Norsk del, Gullvekta
Finske eventyr  ❀ 2
Seksjon › 16   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Haren møter reven

Ein gong møtte haren reven. Reven sa til haren: "Deg er det ingen som er redd."

"Kven er redd for deg, då?" spurde haren.

"Alle er redde meg," sa reven, "for eg har så lang hale at alle tar meg for å vere ulv når dei ser meg på avstand. Derfor er dei redde meg, men deg er det ingen som er redd."

"Skal vi vedde?" spurde haren. "Eg skal vise deg at nokon kan vere redd meg også."

Reven trudde det ikkje, og syntest han trygt kunne vedde imot. Og då det var gjort, skulle dei finne ut kven som hadde rett av dei, og gjekk i lag bortover stigen. Då fekk haren sjå ein saueflokk som låg og jorta [1] ved ein utgard [2]. Haren hoppa i veg bortover mot sauene. Dei blei skremde og rømde unna som best dei kunne.

Haren blei så glad over at han hadde vunne veddemålet at han sette i å le så breitt at munnen sprakk. Frå den dagen har haren hatt sprukken overleppe.

Ord

  1. jorte (tygge drøv) er tygge om att (fintygge) føde som blir gulpa opp i munnen. Ved å jorte kan somme klauvdyr klare å fordøye fiber i gras og andre plantearter. Dyra gulpar såleis opp halvfordøyd materiale (drøv), tygg det og svelger det igjen. Storfe, geit og sau jortar. Det same gjer hjortedyra - d.e. elg, rein, hjort og rådyr.

    Klauvdyr flest går på to tær, og det ligg ein hornkapsel (ei klauv) kring kvart av dei ytste tåledda. Fleire av dei viktigaste husdyra er klauvdyr. Kvalar er nært i slekt med med klauvdyr, heiter det. (!) (WP "Klovdyr")

  2. utgard: gjerde mellom innmark og utmark.

Notar

  Innhald  


Bøker

Finske eventyr, folkeeventyr frå Finland.    Seksjon     Sett    Neste

Finske eventyr, folkeeventyr frå Finland. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]