Norsk del, Gullvekta
Danske eventyr  ❀ 4
Seksjon › 13   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Grisungar

Det var ein prest ved Ribe i Vest-Jylland som kom på at han kunne tene ekstra pengar ved å få seg leigebuarar i prestegarden om sommaren. Han sette inn annonse i avisa, og fekk nokre dansarinner frå hovudstaden til å bu hos seg. Dei hadde ikkje vore på landet før.

Første morgonen etter at dei kom til prestegarden, blei dei vist omkring av forpaktaren til presten. Han synte dei hestane og kyrne først. Så kom dei inn i inngjerdinga for grisane og fekk sjå ei sugge som fødte grisungar. Leigebuarane såg beundrande på grisungane og sa, "Å, så søte! De må love oss at de ikkje druknar alle saman."

Notar

Til Løgstør

Ved Lemvig låg ein gong ei gammal skute. Ho var lasta med bygg og skulle til Løgstør. Alle kunne sjå at ho ville gå under på den farten, og det var også meininga at ho skulle det. Først ville ingen ta hyre på skuta, men til sist fann dei fire matrosar: ein katt, ein sau, ei and og ein hane.

Du skuta kom i rom sjø, tok ho til å bli fylt med vatn. Katten rista vatn av potane sine og mjaua og klaga: "Eg maktar ikkje det her! Mjau!"

Sauen var ikkje glad, han heller, og breka, "Det er ute med me-e-e-g også, med me-e-e-g også."

Men anda snadra lystig i byggen og vatnet og ville trøyste dei to kameratane sine. Ho sa: "Slikt snakk, slikt snakk, slikt snakk."

Hanen hadde floge opp i masta, og no ropte han av all kraft: "No kan eg seie Løgstø-ø-ø-r, no kan eg seie Løgstø-ø-ø-r."

Litt etter sokk skuta.

Notar

Veddemål med bispen

Ein havbu hadde segla til Ålborg med ei ladning fisk, men fekk ikkje selt fisken. Så høyrde han at det var slik ein rik bisp i Ålborg, og gjekk av stad til han og fekk snakke med han. Han ville slå av eit veddemål med bispen, sa han. Han sjølv ville våge fiskelasten, og bispen skulle sette hundre daler imot. Dei skulle stille kvarandre spørsmål, og han som svarte best, hadde vunne.

Bispen spurde kva far til Moses heitte, og havbuen svarte noko ganske uforståelig på dialekt. Bispen forstod ikkje alt, men høyrde eit slags "amram" midt i det. "Det var rett, han heitte Amram", sa bispen.

Så skulle havbuen spørje. "Kva heiter så far min?" sa han.

Det visste ikkje bispen.

"Ja, så er pengane mine", sa mannen, og dermed raka han dei til seg og gjekk.

Notar

Vaktposten

Ein soldat stod vakt ved ei bru. Det var varmt, og han fekk lyst til å komme i vatnet. Mens han no plaska der, høyrde han ei vogn komme køyrande i stor fart. Han sprang opp av vatnet og såg at det var vogna til kongen som om med fire hestar føre. Soldaten sprang opp like naken som han var, spente lêrtøyet om seg, snappa til seg geværet og helste i giv akt.

Kort etter blei det sendt bod på han; han skulle komme til kongsgarden i den same uniforma som han stod i på brua. Han fór straks dit og meldte seg hos kongen som han hadde fått melding om, og kom inn i eit rom. Der låg det ein setel på bordet, og på setelen stod det: "Et og drikk det du orkar, men med måte."

Så kom han inn til neste rom, og der sat dei kongelege til bords og åt. Dei såg på det nakne mennesket, og kongen sa, "Du var ingen feiging, for elles hadde du blitt ståande under brua."

Så spurde han eldste dottera si, "Vil du ha han?" Ho sa nei.

Så spurde han neste dottara. Nei, ho ville heller ikkje.

Men så hadde kongen ei dotter med ei elskarinne, og den dottera sa ja og fekk han, og han blei utnemnt til general og blei eit dugande menneske.

Notar

Veddemålet med presten

Ein prest som budde like ved kyrkja, hadde to drengar. Den eine var redd for å komme dit om natta, men den andre var ikkje. Han gjekk ikkje meir av vegen for kyrkjegarden enn anna mark, sa han, og slo på at han kunne gå like godt gå på kyrkjegarden ved midnatt som midt på lyse dagen.

Den eldste drengen fortalde dette til presten ein gong dei køyrde i vogn, og presten sa han og førstedrengen ville vedde ei heil årsløn med andredrengen på at han ikkje våga å gå til kyrkja om natta. Andredrengen vedda imot. Han skulle gå inn i kyrkja på julenatta og hente eit bein som låg i ein haug der og gi det til presten same natta.

Julekvelden kom, og presten gjekk med førstedrengen til kyrkja og let han stå i den mørke kroken der beinhaugen låg. Der skulle han stå heilt stille, og når andredrengen kom og tok eit bein, skulle han seie, "Det er mitt!" - "Så lar han det nok ligge", meinte presten. Men skulle andredrengen vere så dristig at han tok opp eit anna bein, fekk førstedrengen mæle med grovare stemme, "Det er mitt!" Og skulle andredrengen ta enda eit bein, fekk førstedrengen seie enda bøsare og grovare, "Det er mitt!" Skulle andredrengen likevel våge å ta beinet og gå sin veg med det, "skal du lage mykje larm og gå etter han. Så kastar han vel beinet og har ikkje noko å vise fram når han kjem heim til meg", sa presten.

Det gjekk som presten hadde førestilt seg det. Andredrengen kasta beina ifrå seg kvar gong han høyrde, "Det er mitt!" i mørket. Men han tok mot til seg att fleire gongar, og då han stod med det tredje beinet i handa og høyrde, "Det er mitt", blei han harm og gjekk med det derifrå og ut av kyrkja. Førstedrengen følgde etter han mens han larma fælt.

Då andredrengen var ute av kyrkja, la han på sprang, og førstedrengen sprang etter. Men han som hadde beinet, heldt på det, og kom springande inn til presten slik. Han kasta beinet på bordet og sa, "Der er det. Og han som eig det, han er i forstua."

No hadde han vunne veddemålet, og presten og førstedrengen laut punge ut det dei hadde satsa, og det var ikkje lite.

Notar

  Innhald  


Litteratur

Danske eventyr, eventyr frå Danmark.    Seksjon     Sett    Neste

Danske eventyr, eventyr frå Danmark. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2009–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]