Norsk del, Gullvekta
Djurklou-samla eventyr  ❀ 4
Seksjon › 19   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Koke suppe på ein spikar

Det var ein gong ei sparsam, gammal gardkone som sat ganske godt i det. Seint ein ruskete haustkveld kom ein vandringsmann og bad om å få overnatte der på garden.

Den gamle kona sa: "Men dette er ingen gjestgivargard."

"Det er så fælt vêr ute. Kan eg ikkje få bli likevel og ligge på golvet i stova?" spurde vandringsmannen og godsnakka.

"Ja, du får vel få det då", sa den gamle kona.

"Skulle du ikkje også kunne gi meg litt mat, kjære mor?"

"Nei", sa ho. "Skulle eg dele med andre når eg ikkje har mykje sjølv?"

"No ja, berre eg kan få låne ei gryte, så lagar eg suppe sjølv", sa vandringsmannen. "Eg har ein spikar, og ein kan koke god suppe på han."

"Kva for noko? Koke suppe på ein spikar?"

Slikt hadde den gamle kona aldri høyrd om. Spikarsuppe måtte vere billig mat. Ho blei nyfiken på korleis ein laga slik suppe. Den kunsten ville ho gjerne lære. Ho fór etter gryte og vatn, og vandringsmannen sette gryta på elden, tok ein vanleg tretomsspikar opp av lomma og la han i vatnet.

"Det her blir etter kvart ei god og nærande suppe", sa han, "men om ein hadde litt mjøl og litt gryn i ho, skulle ho bli enda betre. Men når det ikkje finst, får ein klare seg likevel."

"Det finst vel noko i huset einkvan stad", sa den gamle kona, og vandringsmannen fekk det han trengte.

Han rørte skikkeleg om i gryta.

"Det her blir ein prektig suppe som ein kan by herrar på", sa han.

"Ja, sei det!"

"Men med litt mjølk blir ho nok enda betre."

"Jaså, seier du det?"

"Ja då, men når det no ikkje finst noko mjølk, får vi greie oss utan."

"Å, for all del, litt mjølk finst nok i huset", sa den gamle kona og kom med ei bøtte.

Han slo mjølk i gryta, rørte flittig om og sa: "Om vi no hadde litt salt kjøt og nokre gulrøter og poteter å legge i og litt smør å frese ho av med, så skulle det bli ei suppe å by sjølve kongen."

"Å blå kors", sa den gamle kona, "å by sjølve kongen på suppe!"

"Jojo men, men når det no ikkje finst, så."

"Å, det finst vel eitkvart."

Den gamle kona gav han alt han ville ha, og då suppa var ferdig, tok han opp spikaren, stappa han i lomma og baud den gamle kona å smake.

Ho smaka og smatta.

"Var ho ikkje god, kanskje?" spurde han.

"Jo heilt framifrå. Tenk at ein kan koke suppe på ein spikar. Det er då rart."

Den gamle kona kunne ikkje rose kokekunsten hans nok. Og då vandringsmannen ville legge seg til å kvile på golvet, gav ho han heller den beste senga si. Då han skulle gå neste morgon, fekk han ein blank riksdalar i vennegåve.

"Takk og heider!" sa den gamle kona. "No har eg fått lære meg å koke suppe på ein spikar."

"Ja, men det trengs jo noko meir til enn berre spikar", sa vandringsmannen.

Og slik oppstod ordspråket: "Det er ingen kunst å koke suppe på ein spikar om ein berre har noko å jamne med."

Notar

Ho som laut gråte så veldig

Stubb

På den tida Sante-Per gjekk omkring, kom han seint ein kveld til ein storgard og bad om husly for natta. Ja, det skulle han då få.

Tidleg neste morgon takka han for godt husvære og skulle av stad. "Pengar å betale deg med, har eg ikkje", sa han til kona på garden, "men det eg kan gi, det gir eg: Det første du gjer i dag, det skal du halde på med heile dagen."

Då måtte ho gråte: "Kva i all verda? Akk, så dum eg var som gav nattely for ingenting", og så bortetter.

Sidan dét var det første ho gjorde, laut ho sitte og gråte mens ho vov. Inga hjelp kom, og ingen kunne hjelpe ho heller dagen til ende.

Notar

  Innhald  


Boktilfang

Eventyr og segner fritt etter friherre Djurklou.    Seksjon     Sett    Neste

Eventyr og segner fritt etter friherre Djurklou. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2007–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]