Norsk del, Gullvekta
Bhagavad Gita
Seksjon › 9 Sett Søk Førre Neste

Yoga-ord

Reservasjonar Innhald  

11

Arjuna:

No vil eg gjerne sjå den udøyelege guddomsforma di, dersom det er mogeleg for meg! (11.3, 4)

Krishna:

Her skal du få sjå, men ikkje med dei vanlege auga. Eg gir deg guddomsauget! [gudesyn] (11.5)

Sanjaya:

Om tusen soler skulle skine fram på himmelen på same tid, ville det skine som herlegdommen til Den Gromme. (11.12)

Arjuna:

Du er den udøyelege Gromme som det er verdt å kjenne. Du vernar rettvisa, meiner eg! (11.18)

Himmelsongarane ser forbløffa på deg! (11.22)

Slik som møll styrtar seg inn i ein flamme og blir øydelagde, slik styrtar heltar og krigarar i døden. (11.29)

Krishna:

Eg er tida sjølv. (11.32)

Arjuna:

Helsingar til deg! Vis meg deg i den forma eg såg deg i før! (11.39, 40, 46)

Sanjaya:

Krishna synte seg igjen i menneskeforma si for den forferda Arjuna. (11.50)

Krishna:

Det du har sett, er ikkje heilt lett. (11.52)

Innhald


Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, litteratur  

Kjeldene: [Bøker]

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, opp Seksjon Sett Neste

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]