Norsk del, Gullvekta
Bhagavad Gita
Seksjon › 9 Sett Søk Førre Neste

Yoga-ord

Reservasjonar Innhald  

14

Krishna:

Same kva former som blir frambrakt, er det alt i alt Skapar-Gud (Brahma) som er livmora deira, og eg er faren som har befrukta Skaparen. (14.4)

Rajas [lidenskap, intens kjensle] bind ein både til sansegleder og gjeremål. (14.7)

Men Sattva (rein og klår visdom m.v.) maktar å lyse og rå igjennom lidenskap og tregleik og aktløyse. (14.10-13 stytta)

Det gjeld å bli vis og rein, for slik går det oppover med ein. (14.14-18)

Trege, aktlause og villfarne går det til vanleg nedetter med. (14.18 mod)

Arjuna:

Ho som har komme bortanfor dei tre [gunaane, kategoriane], korleis er ho, og korleis kjem ein bortanfor? (14.21)

Krishna:

Det gjeld å ikkje bry seg mykje om dei tre kategoriane, samle seg om Sjølvet og bu i det Salige Sjølvet. (14.22-27)

Innhald


Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, litteratur  

Kjeldene: [Bøker]

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, opp Seksjon Sett Neste

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]