Norsk del, Gullvekta
Bhagavad Gita
Seksjon › 9 Sett Søk Førre Neste

Yoga-ord

Reservasjonar Innhald  

13

Krishna:

Denne kroppen blir kalla enga. Den som kjenner ho, blir kalla engkjennar av dei vise. (13.2)

Eg er den som veit av alle enger! (13.3)

Eg veit kva og korleis enga er, korleis ho blir modifisert og kor ho kjem ifrå. (13.4)

Vise har sunge og messa med forstand på mange måtar. (13.5)

Enga består av elementa; eget; forstanden; sansane og hugen. (13.6, 7 stytta)

Det som går for kunnskap er prega av ikkje å skade; å oppfatte kva som er fælt, vondt, låkt og ikkje ønskeleg. (13.8, 9 stytta)

Sjølvkjennskap er målet med skikkeleg kunnskap. (13.12)

Både utanom og inni alle er Den Gromme som har hender og føter alle stadar - Den Gromme er både nær og langt vekke. Eit reint hjarte er setet for Den Udelte Gromme. (13.16, 18 mod)

Slik er enga (felten) kort fortalt. (13.19)

Sjela som er plassert i naturen, erfarer sider ved naturen. (13.22)

Høgaste sjela er ein livsnytar. (13.24)

Eit vesen blir født ved ei foreining mellom enga og Kjennaren. (13.27)

Sjølvet som held til overalt i kroppen, blir ikkje svina til. (13.33)

Den Gromme kastar lys over heile enga. (13.34)

Ein ser skil på enga og Den Gromme til ein sjølv blir Grom. (13.35)

Innhald


Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, litteratur  

Kjeldene: [Bøker]

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, opp Seksjon Sett Neste

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]