.

Samlinga NOTES

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2008–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]   —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]