Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Dei tre mostrene

Det var ein gong ein fattig mann som budde i ei stove lang borti skogen og levde av jakt. Han hadde ei einaste dotter, og ho var både vakker og ven. Mora døydde tidleg. Då jenta var halvvaksen, sa ho at ho ville bort til folk så ho kunne lære å brødfø seg, ho også. "Ja, dotter mi", sa faren, "rett nok har du ikkje lært anna hos meg enn å ribbe fugl og steike, men du får vel prøve å tene [1] så du kan brødfø deg vel, likevel."

Så gjekk då jenta ut og skulle bede om teneste, og då ho hadde gått ei stund, kom ho til kongsgarden. Der blei ho, og dronninga syntest så vel om ho at dei andre ternene [2] blei reint misunnelege på ho. Dei fann på å seie til dronninga at jenta hadde sagt seg god for å spinne eit pund lin på tjuefire timar, for dronninga gjorde så mykje av alle slags handarbeid.

"Ja, har du sagt det, skal du gjere det", sa dronninga, "men litt lenger tid kan du vel få." Jenta, stakkar, torde ikkje seie ho aldri hadde spunne, men bad berre om eit kammers for seg sjølv. Det fekk ho, og dit opp blei det bore både rokk og lin. Der sat ho då og gret og var ille ved og visste ikkje si arme råd; ho stelte med rokken og snudde og vende på han, og visste ikkje korleis ho skulle bere seg åt – ho hadde aldri før sett ein hjulrokk ein gong.

Men som ho sat slik, kom det inn til ho ei gammal kone.

"Kva feilar deg, barnet mitt?" sa ho.

"Å", svarte jenta, "det kan vel ikkje nytte eg seier deg det, for du kan så ikkje hjelpe meg likevel!"

"Det kan ingen vite det", sa kona. "Kan hende eg veit råd for det likevel eg."

Ja, eg kan jo gjerne seie ho det, tenkte jenta, og så fortalde ho då at medtenarane hennar hadde sett ut at ho hadde sagt seg god for å spinne eit pund lin på tjuefire timar, "og eg, min stakkar", sa ho, "eg har aldri i mine dagar sett ein hjulrokk eingong, og enda skulle eg spinne så mykje i eit jamdøgn!"

"Ja, det er det same det, barn", sa kona. "Vil du kalle meg moster [3] på heidersdagen [4] din, skal eg spinne for deg - så kan du gå bort og legge deg til å sove."

Ja, det ville jenta gjerne, og gjekk bort og la seg.

Om morgonen då ho vakna, låg alt linet spunne på bordet, og det så pent og fint at ein aldri hadde sett så jamt og vakkert garn. Dronninga blei så glad over det vakre garnet ho hadde fått, og heldt enda meir av jenta enn før. Men dette blei dei andre enda meir misunnelege på ho for, og så fann dei på å seie til dronninga at no hadde jenta sagt seg god for å veve det garnet ho hadde spunne, på tjuefire timar. Dronninga sa igjen at hadde jenta sagt det, så skulle ho gjere det. Men om det ikkje nettopp blei tjuefire timar, så kunne ho vel få litt lengre dag. Jenta torde ikkje seie nei då heller, men bad om eit kammers for seg sjølv, så fekk ho vel prøve.

Der sat ho igjen og gret og bar seg ille, og visste ikkje kva ho skulle ta seg til. Så kom det inn ei gammal kone igjen og spurde: "Kva feilar deg, barnet mitt?"

Jenta ville først ikkje ut med det, men til slutt fortalde ho då kva ho var så sørgmodig for.

"Ja", svarte kona", det er det same. Vil du kalle meg moster på heidersdagen din, skal eg veve for deg - så kan du gå bort og legge deg til å sove."

Det let jenta seg ikkje seie to gongar, og så gjekk ho stad og la seg.

Då ho vakna, låg bunken på bordet, vevd så nett og så tett som vevast kunne. Ho tok bunken og gjekk ned til dronninga med, og ho blei vel glad over den vakre veven ho hadde fått, og heldt enda meir av jenta enn før. Men så blei dei andre enda meir misunnelege på ho, og tenkte ikkje på anna enn kva dei skulle finne på.

Til sist fortalde dei dronninga at no hadde ho sagt seg god for å sy opp vevbunken til skjorter på tjuefire timar. Ja, det gjekk like eins som før: Jenta torde ikkje seie at ho ikkje kunne sy, og kom opp på eit kammers for seg sjølv att. Der sat ho og gret og var ute av seg. Men så kom det igjen ei gammal kone til ho. Kona lovde å sy for jenta når ho berre ville kalle ho moster på sin heidersdag. Det lovde jenta meir enn gjerne, og så gjorde ho som kona sa, og gjekk bort og la seg til å sove.

Om morgonen då ho vakna, fann ho bunken oppsydd til skjorter liggande på bordet. Så vakker saum hadde aldri nokon sett, og skjortene hadde namn og var fullt ferdige. Då dronninga fekk sjå det arbeidet, blei ho så glad i saumen at ho slo hendene i hop, "for så vakker saum [5] har eg verken hatt eller sett", sa ho. Sidan heldt ho jenta så kjær som sitt eige barn.

"Dersom du vil ha kongssonen, så kan du få han", sa ho til jenta, "for du treng aldri leige bort nokon ting. Du kan sy og spinne og veve alt saman sjølv." Jenta var vakker og kongssonen syntest vel om ho, og så det blei bryllaup straks. Men akkurat då kongssonen vel hadde sett seg til brurebordet med ho, kom det inn ei gammal stygg kone med ein lang nase – han var innpå to meter lang.

Franskbrød -

Så stod brura opp og neia og sa: "God dag, moster!"

"Er det moster til brura mi?" sa kongssonen.

Ja, ho var då det.

"Ja, så får ho vel sette seg inn til bordet då", sa kongssonen, men både han og dei andre syntest ho var fæl å sitte til bords med.

Men rett som det var, så kom det igjen ei gammal, stygg kone inn. Ho hadde ein bak så tjukk og brei at ho med nød og neppe fekk klemt seg inn gjennom døra. Straks reiste brura seg opp og helste: "God dag, moster!" Og kongssonen spurde att, om det var moster til brura hans. Begge svarte ja, og kongssonen sa at når så var, så fekk ho vel sette seg inn til bordet, ho også.

Men aldri før hadde ho sett seg, så kom det igjen ei gammal, stygg kone, med auge så store som tallerkenar, og så raude og rennande at det var fælt å sjå. Brura reiste seg att og helste: "God dag, moster!" Og kongssonen bad ho også sette seg inn til bordet, men glad var han ikkje, og han tenkte med seg sjølv: "Gud hjelpe meg for mostrer brura min har!"

Då han hadde sete litt, kunne han ikkje dy seg, men spurde: "Men korleis i all verda kan då brura mi, som er så vakker, ha så fæle og vanskapte mostrer?"

"Det skal eg nok seie deg", sa den eine. "Eg var likså vakker eg som brura di då eg var på hennar alder. Men det at eg har fått så lang nase, det kjem av at eg støtt og stadig har sete og hakka og nikka med spinning. Så har nasen mine tøygd seg så han er blitt så lang som du no ser."

"Og eg", sa den andre, "like sidan eg var unge, har eg sete og skubba fram og tilbake på vevfjøla. Av det er baken min blitt så stor og hoven som du ser."

Så sa den tredje: "Like frå eg var ganske liten, har eg sete og stirt og sydd natt og dag. Av det er auga mine blitt så fæle og raude, og no er det ikkje råd for dei lenger."

"Ja så", sa kongssonen, "det var godt eg fekk vite det, for kan folk bli så fæle og stygge av å spinne eller veve eller sy, så skal brura mi aldri gjere slikt meir så lenge ho lever!"

Ord

  1. tene: ha stilling, vere tilsett hos, vere knytt til (som underordna, for løn); vere tilsett for å utføre arbeid (særleg i eit hus eller på ein gard); få til livsopphaldet for arbeid.
  2. terne: ung tenestekvinne; ung kvinne i følgjet til ei kvinne av høg byrd eller som skal ærast.
  3. moster: morsøster, søster til mor.
  4. heidersdag: dag som blir feira til ære for ein, til dømes bryllaups- eller fødselsdag.
  5. saum (her): syarbeid.

Notar

Oskeladden som stal sølvendene til trollet

Det var ein gong ein fattig mann som hadde tre søner. Då han døydde, skulle dei to eldste sønene dra ut i verda og prøve lykka [1], men den yngste ville dei slett ikkje ha med seg. "Du då!" sa dei, "du duger ikkje til anna enn å sitte og grave i oska du."

"Så får eg gå aleine, eg", sa Oskeladden.

Dei to gjekk, og kom til kongsgarden. Der fekk dei teneste, den eine hos stallmeisteren og den andre hos hagemeisteren. Oskeladden gjekk også av stad og tok med seg eit stort kna-trau [2], som var det einaste dei hadde etter foreldra, men som dei andre to ikkje brydde seg noko om. Det var tungt å bere, men han ville då ikkje la det stå att.

Då han hadde gått ei stund, kom han til kongsgarden han også, og bad om teneste. Dei svarte at dei hadde ikkje bruk for han, men han bad så inderleg vakkert, og så skulle han då til sist få lov å vere i kjøkkenet og berre ved og vatn til kokkejenta. Han var flittig og flink, og det varte ikkje lenge før alle heldt av han. Men dei to brørne hans var late, og derfor fekk dei slag og lita lønn, og blei misunnelege på Oskeladden når dei såg det gjekk likare med han.

Midt imot kongsgarden, på den andre sida av eit stort vatn, budde eit troll, og det hadde sju sølvender som låg og svømte ute på vatnet så dei kunne sjå dei frå kongsgarden. Dei hadde kongen ofte ønskt seg, og så sa dei to brørne til stallmeisteren: "Dersom bror vår ville, kunne han skaffe kongen dei sju sølvendene."

Ein kan nok vite det ikkje var lenge før stallmeisteren sa det til kongen. Kongen ropte då Oskeladden inn til seg og sa: "Brørne dine fortel at du kan skaffe meg sølvendene, og no skal du gjere det."

"Det har eg verken tenkt eller sagt", sa guten.

Sylvand - noko modifisert
"Berre prøv å få ei sølvand til å ete kveite,
så får du sjå kor vanskeleg det er."

Men kongen blei ved sitt: "Du har sagt det, og du skal", sa han.

"Ja, ja", sa guten, "når det ikkje kan vere anna, så la meg få ei kvart tønne [3] rug og ei kvart tønne kveite, så får eg vel prøve." Det fekk han og la i kna-trauet han hadde tatt med heimanfrå, og rodde over med det. Då han kom på den andre sida, gav han seg til å gå på strandkanten og strø og strø, og til slutt fekk han lokka endene ut i trauet, og rodde så tilbake det fortaste han kunne.

Då han var midt utpå, kom trollet og fekk sjå han.

"Har du reist av garde med dei sju sølvenden mine, du?" ropte det.

"Ja-a!" sa guten.

"Kjem du att?" spurde trollet.

"Kan vel hende", sa guten.

Då han kom tilbake til kongen med dei sju sølvendene, blei han enda betre likt i kongsgarden, og sjølve kongen sa det var godt gjort. Men brørne hans blei enda meir harme og misunnelege på han. Så fann dei på å seie til stallmeisteren at no hadde han sagt seg god for å skaffe kongen sengeteppet til trollet når han berre ville. Det var teppet med ei sølvrute og ei gullrute og ei sølvrute og ei gullrute i. Stallmeisteren var ikkje sein denne gongen heller med å fortelje det til kongen. Kongen sa då til guten at brørne hans hadde fortalt han sa seg god for å skaffe sengeteppet til trollet, det med sølv- og gullrutene i. No skulle han gjere det, eller også skulle han miste livet. Oskeladden svarte at det hadde han verken tenkt eller sagt, men det hjelpte ikkje. Så bad han om tre dagar å områ seg [4] i. Då dei var omme, rodde han over i kna-trauet, og gjekk att og fram og lurte [5]. Endeleg såg han at dei i berget hengde ut sengeteppet for å lufte det, og då dei var komne vel inn i fjellet att, kneip Oskeladden det og rodde tilbake det fortaste han kunne.

Då han var midt utpå, kom trollet ut og fekk sjå han.

"Er det du som har tatt dei sju sølvendene mine?" ropte trollet.

"Ja-a!" sa guten.

"Har du no tatt sengeteppet mitt, med ei sølvrute og ei gullrute og ei sølvrute og ei gullrute i også?"

"Ja-a!" sa guten.

"Kjem du igjen oftare, du?"

"Kan nok hende det", sa guten.

Då han kom attende til kongsgarden med gull- og sølvteppet, heldt alle enda meir av han enn før, og han blei tenar hos kongen sjølv. Då blei dei andre to enda meir harme, og for å hemne seg fann dei på å seie til stallmeisteren: "No har bror vår sagt seg god for å skaffe kongen den gullharpa som trollet har, og som er slik at alle blir glade når dei berre får høyre ho, om dei er aldri så sørgmodige."

Ja, stallmeisteren fortalde det straks til kongen att, og han sa til guten: "Har du sagt det, så skal du gjere det. Kan du, så skal du få kongsdottera og halve riket, men kan du ikkje, skal du miste livet."

"Eg har verken tenkt eller sagt det", svarte Oskeladden. "Men det er vel ikkje noko anna råd, eg får vel freiste. Men seks dagar vil eg ha å områ meg i."

Ja det skulle han få, men då dei var omme, måtte han i vegen. Han tok ein spikar, ein bjørkepinne og ein lysestubb i lomma og rodde over, og gjekk utanfor der, fram og tilbake, og smatt. Om ei stund kom trollet ut og fekk sjå han.

"Er det du som har tatt dei sju sølvendene mine?" ropte trollet.

"Ja-a!" sa guten.

"Det er du som har tatt sengeteppet mitt med sølv- og gullrutene også då?" spurde trollet.

"Ja-a!" sa guten.

Så greip trollet han og tok han med seg inn i berget. "No, dotter mi", sa han, "No har eg fått tak i han som har tatt sølvendene mine og sengeteppet mitt med sølv- og gullrutene i. Sett han no i gjø-inngjerdinga [6], så skal vi slakte han og bede til oss skyldfolka [7] våre."

Det var ho straks villig til og sette han på gjø-stien [8], og der stod han i åtte dagar og fekk alt det beste han ønska seg både av mat og drikke, og så mykje han ville ha.

Då dei åtte dagane var omme, sa trollet til dottera at ho fekk gå ned og skjere han i veslefingeren så dei kunne få sjå om han var feit.

Ho ned til gjø-stien. "Kom med veslefingeren din", sa ho, men Oskeladden stakk ut spikaren. Den skar ho i.

"Å nei, han er hard som jern enno", sa trolldottera, då ho kom att til faren sin: "Enno er han ikkje klar til å bli tatt."

Åtte dagar etter gjekk det like eins, berre at Oskeladden no sette fram bjørkepinnen. "Litt likare er han", sa ho, då ho kom inn att til trollet, "men enno er han hard å tygge, som tre."

Men om åtte dagar sa trollet igjen at dottera fekk gå ned og sjå om han ikkje no var feit. "Kom med veslefingeren din!" sa trolldottera til han i gjøstien. Denne gongen stakk Oskeladden fram lysestubben.

"No er han ganske toleleg", sa ho.

"Ja så!" sa trollet, "så reiser eg bort då, og ber til gjestebods. Imens får du slakte han og steike det halve og koke det halve."

Då trollet var vel av garde, gav dottera seg til å bryne ein stor, lang kniv.

"Skal du slakte meg med han?" spurde guten.

"Ja du!" sa trolldottera.

"Men han er ikkje kvass", sa guten. "Eg skal bryne [9] han, eg."

Ja, ho let han få kniven, og han til å slipe og bryne.

"La meg prøve han på hårfletta di", sa guten, "eg trur han skal vere bra no." Det fekk han lov til. Men i det same han greip i hårfletta, bøygde han hovudet til trolldottera bakover og skar det av i same slengen, og kokte så det halve og steikte det halve og sette det på bordet. Så tok han på seg kleda hennar og sette seg borti kroken.

Då trollet kom heim med gjestebodsfolka, bad han dottera – for han trudde det var ho som sat der, han – at ho også skulle komme og få seg mat.

"Nei", svarte guten, "eg vil ikkje ha mat. Eg er så stur og lei av meg."

"Å, du veit vel råd for det", sa trollet, "ta gullharpa og spel på!"

"Ja, kor er ho no ho då?" spurde Oskeladden att.

"Du veit vel det du – du som brukte ho sist. Ho heng der over døra!" sa trollet.

Guten let seg ikkje bli fortalt det to gongar; han tok ho og gjekk ut og inn og spela. Men rett som det var, så skuva han kna-trauet ut og rodde av stad så det fossa om trauet.

Om ei stund syntest trollet at dottera blei for lenge ute, og gjekk etter for å sjå kva som feilte ho. Så fekk han auge på guten i trauet langt, langt ute på vatnet.

"Er det du som har tatt dei sju sølvendene mine?" ropte trollet.

"Ja", sa Oskeladden.

"Det er du som har tatt teppet mitt, med ei sølvrute og ei gullrute i, også då?"

"Ja", sa Oskeladden.

"Har du no tatt gullharpa mi også?" skreik trollet.

"Ja, eg har nok det", sa guten.

"Har eg ikkje ete deg opp likevel då?"

"Nei, det var dotter di du åt", svarte guten.

Då trollet høyrde det, blei han så harm at han sprakk, og så rodde Oskeladden tilbake og tok med seg ein heil haug gull og sølv, så mykje som trauet kunne bere. Då han kom til kongsgarden med gullharpa, fekk han kongsdottera og halve riket slik som kongen hadde lovt han. Men brørne sine gjorde han vel imot, for han trudde dei berre hadde villa det beste for han med det dei hadde sagt.

Ord

  1. prøve lykka: freiste lykka. Det kan vere så som å prøve om ein får framgang og ikkje så mykje motgang i livet, hell, god lagnad, gode levekår (og anna).
  2. kna-trau: Kna-traug var av uthola tre, til å elte deig i, til mat og dyrefor. Retteleg store kna-trau kunne brukast til aking om vinteren og om lag som kano over vatn også. [Jf. Lokalhistoriewiki, s.v. "nu"].
  3. ei tønne korn: eldre mål for korn (og faste varer): 139 liter. Ei kvart tønne blir 35 liter.
  4. områ seg: tenke seg (godt) om før ein tar ei avgjerd.
  5. lure (her): vere løynd og lytte eller sjå etter noko; vente på eit høve; smette, snike.
  6. skyldfolk: slektningar.
  7. bryne (v): kvesse (med bryne). Og eit bryne er ein (avlang) natur- eller kunststein til å kvesse egga på verktøy til å skjere med.
  8. gjø: fôre, mate (husdyr) for å gjere feit.
  9. gjø-sti: inngjerding der krøttera blir gjødde - fôra, mata, meska - for å bli feite til slakting. Elles er sti brukt berre i samansetningar for inngjerding. Døme: svinesti.

Notar

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2018, Tormod Kinnes. [E‑post]