Norsk del, Gullvekta
Dansk folkevidd  ❀ 2
Seksjon › 15   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Fastetida

Det var ein mann som fekk høyre at om han berre fasta i ni døgn, så ville han ikkje trenge mat for framtida. Han forstod det slik at då kunne han leve utan å ete. Det ville han prøve, og fekk hushaldarska til å gøyme og låse vekk maten i huset for seg.

Så gjekk han i gang. Då han hadde fasta i fem døgn, følte han seg så dårleg at han heldt seg til sengs og sende bod på presten. Presten spurde han korleis det stod til med han og om litt av kvart elles, men fekk ikkje anna ut av mannen enn, "Halve, halve."

"Kva er det han ligg og kviskrar?" spurde presten, som var noko tunghøyrd.

"Å," sa den like tunghøyrde hushaldarska, "han meiner sikkert eg skal arve det halve av alt han eig."

Men mannen hadde meint at no var halve fastetida hans over.

"Då må vi hente to karar til vitne på det," sa presten. "Det skal vere skriftleg og med vitne til, no når han er så sjuk."

Det som hushaldarska hadde ymta om, blei skrive ned, og dei to karar som kom til, var vitne på at mannen etterlét til ho det halve av alt han eigde.

No levde mannen vidare til det åttande døgnet. Då blei det sendt bod på presten att. Han kom og snakka med mannen som sist.

"Heile, heile," klarte mannen å kviskre fram.

"Kva er det han seier?" spurde presten hushaldarska som stod ved sidan av senga.

"Å, eg meiner han vil til å gi meg det heile, alt han eig."

Men det som stakkaren i senga meinte, var at no var han så godt som gjennom heile fastetida.

"Så får vi sende bod etter to menn igjen," sa presten, så dei kan vere vitne på at du skal ha den andre halvparten også."

Det blei ordna.

Då den niande dagen var til ende, var mannen daud. Alt han eigde gjekk til hushaldarska som ikkje høyrde så godt.

Notar

På biblioteket

På eit folkebibliotek i København undra personalet seg mykje over ein ti år gammal gut som kom med jamne mellomrom og lånte åtte av dei tjukkaste bøkene deira på lånekortet til mora og faren. Ein dag kunne ikkje ein av bibliotekarane dy seg, men kommenterte at dei leste fole fort heime hos guten.

"Lese!" sa guten med forakt. "Far bruker bøkene når buksene hans skal ligge i press!"

Notar

  Innhald  


Litteratur

Dansk folkevidd med gas frå Danmark.    Seksjon     Sett    Neste

Dansk folkevidd med gas frå Danmark. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]