Norsk del, Gullvekta
Dansk folkevidd  ❀ 4
Seksjon › 15   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Å gifte seg

Etter at ein halvgammal bonde var blitt enkemann, sat han att med ein vaksen son som verka kvinnesky enda han snart var tretti. Den gamle var ikkje flink til å stelle i heimen, og derfor var alt i huset uhyggeleg og uryddig. Han sa derfor til sonen: "Hadde berre mor di levd lenger."

Heimen forfall stadig meir, og til sist likna far og son to fugleskremsel. Då sa faren til sonen: "No er du i den alderen du burde tenke på å gifte deg." Han meinte at ei ung kone fekk betre stell på hushaldet. Sonen tagde, for han kjente ikkje noka kvinne godt nok til å tale med ho om slikt. I lang tid etterpå hadde ikkje faren anna å snakke om enn at sonen skulle gifte seg. Det enda med at sonen blei lei av det og spurde: "Korleis skal eg gjere det då?"

"Korleis?" sa faren. "Korleis går andre fram? Du skulle bli godt kjent med ho - slik blei iallfall eg gift."

"No vel", sa sonen, "du fekk jo mor. Men eg vil bli nødt til finne ei heilt framand ei."

Notar

I alle land

Ein liten gut spør far: "Er det sant at i somme land kjenner ikkje mannen kona si før han gifter seg med ho?"

"Det skjer i alle land, son."

Med eit mannfolk

Ein bonde kom ein gong inn til ein sakførar i samband med nokre pengesaker. Sakføraren spurde om kven han var gift med. Bonden svarte: "Med eit kvinnfolk."

"Det er då ikkje noko svar", sa den andre ergeleg, "det er vi jo alle."

"Nei", svarte bonden, "søstera mi er gift med eit mannfolk."

Notar

⚶ ⚶ ⚶

"Lev kvar dag som det var din siste. Ein dag vil du nok få rett."

  Innhald  


Litteratur

Dansk folkevidd med gas frå Danmark.    Seksjon     Sett    Neste

Dansk folkevidd med gas frå Danmark. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]