Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Det blå bandet

Det var ein gong ei fattigkjerring som hadde vore på bygda og bedt [1]. Ho hadde med seg ein liten gut. Då ho hadde fått full posen, strauk ho nordover åsen og skulle heim til bygda si att.

Då dei var komne eit stykke opp i åslia, fekk dei sjå eit lite blått strømpeband [2] som låg i kløvvegen. Det bad guten om han fekk lov til å ta. "Nei", sa mora, "det kan vere fanteri ved det", og så truga ho guten til å følge seg.

Då dei var komne litt lenger opp, sa guten han måtte gå av vegen eit stykke. Imens sette kjerringa seg på ein tømmertopp. Men guten blei lenge borte, for då han var kommen så langt inn i skogen at kjerringa ikkje kunne sjå han, sprang han ned der hosebandet låg, tok det og knytte det om livet på seg. Då blei han så sterk at han syntest han kunne løfte heile åsen. [3]

.
Hoseband: tekstilband til å halde oppe hosene (strømpene) med.. Frå 1700-talet til 1900-talet var hoseband vanlege, like til elastiske strømper kom til. I dag blir hoseband nytta i bunadar og seremoniar. [◦Knyt hoseband slik (video)]

Då han kom att, var kjerringa vill [4], og spurde kva han gjorde så lenge. "Du er ikkje redd for tida du", sa ho, "enda det lir på kvelden. Du veit vi skal over åsen før det blir mørkt."

Så gjekk dei ei stund, men då dei var komne midtvegs innover åsen eller vel så det, blei kjerringa trøytt og ville legge seg under ei buske.

"Kjære mor [5]", sa guten, "får eg lov å gå opp på dette høge berget her mens du kviler, og sjå om eg ikkje kan sjå fram til folk?"

Det fekk han lov til, og då han kom opp på høgda, såg han det lyste straks nordpå der. Guten sprang tilbake igjen og sa til kjerringa: "Vi får til å gå, mor, det er ikkje langt til folk. Eg ser det lyser så gildt tett nordmed her."

Ho opp, treiv tiggarsekken og ville med og sjå, men dei hadde ikkje gått langt, før dei kom til eit tverrberg [6].

"Dette kunne eg tru", sa kjerringa; "No kjem vi ikkje lenger. Det er ikkje noko grommare å ligge her enn under buska i stad." [7]

Men guten tok sekken under eine armen og kjerringa under den andre og sette oppetter med dei.

"No ser du at det er ikkje langt til folk. Sjå der, så gildt det lyser", sa guten.

Men kjerringa sa det var ikkje folk, det måtte vere bergtroll, for ho var kjent på heile bjørneskogen, og ho visste at det ikkje fanst folk nokon stad før på den andre sida nord under åsen.

Då dei hadde gått eit lite stykke, kom dei til ein stor, raudmalt gard.

"Her tør vi ikkje gå inn", sa kjerringa, "det bor bergtroll her."

"Å jo, vi går inn. Vi ser det lyser, så det er nok folk der inne", sa guten, han gjekk inn først og kjerringa etter. Men i det same han lét opp døra, dåna ho, for ho fekk sjå det sat ein stor, svær mann på krakken.

"God kveld, bestefar", sa guten.

"No har eg sete her i tre hundre år, men det har ikkje komme nokon som har helst bestefar til meg", sa mannen som sat på krakken.

Guten sette seg ved sida av mannen og tok til å snakke med han som dei var gamle kjenningar.

"Men korleis gjekk det med mor di?" spurde mannen, då dei hadde snakka ei stund, "eg trur ho dåna. Du får sjå til ho."

Guten gjekk bort, tok kjerringa og drog ho innover golvet. Så kvikna ho i, og krabba bort og sette seg vel inn i vedkråa, men ho var så redd at ho nesten ikkje torde gløtte fram.

Då det lei på litt, spurde guten om dei kunne få hus om natta. Jo, det kunne dei få, sa mannen. Så snakka dei saman ei stund, men rett som det var, blei guten svolten, og spurde om dei kunne få mat til kvelds også. Jo, det skulle nok bli råd til det, meinte mannen.

Då dei hadde sete litt, stod han opp og la seks tørrgranlass på varmen. Enda reddare blei kjerringa. "No vil han brenne oss opp også", sa ho i kråa, der ho sat. Då tørrgrana hadde brent ned til kol, stod mannen opp og gjekk ut.

"Gud bere meg for deg! Du er så vågal, ser du ikkje du er hos troll?" sa kjerringa.

"Å pytt, det er ikkje farleg", sa guten.

Om litt kom mannen inn med ein okse så stor og diger at guten aldri hadde sett maken, og dreiv til han under øyret med knyttneven så han stupte daud i golvet. Då han hadde gjort det, tok han oksen i alle fire føtene, la han på glohaugen og snudde og velta han til han fekk han brunbrent utanpå. Så gjekk han borti eit skap, tok fram eit sølvfat og la oksen på det, og det var så stort at oksen ikkje nådde utover på nokon kant. Dette sette mannen fram på bordet, og gjekk så ned i kjellaren og tok opp ein tredunk [8] fylt med vin, slo ut den eine botnen og sette det opp på bordet, og la så fram to knivar som var innpå to meter [9] lange.

Då han hadde gjort det, bad han dei gå bort til bordet og sette seg til å ete. Guten gjekk føre og bad kjerringa komme etter; ho tok til å låte og bere seg og undrast på korleis ho skulle orke desse knivane. Men guten nappa den eine, og til å skjere stykke ut av låret på oksen, som han la bort til mor si. Då dei hadde ete ei stund, tok han vindunken mellom hendene og løfta han ned på golvet. Så bad han mora komme, ho skulle få drikke. Dunken var så høgt at ho ikkje nådde opp, men guten letta ho opp til kanten og heldt ho, og sjølv kleiv han opp og hang over kanten som ein katt mens han drakk. Då han hadde drukke seg utørst, tok han kjeraldet og sette det på bordet, takket for maten, og bad mora at ho også skulle komme og takke. Og så redd ho var, så torde ho ikkje anna enn å gå bort og takke mannen for maten. Guten sette seg ved sida av mannen på krakken og til å snakke med han att.

Då dei hadde sete litt, sa mannen: "Eg får vel av stad og få meg litt kveldsverd, eg og", gjekk så bort til bordet, og åt heile oksen, både med horn og bein, tok vinkjeraldet og drakk av det, og sette seg bort på krakken att.

"Eg veit ikkje korleis det blir med sengestad", sa han. "Eg har ikkje anna enn ei vogge her; det kunne vel gå an at du låg i ho, så kunne mor di få ligge borti senga."

"Ja takk, det var godt nok", sa guten, reiv av seg kleda og la seg opp i vogga – ho var stor som ei diger standseng – og kjerringa måtte gå etter mannen og legge seg i senga, så redd ho var.

"Det er ikkje verdt å legge seg til å sove her. Eg får nok ligge vaken og høyre korleis det går når det lir på natta", tenkte guten.

Då det lei om ei stund, tok mannen til å snakke med kjerringa. "Her kunne vi leve nokså godt og hyggeleg, om vi berre var kvitt denne guten din", sa mannen.

"Veit du ikkje noka råd med han, meiner du?" sa kjerringa.

Å ja, han skulle prøve, sa han: Han skulle late som han ville få kjerringa til å stelle for seg i nokre dagar, så skulle han få guten bort i berget og bryte laftestein [10], og velte ned eit berg på han.

Dette låg guten og lydde på.

Den andre dagen spurde trollet – for eit troll var det, det var greitt å skjøne – om han kunne få kjerringa til å stelle for seg nokre dagar. Og då det lei på dagen, tok trollet ein stor jernstaur, og spurde guten om han ville vere med bort i berget og bryte laftestein.

Då dei hadde brote nokre stein, ville trollet ha han til å gå nedved og sjå etter sprekker i berget. Mens guten gjorde det, braut og benda trollet med jernstauren til han fekk av stad eit heilt berg som kom veltande ned over guten. Men guten stødde imot til han kom unna, og let så berget velte.

"No ser eg korleis du meiner det med meg", sa guten til trollet, "du vil slå meg i hel. Men gå no du nedved og ser etter sprekker, så skal eg stå oppå."

Trollet torde ikkje anna enn å gjere som guten sa, og guten braut ned eit digert berg som velta over trollet og braut av det eine lårbeinet på han.

"Å du er ein stakkar", sa guten, han steig ned og løfta opp berget og tok mannen unna det. Så tok han trollet på ryggen og bar det heim. Han fór av stad med det som ein hest, og rista det så det skreik som det sat ein kniv i det. Då dei kom heim, måtte dei legge trollet til sengs, for det verka så skrøpeleg.

Då det lei på natta att, tok trollet til å snakke med kjerringa og undrast på korleis han skulle bli kvitt guten.

"Veit ikkje du noka råd til å bli kvitt han, så veit ikkje eg", sa kjerringa.

Jo, han hadde tolv løver i ein hage, sa trollet. Når dei berre kunne få guten dit, så reiv løvene han sund.

Det meinte kjerringa ho skulle få til [11]. Ho skulle legge seg sjuk og seie at ho var så skrøpeleg at ho ikkje kunne bli frisk att utan ho fekk løvemjølk.

Dette låg guten og lydde på.

Då han hadde stått opp om morgonen, sa kjerringa at ho var skrøpelegare enn nokon kunne tru, og fekk ho ikkje løvemjølk, blei ho visst aldri god att.

"Då kjem du nok til å bli skrøpeleg lenge, mor", sa guten, "for eg veit ikkje kor slik mjølk er å få."

Jo, meinte trollet, det var ikkje vondt for løvemjølk når berre ein ville gå etter ho. Brørne hans hadde ein hage som det var tolv løver i, og nøkkelen kunne guten få dersom han trudde han kunne mjølke dei.

Guten tok nøkkelen og ein mjølkebolle og strauk av stad. Då han fekk låst opp og kom inn i hagen, stod løvene imot han på to bein alle tolv. Guten leita ut den største av dei, tok ho i framføtene og slo ho mot stokk og stein til det ikkje var meir igjen av ho enn labbane. Då dei andre såg dette, blei dei så redde at dei kraup og la seg ned ved føtene på han som skamfulle hundar. Sidan følgde dei han kor han gjekk og stod, og då han kom heim la dei seg utanfor med framlabbane på dørstokken.

"No skal du bli god att, for her er løvemjølk, mor", sa guten, då han kom inn – han hadde mjølka ein skvett i bollen.

Men trollet låg borti senga og svor at det ikkje var sant, for det skulle annan kar til å mjølke løvemjølk, sa han.

Då guten høyrde det, truga han trollet ut av senga og reiv opp døra. Løvene reiste seg opp mot trollet og tok fatt på han så guten måtte gå imellom og løyse taket.

Då det lei på natta tok trollet på å snakke med kjerringa att. "Eg veit ikkje korleis vi skal få livet av denne guten", sa trollet. "Han er altfor sterk. Veit ikkje du noka råd?" sa han til kjerringa.

"Nei, veit ikkje du noka råd så veit ikkje eg", sa kjerringa.

"Ja, eg har to brør på eit herreslott", sa trollet, "dei er tolv gongar sterkare enn eg, og derfor blei eg utstøytt og fekk garden, mens dei bruker slottet, og der er ein frukthage med eple i. Epla er slik at den som et av dei, søv i tre jamdøgn [12] etter det. Om vi kunne få denne guten dit etter eple -! Han ville ikkje klare å halde seg for å smake på epla, og når han først sov, så reiv brørne mine han sund."

Kjerringa sa ho fekk gjere seg sjuk og seie ho ikkje blei frisk før ho fekk av dei epla, så gjekk nok guten etter dei.

Dette låg guten og lydde på.

Om morgonen var kjerringa så skral og skrøpeleg at ho kunne ikkje bli frisk att om ho ikkje fekk eple frå den hagen som låg ved slottet til trollbrørne, men ho hadde ingen å sende dit.

Jo, guten var villig til å gå, og dei elleve løvene følgde med. Då han kom til hagen, kraup han opp i epletreet og åt så mange eple han kunne rå med, og han var ikkje kommen ned att før han sovna. Men løvene la seg i ring omkring han. Den tredje dagen kom brørne til trollet. Men dei kom ikkje som folk - dei kom burande som mannolme [13] stutar og undrast på kva det var for ein som hadde lagt seg der, og sa dei skulle plukke han så han blei så liten som gryn; det ikkje skulle bli filler att av han. Men løvene fór opp og reiv trolla i småstykke, så det såg ut som dei skulle ha velta ein dynge bortette. Då dei var ferdige med det, la dei seg omkring guten att. Han vakna ikkje før seint utpå ettermiddagen, og då han kom opp på knea og fekk gnidd søvnen ut av auga på seg, undrast han på kva som hadde vore på ferde då han såg sparketaka etter dei.

Då guten kom bort til slottet, var det ei jomfru der. Ho hadde sett korleis det hadde gått til, og ho sa: "Du kan takke for at du ikkje var med i det basketaket, elles hadde du mista livet."

"Kva for noko? Eg miste livet?" sa guten. Det var ikkje farleg med det, meinte han.

Så bad ho at han skulle komme inn så ho kunne få tale med han, for ho hadde ikkje sett godtfolk sidan ho kom hit.

Då han lét opp porten, ville løvene også inn, men ho blei så redd at ho skreik over seg, og så lét guten dei legge seg utanfor. Så talte dei to om mangt og mykje, og guten spurde korleis det gjekk til at ho ville ha dei stygge trolla, ho som var så vakker. Ho hadde aldri vilja ha dei, sa ho, og det var ikkje med sin gode vilje sin ho var der, for dei hadde tatt ho, ho var dotter til kongen av Arabia. Som dei sat og prata slik, spurde ho kva han ville, om ho skulle reise heim eller han ville ha ho. Jo kross, han ville ha ho.

Så gjekk dei omkring i slottet og såg seg om. Då kom dei til ein stor sal. Der hang to digre sverd etter trolla, høgt oppe på veggen.

"Var du berre slik kar at du kunne bruke eit av desse!" sa kongsdottera.

"Kva? Eg?" sa guten. "Skulle eg ikkje kunne bruke eit av desse? Det skulle vel ikkje vere noka sak!" sa han, og sette to-tre stolar oppå kvarandre, hoppa opp og tok det største sverdet i klypa, kasta det i vêret og tok det igjen i handtaket, og støytte det i golvet så heile salen rista. Då han så kom ned, tok han det under armen og bar det.

Då dei hadde vore saman på slottet ei tid, så syntest kongsdottera ho måtte reise heim til foreldra sine og fortelje dei kor ho var blitt av. Dei lasta eit skip, og så reiste ho av garde.

Då ho hadde reist og guten hadde gått der og slengt ei stund, kom han i hug at han hadde hatt ærend dit, og at han skulle gå etter helsebot til mor si. Men så tenkte han kjerringa var ikkje sjukare enn ho nok var bra igjen no. Likevel ville han då gå ned og sjå korleis dei hadde det.

Mannen var frisk, og kjerringa var frisk att for lenge sidan også.

"De er då nokre stakkarar, som sit her i denne fillehytta", sa guten. "Kom og følg meg opp på slottet mitt, så skal de sjå at eg er ein annan kar", sa han.

Ja dei blei med, både mannen og kjerringa, og på vegen snakka ho vel med han og spurde korleis han var blitt så sterk.

Jo, det kom seg av det blå bandet som låg på åshøgda den tida dei hadde vore ute på bygdene og bedt, sa guten.

"Har du det enno då?" spurde kjerringa.

Ja han hadde då det, han hadde det under bukselinningen sin, sa han. Så bad kjerringa om ho kunne få sjå det. Ja, guten reiv opp trøya og brystduken og skulle vise ho det. Så greip ho til med begge hender og reiv det frå han og virra det om neven.

"Kva skulle eg gjere med deg, slik ein radd som du er?" sa ho. "Eg skulle slå til deg så hjernen skvatt!"

"Det ville vere ein altfor lett daude for slik ein skarv [14]", sa trollet, "vi burde brenne ut auga på han og sette han i ein liten båt ut på havet."

Det gjorde dei også, alt det han peip og bar seg.

Men der båten dreiv, svømte løvene etter, og til sist tok dei båten og drog han inn på ei øy og sette guten opp under ein ungfuru. Dei fanga vilt til han, og fugl ribba dei så dei laga ei heil dunseng til han. Men han måtte ete rå mat, og blind var han. Så var det ein dag den største løva jaga ein hare, og haren var blind, for rett som det var rende han på både stokk og stein. Til sist rende haren imot ein furulegg så han stupte kråke bortetter bakken like ned i ein tjernpytt. Men då han kom opp att av vatnet, fann han vegen nokså vel, så han berga livet sitt.

"Jaså!" tenkte løva, drog guten til tjernet og dytta han nedi. Då han hadde fått att synet, gjekk han ned til vatnet og gjorde miner til løvene: dei skulle legge seg ved sida av kvarandre som ein flåte, og han stod oppå ryggen deira mens dei svømte til lands med han.

Då han vel hadde komme i land, gjekk han opp i ein bjørkehaug, og der let han løvene legge seg att. Så sneik han seg fram til slottet for å sjå om han ikkje kunne få fatt på bandet, og då han kom til døra, kika han gjennom nøkkelholet og såg at bandet hang over ei dør i kjøkkenet. Så stiltra han inn over golvet, for det var ingen inne. Men då han hadde fått tak i bandet, tok han til å banke med hælane og sparke i beina som han var styren [15]. I det same kom kjerringa fykande ut.

"Kjære vene, vesle guten min! La meg få det bandet", sa ho.

"Nei, takk, no skal du få den dommen som du ville gitt meg", sa guten, og den sette dommen i verk med det same.

Då trollet høyrde det, kom han inn og bad så vakkert om å sleppe med livet. "Ja, du skal nok få leve, men du skal få same straffa som du gav meg", sa guten, og så brende han ut auga på trollet og sette han i ein båt ut på havet – men trollet hadde ingen løver til å følge seg.

No var guten aleine, og han gjekk der og stunda etter kongsdottera. Til sist kunne han ikkje halde det ut lenger, han fekk så sterk hug til ho at han måtte reise. Så lasta han fire skip og skulle segle til Arabia etter ho. Ei stund hadde dei god og mild vind, men så blei dei liggande vêrfaste ved ein bergholme. Der gjekk skipsfolka i land og dreiv omkring til tidsfordriv. Så fann dei eit digert egg, mest som eit lite hus. Det gav dei seg til å slå og banke på med store steinar, men dei var ikkje i stand til å få det sundt. Guten kom etter med sverdet og skulle sjå kva det var for leven, og då han fekk sjå egget, meinte han at det kunne ikkje vere noka sak å få det sund, hogde til med sverdet så egget sprakk langsetter, og så kom det ut ein unge så stor som ein elefant.

"No har vi visst stelt oss ille", sa guten. "Dette kan komme til å koste oss livet", sa han, og så spurde han sjøfolka om dei var kar for å segle til Arabia på tjuefire timar med god vind.

Jo, det skulle dei vere gode for, meinte dei.

Så fekk dei god vind, seglde av stad og var i land i Arabia på tjuetre timar. Straks kommanderte guten skipsfolka til å gå opp og grave seg ned i ein sandhaug, så dei akkurat kunne sjå skipa. Skipperen og guten gjekk opp på eit høgt berg og sette seg under ei ungfuru. Ein time etter kom fuglen med bergholmen i klørne og sleppte han over flåten så skipa sokk. Då han hadde gjort det, gjekk han til sandhaugen og slo med vengane så han nær hadde tatt hovuda av dei, og opp under ungfurua så fort at han svinga guten rundt omkring. Men guten var klar med sverdet og hogde til fuglen så han stupte daud.

Så gjekk han til byen, og der var det glede over at kongen hadde fått att dottera si. Men no hadde han gøymt ho bort sjølv, og lovt ut det at den som kunne finne ho, skulle få ho, enda ho var lovt bort før.

Som han gjekk, møtte guten ein som selde kvitbjørnhuder. Ei av dei kvitbjørnhudene kjøpte han og tok på seg. Den eine skipperen måtte ta ei jernlenke og leie han i, og så reiste han omkring i byen og gjorde kunstar. Til sist spurdest det hos kongen at aldri hadde nokon sett ei slik framføring fø, kvitbjørnen dansa på alle slags vis etter som dei kommanderte han. Så kom det bod at guten skulle komme til kongen og gjere kunstar der, for kongen ville sjå bjørnen.

Då han kom inn, blei dei redde alle saman, for dei hadde aldri sett slikt eit dyr. Men skipperen sa det var ingen fare ved det. Då dei slutta, var det seint på kvelden. "Det er ikkje verdt du går ut med han no det er så seint", sa kongen. "Han kan få ligge her i natt."

"Kanskje han kan få ligge bak omnen?" sa skipperen.

"Nei, han skal ha dyner og puter å ligge på", sa kongen, og fann fram ei heil røys. Skipperen fekk ligge i eit kammers ved sida av.

Midt på natta kom kongen med lykt og eit stort nøkkelknippe og leidde kvitbjørnen med seg. Han gjekk gjennom svaler [16] og lukka gangar, den eine etter den andre, gjennom dører og rom, trapper opp og trapper ned. Til sist kom han ut på ei brygge som bar like ut på havet. Der tok kongen til å riste og skake på kjeppar og pinnar, og drog den eine opp og den andre ned til det flaut opp eit lite hus. Der hadde han dotter si, for han heldt så mykje av ho at han hadde gøymt ho så ingen skulle finne ho. Han sette att kvitbjørnen utanfor døra mens han gjekk inn og fortalde om bjørnen og dansen og kunstane. Ho sa ho var redd og ikkje torde sjå på bjørnen. Men kongen overtalte ho, og sa at det ikkje var nokon fare. Så lét han inn bjørnen, og bjørnen dansa og gjorde kunstar.

"Men no er det best at bjørnen blir att her", sa kongen, "for eg bryr meg ikkje om å gå og renne over alle gangane og svalene med han ved nattetid."

Nei, då torde ho ikkje vere der, sa kongsdottera.

Men bjørnen ringa seg i hop og la seg bak omnen, og det blei så til sist at kongsdottera la seg og lét lyset brenne. Men då kongen vel var borte og det var blitt stilt, kom kvitbjørnen og bad ho løyse hakebandet. Kongsdottera blei så redd at ho nesten var dåneferdig, men ho trivla til ho fann det, og ho hadde ikkje løyst det før han reiv av kvitbjørnhovudet. Så kjende ho han, og blei så glad at det ikkje var nokon måte på det. Ho ville på timen seie at det var han som hadde frelst ho. Men det ville han ikkje, han ville tene ho éin gong til, sa han.

Då dei høyrde kongen tok til å rasle med kjeppane om morgonen, drog guten på seg bjørnehuda og la seg bak omnen.

"No, har han lege stille?" spurde kongen.

"Bevares", sa kongsdottera. [17]

Oppe på slottet tok skipperen imot han att.

Men så gjekk guten til ein skreddarmeister og målte seg til prinseklede, og då dei var ferdige, gjekk han opp til kongen og sa at han kunne ha hug til å leite opp kongsdottera.

"Der er mange som har hatt hug til det", sa kongen, "men dei har mista livet alle i hop, for den som ikkje kan finne ho på tjuefire timar, mistar livet sitt."

Ja, det hadde ingen fare, meinte guten, han ville leite, og fann han ho ikkje, blei det hans sak.

Men på slottet var det spelemenn som spela, og jomfruer å danse med, og guten dansa.

Etter tolv timar kom kongen og sa: "Eg synest synd på deg, for du er så skrøpeleg til å leite at du mister nok livet."

"Å pytt! Det er ikkje farleg med liket så lenge det nys [18]. Vi har tida for oss", sa guten, og dansa til det ikkje var igjen meir enn som éin time. Då ville han til å leite.

"Å, det nyttar ikkje", sa kongen. "No er tida ute."

"Tenn på lykta, og kom med det store nøkkelknippet ditt!" sa guten, "og følg meg der eg vil gå! Det er att ein heil time."

Guten gjekk slik som kongen hadde gått siste natta, og kommanderte han til å låse opp for seg, til han kom på brygga som bar like ut på havet.

"No nyttar det ikkje. Tida er ute, og det ber like på havet med deg", sa kongen.

"Det er att fem minutt enno", sa guten, og reiv og sleit i pinnane og kjeppane, så huset flaut opp.

"No er tida ute!" skreik kongen. "Kom no, fektemeister, og ta hovudet av han!"

"Nei, stopp litt!" sa guten, "det er att tre minutt enno. Kom med nøkkelen så eg kjem inn."

Men kongen stod og fomla og trivla etter nøkkelen, og sa at han ingen fann, for å hale ut tida.

"Har ikkje du, så har eg sjølv", sa guten og spente til døra så ho flaug i mange stykke innover golvet.

Kongsdottera møtte han i døra og sa at det var han som hadde frelst ho, og han ville ho ha. Så måtte ho få han, og så heldt guten bryllaup med dottera til kongen av Arabia.

Eventyr att-gitt

Ord

  1. bedt: tigga.
  2. strømpeband:, også kalla hoseband:, er band som blir festa øvst rundt lange strømper for å halde dei oppe. Somme sit øvst på leggen. Frå gammalt er dei rundt 5 cm breie, somtid breiare, av lêr eller kraftig tøy. I Europa har slike hoseband blitt brukt av både menn og kvinner frå 1300-talet og framover, og blir framleis brukt i dei fleste mannlege bunadane. Der blir det festa under knea, og endene av bandet heng ned langs leggen til pynt. Etter at strekk (elastikk, tøyeleg stoff) blei oppfunne på 1800-talet, er det mest berre kvinner som bruker (elastiske) strømpeband til undertøy og strømper.
  3. styrkebelte (jamføring): I norrøn mytologi har guden Tor eit styrkebelte. Når han spenner det om livet, blir han enda sterkare, heiter det. [Munch 1981:38]
  4. vill: sinna, styrlaus.
  5. mor (her): tiltaleform, også til andre enn eiga mor.
  6. tverrberg: svært bratt berg.
  7. "Det er ikkje noko grommare å ligge her enn under buska i stad". Kjerringa sa: "Det er vel grommere å ligge her." Men ho meinte snarare det motsette av det ho sa, og slikt kallast ironi. Her er den vrange og vridde og leie uttrykksmåten retta opp.
  8. tredunk: her stod vinambe, vin-ambar, tredunk til vin.
  9. to meter: her stod tre alen. Alen: eit gammalt lengdemål. Ei norsk alen = 0,6275 m.
  10. laftestein: stein under hushjørne.
  11. få til: her stod uttrykksmåten "det skulle ikkje ha noka nød med", som tyder ganske nøyaktig det same i samanhengen.
  12. tre jamdøgn: tre halvår. Frå vårjamdøgn til haustjamdøgn er det eit halvår, og så vidare.
  13. mannolm (om dyr): mannvond, det vil seie sint, bisk, olm mot folk.
  14. skarv: fark, kjeltring, snytar o.a.
  15. styren (av styr, spetakkel): uroleg og bråkete, vill.
  16. sval: gang, utbygg på sida av eller rundt (eldre) hus. Svalgang tyder det same som sval.
  17. Avstytta. Det ho seier her, er korta inn noko av pedagogiske grunnar.
  18. "Det är ingen fara med liket så länge det nyser" (Svensk ordspråk, Holm 1975:240) - er i slekt med: "Så lenge det er liv er det [kanskje] håp." Hos Peik er varianten: "'Det er ikkje farleg med liket så lenge det er pust i nasen på meg', sa Peik."

Notar

Meistertjuven

Det var ein gong ein husmann som hadde tre søner. Han hadde ikkje nokon arv å gi dei og ikkje noko å sette dei til, og ikkje visste han kva han skulle gjere av dei heller. Men så sa han at dei kunne få lov å ta seg til det dei ville og hadde best lyst til og reise dit dei sjølve ville. Han skulle gjerne følge dei på vegen, sa han, og det gjorde han også. Han følgde dei til dei kom til ein stad der det var tre vegar. Der tok han farvel med sønene og reiste heim att. Kor det blei av dei to eldste, har eg aldri fått høyre, men den yngste gjekk både langt og lenge.

Ei natt han gjekk over ein stor skog, kom det slikt eit stygt vêr på han. Det bles og fauk så han nesten ikkje kunne halde auga opne, og før han visste ordet av det, var han kommen reint på villstrå [1] og kunne verken finne veg eller stig. Men korleis han gjekk, så fekk han til sist sjå det lyste langt borti skogen. Dit syntest han at han fekk prøve å rekke fram, og langt om lenge kom han dit også. Det var ei stor bygning, og det brann så friskt på varmen der inne at han kunne skjøne dei ikkje hadde lagt seg enno. Så gjekk han inn, og der inne gjekk ei gammal kone og stelte.

"God kveld, mor!" sa guten.

"God kveld!" sa kona.

"Huttetu! det er slikt fælt vêr ute i natt", sa guten.

"Det er så", sa kona.

"Kan eg få ligge her og få hus i natt?" spurde guten.

"Det er nok ikkje godt for deg å ligge her", sa kona, "for kjem folka heim og finn deg, så drep dei både meg og deg."

"Kva er det for folk som bur her då?" sa guten.

"Å, det er røvarar og slikt pakk, det", sa kona. "Meg røva dei då eg var liten, og har hatt meg til å stelle huset for seg", sa ho.

"Eg trur nok eg legg meg likevel eg", sa guten, "det får gå som det kan, for ut vil eg ikkje meir i slikt vêr nattetid."

"Ja, det blir verst for deg sjølv, det", sa kona.

Guten la seg i ei seng som stod der, men sove torde han ikkje. Best det var, kom røvarane. Kona sa til dei at det hadde komme ein framandkar der, ein som ho ikkje kunne få til å gå att.

"Såg du om han hadde pengar?" sa røvarane.

"Han pengar, den armingen!" sa kona, "det var ikkje meir enn så vidt han hadde klede på kroppen."

Røvarane gav seg til å småsnakke med kvarandre om kva dei skulle gjere med han. Imens stod guten opp og gav seg i snakk med dei, og spurde om dei ikkje trong tiltenestegut, for han kunne nok ha lyst til å tene hos dei.

"Jo", sa dei, "har du lyst og vil drive med det handverket vi driv, så kan du nok få teneste her."

"Det er det same kva for handverk det er", sa guten, "for då eg reiste heimanfrå, fekk eg lov av faren min å ta meg til det eg ville."

"Har du lyst til å stele då?" sa røvarane.

"Å ja", sa guten. Det handverket kunne ikkje vere så farleg [2] å lære, meinte han.

Så budde der ein mann eit stykke frå dei, og han hadde tre oksar. Éin av dei skulle han reise til byen med og selje, og det hadde røvarane fått nyss om. Så sa dei til guten at dersom han var god for å stele oksen frå mannen på vegen slik at han ikkje visste om det og så han ikkje gjorde han noko, så skulle han få lov til å vere tenestegut hos dei.

Jo, guten tok med seg ein gild sko som stod der, ein med sølvspenne i, og la av garde. Skoen sette han i vegen der mannen måtte komme med oksen sin, og sjølv gjekk han inn i skogen og gøymde seg under ei buske. Då mannen kom, fekk han auge på skoen med ein gong. "Det var ein gjæv sko", sa han. "Hadde eg maken, skulle eg ta han med meg heim. Så hadde eg vel fått kona blid ein gong, eg også", for han hadde ei kone så sint og så slem at det var ikkje lenge mellom kvar gong ho dengde han. Men så syntest han at han ikkje kunne gjere noko med den eine skoen når han ikkje hadde maken til han, og så reiste han vidare og lét skoen stå.

Guten tok skoen og skunda seg det beste han kunne bort gjennom skogen for å komme føre mannen, og så sette han skoen i vegen for han att. Då mannen kom dit med oksen, blei han harm for at han hadde vore så dum å la maken stå att og ikkje tatt han med seg. "Eg får vel renne tilbake og ta den andre", sa han ved seg sjølv, og batt oksen ved skigarden, "så får eg då eit par gode sko til kona – så kanskje ho blir blidare."

Han gjekk og leita og leita etter skoen i sju lange og sju breie, men ingen sko fann han. Til sist måtte han gå tilbake med den eine han hadde. Imens hadde guten tatt oksen og reist av med han. Då mannen kom att og fekk sjå at oksen var vekk, sette han i å gråte og bere seg, for han var redd kona skulle slå han forderva når ho fekk vite at oksen var vekk.

Men så kom han på å gå heim og ta den andre oksen og reise til byen med og få godt betalt for han og ikkje la kona få vite noko om det. Det gjorde mannen. Han gjekk heim og tok oksen så kona ikkje visste det og reiste til byen med han. Men røvarane visste det vel, for dei hadde runene sine ute [3]. Så sa dei til guten at kunne han ta den oksen også utan at mannen visste det og så han ikkje gjorde mannen nokon skade, så skulle han vere jamgod med dei. Ja, det skulle vere ei grei sak, meinte guten.

Denne gongen tok han med seg eit reip og hengde seg opp under armane midt i vegen for mannen. Då mannen kom med oksen sin og fekk sjå dette spøkelset som hang der, blei han litt rar av seg. "Men så tungt du har tenkt, som har hengt deg der då! Å ja, du får henge for meg, eg kan ikkje blåse liv i deg att", sa han, og så gjekk han vidare fram med oksen.

Guten ned av treet, sprang ein beinveg og kom føre han, og hengde seg midt i vegen for han att. "Skal tru om du verkeleg har tenkt så tungt at du har hengt deg der, eller det berre er spøkeri for meg?" sa mannen. "Å ja, du får henge for meg, enten du er spøkelse eller kva du er", sa han så, og gjekk vidare med oksen sin.

Guten gjorde akkurat like eins som førre gong, hoppa ned av treet, sprang beinveg gjennom skogen og hengde seg midt i vegen for han att. Då mannen fekk sjå han, så sa han ved seg sjølv: "Det var fælt dette, då! Skulle dei ha tenkt så tungt at dei har hengt seg, alle desse tre? Nei, eg kan ikkje tru det er anna enn spøkeri. Men no vil eg vite det visst", sa han; "heng dei der, dei andre to, så er det slik. men heng dei der ikkje, så er det ikkje anna enn skrømt."

Så batt han oksen sin og sprang og skulle sjå om dei hang der. Mens han gjekk og kika opp i alle trea, hoppa guten ned og tok oksen hans og reiste av med han.

Då mannen kom tilbake og såg at oksen var borte, blei han reint ute av seg. Han både gret og bar seg ille, men til sist gav han seg då til tols og tenkte han ved seg sjølv: det er ikkje anna råd enn å gå heim og ta den tredje så kona ikkje veit om det, og den får eg prøve å selje dess betre.

Han gjekk heim og tok den tredje oksen og reiste med han, og kona visste ikkje noko om det. Men røvarane visste det vel, og sa til guten at kunne han stele den like eins som dei andre to, skulle han vere meister over dei alle saman.

Ja, guten la av garde og sprang til skogs, og då mannen kom med oksen, sette han i å brøle så fælt, liksom ein stor okse inne i skogen. Då mannen høyrde det, blei han glad, for han syntest han kjende att målet på storstuten sin, og tenkte at no skulle han finne dei att begge to. Så batt han den tredje og sprang av vegen og til å leite i skogen. Imens reiste guten av med den tredje oksen. Då mannen kom tilbake og hadde mista den også, blei han så ille ved at det ikkje var måte på det, han både gret og lét og han torde ikkje gå heim på mange dagar, for han var redd kona skulle slå han reint i hel.

Røvarane var no heller ikkje vidare glade over at dei måtte seie at guten var meister over dei alle saman. Så tenkte dei ein gong dei skulle prøve på å gjere noko som guten ikkje var god for. Dermed reiste dei i vegen alle saman og let han bli aleine heime.

Det første han gjorde då dei var vel av garde, det var å jage oksane ut på vegen så dei gjekk heim til mannen han hadde tatt dei frå, og glad blei bonden. Så tok han alle hestane som røvarane hadde, og lessa på dei alt det beste han fann, av gull og sølv og klede og andre gilde ting, og bad så kona helse røvarane og seie takk for han; no reiste han, og dei skulle ha vondt for å ta han att. Og dermed fór han av garde.

Langt om lenge kom han på den vegen han gjekk då han kom til røvarane. Då han kom heimover der far hans budde, tok han på seg ei mundering [4] han hadde funne blant det han hadde tatt frå røvarane, og som var gjort liksom til ein general. Han køyrde inn på garden som ein annan storkar. Så gjekk han inn og spurde om han kunne få hus [5] der.

Nei, det kunne han då slett ikkje. "Eg kan nok ikkje huse slik ein storkar eg", sa mannen, "det er så vidt eg har klede å ligge på sjølv, og usle nok er dei."

"Du har alltid vore hard, du", sa guten, "og det er du nok enno, sidan du ikkje vil låne sonen din hus."

"Er du sonen min?" sa mannen.

"Kjenner du ikkje att meg då?" sa guten.

Jo, så kjende han han nok att. "Men kva har du tatt deg til sidan det er blitt slik ein kar [6] av deg i ei bråhast då?" sa mannen.

"Jo, det skal eg seie deg", sa guten, "du sa eg kunne få ta meg til kva eg ville, og så gav eg meg i lære hos nokre tjuvar og røvarar, og no har eg stått ut læretida og er blitt meistertjuv", sa han.

Så budde det ein amtmann [7] tett ved der stova til far hans låg. Amtmannen hadde slik ein stor gard og så mange pengar at han ikkje visste tal på dei, og ei dotter hadde han også. Ho var både vakker og ven og god og snill. Ho ville meistertjuven ha, og så sa han til faren sin at han skulle gå til amtmannen og bede om dotter hans for han. "Spør han kva for handverk eg driv med, kan du seie eg er meistertjuv", sa han.

"Eg meiner du er tullete, eg", sa mannen, "for vettig kan du ikkje vere når du tenker på slik galenskap."

Jo, faren skulle og måtte gå til amtmannen og bede om dotter hans, det var inga råd for det, sa guten.

"Neimen om eg tør gå til amtmannen og vere talsmannen din, han som er så rik og har så mange pengar", sa mannen.

Jo, det var inga hjelp for det, meinte meistertjuven. Faren skulle, enten han ville eller ikkje. Gjekk ikkje faren dit med det gode, så skulle han nok få han til å gå med det vonde: Men mannen ville enda ikkje til, og så gjekk sonen etter og truga faren sin med eit stor, tjukk bjørkestokk til han kom gråtande inn gjennom døra til amtmannen.

"No mann, kva feilar det deg?" sa amtmannen.

Så fortalde mannen at han hadde tre søner som hadde reist sin veg ein dag, og athan hadde lovt dei at dei skulle få reise dit dei ville og ta seg til kva dei ville også, "og no er den yngste av dei kommen heim og har truga meg til å gå opp her og bede om han kunne få dottera di og seie at han er meistertjuv", sa mannen, og gret og bar seg.

"Ro deg ned, mann", sa amtmannen og lo. "Og så kan du seie til han frå meg at eg vil sjå syn for segn [8] først. Dersom han kan stele steika av spettet [9] i kjøkkenet om søndagen mens dei passar på ho alle saman, så skal han få dottera mi. Sei til han det, du!"

Ja, faren gjorde så, og det meinte guten skulle bli ei lett sak. Han fekk seg då fatt på tre levande harar, tok dei i ein sekk og hengde på seg nokre filler så han såg så ussel og lurvete ut at det var reint ynkeleg. Så lurte han seg inn i gangen som ein annan fillegut med sekken sin om søndags formiddagen. Amtmannen sjølv og alt folket i huset var i kjøkkenet og skulle passe steika.

Rett som det var, sleppte guten ut ein hare, og haren sette av stad og rende omkring ute på garden. "Nei sjå den haren då!" sa dei inne på kjøkkenet og ville ut og ta han. Ja, amtmannen såg haren, han også. "Å, la han renne", sa han, "det nyttar ikkje å tenke på å ta haren på spranget."

Det varte ikkje lenge, så sleppte guten den andre, og dei såg han inne på kjøkkenet og trudde det var den same. Så ville dei ut og ta han att, men amtmannen sa det kunne ikkje nytte. Men om ei stund sleppte guten den tredje også, og haren sette av stad og rende omkring ute på garden. Det såg dei også frå kjøkkenet og trudde det var den same som fór som var der att, og så ville dei ut og fange han. "Det var då ein rar hare også, som fer slik og fomlar [10]", sa amtmannen, "kom, la oss sjå om vi kan få fatt på han." Han ut og dei andre med, og haren framfor og dei etter så det gjekk snakk om det. [11]

Imens tok meistertjuven steika og strauk av garde med, og kor amtmannen fekk seg steik frå til middags den søndagen, veit ikkje eg, men haresteik fekk han ikkje, enda han sprang seg både sveitt og trøytt.

Til middags kom presten dit, og då amtmannen hadde fortalt han om det pusset meistertjuven hadde gjort han, gjorde presten slik narr av han at det ikkje var nokon måte på det.

"Eg veit ikkje korleis det skulle gå til om eg skulle la meg narre av slik ein kar", sa presten.

"Ja, pass deg berre du", sa amtmannen, "kanskje han er hos deg før du veit ord av det!"

Men presten blei ved sitt, han, og gjorde narr av amtmannen for at han hadde latt seg ta ved nasen.

Utpå ettermiddagen kom meistertjuven og ville ha dotter til amtmannen, som amtmannen hadde lovt han skulle få.

"Du får nok gjere fleire prøvestykke først", sa amtmannen og godsnakka med han, "for det du gjorde i dag, det var ikkje noko vidare, det. Kanskje du kan gjere presten eit dyktig peik? Han sit inne og gjer narr av meg fordi eg har latt meg ta ved nasen av deg."

Jo, det skulle ikkje vere noka sak, sa meistertjuven.

Han kledde seg ut som ein fugl, tok eit stort kvitt laken over seg, braut vengane av ei slakta gås og sette på ryggen, og kleiv så opp i ein stor lønn som stod i hagen til presten. Då så presten kom heim om kvelden, gav guten seg til å skrike: "Herr Lars! Herr Lars!" – for presten heitte Herr Lars.

"Kven er det som kallar på meg?" sa presten.

"Eg er ein engel som er sendt ut frå Vårherre for å kunngjere at du skal bli tatt opp levande til himmerike fordi du er gudfryktig", sa meistertjuven. "Neste måndagskvelden må du halde deg reiseferdig, for då kjem eg og hentar deg i ein sekk, og alt gullet og sølvet ditt og det du har av denne verdas fåfengd, skal du legge i haug på storstuegolvet ditt."

Ja, Herr Lars både takka og fall på kne for engelen, og søndagen etter heldt han avskilspreike og la ut om det at hadde komme ein engel frå Gud i den store lønna i hagen hans, og engelen hadde kunngjort at han skulle komme levande i gudsrike fordi han var gudfryktig, og han preika og la slik ut at alle i kyrkja gret, både gamle og unge.

Om måndagen kom meistertjuven som ein engel att, og presten fall både på kne og takka før han blei putta i sekken. Og då han vel var kommen nedi, så slepte og drog meistertjuven han etter seg over både stokk og stein.

"Au! også!" skreik presten i sekken, "kor ber dette hen?"

"Det er den tronge vegen som fører til himmerike", sa meistertjuven og drog av stad med han så han slo han mest i hel.

Til sist kasta han presten inn i gåsehuset til amtmannen, og gjæsene til å kvese og klype han så han var meir daud enn levande.

"Au, også, også! kor er eg no?" sa presten.

"No er du i skjærselden for å bli reinsa til det evige livet", sa meistertjuven og gjekk sin veg, og tok alt gullet og sølvet og alle dei gilda tinga som presten hadde lagt i haug i storstua si.

Om morgonen, då gåsejenta kom og skulle sleppe ut gjæsene, så høyrde ho presten som låg i sekken og ynka seg inni gåsehuset.

"Å i jøsse namn, kva er det, og kva feilar det deg då?" sa ho.

"Å, er du ein engel frå himmerike, så slepp meg ut og la meg komme attende til jorda att, for her er verre enn i helvete. Smådjevlane knip meg jo med tenger", sa presten.

"Eg er nok ingen engel!" sa jenta og hjelpte presten ut av sekken, "eg passar berre gjæsene til amtmannen eg, og det er nok dei smådjevlane som har klypt han far [12]."

"Å, det har meistertjuven gjort! Å, gullet mitt og sølvet mitt og dei gilda kleda mine!" ropte presten og bar seg ille og sprang heim så gjetarjenta trudde han hadde gått frå vett og forstand med det same.

Då amtmannen fekk vite korleis det hadde gått med presten – at han hadde vore både på den tronge vegen og i skjærselden og – lo han seg nesten forderva. Men då meistertjuven kom og ville ha dottera hans som lovt, så godsnakka amtmannen igjen og sa: "Du får nok gjere eit prøvestykke som er betre, så eg retteleg kan sjå kva du duger til. Eg har tolv hestar på stallen, og dei skal eg sette tolv karar på, ein på kvar. Er du god for å stele hestane unna dei, så får eg sjå kva eg kan gjere."

"Ja, det var vel råd", sa meistertjuven, "fekk eg så sant dotter di, så –"

"Ja, kan du det, så skal eg gjere mitt beste", sa amtmannen.

Så drog meistertjuven til kremmaren [13] og kjøpte brennevin på to lommeflasker, og så slo han ein sterk sovedrikk på den eine, men på den andre hadde han berre brennevin, og tinga deretter elleve karar til å legge seg bak låven til amtmannen om natta. For gode ord og betaling lånte han eit fillete skjørt og ei trøye av ei gammal kone, tok seg så ein stav i handa og ein pose på nakken, og då det lei mot kvelden, så hinka han av stad imot stallen til amtmannen. Då han kom dit, heldt dei på å vatne hestane til kvelds, og hadde nok å gjere med det.

"Kva er det du vil?" sa ein av stallkarane til kona.

"Å, huttetu, det er så kaldt!" sa kona og hutra og fraus, og bar seg ille. "Huttetu, det er så kaldt at ein stakkar gjerne kan fryse i hel!" Og så skalv og rista ho att. "Å herregud, får eg lov å vere her og sitte innanfor stalldøra i natt?" sa ho.

"Slett ikkje! Pakk deg av garde og det på flygande flekken. Får amtmannen sjå deg her, så får vi danse og sprette [14] for det", sa éin.

"Å, den gamle skrøpelege kroken!" sa ein annan ein, som syntest han hadde vondt av ho. "Den kroken kan då gjerne sitte, for ho gjer visst ikkje noko vondt, ho."

Dei andre meinte, det skulle det ikkje bli noko av, men alt som dei tretta og stelte hestane, drog ho seg lenger inn i stallen så ho til sist blei sittande bakom døra, og sidan var det ingen som la merke til ho.

Då det lei utpå natta, fall det litt kaldt for karane å sitte på hesteryggen.

"Huttetu! det er då fælt så kaldt", sa éin og slo floke.

"Ja, eg frys så eg ristar", sa ein annan ein.

"Den som hadde litt tobakk!" var det ein som sa.

Ja, så var det ein som hadde ein kvart kilo. Det delte dei, og så togg dei og spytta. Det hjelpte litt, men rett som det var, så var det like ille att. "Huttetu!" sa ein av dei og rista på seg. "Huttetu!" sa kona og hakka tenner så det skranglet i kjeften på ho. Så tok ho opp flaska med reint brennevin, og så skalv ho slik på handa at det klunka i flaska, og så drakk ho så det sa klukk i halsen på ho.

"Kva er det du har på flaska di, kone?" sa ein av stallkarane.

"Å, det er nok ein liten skvett brennevin, far", sa ho.

"Brennevin! Kva for noko? La meg få ein tår [15]! La meg få ein tår!" skreik dei alle tolv i munnen på kvarandre.

"Å, det er så lite eg har", sutra kona. "De blir ikkje våte i munnen av det ein gong."

Men dei ville ha og dei måtte ha; det var ikkje noka råd for det. Så tok ho då flaska med sovedrikken og sette for munnen på den første. Då skalv ho ikkje lenger, men styrte flaska så kvar av dei fekk det han trengde. Og den tolvte hadde ikkje drukke, før den første alt sat og snorksov. Så kasta meistertjuven fantefillene av seg og tok den eine karen etter den andre nokså lett og sette dei skrevs over båsbolkane [16], ropte så på dei elleve karane sine og sette av stad med hestane til amtmannen.

Då amtmannen kom ut og skulle sjå til karane på morgonsida, tok dei til å friske på seg: dei hogde i bolkane med sporane så flisene fauk og nokre fall ned, og nokre blei hengande og sat der som narrar.

"Å ja", sa amtmannen, "eg kan nok skjøne kven som har vore her. Men nokre usle karar er de, som sit her og let meistertjuven stele hestane unna enden på dykk!" Og så fekk dei juling og harde ord [17] for at dei ikkje hadde passa betre på.

Utpå dagen kom meistertjuven att og fortalde korleis han hadde bore seg åt, og ville ha dotter til amtmannen, som mannen hadde lovt han. Men amtmannen gav han hundre dalar, og sa at han måtte gjere noko som var enda betre. "Trur du at du kan stele hesten unna meg mens eg er ute og rir på han?" sa amtmannen.

"Å, det blir vel ei råd", sa meistertjuven, "så sant eg får dottera di."

Ja, mannen skulle sjå kva han kunne gjere, og så sa han då ein dag han ville ri ut på ein stor ekserserplass.

Meistertjuven fekk fatt på ei gammal, utlevd og slakteklar merr, laga seg ein sele av vidjer og sopelimkvistar, kjøpte ei gammal fillekjerre og ei stor tønne, og så sa han til ei gammal fattigkone at han skulle gi ho ti dalar om ho ville legge seg inn i tønna og gape over tapphòlet. Der skulle han stikke fingeren inn. Noko vondt skulle det ikkje hende ho, ho skulle berre få køyre litt -, og dersom han tok ut fingeren meir enn éin gong, skulle ho ha ti dalar til. Sjølv fekk han på seg nokre filler, sota seg ut, og sette på seg ein parykk og eit stort skjegg av geiteragg så ingen kunne kjenne han att, og så la han av stad til drillplassen. Der hadde amtmannen alt ridt ei god stund.

Då han kom fram der, gjekk det så smått og så trått at han nesten ikkje kom av flekken. Det seig og det seig, så stod det reint stilt. Såg seig det litt att, og det gjekk så vanskeleg at amtmannen aldri kunne falle på at det skulle vere meistertjuven. Han rei like borttil og spurde om han hadde sett nokon som gjekk og luska omkring i skogen der.

Nei, sa mannen, nokon annan hadde han slett ikkje sett.

"Høyr no", sa amtmannen, "vil du ri inn i skogen og sjå vel etter om nokon går og luskar der, skal du få låne hesten min, og ein god drikkeskilling skal du få for umaken."

"Nei, om eg det kan", sa mannen, "for eg skal til bryllaups med denne mjødtønna [18] som eg har vore og henta, og så har tappen falle ut for meg på vegen, og no må eg gå og halde fingeren i hòlet."

"Ri du", sa amtmannen, "eg skal nok passe både hesten og tønna."

Ja, så skulle han då gjere det, men han bad amtmannen at han endeleg måtte passe vel på å vere snøgg til å sette fingeren i tapphòlet, når han tok ut sin.

Ja, amtmannen sa han skulle gjere det beste han kunne, og så sette meistertjuven seg opp på hesten.

Men tida gjekk og det lei med det skrei, og ikkje kom der nokon attende. Til sist blei då amtmannen lei av å gå med fingeren i tapphòlet og tok han ut. "No skal eg ha ti dalar til!" skreik kona i tønna. Så kunne nok amtmannen skjøne korleis det hang i hop med mjødtønna, og gav seg på heimvegen. Men då han hadde gått eit stykke, møtte dei han med hest, for meistertjuven hadde alt vore heime hos han.

Dagen etter kom han til amtmannen og ville ha dotter hans, som mannen hadde lovt han. Amtmannen godsnakka med han att, gav han to hundre dalar, og sa han måtte gjere eit prøvestykke til. Kunne han det, skulle han få ho.

Å ja, meistertjuven meinte nok det, når han berre fekk høyre kva det var for noko.

"Meiner du at du kan stele lakenet av senga vår og serken av kona mi?" sa amtmannen.

"Det er vel ikkje umogeleg det", sa meistertjuven, "berre eg får dottera di, så –"

Då det lei på natta, gjekk meistertjuven ut og skar ned ein tjuv som hang på galgebakken la han på nakken og tok han med seg. Så fekk han fatt på ein stor stige, og den sette han opp til kammersvindauget til amtmannen, kleiv så opp og skubba den daude opp og ned, akkurat som det skulle vere ein som stod utanfor vindauget og kika.

"Der er meistertjuven, mor!" sa amtmannen og dulta til kona si. "No skyt eg han, eg", sa han, og tok fram ei rifle han hadde lagt framfor senga.

"Å nei, du får ikkje gjere slikt", sa frua, "du har jo sjølv bestilt han hit."

"Jo, eg skyt han eg, mor", sa han, og låg der og sikta og sikta. Men snart var hovudet oppe så han såg litt av det, og rett som det var, var det borte att. Til sist fekk han nok sikte. Det small, og den daude fall så det dunka i bakken. Meistertjuven ned, det fortaste han kunne.

"Ja, eg er retteleg nok den høge øvrigheita", sa amtmannen, "men folk får så lett noko å seie, og det skulle vere leit om dei fekk sjå dette daude mennesket. Det er nok likast eg går ut og grev han ned."

"Det får du gjere som du sjølv synest om, far", sa frua.

Amtmannen stod opp og gjekk ned, og med det same han hadde gått ut gjennom døra, smatt meistertjuven inn og fór like opp til frua.

"No far", sa ho – for ho trudde det var mannen – "Er du alt ferdig no?"

"Å ja, eg putta han ned i eit hòl eg", sa han, "og kara over litt jord så vidt han er gøymd, for det er slikt vêr ute. Eg skal gjere det betre sidan, men la meg få lakenet å tørke meg på, for han var så blodig, og eg har sølt meg så til på han."

Det fekk han.

"Du får nok la meg få serken din også", sa han, "for lakenet rekker ikkje til, merker eg."

Å ja. Men så kom han i hug at han hadde gløymt å lukke døra, og det måtte han då ned og gjere før han kunne legge seg att, og så sette han av stad både med lakenet og serken.

Ei stund etter kom den rette amtmannen.

"Nei, så lenge du var om å lukke den døra då, far!" sa frua, "kor har du no gjort av serken og lakenet?"

"Kva for noko?" sa amtmannen.

"Å, eg spør kor du har gjort av serken og lakenet som du fekk til å tørke blodet av deg med, eg", sa ho.

"Nei!" sa amtmannen, "har han no gjort dét også?"

Om dagen kom meistertjuven og ville ha dottera til amtmannen, som han hadde lovt han, og då torde ikkje amtmannen anna enn la han få ho og mange pengar til, for han var redd for kva meistertjuven kunne gjere om han blei olm, og at han sjølv skulle komme for mykje på orde blant folk om han ikkje stod ved det han hadde sagt. [19]

Meistertjuven levde både godt og vel. Om han stal meir, skal eg ikkje kunne seie, men gjorde han det, var det visst berre for moro skuld.

Ord

  1. på villstrå: kome på villstrå, tulle seg bort. Etter folketrua går ein alltid vill når ein har trakka på villgras, villstrå (Nardus stricta).
  2. farleg: farleg: risikabelt; vanskeleg. Guten meinte kanskje 'vanskeleg'. Han visste kanskje av spøkande ordtak som "Små tjuvar blir hengde, store blir borgarmeistrar"? Men å vite at ein er tjuv, er låkt for ein med samvett.
  3. ha sine runer ute: Ordtaket "Dei har sine runer ute" tyder "dei spionerer eller røkjer etter," skriv Ivar Aasen i boka Norske ordspråk. "Røkje etter" kan vere å undersøke, (prøve) å få greie på. "Å ha sine runer ute", kan også tyde å bruke løynlege middel; forhøyre seg løyndomsfullt. [Wikipedia, s.v. "Runer"]
  4. mundering: klededrakt, soldatuniform med utrustning; mundur.
  5. få hus: få losji.
  6. slik ein kar. Om kleda skaper mannen, skulle skreddarane ha utnytta det godt for eigen del. Enda om det hjelper å vere godt kledt og vel stelt, kjem mangt anna til også, og framfor alt verd. Jf. "Var det skjegget det stod om, kunne bukken vere biskop. [Br 32]."
  7. amtmann: øvste embetsmann i eit distrikt, amt. Med tida blei amta i Noreg kalla fylke.
  8. sjå syn for segn: få stadfesta ved sjølvsyn det ein har høyrt. "Få syn for segn" er den vanlege varianten i dag.
  9. spett: jernstong med kileforma spiss. Her er meininga ganske som for spidd: tynn, kvass (jern)pinne til å stikke inn i noko for å steike det over open eld.
  10. fomle: te seg klossete, særleg med hendene - men ikkje i dette tilfellet -
  11. skikk tyder mangt: Det står "hadde god skikk". 'Skikk' er eit ord med mange tydingar, og ulike tydingar i ulike dialekter, slik Norsk Ordbok syner (s.v. "Skikk"). Eg har gått ut frå "ha skikk" mellom mange alternativ.
  12. han far: presten. "Han far" var vanleg tiltale frå "soknebarna" (folk i soknet til presten) før. I familien blei dessutan husbonden ofte kalla "han far", han også.
  13. kremmar: handelsmann; kramkar.
  14. danse og sprette: Det er ikkje noko lysteleg som er meint her, men snarare ei målerisk skildring av straffa i høvet.
  15. tår: litt drikke; slurk, sup, drope.
  16. bolk: vegg mellom båsar.
  17. juling og harde ord: Frå 'få smurning', som i overført tyding er få juling eller bli utskjelt eller begge delar.
  18. mjød: alkoholhaldig vin av gjæra honning.
  19. Forkorting: Avsnittet er noko nedkorta.

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Holm, Pelle. Ordspråk och talesätt. Stockholm: Bonniers, 1975.

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2007–2018, Tormod Kinnes. [E‑post]