Norsk del, Gullvekta
Djurklou-samla eventyr  ❀ 3
Seksjon › 19   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Grant Wood. American Gothic, 1930. Utsnitt
Det var ein gong Gamle-Eirik laut fare heim att.

Det var ein gong ein bonde som hadde kontrakt med Gamle-Eirik. Om all gjekk han vel i verda, skulle Gamle-Eirik få han etter ei viss tid, og det for alltid.

Då tida var nesten ute og det mangla berre ei natt, kom det ein kar frå Hardanger og banka på like etter solnedgangen. Han bad om å få overnatte der.

"Nei, det kan du ikkje få, for eg ventar ein annan."

Hardingen heldt på sitt, og til slutt gav bonden etter. Han fortalde også korleis han hadde stelt det til for seg.

"Ja, har du har gitt deg utan atterhald, kan vel ingen hjelpe deg ut av knipa", sa hardingen.

"Nei, det har eg ikkje: Kan eg svare rett på sju spørsmål, får eg leve ti år ekstra og kan komme til himmels også. Men det er ikkje sikkert eg greier å svare. For vel har eg lært meg eitkvart gjennom livet, men neppe nok til å kappast med fanden. Så der står eg."

Hardingen blei interessert og lova å hjelpe han med svara. Då blei bonden glad. Han tenkte at om nokon kunne lure Gamle-Eirik, så var det nokon frå Hardanger.

Då klokka nærma seg tolv om natta, kom det stor otte over bonden. Og då klokka på veggen hadde slått det tolvte slaget, buldra det på døra så huset rista. Det var Gamle-Eirik som kom for å hente bonden.

"Vent litt", sa hardingen og opna døra på gløtt. Gamle-Eirik dura i veg utan å sjå så godt kven det var som stod der med lyset bakfrå.

"Kva er eitt?" spurde Gamle-Eirik.

"Eit hovud på kroppen", svarte hardingen.

"Kva er to?"

"To auge i fjeset."

"Kva er tre?"

"Tre jomfruer i same senga."

"Kva er fire?"

"Fire hjul under vogna hjelper jamt", svarte hardingen.

"Kva er fem?"

"Fem naglar på handa er ikkje klør."

"Kva er seks?"

"Bikaker har mange små rom med seks kantar og seks sider [1]."

"No vel, kva er sju då?" spurde Gamle-Eirik ampert.

"Sju stjerner på himmelen - sjå opp! Dra no heim i galopp."

Gamle-Eirik laut reise heim att utan bonde. I staden tok han med seg spiskammerset hans for å ha eitkvart å bite i.

Ord

  1. Bikake: Eit nettverk av sekskanta voksceller på ei plate, og bygd av honningbier. Cellene lagrar larvar, honning og pollen.

BILDE
Detalj frå bikake

Notar

Den gamle kona og fisken

Stubb

Det var ein gong ei gammal kone som budde aleine i stova si i ei bakkeskråning. Ho hadde mange plager, men tre ting plaga ho meir enn resten: Øksa hennar var så dårleg at det kvar dag gjekk med fleire timar til å hogge brensel. Og veven ho vov, ville ikkje strekke til. Men det verste var at ho hadde så bratt og tung motbakke når ho skulle bere opp vatn frå kjelda si langt nedi bakkeskråninga.

Så hende det ein dag den gamle kona drog opp bøtta si frå kjelda, at det låg ein stor fisk og sprella i ho.

"Signe deg", sa den gamle kona, "Det er lenge sidan eg fekk fisk på bordet."

"Ja, men det er nok best at du slepper meg", sa fisken.

"I alle dagar! Kan du tale?" spurde kona og var paff. "Men korfor skulle eg ikkje få ete deg?"

"Fordi det er det dummaste du kan gjere", svarte fisken. "Om du slepper meg ned i kjelda att, så får du ønske deg tre ting, og same kva du ønsker, skal du få det."

Kona kunne tenke å ønske seg mangt, men ho hugsa også på det gamle ordspråket: "Ønsk i eine handa og snyt deg i den andre, så får du sjå kva for ei hand du får mest i", og stod og nølte og ville ikkje sleppe ut fisken.

"No, vil du ikkje ha tre ønske oppfylt?"

Når alt kom til alt ville ho det likevel, og så kom ho til å tenke på veden som det var så tungt å hogge.

"Eg ønsker aller først at det eg slår på, skal gå av."

"Det skal bli. Kva meir vil du ha?"

"Eg ønsker", sa den gamle kona og tenkte på veven, "at det eg drar i, skal bli langt."

"Som du vil", sa fisken. "Kva meir ønsker du?"

Den gamle kona tenkte no på den lange motbakken ho streva med kvar dag med dei tunge vassbøttene.

"Jo, eg ønsker at bøttene mine sjølv skal gå etter vatn og sidan komme heim att med det av seg sjølve."

"Det skal bli", sa fisken.

No sleppte kona fisken ned i kjelda att, og knapt var det gjort før dei to bøttene tok til å gå oppover bakken så sakte og varsamt at ikkje ein vassdrope gjekk til spille. Den gamle kona blei så glad att ho spratt og storlo.

"Nei, no har eg aldri sett på maken!" lét ho.

Ho skratta og hoppa og kava med hendene av undring og glede. Ved det kom ho til å slå seg på venstre kneet, og med det same gjekk beinet av. Det blei ein forsmedeleg ende på gleda. Den gamle kona måtte sette seg ned litt og gråte og sippe, men det var ikkje slutt på elendet for det:

Den som græt treng å pusse nasen iblant, og nettopp slik gjekk det no også. Den gamle kona snytte seg i forkledet og kom såleis til å dra seg i nasen. I staden for lang vev fekk ho ein så lang nase at han rakk heilt ned til forkleet på ho.

Den som vil vite kor uttrykket "få lang nase" kjem frå, kan gå dit ho sit og spørje ho.

Notar

Gullkjerra under Ullifjellet

Høgt ovanfor bygda Li ligg fjellet, ogi fjellsida ovanfor bygda ein stad er ei gullkjerre gøymd i jorda. Mange har prøvd å grave ho fram, og to gongar fekk nokon ho fram før bergbassen på Ullifjellet kom til og stogga det heile.

Første gongen var for mange, mange år sidan. Då kom det ein bonde dragande med tvillingoksar for å hale ut gullkjerra: Han hadde født dei berre med mjølk, for det var sagt at slikt måtte til for å lykkast. Bonden fekk tak i gullkjerra og køyrde ho like til ein stad nær Lyrlo, men der kom han over ei rotte som drog eit halmlass. Bonden ropte då:

"Dette går då ikkje an!"

Nett då slitna seletøyet, og kjerra rulla av seg sjølv oppetter lia og forsvann.

"Det var rart og meir enn rart", tenkte bonden, og gjorde ikkje meir ut av det.

Ein bonde frå Lantane nær ved fekk høyre om hendinga, og ville prøve sjølv. Han hadde også unge tvillingoksar, og dei hadde ikkje smakt anna enn mjølk enno. Han drog til lia med dei og gav seg til å grave. Han hadde lykka med, og fekk fram gullkjerra. Oksane blei spente for, og bonden sa "Hypp!"

Men då lo det ifrå lia, og nokon sa: "Der snakka du! Jammen gjorde du det! Så ha mjølkekalvane dine vekk frå kjerra mi!"

Og med det same brast eine skåka til oksane, seletøyet blei slite av, og kjerra rulla attende inn i kollen. Bonden fekk behalde den brotne skoka, og ho var av reint gull. Så hadde han att for strevet.

Enno finst det folk der mellom Li og Kokipen som har sett skinet av gullkjerra seint på jonsokkvelden. Då er det reint som det lyser i lia langt der oppe. [1]

Ord

  1. Merknad: I folketrua i Noreg og Sverige blir nedgravne skattar vakta av ymse underjordiske, og ein mister skatten ein grev opp, om ein ikkje teier heilt til ein får han heim.

Notar

Ved eit huldrevatn

Tidleg, tidleg ein morgon gjekk ein smed i Mjølanger av stad til eit fjellvatn for å fiske. Då han nesten hadde komme fram til vatnet, fekk han sjå ei gild kvinne som gjekk eit stykke framom han. Av og til løfta ho opp den side kjolen sin så han ikkje skulle bli skitna til på den sølete vegen.

Smeden skunda på for å komme forbi og sjå korleis ho såg ut, men korleis det no gjekk til, vann han ikkje å nå ho att. Ho gjekk heile tida fem meter framom han, same kor mykje han sette opp farten.

Smeden fekk lyst til å pirke borti ho så vidt med den lange fiskestonga han bar på. Han kunne jo prøve og sidan be om orsaking. Han løfta stonga for å kile ho i nakken litegrann, men då blei ho borte, og han kunne ikkje fatte kor ho blei av.

Då han kom fram til vatnet og skubba den vesle båten sin ifrå land, kunne han ikkje få styring på han: båten snurra rundt til han blei yr i hovudet. Då hoppa smeden ut av båten, drog han i land og gjekk heim.

No kunne han tenke seg kva den gilde kvinna i fotsid kjole hadde vore, og ville ikkje gå ut og fiske aleine så tidleg om morgonen lenger.

Notar

  Innhald  


Boktilfang

Eventyr og segner fritt etter friherre Djurklou.    Seksjon     Sett    Neste

Eventyr og segner fritt etter friherre Djurklou. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 1999–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]