Norsk del, Gullvekta
Franske ordspråk ≍ Proverbes français
Seksjon › 21 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Z – Å

Herren avpassar kulda til den klipte sauen.

Dieu mesure le froid à la brebis tondue.

No er det helst omvendt, ved at bønder klipper sauar før vinteren og/eller om våren, så dei rekk å gro meir ull på kroppen til det blir fælt kaldt.

Eg har det frå vesle fingeren min [Uttrykksmåte].* [Jf. Ein liten fugl song det.]

C'est mon petit doigt qui me l'a dit.

Om ein et med fanden, er gaffelen aldri for* lang.

A manger avec le diable, la fourchette n'est jamais trop longue.

* Det kjem vel an på så mangt, som kor på skaftet ein held gaffelen og kor godt ein gjer det - Ordspråket dreier seg helst om å halde stor og enda større avstand mellom seg og den vonde (vonde vegar). Her kan Den gylne regelen vere god å bruke og meistre (neste), om ein ikkje blir lurt.

Gjer ikkje mot andre noko du ikkje vil skal gjerast mot deg sjølv.

Ne fais pas à autrui ce que tu ne voudrais pas qu'on te fit.

Ordspråket er ein variant av Den gylne regelen, der sans for det høvelege gjensidige kjem fram, så sjølv sjølviske forstår verdien. Her kjem litt om og men til norma:

Norma finn både "gjer-form", som i "Gjer mot andre det du vil at dei skal gjere mot deg", og "gjer-ikkje-form", som i det franske ordspråket. Ein finn mange uttryk for Den gylne regelen, både i verdsreligionar og livssyn, også frå før vår tidsregning. Shawnee-indianarane i Nord-Amerika har. "Verken drep eller skad nesten din, for det er ikkje han du skadar, det er deg sjølv du skadar. . . . Gjer ikke gale mot eller hat nesten din, for det er ikkje han du gjer gale mot, men deg sjølv." (Wikipedia, "Den gylne regel")

Frå det gamle sanskritdiktet Mahabharata: "Ein skulle aldri gjere mot ein annan det som ein held for skadeleg for seg sjølv. Dét er, kort sagt, rettvis framferds veg. Anna åtferd kjem av sjølviske lyster." (Mahabharata, Anusasana Parva, del 113, vers 8).

Kva så med behandling av dyr som har enda på tallerkenar med tida? Kan dei ha blitt skadeleg handsama, og slår det i si tid tilbake på folk som drep dei? Kan ei betre verd for menneske vere ei verd som ikkje lar dyr vere "sine eigne", ikkje utbytta det ringaste? Gjett om store delar av urbane levekår med berre lite rom for slinger i valsen forarmar og forringar om lag slik i sær tamdyr sine livsvilkår kan gjere. Kan arbeidslivet bli utbyttande og etter kvart rasere mange ved stresskøyr og verre? Tja, det kjem vel an på, men stress er eit stort problem, eit digert problem, også i minkfarmen.

Alle verder blir balansert av dharma [som finn uttrykk i fin framferd i høve til djuptgripande utjamningar]. Dharma femner over måtar å bli velståande på også. Dharma er rangert over rikdom (artha) og lyster (kama) blant fire hovudmål med livet i Sanatan Dharma (hinduismen). Det fjerde målet er [meir og signa] frigjering, fridom (moksha). "Tøym deg sjølv nøye, konsentrer deg om rettvis framferd, og behandle andre som du behandler deg sjølv", er del av ei av hovudnormene, attåt å halde seg sannferdig. (Mahabharata Shanti-Parva del 166-67. utdrag)

Den gylne regelen føreset at folk er sunne i sinnet og vil seg sjølve vel - og heller ikkje vil utbytte andre, motsett omsynslaus profittjakt som foregår over store deler av verda. Dessutan - ei modifisering eller to lyt leggast til Den gylne regelen, for elles gjeld han ikkje så godt på alle måtar for om lag halve manneætta: Fordi menn og kvinner er skapt litt ulike, kan ikkje ein mann behandle alle kvinner heilt som seg sjølv, og omvendt. Dei utfyller kvarandre, snarare. Eit slikt syn finn ein både i hinduisme, buddhisme og taoisme.

Ei anna modifisering gjeld styremakta og straffing for å gagne samfunnet: Frå gammalt ligg det på kongen (styremaktene) å straffe brotsfolk. Ein del av plikta er slik. Kongen har kanskje ikkje lyst til å straffe nokon, men gi seg over til vindrikking, koner og slikt, men lova held det for gale (urett) om ikkje alle er med og ber det felles lasset som storsamfunnet er i mange høve. Gjer kongen (statsmakta) plikta si andsynes kriminelle, må land og folk få det betre med tida, dersom alle gjer som dei skal - slik det er klokt og godt uttenkt for samfunnsveven (Jf. Mahabharata Anusasana-Parva del 166. Ein annan ting er i kva grad og korleis ulike slags straffetiltak og rehabiliteringstiltak fungerer for ulike menneske. Her kan venteleg kunnig statistikk syne meir.

Elles kan Den Gylne regelen godt gjelde i langdrag - når ein reknar med fleire liv. Slike langtidsperspektiv har buddhismen og hinduismen med seg klart og tydeleg. (Wikipedia, "The Golden Rule")

Innhald


Proverbes français, franske ordspråk, litteratur  

The Mahabharata of Krishna-Dwaipayana Vyasa. 18 band. Oms. til engelsk prosa frå sanskrit-teksten av Kisan Mohan Ganguli. 4th ed. New Delhi: Munshiram Manoharlal, 1981. (Først gitt ut i åra mellom 1883 og 1896)

Tilvisingar: [Kjelder]
    Skarpe klammer, teiknet *, og nokre andre teikn forklart: [Hjelpeteikn]
    Vidare ordspråklæring: [Slik kunst]

Proverbes français, franske ordspråk, opp Seksjon Sett Neste

Proverbes français, franske ordspråk BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link]
© 2016, Tormod Kinnes. [Email]  ᴥ  Disclaimer:  [Lenke]