16Krishna: Reint hjarte; stødig yoga og kunnskap; å vere likefram; og beskjedenheit - er med og kjenneteiknar ein gudleg (og guddommeleg) tilstand. (16.1-3) Hykling, sjølvgod åtferd, innbilskheit og å te seg hardt, vrangt og leitt - lagar djevlar. (16.4 mod) Gudlege kan bli utfridde; djevelske er på vegen til å bli bundne. (16.5) Dei gudlege og dei djevelske er to slags vesen - høyr om dei djevelske.) Djevelske veit ikkje kva dei skal avstå frå. Ein finn verken reinleik, rett framferd eller sanning i dei. (16.7) "Verda er utan sanning, utan moralsk grunnvoll, utan Bhagavan [Person-Gud]", seier dei. (16.8) Med slike grunnoppfatningar kjem dei fram som fiendar av verda, og går inn for å øydelegge ho. (16.9) Dei er fylt med umettelege lyster, fulle av hykling, hovenskap og sjølvgod åtferd. Blenda og fortrylla av vonde tankar som dei er, styrer ureine avgjerder det dei tar seg til. (16.10) Dei gir seg over til dyrking av slikt som berre endar med dauden, og held begjær for det høgaste målet sitt. (16.11) Bundne av håp, overgitte til begjær og sinne, strevar dei etter å hope opp urett skaffa rikdommar og nyte dei som dei maktar. (16.12) "Eg er rik og av ein framståande familie. Kven kan kappast med meg? Eg vil gi til velgjerande føremål [impress and show-off] og gle meg" - desse villførte uvitige. (16.15) Forvirra av fantasiar, vikla inn i illusjonar, overgitte til begjær, fell dei ned i eit tilsvina helvete. (16.16) Innbilske, sta og rusa av rikdom dyrkar dei brautande for å vise seg fram, men imot kva skrifter seier. (16.17) Overgitte til eigenkjærleik, makt, hovenskap, begjær og sinne, hatar desse vondskapsfulle folka meg i seg sjølve og i andre. (16.18) Desse fælslege råhatarane er dei verste i menneskeform. Eg slynger alle desse vondskapsmakarane inn i djevlevommer. (16.19) Etter å ha hamna i djevlevommer og blitt blenda og fortrylla i liv etter liv, fell dei utan å ha nådd meg. Dei fell ned i ein tilstand som er enda lågare! (16.20) Begjær, sinne og griskheit er den trefaldinge porten til helvete, så ein bør gi slepp på alle dei tre. (16.21) Eit menneske som er fridd frå desse tre portane til Mørke, gjer det som er godt for henne og kjem dermed til det høgaste, som er Den Gromme. (16.22) Slikt skulle ein legge vinn på. (16.24 mod) |