![]() |
Grimm-eventyr | |||||
| 13 1 31 | ||||||
|
Dei tre språkaI Sveits budde ein gong ein gammal greve som hadde ein einaste son, men sonen var ikkje i stand til å lære noko som helst. Då sa faren, "Høyr, son, same korleis eg prøver, får eg ikkje noko inn i hovudet på deg. Så no skal du dra herifrå, til ein kjent meister som vil ta hand om deg. Han skal sjå kva han kan gjere med deg." Ungdommen blei sendt til ein fremmend by, og ble eit heilt år med meisteren. Etterpå kom han heim att, og faren spurde: "Nå, son, kva har du lært?" "Far, eg har lært kva hundane seier når dei bjeffar." "Å jøye meg," ropte faren, "er at alt du har lært? Eg sender deg til ein annan by, til ein annan meister." Ungdommen blei teken dit, og budde eit år på same viset med den meisteren. Då han kom heim att, spurde faren: "Son, kva har du lært?" Sonen svarde: "Far, eg har lært kva fuglane seier." Då fekk faren raserianfall og sa: "Å, du har søla vekk enda meir kostbar tid utan å lære noko. Skammar du deg ikkje for å vise deg framfor auga mine slik? Eg skal sende deg til ein tredje meister, men dersom du ikkje lærer noko denne gongen heller, vil eg ikkje lenger vite av deg." Ungdommen blei eit heilt år hos den tredje meisteren også, og då han kom heim att, og spurde faren, "Son, kva har du lært?" Han svarde: "Kjære far, i år har eg lært kva froskane kvekk." Då blei faren så vill og gal at han sprang opp, kalla til seg alt folket sitt, peika på sonen og sa: "Dette er ikkje lenger sonen min. Eg driv han vekk herifrå og gir dykk ordre om å ta han med ut i skogen og drepe han." [1] Dei tok han med ut i skogen, men då tida var komen til å drepe han, fekk dei seg ikkje til å gjere det, for dei kjende med ungdommen og lét han gå. Så skar dei auga og tunga ut av ein hjort dei skaut, og tok det med til den gamle greven som teikn. Ungdommen vandra vidare, og etter ei stund kom han til ei festning. Der bad han om nattely. "Ja," sa slottsherren, "vil du overnatte der nede i det gamle tårnet, så gå dit. Men eg åtvarar deg, du gjer det i så fall med fare for livet, for tårnet er fullt av villhundar. Dei bjeffer og hyler utan stans, og til visse tider på døgnet lyt dei ha ein mann å ete." Heile eigna sørgde i forferding over dette, men ingen kunne gjere noko for å stoppe det. Men ungdommen var utan frykt, han. Han sa berre: "Å. la meg gå ned til dei bjeffande hundane, og gi meg noko som eg kan kaste til dei. Eg trur ikkje dei vil skade meg." Sia han sjølv ville ha det slik, slottsfolka han med litt mat til villhundane og førde han ned til tårnet. Då han gjekk inn, gøydde ikkje hundane på han, men logra med halane på vennleg vis rundt han, åt det han sette fram for dei, og skada ikkje så mykje som eit hår på hovudet hans. Neste morgon, til overrasking for alle, kom han ut att trygg og uskadd og sa til slottsherren, "Hundane har synt meg på sitt vis korfor dei held til der og bringer ulykke over landet. Dei er forheksa, og er nøydde til å vake over ein stor skatt som er nedafor dei i tårnet, og dei kan ikkje kvile før skatten blir teken vekk. Og eg veit også korleis det skal gjerast." Alle som høyrde dette, gledde seg stort, og slottsherren sa han ville ta han til seg som sin eigen son om ungdommen kunne klare det. Han gjekk ned til tårnet att. Og det verka som han visste kva han skulle gjere, og gjorde det grundig. Om litt bringa han ei kiste full av gull ut med seg. Det blei slutt på hyling av villhundane frå den dagen. Hundane forsvann, og landet vari fridd frå den plaga. Etter ei tid fekk ungdommen for seg at han ville reise til Roma. På vegen gjekk han forbi ei myr. Der sat mange froskar og kvekka. Han lytta til dei, og då han blei klar over kva dei sa, blei han svært tankefull og trist. Til sist han kom til Roma, der paven nettopp hadde døydd, og det var store vanskar med å utnemne utnemne etterfølgjaren hans. Dei blei omsider einige om at den skulle bli vald til pave, laut ha støtte frå eit guddommeleg og mirakuløst teikn. Og nett som dette blei bestemt, kom den unge grevesonen inn i kyrkja, og med eitt flaug to snøkvite duer ned på skuldrene hans, og der blei dei sitjande. Dei kyrkjemennene var samde om at dette var teiknet ovafrå, og spurde han på flekken om han ville vere pave. Han var uviss og visste ikkje om han var verdig til det, men duene rådde han til å gjere det, og til slutt sa han ja. Så blei han salva og innvigd, og dermed var det blitt oppfylt, det som han hadde høyrt av froskane på vegen. Dei hadde sagt at han skulle bli pave. Så måtte han synge ei messe på latin, utan at han kunne eit ord av den. Men dei to duene heldt seg på skuldrene hans og sa heile teksta i øyra hans.
RumleskaftDet var ein gong ein møllar som var fattig, men som hadde ei overlag vakker dotter. Ein gong slumpa han til å snakke med kongen, og for å skryte litt, sa han: "Eg har ei dotter som kan spinne gull av høy." "Det er ein fantastisk kunst," sa kongen "la dottera di kome og vitje meg i morgon, så skal eg setje henne på prøve." Dagen etter kom jenta til slottet, og han tok henne med til eit rom som var full av høy, gav henne ein rokk og ei garnvinde og sa: "Du får ta til å arbeide i morgon. Men dersom du ikkje har spunne all denne halmen til gull før den dagen er over, er det ute med deg." Så gjekk han og låste døra etter seg. Der sat jenta og visste ikkje si arme råd. Ho ante ikkje korleis ein kunne spinne halm til gull, og til sist tok ho til å gråte. Då med eitt blei døra opna og ein liten mann kom inn. "God kveld, møllardotter, sa han," korfor græt du?" "Eg er så ulykkeleg," hiksta jenta, "Eg må spinne denne halmen til gull, og veit ikkje korleis eg skal bere meg åt." "Kva vil du gi meg om eg hjelper deg?" spurde den vesle mannen. "Halssmykket mitt," svara ho, og mannen tok det og begynte å male. Og snurr, snurr, snurr, så var den første spolen full, og så den neste, og slik heldt han på like til neste morgon. Då var alle spolane fulle av reint gull. Ved daggry kom kongen og blei forbløffa og glad. Men han var farleg grådig og slo seg ikkje tilfreds med dette; han leidde jenta inn i eit rom med enda meir høy og sa ho skulle spinne like til dagen etter om ho ville leve. Jenta visste ikkje kva ho skulle gjere og tok til å gråte, men den vesle mannen kom tilbake og spurde: "Kva får eg om eg hjelper deg?" "Ringen min," svara ho, og mannen tok den og tok til å spinne. Før sola rann, var han ferdig. Kongen blei berre enda meir grådig då han såg alt det skinande gullet, og tok møllerdottera inn i eit stort rom fullt av høy. "Dersom du kan spinnee det til gull til i morgon, tek eg deg til kone," sa han og tenkte med seg sjølv: "Enda om om ho berre er dotter av ein møllar, kan eg aldri få ei kone som er så rik." Då jenta var aleine, kom den vesle mannen fram att og spurde: "Kva får eg om eg hjelper deg?" "Eg har ikkje noko å gi deg lenger," svara jenta trist. "Så lov meg det første barnet du får når du har blitt dronning,", sa han. "Kven veit om det kjem til å hende," tenkte jenta. Og sia ho ikkje visste kva ho elles skulle gjere, sa ho ja, og mannen spann og spann til neste morgon. Rommet var fullt av gull, og då kongen kom og såg det, blei han overlag glad, og bryllaupet blei feira med stor pomp og prakt. Eitt år etter fødte dronninga eit vakket barn. Ho hadde heilt gløymt den vesle mannen, men med eitt kom han inn i rommet og sa, "Gi meg det du lovde meg." Dronninga blei forskrekka, og tilbaud han alle skattane ho no rådde over der i riket, om han berre lét henne behalde barnet. Men mannen sa, "Kjøt og blod er meir verdt enn alle gullskattane i verda." Dronninga tok til å gråte, og mannen forbarma seg noko over henne og sa: "Dersom du i løpet av dei tre neste dagane kan seie kva eg heiter, skal du få behalde barnet." Dronninga låg vaken heile natta og tenkte på alle namna ho kunne, og sende bod rundt i landet for å frå vite enda fleire. Då mannen kom neste dag, tok ho til med Kaspar, Melkior, Baltasar og alle dei andre namna ho kunne, men mannen sa: "Nei, det heiter eg ikkje." Dagen sende ho bod rundt om i nærleiken av slottet for å få vite kva folk heitte der, og sa fram dei raraste til mannslingen - Spissbein, Saueskankar, eller Bundebein og liknande - men ingen av dei var det rette. "Det er ikkje det eg heiter," sa han. Tredje dagen kom sendebodet hennar tilbake og sa: "Eg har ikkje spora opp eit einaste nytt namn, men då eg kom til ein høg ås bak skogen, såg eg eit lite hus der det brann eit bål. Ein morosam liten mann sprang rundt bålet, hoppa på eitt bein og song: "I dag skal eg bryggje og bake Dronninga blei nesten frå seg av glede, og då den vesle mannen kom og spurde, "Kva heiter eg, dronning?" Ho spurde: "Kanskje det er Konrad?" "Nei." "Kanskje du heiter du Henrik?" "Nei." "Kanskje det er Rumleskaft?" "Det har fanden fortalt deg," ropte den vesle mannen sint og stampa så hardt med den venstre foten i bakken at foten sokk nedi. Det blei han så sint over at han tok tak i foten med begge hender og drog så hardt at foten slitna. Og då var dronninga berga. |
|
|
|
© 20012011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |