![]() |
Danske eventyr
| ||||||||||||||||||||
|
SladrekjerringarTo grannar vedda med kvarande om at konene deira ville sladre om dei fekk vite noko sterkt. Den eine sa det kom dei ikkje til å gjere, og den andre sa at det kom dei til å gjere. Den eine ville freiste det, men konene måtte ikkje vite om veddemålet. Neste morgon sa mannen til kona si at det flaug ei kråke ut av han då han var ute bak løa i naturens ærend, og no visste han ikkje kva det ville bli til med han, for han kjende seg ikkje heilt frisk. Kona gjekk til grannekona og fortalde det hadde floge to kråker ut av mannen hennar den morgonen mens han skeit bak løa, og det var ei sørgjeleg sak. Grannekona følgde med henne heim att for å sjå til mannen, og då ho kom heim att, fortalde ho mannen sin at det stod reint gale til med grannen, for det hadde floge tre kråker ut av han om morgonen mens han var ute i naturens ærend. Litt etter gjekk grannen til mannen som hadde sleppt laus kråkeskrøna, og mannen sa han ville betale det han skulda for veddemålet, for kona hans hadde jo brakt vidare det han fortalde. Grannen sa: "Konene både lyg og sladrar! Kona mi fortalde det var tre kråker som hadde floge ut av deg."
Kona rår mest alle staderDet var ein gong ein kar som hadde blitt gift, som så mange andre. Ei tid etter bryllaupet gjesta han og kona svigerfaren, og svigerfaren fann høve til å spørje han på tomannshand kva han tykte om dottera hans. "Å, det er så som så," sa svigersonen, "eg tykkjer ho snakkar i meste laget. Det er så ho tek luven frå meg og alle saman." "Ja," sa svigerfaren, "det er den gamle historia. Kona fører ordet alle stader. Det skal du nok få sanne, same kor du kjem i verda." "Kanskje ja, kanskje nei. Du kan ha rett, og du kan ta feil," sa svigersonen. "Nei, eg tek nok ikkje så mykje feil" sa den gamle, "men sjå sjølv. Her gir eg deg hestar og kjerre og eit sneis egg, og så kan du kjøre kor du vil, og få høre nær sagt alle stader at det er kona som rår. I heimar det er slik, gir du mannen eit egg. Men der mannen rår, gir du han ein av hestane. Du skal få sjå du kjem heim med alle hestane før du har gitt vekk alle egga." Svigersonen drog no omkring for å sjå etter, og sanna det gamle ordet om at det er kona som styrer alle stader, var sant. Han var alt blitt av med halvparten av egga då han trefte ein myndig mann som ropte så huset rista, arbeidsfolka sprang og snubla over kvarandre, og kona verka så mjuk og stille at ein skulle meine at mannens lov var hennar høgaste vilje. Mannen med egga sa det gledde han å finne ein kar som var herre i eige hus og attpåtil hadde ei fin kone. Så fortalde han kva ærend han reiste omkring i, og at han med glede gav mannen ein av dei brune hestane sine. Mannen takka og tok den næraste hesten, men kona hans var med, og ho syntest best om den andre. Det lét mannen som han ikkje hørte. Då han hadde gitt vekk eine hesten, køyrde den unge mannen heimetter. Han sat i eigne tankar og tenkte at om kona styrte heime hos han, var det ikkje slik overalt, og han lovde seg sjølv at den myndige mannen skulle vere eksempelet hans. Men så sansa han at det kom einkvan ridande etter han i stor fart. Det var mannen han kom frå. Han rei opp ved sida av kjerra og sa, "Hør, skal vi ikkje byte hest? Eg trur nok eg heller vil ha den andre. Kona synest best om den." No skjøna mannen som køyrde omkring, korleis det låg til heime hos karen, og utbraut: "Nei, sanneleg, gi meg att hesten min, for no ser eg du ikkje bestemmer meir enn andre ektemenn. Og ver så god, her er eit egg. Pass godt på at det ikkje går sundt, for då risikerer du å få skjenn når du kjem heim." Så laut mannen traske heim utan hest, og den unge mannen gav opp å sjefe heime, for no var han klar over at han ikkje var nokon verre pjalt enn andre. Den tunghørte bondenDet budde ein mann i Trelde by, og han hadde tre døtrer som budde heime hos han. Han hadde ein liten gard og eit par hestar som var om lag like stille som døtrene. Ein dag drog alle på garden ut i skogen for å hente eit vedlass, og då dei hadde lasta det på vogna dei køyrde i, gåve mannen ei av døtrene taumane så ho kunne køyre heim veden. Han sjølv ville bli litt til i skogen for å finne eit stykke tre som høvde til å smi økseskaft av. Då han hadde funne eit passe økseemne, fann han vegen ut av skogen. Så kom det nokre velkledte ferdamenn gåande imot han. Mannen var dauv og snakke med seg sjølv mykje av tida, og slik også denne gongen: "Kva vil dei seie til meg, dei tre herrane? Dei vil nok spørje kva eg vil bruke treemnet mitt til. Då vil eg seie det skal bli økseskaft. Og deretter vil dei vel spørje kor langt det skal vere, og då vil eg seie det skal vere til denne kvisten på treverket. Så vil dei vel spørje meg om det er vogna mi som køyrer der framme, for dei vil vel setje hestane mine til å hjelpe seg over sundet lenger nede i vegen. Men det vil eg ikkje hjelpe dei med. Så vil dei vel spørje om eg har ein båt å frakte dei over med, men heller ikkje det vil eg ha noko av. Så spør dei vel om vegen til sist, og den viser eg dei, og til sist seier dei nok farvel og takk." No kom dei reisande bort til han og sa, "God dag, far." "Eit økseskaft," sa han. Det svaret fall ikkje i smak, så dei sa, "Ja, sat det berre i rumpa di." "Like til denne kvisten, "sa mannen. "Er det døtrene dine som køyrer der framme?" spurde dei dernest. "Ja så menn," sa han, "men den eine er ikkje opplagt, for ho var til hest i går." Han snakka no om ein av hestane "Er det kona di som går ved sida av vogna?" "Nei, den er lekk," sa mannen. "Du er jo frå vetet, mann; du skulle hengjast." "Ja, der oppe mellom dei to haugane," sa han. "Kyss meg bak," sa dei argt. "Takk, takk," sa han, og med dét skildest dei. KuaSeint ein kveld kom ein mann til ein plass og bad om å få overnatte der. Men først gjekk han inn i fjøset på garden, drog ut ei av kyrne der, og deretter lèt han som han var på veg til marknaden med kua, men at det hadde blitt seint for han. Bonden på garden ville også til marknads, og ferdamannen kunne godt få overnatte, og så kunne dei slå følgje neste morgonen. Mannen spurde om han kunne få setje kua si i inngjerdinga ved husa, og det fekk han også. Tidleg neste morgon drog dei. Det var eit langt stykke å gå. Det blei ikkje skikkeleg lyst før dei var framme. Då såg bonden nærare på kua til mannen og utbraut, "Den kua liknar jammen ei av mine!" "Jaså, gjer den det? Då er det vel best at du får den, så har du eit par av dei." Dette syntest bonden godt om. "Og du får den billeg attpåtil," sa mannen. Dei avslutta handelen der og då, og dermed reiste kjeltringen derifrå. Utpå dagen kom ein stor gardsdreng ridande til marknaden og skulle tale med husbonden sin. Han sa, "Husbond, ei av kyrne dine er borte, og vi veit ikkje kor den er blitt av." "Då er det vel mi eiga ku eg har kjøpt," sa bonden. "Eg har nok vore ute for ein kjeltring." Han leita etter mannen, men fann han ikkje, så tapet han hadde lidd, laut han berre avfinne seg med. Tur i skogenEin mann var redd for at dottera hans var forelska i tenestekaren. Ein kveld tok tenestekaren til å geispe, og straks etter gjorde dottera det same. Då mannen merka det, blei han rasande, for han trudde det var noko mellom dei. Han tok dottera med ut i skogen, for ho skulle hengjast. I skogen brukte han lang tid på å traske frå tre til tre utan å finne noko som passa, enda det var tre nok, både store og små. Då sa dottera: Det er med tre i skogen Så fekk ho gå heim. Skal ein tru det?Vesle-Mukk frå NikeaDet ligg ein bakke her sør for Brunbjerg, der det bur ein bergtusse etter det folk seier. Eg har ikkje sett han, men dei seier han har levd i mange hundre år. Dei kallar han Vesle-Mukk, og han fortalde ein gong far min om livet sitt. Han blei født i ein by i Asia, ein dei kallar Nikea, og far hans heitte Mukra. Det var ein rik mann, men så mista han det han hadde. Romstering på loftetPå ein gard i Odderup er det slik romstering på loftet med alle ting ein viss stad og ei viss tid, men den som er født på høtidskveldar kan sjå kva det er, og dei fortel det er nokre ganske små vetter. Det brann under kakkelomnenEit hus som ligg ved Brudebekkgarden ved Horsholm, har vetter. Dei brenn often under kakkelomnen som blå lys, men dei lyser ikkje opp i stua. Grøne gutar i LonebakkenPå Gjestelevmarka er det ei rekke bratte skråningar ned langs ei torvmyr (Demmet) dei kallar Lonebakken, fordi dei i gamle dagar stod dekte med slåpetorn (skogloningar). I desse skråningane skal det ha budd bergtussar. Ei kone fortalde at ein kveld foreldra hennar var ute på Lonebakken for å sjå til deira del av den - det var før utskiftinga - då såg dei med eitt ei heilt stor mengd med grøne gutar som gjekk etter dei. Kona blei redd, men mannen sa at ho ikkje skulle bry seg noko om det, for dei gjorde dei ikkje noko. Alle hadde kledd av segKnud Brunhede fortalde at då han var gjetar, var han i lag med fleire av kameratane sine nær ved ein haug, og alle hadde kledd av seg. Knud, som var eldst, gjekk no opp på haugen. Der såg han eit lite spedbarn. Det låg der ganske nakent. Gutane blei heilt forferda, og kledde på seg med det same. Då gjekk Knud opp på haugen igjen, men no var synet borte. At desse forteljingane av Knud var sanne, trur eg nok. Fattige i NeslehaugenDet ligg ein haug i Vester-Lem, og den blir kalla Neslehaug. Så var det ei kone der i Vester-Lem; ho kunne sjå underjordiske. Ho såg ofte at når borna der frå Vester-Lem skøya nær haugen, så rende ungane til bergtussane ned mellom barna og skøya mellom dei, men utan å bli sett. Dei som budde i Neslehaug var så fattige, men dei som budde i haugen ved Bustrup-marka, dei var rike. Usynleg hulder åt deigDet var ei gammal kone som gjekk på omgang i soknet, og ho kunne sjå underjordiske, sa ho. Ein dag var ho på ein gard mens kona på garden knadde deig og slo opp brød. Den gamle kona hjelpte til. Men mens dei stod og knadde, sa gamlekona, "Eg skal slå deg over fingrane, der du står og eter av deiga." Det var ei hulder som stod der og åt, men gardkona såg ingenting av henne. Med store hovud og hole bakI Lerkehaug i Vind var det bergtussar. I Skårberg har det også vore bergtussar - små gutar med raude huer på seg. Oldemor såg nokre huldrefolk ved ein bekk i Tvis. Dei var små og nakne og hadde store hovud. Dei var hole bak og forgylte og stas på framsida. Eg såg einkvan tydelegI Madum er ein haug som folk kallar Store Bjerrum. Der er også ein gard, som heiter Bjerrum. Det var det ein bergtusse; så pass var sikkert og visst, sa folk derifrå. Eg gjekk dit bort til Store Bjerrum og flytta sauene til ei eng nær ved. Så ville eg gå heim, såg ein nokon som stod i ei søkk sør for Store-Bjerrum. Eg såg det tydeleg, men eg torde jo ikkje gå heilt bort dit, for eg trudde bestemt det var ein bergtusse. Han hadde ikkje noko på hovudet og håret stod rundt han. Jentene på haugen fekk sjå småfolk med kvite huerPå Vaseholm er ein haug som nesten er jamna ut no, og den blir kalla Vaseholmhaugen. Der fanst det bergtussar, og ei gammal kone har fortalt at ho hadde sett små folk med kvite huer på seg ved middagstid. Ho gjekk der oppe på haugen og gjette, og mor mi var med der, men ho kunne ikkje sjå noko. Den andre jenta spurde henne fleire gonger om ho ikkje kunne sjå dei - det var mange små gutar - men mor sa nei. Så ville jentene bort og leike med gutane, men då var bergtussane vekk. Då jentene sette seg på haugen, kunne dei høyre gutane låse kistene sine.To små menneske i grå kledeBestemor fortalde at då ho var barn, var ho og ei anna jente ein gong ute og plukka bær i Skarbjærge. Mens dei sat og plukka bær på ei av dei største sanddynene, som blei sagt det budde bergtussar i, kom dei til å sjå opp, og då såg dei på toppen av berget to små menneske i grå klede og med spisse huer på seg. Jentene såg straks det var bergtussar og rende forskrekka heimetter.NOTE. Danske berg ruvar lite. Dansk Geodata Institutt har gjort målingar av dei høgaste toppane i Danmark, og øvst på lista er Møllehøj på Jylland. Den haugen er 170,86 meter høg. Himmelbjerget er 147 meter høgt.
Eit høgt kvinnfolk som ikkje helsaVeslejulaftan gjekk kona mi til Bygballe. Dei hadde sendt bod etter henne; ho skulle ned og få noko til jul. Då ho gjekk over Bastruphaugen, stod det eit høgt kvinnfolk med grønt skjørt og korte, grøne binderme, raudt liv og kvitt forkle. Same korleis ho gjekk og kom for kona mi, vende ho alltid framsida mot henne. Kona mi sa god dag til henne, men fekk ikkje noko svar. Kvinnfolket likna eit fruentimmer frå Mejlby, som var død.Dei låste kister nedi haugenDet ligg ein haug på Skovagre like ved Hvidingkrattet, og den kallar folk Jawwhoj. Då han var barn, høyrde Niels Andersen at dei slo kister i lås der, og barna i garden like over bakkane var sikre på at det var bergtussar der. Niels Andersen banna på at han hadde sett dei.Nokon slo at kistelokk nedi hauganeEin gammal mann i Norre-Lem fortel at då han var gut og gjekk ute på lyngheia i Nørre-Lem og passa sauene, høyrde han ofte at bergtussane slo att kistelokka sine nedi haugane. Det var mange haugar der omkring.Det buldra først, så kom ein bergtusse opp av jordaI Ødal på Overlund-marka køyrde ein gong ein bondemann og pløgde. Han stansa ein augeblink for å tenne pipa si. Mens han hadde pause slik, buldra det i jorda ved sia av han, og då buldringa slutta, kom ein liten mann med raud hue på hovudet opp av jorda. Då mannen som pløgde såg han, gav han seg til å slå eld i fyrtøyet sitt for å tenne pipa si, og i det same forsvann bergtussen, for den vesle var ein bergtusse og redd for eld. Når folk før i tida såg noko rart, treiv dei heile tida til fyrtøyet sitt.Mannen med drammaneI dei siste åra, er det grave ut ein haug på Gåsetofte-marka i Raklev sokn. Haugen blir kalla Trollhaugen og frå ein gard som låg nær ved, kunne folk tydeleg høyre at trolla smidde og arbeidde med metall. Dei hadde også stor lyst til å få folk til å komme på villspor, i sær dei som budde på garden, for trolla likte dei ikkje.Mannen på garden hadde alltid lyst til å gå inn til byfolka og spele kort og drikke drammar til. Men drammane hadde han i seg med passande mellomrom så han ikkje skulle bli full av dei. Trass i dette brukte han ofte tre-fire timar på vegen heim, enda om han elles kunne gå den i ro og mak på ti minutt. Det var ei bru over ei grøft som han måtte over, og den kunne han slett ikkje finne fordi trolla narra han. LjåenEin gong køyrde ein mann til byen. Då han kom forbi Svejlund-berga, ropte han dit opp: "Smi meg ein ljå og skriv på den kva den kostar, så betaler eg den når eg kjem att."Då han kom tilbake om kvelden, var det faktisk ein ljå der, og det stor skrive på den kva den kosta. Det stod også at den verken trong å slipast eller pussast, og at ingen andre enn han sjølv fekk bruke den. Kristensen, Evald Tang. Molbo- og Aggerbohistorier, Samt Andre Dermed Beslægtede Fortællinger. Backhausen's bogtrykkeri, i kommisjon hos Gyldendal, Kjøbenhavn, 1905. Kristensen, Evald Tang. Danske skjæmtesagn, samlede af folkemunde. Århus: Forfatterens forlag, 1900.
Kristensen, Evald Tang, saml. Danske Sagn, som de har lydt i folkemunde. Udelukkende efter utrykte Kilder. Samlede og til Dels Optegnede af Evald Tang Kristensen. 1. Afdeling: Bjærgfolk. Kjøbenhavn: I kommisjon, Gyldendalske, 1892.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 2009, Omsetjing og design, Tormod Kinnes [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||