Norsk del, Gullvekta
Bhagavad Gita
Seksjon › 9 Sett Søk Førre Neste

Yoga-ord

Reservasjonar Innhald  

Gitavers frå kapittel 3

Arjuna:

Krishna, dersom tenking er høgare enn handling, korfor bed du meg krige så ille? Eg blir forvirra av dette; så fortel meg korleis eg heilt sikkert blir sæl. (3.1-2)

Krishna:

Ein vinn ikkje ikkje-utføring ved ikkje å gjere noko, og blir heller ikkje fullkommen ved å kaste vrak og gi avkall på alt mogeleg. (3.4)

Ingen som lever kan la vere å gjere eit og anna; alle blir hjelpelaust nøydde til å gjere eitkvart . . . (3.5)

Den som styrer sansane med hugen, gjer karma-yoga utan tilknyting, og utmerker seg! (3.7)

Gjer støtt som du pliktar . . . (3.8)

Ein skal handle som ei ofring - utan tilknyting. (3.9)

Men den syndige gjer ikkje slik, han gler seg i det sanselege, og lever truleg fåfengd. (3.16)

Men dei som gler seg i seg Sjølve, som er heilt nøgde i Sjølve seg, har ingenting å gjere. (3.17)

Gjer det som gjerast bør, utan tilknyting, så du blir Den Høgaste. (3.19)

Heile verda ville bli borte dersom eg ikkje handla . . . (3.24)

Dei vise skulle handle utan tilknyting og ønske det går godt med verda, (3.25)

Den sløve trur, "Det er eg som handlar." (3.27)

Eit menneske med fullkommen kunnskap bør ikkje skiple dummingen som ikkje har fullkommen kunnskap. (3.29)

Dei som hakkar på læra mi og ikkje gjer etter ho, som er narra vekk ifrå kunnskap og utan skjelneevne, dei er dømde til fortaping og øydelegging. (3.32)

Attachment and aversion for the objects of the senses abide in the senses; let none come under their sway, for they are his foes. (3.34)

Det er betre å døy mens ein gjer si eiga plikt; å gjere ein annans plikt følger det fare med. (3.35)

Visdom er hylla inn i ønske. (3.39)

Visdommen i dei som held til i kroppar, blir løynd av ønske attom sansar, hug og forstand. (3.40-41)

Intellektet er i seg sjølv gildare enn psyken, og Sjølvet er gildare enn intellektet. (3.42)

Det gjeld å komme over dumme ønske. (3.43 mod)

Innhald


Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, litteratur  

Kjeldene: [Bøker]

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, opp Seksjon Sett Neste

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]