Norsk del, Gullvekta
Bhagavad Gita
Seksjon › 9 Sett Søk Førre Neste

Yoga-ord

Reservasjonar Innhald  

15

Krishna:

Vise snakkar om pipaltreet som ikkje kan øydeleggast. Det har røtene øvst, og greinene er under dei. Blada er verseføter eller hymner. Den som sansar det, kjenner Vedaane. (15.1)

Note: Pipaltreet som ikkje står opp ned, er Ficus religiosa, som kan bli 30 meter høgt og med ein stamme på tre meter i tvers gjennom. Ein annan stad seier Krishna, "Eg er pipaltreet" (kap. 10.26)

Under og over spreier det udøyelege pipaltreet greinene. Knoppane som veks fram på det, er sansa ting. (15.2 stytta)

Her i verda ser ein ikkje forma på treet, verken starten eller slutten eller kvilestaden som aktiviteten og energien strøymer fram ifrå og greiner seg vidare frå. Ein kappar treet sund ved å bruke ikkje-binding til øks for å nå det Evige Målet. (15.3-5)

Sola lyser ikkje opp Æva, heller ikkje månen og elden. Ho er beste bustaden min. (15.6)

Eg overskrid det forgjengelege og er endatil høgare enn [innanfor] det uforgjengelege. (15.18)

Høgaste Herren skaffar seg ein kropp. Når han forlèt kroppen, syg han inn i seg både sansing og hug, om lag som når Vinden tar med seg blomeange. Dei som har visdomsauget ser han. (15.8-10)

Himmellyset innom sola, månen og elden, er Mitt. (15.12)

Eg er det som er å vite i alle Vedaane. Og Vedaane kan eg. (15.15)

Alle skapte vesen har to sider: den døyelege [kroppen] og den udøyelege. (15.16)

Eg overskrid den udøyelege sida til eit vesen. (15.18)

Den som sannar ting som dette, dyrkar meg heilhjarta. (15.19)

Den løynde vitskapen har blitt lagt fram. Den som meistrar han, blir vis, og alle pliktene hennar har blitt utført! (15.20)

Innhald


Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, litteratur  

Kjeldene: [Bøker]

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, opp Seksjon Sett Neste

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]