Norsk del, Gullvekta
Franske ordspråk ≍ Proverbes français
Seksjon › 21 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Innleiing

Kva er eit ordtak? Ein sentens? Ein leveregel? Ei gnomisk ytring? Desse uttrykksformene blandar seg, og alle reknast lausleg som 'ordspråk', og 'munnhell', gamle talemåtar, blir også rekna med blant også.

  1. Ordspråk femner over påhitt, samanlikningar, konstateringar, vurderingar, moralske påhitt og vise ord om oppførsel blant toskete ord om det same, og dessutan dommarreglar. Og kan hende er ordspråket eit tilnærma, metaforisk uttrykk for ei generell sanning med få ord, eit figurativt uttrykk for livstilnærming.
  2. Ordet 'sentens' kjem av det latinske sententia, som gir uttrykk for ei stutt, moralsk tilnærming - eigentleg 'meining, setning' av sentire, 'kjenne, meine'. Ein sentens er då ei kort og tanketung setning; eit fyndord, eit ordtak som vitnar om personlege synspunkt.
  3. Ein leveregel kan vere ein grunnregel, maksime, eller eit visdomsord. Leveregelen kan vi oppfatte som eit allmenngyldig forslag, godt uttrykt og tilmed klokt - og av meir eller mindre moralsk verdi om han føreskriv åtferd.
  4. Såkalla gnomiske ytringar er stutte tankespråk eller fyndord i poetisk form. Gnomisk kjem frå det greske gnome, ord, tanke. "Kneet er nærare enn kalven" er ei gnomisk ytring som framhevar eigeninteresse framfor familieforhold, arbeidsfellesskap og vidare. "Ein er seg sjølv nærast" er i same gata.
  5. Munnhell seier noko generelt eller klokt, og koplar det med noko anna som er konkret, ved hjelp av "sa han" og "sa ho". Dernest kjem den tilkopla etterslengen som gir starten av munnhellet ein vri som fakkar oss om vi finn koplinga løgleg.

I mellomalderen og på 1500-talet var latin det store skriftspråket i Europa. Etter kvart kom nasjonsspråk sigande attåt, som fransk. Det finst fleire samlingar av franske ordspråk. Mange er i form av versepar, andre er ellipsar, det vil seie dei fortel noko og utelèt eit og anna. Fleire er praktiske og jordnære, sidan dei blei samla hos bønder og folk på landsbygda frå lang tid tilbake. Mange speglar den daglege strevet for å overleve og tilmed ha det bra. Franske ordspråk har også tilfang frå mange skriftlege kjelder frå langt attover, både på latin og gresk og vidare.

Ordtak-sjangeren blomstra på 1600- og 1700-talet med blant anna ferske levereglar og refleksjonar attåt observasjonar. I Opplysingstida (frå sist på 1600-talet og gjennom det meste av 1700-talet), blei fleire levereglar kalla edle, kloke og nyttige, og eldre forfattarar av slikt blei mykje akta som folk med vett og vidd. Heimlege ordspråk frå djupare, breiare lag av folket blei derimot diskrediterte. Til gjengjeld oppdaga og verdsette franskmenn ordspråk frå andre land, så som dei raffinerte japanske.

Eit nyttig ordtak som blir godt brukt i ein spesiell situasjon, kan gjere sterke inntrykk som varer i lang tid og kanskje livet gjennom. Og verdsettinga av heimlege ordspråk tok seg opp i Frankrike etter kvart, og blei utvida med fengande, åleglatte, nye ordspråk som "Ein kan ikkje lage omelett utan å knuse egg".

I dag finst mange slags omfangsrike samlingar med franske ordtak av varierande kvalitet. I utval i vår tid finn ein vakker ordkunst, fjonge frasar, mykjeseiande innhald, og lødige, verdifulle samanfattingar av somt.

[Hovudkjelda ovanfor: Maurice Maloux (2009).]

Jean Dutourd ved Académie française framhevar (i Dournon, 2010) på personleg vis at verkelege ordtak er meir pessimistiske enn falske ordtak. Ekte ordtak er ein skatt som er gitt i arv frå fleire slektsledd med menneske som har krasja med verda, feilkalkulert for livsgangen. Som resultat har dei levert råd for å ha det betre og ikkje bli frårøva eigedelar og rettar av dei mektige, og sleppe ein god del drama og katastrofar, fiendskap frå naboar, vanhell i familien. Det gjeld å ikkje bli tatt på senga ut i eitt og hamne i skam. Dei gir kortfatta ballast i filosofiske haldningar og kan befrukte livserfaringar så ein kjem eg vidare med færre smerteskrik og stønn. Og kanskje dei hjelper mot fleire illusjonar.

Innhald


Proverbes français, franske ordspråk, litteratur  

Dei gamle samlingane nedanfor er omfangsrike, med unntatt boka frå McKay's forlag.
     Mellom dei nyare utgåvene nedanfor er dei av Maloux og Dournon reint franske. Boka av Brezin-Rossignol er større enn Mertvago si, og gir ordspråk frå fransk til engelsk i første halvdel av boka, og frå engelsk til fransk i andre. Ho bruker gjengivingar ("ekvivalentar") og ikkje direkte omsettingar, og heller ikkje tolleg bokstavelege omsettingar. Det er profilen i den boka.
     Den siste gruppa er fleirspråklege verk som inneheld franske ordspråk blant andre.

Belcour, G., saml. French Proverbs with English Equivalents: A Selection of the Most Used French Proverbs. London: Edward Stanford, 1882.

Brezin-Rossignol, Monique. Comprehensive Bilingual Dictionary of French Proverbs. Paperback ed. Paris: La Maison du Dictionnaire, og New York: Hippocrene Books, 1997. ⍽▢⍽ Her er med ordspråk frå fransk til engelsk i første halvdel av boka, og frå engelsk til fransk i andre. I alt er boka på 479 sider. Ho er full av attgivingar som tyder "omtrent det same" på det andre språket, men som ikkje er bokstavelege omsettingar. Slik er profilen i verket.

Dournon, Jean-Yves. Le Dictionnaire des proverbes et dictons de France. Édition 9. Paris: Hachette, 2010.

Flonta, Teodor. A Dictionary of English and French Equivalent Proverbs. Bilingual edition. Hobart, Tasmania: De Proverbio, 2001.

La Mésangàre, Pierre de. Dictionnaire des proverbes français. Troisieme edition. Paris: Treuttel et Würtz, 1823.

Leroux de Lincy, Antoine Jean Victor. Le livre des proverbes français, précédé de recherches historiques sur les proverbes français et leur emploi dans la littérature du moyen âge et de la renaissance. Paris: Adolphe Delahays, 1859.

Maloux, Maurice. Dictionnaire des proverbes, sentences et maximes. Paris: Larousse, 2009.

Mertvago, Peter. Dictionary of 1000 French Proverbs. New York: Hippocrene Books, 1996.

Möller, Ferdinand oms. Proverbes francais. München: Dtv, 1979.

McKay, David (forleggar). National Proverbs: France. Philadelphia: David McKay, 18--?. Seinare utgåver: 1913, 1930.

Simpson, John and Jennifer Speake, eds. The Concise Oxford Dictionary of Proverbs. 3. utg. Oxford: Oxford University Press, 1998.

Fleirspråklege bøker til breiare jamføringsarbeid

Bohn, Henry G. A Polyglot of Foreign Proverbs. London, Henry G. Bohn, 1857. ⍽▢⍽ Ei fin, fleirspråkleg bok med ordspråk på blant anna fransk, og med engelske omsettingar. Den franske delen utgjer knapt 1400 ordspråk. Dei er ordna alfabetisk etter første bokstaven i kvart ordspråk. Boka er i Internet Archive.

Chus, Galina, samlar. Poslovitsa nedarom molvitsya; Nema pripovÑ-dki bez pravdi; A good maxim is never out of season; Proverbe ne peut mentir: bolee 5000 russkih, ukrainski. Paperback. Moskva: Editorial URSS, 2013. ⍽▢⍽ I boka er over 5000 ordtak på fire språk: 1250 engelske, 1210 franske, 1276 russiske og 1707 ukrainske. Ordtaka er arrangert på den måten at ordtak som tyder mykje det same, står saman, og slik kjem ganske like ordtak og beslekta ordtak på opptil fire språk saman gruppevis. Dessutan, i den andre hovuddelen, er alle dei franske for seg, dei russiske for seg, osv., alle med sidetilvisingar til. - Å kunne ordtak kan vere til hjelp på mange vis for folk med internasjonalt kontaktnett, hevdar Galina Chus.

Grigas, Kazys. Patarliu paralelés: Lietuviu patarlés su latviu, baltarusiu, rusu, lenku, vokieciu, anglu lotynu, prancuzu, ispanu atitikmenimis (Parallel Proverbs: Lithuanian Proverbs with Latvian, Belarusian, Russian, Polish, German, English Latin, French and Spanish counterparts). Vilnius: Vaga, 1987. ⍽▢⍽ Det står 293 franske ordtak i dette samanliknande verket i selskap med 2276 frå Litauen, 908 frå Latvia, 679 frå Kviterussland; 684 russiske; 729 tyske; 366 engelske, 336 latinske, 293 franske og 155 spanske.

Mavor, William F. Proverbs; or, the Manual of Wisdom. 2. utg. London: Tabart, 1804. ⍽▢⍽ Tusen eller vel så det franske står opplista i lag med italienske til slutt i boka.

Panton, Peter. Pungent Proverbs: Frenche Spruche in fünf Sprachen. Köln: Anaconda Verlag, 2012. ⍽▢⍽ Her er 127 franske ordspråk og frasar - til dømes "væpna til tennene" - i lag med liknande ordspråk og frasar på engelsk, tysk, fransk og italiensk, og i ei registerliste for seg attpå. Ordtaka er illustrert.

Caroline Ward. National Proverbs in the Principal Languages of Europe. London: John W. Parker, 1842. ⍽▢⍽ Jamførande verk med ordtak på engelsk, fransk, italiensk, spansk og tysk under kvarandre, i tur og orden.

Høyet i hus

På mange sider er det små teikn i teksten: parentesar, symbol, tilvisingar og anna til nytte for mykje "høyberging": (1) Teiknforklaringar; (2) Handtering av tørka fôr.

Proverbes français, franske ordspråk, opp Seksjon Sett Neste

Proverbes français, franske ordspråk BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link]
© 2013–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Disclaimer:  [Link]