Norsk del, Gullvekta
Dansk folkevidd  ❀ 3
Seksjon › 15   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Luftslotta

Ei fattig jente hadde veve eit tøystykke for ei rik frue. Jenta fekk både betaling for tøyet og ei heil kanne mjølk attpå.

På heimvegen sette ho seg ned ved ei bru for å kvile seg. Mens ho sat der, tok ho til å rekne opp alt ho hadde fått av den rike frua, og kva det kunne bli av det.

Av mjølka i kanna ville ho lage ein ost, og den ville ho selje og kjøpe ei høne. Høna kunne legge egg og ruge ut kyllingar. Så kunne ho selje dei og kjøpe ein sau. Sauen kunne få lam og ull ho kunne selje. Lamma kunne bli til sauar som kunne få fleire lam, og så kunne ho få så mange pengar at ho kunne kjøpe seg ei ku eller fleire. Til sist ville ho kjøpe ein stor gard, og gifte seg og få to søner. Den eine skulle heite Tor, og den andre Bøye. Dei skulle bu på kvar sin gard.

"Men så kjem sikkert bøndene og klagar til meg over dei slemme barna mine. Då blir eg arg og seier, "Kva kan eg gjere med det som Tor og Bøye tar seg til?"

Ho blei så ivrig at hun fekta med armane og trefte mjølkekanna. Kanna velta og all mjølka rann ut i graset.

Notar

Drikke

Politimeisteren hadde høyrt om ei avhaldskro som selde skattepliktig øl. Han drog ut til staden i lag med fullmektigen sin og bestilte to pils. Straks kom det to "sterke" på bordet.

"Det skulle ikkje vere ein slik ein", sa politimeisteren. "Det skal vere ein lys ein."

"Kan du ikkje drikke ein slik ein, har du ikkje lyst på øl", sa kromannen roleg.

"Veit De kven De snakkar med?" spurde politimeisteren strengt. "Det er politimeisteren, og eg kan ta løyvet frå Dykk."

"Nei, det kan De ikkje", svarte kromannen like uforstyrra.

"Kva, kan eg ikkje? Det skal eg vise Dykk."

"Nei," heldt kromannen fram, "for eg har ikkje."

Notar

  Innhald  


Litteratur

Dansk folkevidd med gas frå Danmark.    Seksjon     Sett    Neste

Dansk folkevidd med gas frå Danmark. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]