![]() |
Norske eventyr og segner | |||||||||||||||||||||||||||||
|
Seterjenta frå Turrore![]() ODELSBONDEN på Nokly gard i Turrore prestegjeld hadde slik ein vakker kjæraste. Enda om ho var garddotter, drog ho til seters ein sommar for å veve linklede. Då ho ikkje hadde gjort ferdig arbeidet sitt til den tida dyra skulle gå heim, bestemte ho seg for å vere att aleine for å bli ferdig før ho drog. Straks kjærasten hennar fekk høyre dette, gav han seg i veg til setra, for han syntes det var farlig at ho skulle vere aleine mellom hulder og andre underjordiske og det dei kunne finne på. Han kom til rette tid, for rundt om fjøsa på setra stod alt svarte huldrehestar oppsala. Han skjøna straks at det var fare på ferde, og lista seg derfor bort til setra og kika inn gjennom ein glugge på veggen. Der inne såg han kjærasten sin. Ho sat med brudeklede på og ei gullkrone på hovudet. Hos henne var ein gammal, raudøygd huldremann. Kjærasten utafor greip straks pistolen sin. Den hadde han ladda med ei sølvkule. Så skaut han over hovudet til jenta for at trolldommen skulle kverve [A], sprang inn i setra, greip henne, sette henne hos seg på hesten sin og jaga av stad med heile trollfølgjet etter. Eit av trolla rekte han eit fylt gullhorn for å seinke han i flukta. Vel tok guten imot gullhornet, men drikken slo han ut bak hesten, og så jaga dei av garde, jenta og han. Etter ei god stund nådde han eit bratt fjell tett ved garden sin. Der heldt mange underjordiske til. Dei var ikkje glad i trolla som kom setjande, så dei ropte til han som flykta: "Ri der kornet står tett og stritt, ikkje ved sia av, arme kar!" Bonden følgde rådet og sette av stad gjennom ein rugåkeren like ved. I åkeren fekk trolla vanskar med å følgje etter hesten. Dei ropa forbitra etter han: "De slapp kanskje unna, men den raude hanen [B] skal lyse over garden i natt!" Og det gjorde den. Den natta brann garden ned. Men for pengane mannen fekk for gullhornet, kunne han byggje ein ny ein som var enda betre, og så hadde han kjærasten sin óg. Ord
TømmerhoggarenEIN GOD MANN frå Dale i Sauherad låg ein vinter og hogg tømmer i skogen; men han hadde ikkje almanakk, og då det lei på, tok han til å undrast når det var jul. Ein kveld han rusla heim til hytta si, høyrde han det sa inni fjellet, "No er det ein dag og to netter til jul, og mannen på Dale har verken brygga eller baka til jul." Mannen la på heimveg det fortaste han vann. Det var dagen før jul.
Ord
Bryllaup i bergetDET VAR ein mann som skulle av og hogge tømmer. Han ordna seg med mat så han kunne vere vekke ei veke. Om kvelden nådde han fram til tømmerhoggarbua si i skogen. Då han hadde ete, kom det innom ein bergmann og helsa på han. "Du sit så aleine," sa bergmannen, "synest du ikkje det er dumt?" "Å, du veit det vil falle så ymist," sa mannen. "No er det bryllaup heime hos oss," sa bergmannen; "følg meg." "Det hadde vore moro," sa mannen, "men eg torer ikkje." "Du kan rolig bli med," sa bergmannen. Så følgde mannen han. Med eitt var dei i berggarden. Stua var full av folk, dei spela fele og dansa og drakk. Spelemannen sat oppå veggen, og brudgommen sjangla. Dei var særs rause, og mannen åt og drakk stadig vekk, og elles gjorde han ikkje anna enn å sove. Slik heldt det fram ei god stund. Då bad mannen bergmannen om å følgje seg heim til bua. Og bergmannen følgde. "Kor lenge meiner du at du har vore vekke?" spurde bergmannen. "Ei veke, kanskje tre, kan eg tenkje meg." "Eit halvt år har du vore," sa bergmannen. Då blei mannen forskrekka. Heime hadde dei leita sårt etter han, men fann ikkje spor av han. Så tenkte dei han hadde dratt sin veg eller kome bort, og slo seg til ro med det. Då han så kom, blei dei forstøkte. Ord
Storsild til middagEIN SOMMAR fekk dei tak i noko spekesild på ein stor gard på ei av øyane. Silda var så stor at ei sild var nok til eit heilt måltid til tenarane. Og sild fekk dei til middag fire-fem gongar i veka. Kvar gong silda blei sett på bordet, sa kona på garden strengt og alvorlig: "Ingen må brekke ryggen på den silda." Folka blei etter ei tid lei av å ete sild, men kva hjelpte det? Når gardkona hadde sagt det skulle vere sild til middag, var det ingen veg utanom. Så var det ein dag dei hadde fått ny gardsgut som ikkje gådde åtvaringa hennar. Då han hadde fått den biten han skulle ha, han tok den snaue silderyggen mellom begge hender og brakk den tvers over. Frå den dagen var det slutt med spekesilda til middag på garden, og den nye gardsguten fekk dra sin kos med det same.
Ord
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20012009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | |||||||||||||||||||||||||||||