NORSK DEL, GULLVEKTA

Enkle stubbar 6

 13 › 1 › 55 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Enkle stubbar  – SAMLINGA

Studentleven

Desse stykka er utslag av studenthumør.

FORESTILL deg det rette før du gjer det. Tenk djerve, positive tankar som: "SMØR kan hjelpe deg."

SMØR

S – sentralt i,

M – Mjølkevegen,

Ø – ølgod og ønska,

R – romsleg.

Akronymet blir SMØR. Det finst ei gammal indisk myte å trekkje inn her:

Midt i Mjølkevegen for å vinne lykka

Det var ein gong ein elefant som slengde ein blomekrans på marka. Dette blei sjåaren Durvasas harm over, for han hadde fått kransen av ei kvinne med runde hofter. "Dette tilgir eg ikkje," sa sjåaren, han var av det uforsonlege slaget.

Frå då av gjekk verda tom for lykke og framgang, plantane og urtene visna og døydde, og folk blei både grådige og veike. Gudane blei nedkriga av ei undergruppe demonar, så dei flydde til Bestefar Gud. Han sa til dei: "Bli med til den sida av mjølkehavet (d.e. Mjølkevegen) som ligg lengst vekke herifrå, så får vi vite korleis vi skal gå fram for å vinne lykka tilbake."

Melkeveien, Mjølkevegen, Vintergatan

Det gjorde dei, og fekk høyre dei laut samarbeide med demonane som hadde slått dei så fælt, i å røre om i mjølkehavet til lykka kom opp att i form av nektar. Det gjorde dei også, og brukte Mandara-fjellet som rørepinne. Dei kinna og kinna for å vinne nektar ut av det, og til sist kom lykka sjølv.

Gudane gledde seg over dette. Dei stal all nektaren også. [Clh 94-98]

Kan det vere så enkelt at ein vinn storlykka - som student og elles - ved å vere nett og rørete og sleppe unna med det?

Galaktisk klubb ligg i galaksen

Kva med "Klubben for den som er lubben", starta den 27. juni 1999? Det kan bli heilt i tråd med Unesco sine ideal:

  • Greie og forsvarlege undervisningskår om det lèt seg gjere;
  • Vitskap og metavitskap som ikkje forsarvar og bryt ned motstandsevna til folk;
  • Klok, fagna og tilforlateleg hovud-kultur.

- mens vi søkjer finaste kontaktar -

Du blir med fordi klubben blant anna har ideal som fell saman med Unesco sine hovudideal. God nok undervisning, kunnig nok vitskap og kjekk og god kultur med takt - og gjerne høfleg humor - høyrer inn under kulturliv og kloke skikkar. Det fine kan skje når ein klarer å mjølke lærarane med sånn passe nøytralitet. No blir også universitetet kalla Alma Mater, fostrande mamma, frå gammalt.

Sett ikkje noko vesentleg på spel: Krenk lite

Dei rette måla i verda er ikkje alltid over skyene, oppi skyene, men faktisk nær overflata på jorda, sidan det er stort høveleg for menneska slik vi er no er designa - ikkje har vi venger så vi skal fly høgt i tynn luft, ikkje har vi luffar og finnar for å symje i djupet, og ikkje har vi gravereiskap som grevlingen under jorda. Vi er savanne-typer, og parklandskap kan høve oss. Det er no så - No vil dette seie at dersom vi heng i langt vekke frå hageland, så strever vi kanskje til fånytte i langdrag. Det skulle eg meine.

I Oriental Humour [Orh] kjem Reginald H. Blyth med at mykje ifrå religionar i fjerne Austen kan forvekslast med humor, heilt i tråd med eit anna ord av Lao Tan:

Når dei høgste mellom menneske høyrer om vegen (tao) og sant, strevar dei traust med å nytte det vel.

Når vanlege folk høyrer om vegen, blir dei i tvil og halvtrur, merksame på noko og likevel ikkje vel nok, kan vel hende.

Når dei låge høyrer om vegen, ler dei grassat og held ap. Men om dei ikkje gjorde slikt, ville det ikkje vere favør-vegen. - Fritt etter Tao-te Ching, kapittel 41.

"Det store skulle vel helst ha blitt handsama mens det enno var lite" (Sjå Tao Te Ching kapittel 63), så det kan vere eit teikn på å ha lykka med seg om ein har tid til overs, kanskje til kunstnarisk verksemd og lødig underhaldning? Jamfør hovudomgrepet homo ludens, det leikande menneske.

I gilde klubbar hjelper ein seg

Fiksfakseri gagnar neppe andre enn troll - det er vesen utan hjertevarme. [Født til vinder; Bob]

"Det er ikkje noko anten-eller i eit lurt både-og". Ved å gå i spann med andre og likesinna, og rett forstått, vinn ein vinn-vinn-opplegg berre ein ikkje skrevar breiare enn buksebaken toler" (Ordtak). Å kjempe moderat for noko, treng slett ikkje å vere dumt.

OPP

Tabbar eller god nok forståing?

Det er ein gap som ikkje kan løyne sin visdom, seier eit ordtak. I somme tilfelle kan det stemme, men kva for nokre?

For kanskje førti år sia var det ein amerikansk ungdom med uvanleg høg, målt intelligens. Det blei kjent, og som følgje blei han teke ifrå foreldra av staten for å få broilarutdanning til gagn for staten. Det er stor sjanse for at han blei mykje meir ufri av di han ikkje hadde vett til å dølje for staten kor makelaust gløgg han var, men heller gagne seg sjølv betre enn å miste nærkontakt med famile og venner og tidlegare miljø. Skikkelege "vinn-vinn"-opplegg er betre.

Eit problem i feltet er at studentbroilaren neppe fattar kva han går glipp av og mister etter kvart dersom han også blir ribba for samanlikningsgrunnlag.

Men ein skal ikkje dømme ungdommen fordi han mangla livserfaring og anna input som kan vere tiltrengt for å sjå forhold i kvitauget, sjå lukt igjennom massiv einsretting i skolegangen og stå opp med "Det er ein tosk som ikkje kan løyne kor smart han er (It is a fool who cannot hide his wisdom.)."

Det ordtaket gjeld der "naive smarte" blir utnytta og utbytta-overlista for smartheita si og blir bitre etter alt dei har gitt frå seg utan nok i bytte, utan å få det som skal til for å realisere seg sjølve godt og fredeleg, til dømes.

Eit ungt geni i New York fekk styresmaktene i USA på nakken då han fann fram til korleis han kunne lage eiga atombombe på kjøkenet heime, så å seie. Å lage atombomber er ikkje mykje kulturelt; det fell inn under vitskap. Vi har lov å skilje mellom vitskap det er gagn i for folk, og annan vitskap.

Men å knurre og lage annleis lydar kan faktisk kallast kunst. Så lettvint er det, ganske enkelt. Kunst kan vere så mangt. Og livskunsten er verdt å fakke.

Dei som er imot dei grepa utformingane av "god nok oppseding, vitskap (til gagn for folk flest, kan hende), og kultur for vanleg, bra folk", har ikkje forstått alt. Kan hende dei gir seg over til jatt i staden, kan hende til infantil kvasibornertheit, og i langdrag. Slikt kan vel hende.

La oss leggje til at ord som "god nok" eller "rett forstått" må knytast til slagorda "education, science, culture", og at hovudord treng å bli konkretiserte, og gjerne i lokallivet og kampen mot pampeveldet - helst i eit kontaktnett.

Skikkelege forhold krev ikkje førsteklasses undersøkingar, men ukjente ting og lite verdige forhold inviterer jamt til skikka undersøkjingar med rapportar attåt. Slikt kan høve.

Kva Donald?

Donald-teiknaren Carl Barks gjekk bort i august 2000. Han blei 99 1/2 år gammal. Donald Duck har alt glidd inn i kulturlivet, og Carl Barks blir kalla klodens mest leste forfattar. Han er ein som skildrar tinga grafisk og kort. Han utpensla ein teiknarstil som ville krystallisere kjernesekvensar;

  • Skrelle vekk mykje overflødig;
  • Fokusere godt på livlege gester for å klarere hovudgang i glimt;
  • Forenkle både nyttig og fint.

Slikt kan svare seg, men det finst grenser for det meste, og det finst dessutan mang slags kunst - i tillegg.

Teikningane til Barks ligg det elles type-skjematikk bak.

Det var i og for seg ikkje noko gale i å lenkje fast det veke-tinga Donald Duck-bladet til ei tønne for ikkje å miste det. Slikt kan tenkjast å ha vore utslag av vilje til å hegne om Donald-kultur, iallfall i Studensamfunnet i Trondheim. Der blei det altså gjort, så fleire studentar fekk lese bladet.

Det finst eit poetisk unøyaktig slagord frå USA: "Eit bilete fortel meir enn tusen ord". Det kan tenkjast. Dessutan finst ordbilete og figurative uttrykk i ordtak. Vitsar høyrer med i kulturarven. Det finst gode vitsar og andre.

Deltakar-kultur (folkelivet bugnar) har jamt ord for å vere likare enn "tilskodar-kultur", dersom aktiviteten er verdt å delta i. Det overlag nyttige skiljet mellom deltakar og tilskodar er etter den norske filosofen Hans Skjervheim (1926 -99) [Dot].

Frå Unesco-historikken

Unesco står for United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization, og blei stifta 16. nov. 1945. Hovudkvarteret er i Paris. Unesco har 60 felt-kontor og einingar "i ulike deler av verda". Unesco er ein av dei avgjørande delane av FN. 165 medlemsstatar har etablert permanente delegasjonar til Organisasjonen vår i Paris. Det finst over 5000 Unesco-klubbar, senter og assosiasjonar i over 120 land i dag (1999).

UNESCO-klubbar kom til verda som uttrykk for spontan entusiasme for Unesco-ideala. Den første blei danna i Sendai in Japan 19. juli 1947. Så kom det ein til i den gamle japanske hovudstaden Kyoto den 18. september same året, og ei "UNESCO Group" i Denver, USA, den 3. desember. Rørsla har spreidd seg, så no finst det vel 5000 Unesco-klubbar, senter og assosiasjonar i over 120 land.

Når det gjeld store ideal skal ein ikkje sjå vekk frå nyttige normer som:

  • Inn for det enkle som går bra.
  • Velvald er ikkje alltid ei smal sak.
  • Ofte får ein nøye seg med det ein kan gjennomføre enkelt og rimeleg.
  • Er det ikkje greitt og rimeleg, men altfor ressurskrevjande, kan ein tenkje over kor dumt det blir til sjuande og sist.

Det finst andre måtar å tenkje over slikt på i tillegg.

Forteljingar – SAMLINGA
Forteljingar - SLUTTBOLK

Forteljingar - LITTERATUR  

Clh: Dimmit, Cornelia, and J. A. B. van Buitenen, trs. Classical Hindu Mythology. Philadelphia: Temple University, 1978.

Dot: Skjervheim, Hans. Deltakar og tilskodar og andre essays. Oslo: Aschehoug, 1996.

Orh: Blyth, Reginald Horace. Oriental humour. Tokyo: Hokuseido, 1963.

Forteljingar - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Forteljingar BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 1999–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]