NORSK DEL, GULLVEKTA  

Danske eventyr

 13 › 1 › 14

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Molbu- og aggerhistorier

Løftet

Ein gammal kar frå Fyn hadde ein gong sigla over til Torø for å hente noko høy, men på vegen heim blåste det opp, og båten blei full av vatn og gjekk under mens mannen låg att og flaut på høyet.

No var han i klemme og bad til Herren og lova å gi to store lysestakar til kyrkja om Gud ville la han kome levande i land.

Då han kom lenger inn mot land og faren ikkje var så stor lenger, slo han av til ein.

Men då han kom så langt inn mot land at han kunne nå botnen og var berga, sa han, "No gir eg ingenting, for no kan eg berge meg sjølv."

Hemoroidane

Det sat nokre herrar på ein restaurant. Kelneren stod eit stykke ifrå dei og klødde seg utan stans i enden. Så sa dei, "Kelner, har De hemoroidar?"

"Det veit eg sannelig ikkje, men eg skal spørje på kjøkkenet."

Humla

Ein dreng som kanskje ikkje såg heilt godt, gjekk over markane og skulle hente øl i ei tretønne då ei humle flaug inn gjennom tønnehòlet utan at han såg det. Då den tok til å summe og brumme, blei drengen redd, for han trudde fienden hadde kome inn i landet og marsjerte bak han med full musikk. Han sette på sprang av alle krefter, og så trefte det seg slik at han rende gjennom ein linåker det folk stod og arbeidde med linet.

Dei spurde korfor han sprang så fort, og han sa, "Skyt meg eller ta meg til fange," for han trudde dei var fienden han hadde kome ut for. Drengen rende vidare, og tenkte med seg sjølv at det var nok best å søkje ly i kyrkja.

Så sprang han til huset til kyrkjetenaren og fekk nøkkel til ei av kyrkjedørene, og sprang vidare til han kom til ein gammal, grå hest. Den tok han for å vere kyrkja, og sette nøkkelen inn i hòlet bak. Hesten svarte med eit spark så han låg flat mens folk i nærleiken gav seg til å kneggje og drive gjøn. Då ropte han til dei, "Ved Guds hus sømmer det seg ikkje å halde ap!"

Sus og brus

Hans Hus, som budde ved Koffenbjerg i Flemløse sokn, kom ein gong gåande heimetter. Då hørte han eit fælt sus og brus, og trudde det var Ågryde som kokte. Ågryde er den vesle bukta mellom Agernes og Sønderby-berga, og når undersjøen går i den, kan folk høre bruset ei mil inn på Fyn. Men då mannen kom heim, viste det seg at det var ølet hans som hadde teke til å gjære, og det var den susen som hadde forskrekka han.

Råd mot tannverk

Du skal berre ta noko kaldt vatn i munnen og setje deg med berr rumpe på ein varm kakkelomn. Når du så blir sitjande der til vatnet kokar, er tannverken over.

Hans med kollektbøssa

Ein søndag var klokkaren i Møgeltønder blitt sjuk og kunne ikkje gjere teneste i kyrkja. Presten hadde ein dreng som heitte Hans, og så gjekk han ut til han og sa: "Hør Hans, du kan vel gå rundt med kollektbøssa på søndag?"

Men slikt kjende ikkje Hans noko til.

"Det er då lett, Hans," sa presten, "du skal berre gå slik." Dermed tok han ei rive og gjekk med den framfor hovudet på kyrne, men for ikkje å skremme dei sa han "Kåssa, kåssa, kåssa."

"Ja," sa Hans, "det kan eg lett, om det ikkje er anna."

Søndagen kom, og då Hans kom med kollektbøssa til den første benkerada, sa han som presten, "Kåssa, kåssa, kåssa." Forsamlinga såg på han, og så tenkte Hans, "Dei har kanskje ikkje hørt det." Så gjekk han til andre benkerada og sa det nokså høgt. Då hørte presten han og fekk han ut. *

*Kollektbøsse er omsetjing av "klinkepung", eit dansk dialektord for "Kling-bøjtel" etter tysk kling(el)beutel. Det er ein poseforma pung som er festa til enden av ei lang stong og som blir brukt som bøsse til å samle inn kollekt og anna.

Samlinga  

WAVE

Litteratur  

Kjelde: Evald Tang Kristensen. Molbo- og Aggerbohistorier, Samt Andre Dermed Beslægtede Fortællinger. Backhausen's bogtrykkeri, i kommisjon hos Gyldendal, Kjøbenhavn, 1905.

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   Omsetjing og design, © 2009, Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]