Norsk del, Gullvekta
Dansk folkevidd  ❀ 1
Seksjon › 15   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Mange poteter

Skarrild sokn er så fattig at folk der ikkje har stort anna å ete enn poteter, men dei kan til gjengjeld ete mange av. Når dei kjem seg opp om morgonen, får dei kvar sin dunge helt opp framfor seg på bordet. Når dei så har ete så mange at dei kan sjå kvarandre, seier dei god morgon.

Notar

Ønskesteinen

Der var ein gong eit par som budde for seg sjølv. Dei hadde ein gut som var kanskje tolv år, og eit storkereir på taket. Ein dag fall ein storkeunge ned og brekte beinet. Guten, som heitte Per, sa:

"Far, la meg få spjelke beinet til storkeungen."

"Når lærte du å spjelke storkebein då?"

Guten fekk likevel lov til det. Han henta inn storkeungen og batt fast ei skjene fast beinet og knytte eit raudt band rundt for å kjenne han att. Så sette han storkeungen tilbake i reiret. Om hausten drog storkane sin veg, men neste år var dei tilbake.

"Per, no er storken her, sa faren. Guten sprang ut og stod og såg opp på storkereiret. Då kasta storken ein liten, rund stein ned til han. Guten tok han og la han inn i vindauget i storstova, der han hadde noko anna skrammel liggande. Han tenkte ikkje på at det kunne vere noko særleg med steinen.

Same kveld kom ein kramkar forbi for å overnatte der. Når han gjekk omkring i dei traktene, sov han alltid hos dei, og han skulle ligge i senga i storstova. Han vakna midt på natta ved at det blei lyst. Det blei så lyst, som om det var tent hundre lys der inne, og lyset kom frå vindaugskarmen. Han kunne ikkje skjøne kva det var, og stod opp la kniven sin oppå steinen, men det var like lyst.

Neste morgon sa han til Per:

"Kor har du fått den steinen frå, gut?"

Å, det var ein som storken hadde gitt han.

"Vil du selje han?" spurde kramkaren.

Guten sa ja.

"Nei, eg vil ikkje narre deg," sa kramkaren, "den steinen skal du behalde, for når du held han i handa og ønsker du er ein annan stad, så kan du komme dit."

"Det var då rart," tenkte drengen.

Dei hadde lang veg til engene sine der på garden. I høyonna, mens gardfolka var der nede, skulle guten alltid vere heime og passe krøttera.

Ein dag, då folka var i enga og han var heime, tenkte han: "Eg kan vel prøve om steinen verkar."

Han tog steinen og gjekk ut med han i neven og sa: "Om eg no stod nedi enga blant onnefolka." Med det same var han i enga, og var ikkje sein om å tenke: "Det skal prøvast vidare."

Ein dag ønskte han seg til København, og straks var han der. Han såg kongsdottera stå og drikke te oppe i vindauget på slottet. Ho såg så fin ut at han ønskte seg inn til ho om kvelden.

Per såg godt ut, og var blitt meir vaksen enn eit barn sidan han spjelka storken heime, Då han kom inn til kongsdottera, blei dei forelska i kvarandre. Snart var kongsdottera med barn, og etter nokre månader kunne det ikkje løynast.

Då dette gjekk opp for kongen, blei han harm og og ville henge både dottera si og Per. Det kunne ikkje vere annleis. Han fekk tømrarar til å reise ein tregalge. Der skulle Per og kongsdottera hengast.

Per meinte det var då altfor usselt av ein konge å ikkje ha råd til å få laga anna ein ein tregalge å henge dottera si i.

"Så skal eg få laga ein sølvgalge," sa kongen.

"No ja," sa Per, "men eg synest at også ein sølvgalge blir for usselt."

Så ville kongen henge dottera si i ein gullgalge, men også det syntest Per blei for usselt.

Då ville kongen få lage ein av edelsteinar.

Per sa: "Ja, vi får vel nøye oss med det."

No spurde han kongen om han kunne få oppfylt eit ønske før han blei hengt. Det sa kongen ja til.

Kunne han få kysse kongsdottera?

Det syntest ikkje kongen han kunne seie nei til. Kongsdottera blei ført bort til Per der han stod med steinen i handa ved sida av galgen. No tok han kongsdottera om livet, kyssa ho, og sa: "La oss heller vere i garden til far."

Med eitt stod dei der, kongsdottera, Per sjølv og juvelgalgen. Kongsdottera blei hos han, sidan han kunne få alt han ønskte seg.

Dei heldt bryllaup, Det var det flottaste bryllaupet eg har vore med på.

Notar

Guds allmakt

To barn snakkar om Guds allmakt, og den eine seier: "Kan Gud gjere allting?"

"Det kan du tru", svarer den andre.

"Kan han også lage ein stein så stor at han ikkje kan løfte han?"

Notar

  Innhald  


Litteratur

Dansk folkevidd med gas frå Danmark.    Seksjon     Sett    Neste

Dansk folkevidd med gas frå Danmark. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]