Norsk del, Gullvekta
Bhagavad Gita
Seksjon › 9 Sett Søk Førre Neste

Yoga-ord

Reservasjonar Innhald  

10

Krishna:

Eg er opphavet til alle gudane og dei store vise. (10.2)

Eg er Den Gromme utan byrjing, i alle verder. (10.3)

Desse tonar fram frå meg: Forstand, glede, frykt og fryktløyse, ikkje-skading, likevekt, ry, vanry - slike eigenskapar. (10.4, 5, utdrag)

Ut frå ur-gilde med opphav i meg og med slike evner som meg, blei skapningane her i verda fødde. (10.6)

Eg er opphavet til alt og alle. (10.8)

Eg gir høgare skjelning til dei som er kjære i meg, så dei kjem inn i meg. (10.10)

Arjuna:

Berre du kan fortelje utan atterhald om herlegdommane du er til ved mens du gjennomsyrer desse verdene. (10.16)

Korleis skal ein tenke seg deg, skal tru? (10.17)

Krishna:

Det kan eg seie: Det finst ikkje ende på alle dei detaljane. (10.19)

Eg er starten, midtlivet og slutten til alle vesen [som framtoner i kroppar]. (10.20)

Dermed er eg mange, dei grommaste, og det grommaste ved dei - eg er sol og måne med meir. (10.21)

Eg er forstand i levande vesen, kongen blant menneska. (10.22, 27)

Eg er vinden og Ganges. (10.31)

Blant vitskapar er et vitskapen om Sjølvet, og logikk! (10.32)

Blant bokstavene er eg "A", og eg er tida, gir ut karma, og har andlet i alle retningar. (10.33)

Eg er blomeårstida. (10.35)

Ikkje nokon vesen - verken rørlege og urørlege - kan vere til utan meg. (10.39)

Alt dette er berre kort-kort sagt. (10.40)

Eg er til og held oppe heile verda med ein del av meg sjølv. (10.42)

Innhald


Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, litteratur  

Kjeldene: [Bøker]

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, opp Seksjon Sett Neste

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]