Gullvekta
Grimm-eventyr  ❀ 10
Seksjon › 37   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Jorinde og Joringel

Der låg ein gong eit gammalt slott ute i ein stor mørk skog. I slottet budde ei gammal kone ganske aleine, og ho var ei retteleg heks. Om dagen skapte ho seg om til ein katt eller ei nattugle, og om kvelden blei ho til menneske att. Ho lokka fuglar og dyr til seg og slakta og steikte dei ho likte best. Når nokon kom så nær slottet at det berre var hundre skritt dit, laut han bli ståande, utan å kunne røre seg, heilt til ho sette han fri. Når ei jomfru kom innafor tryllekrinsen, blei ho til ein fugl, og heksa sette ho i ei korg og bar ho inn i eit rom på slottet. Ho hadde ikkje mindre enn sju tusen korger med slike fuglar.

No var det ei jente som heitte Jorinde. Ho var penare enn ei mengde andre jenter, og ho hadde trulova seg med ein kjekk ung mann som heitte Joringel. Dei var så glade og lykkelege for dei var like blitt trulova. Ein dag gjekk dei ut i skogen for å tale saman i fred og ro. "Pass på at du ikkje kjem for nær slottet", sa Joringel. Det var ein herleg kveld. Solstrålane fall klart gjennom det tette lauvet og turtelduer sat oppi trea og song triste tonar.

Jenta blei tung om hjartet og sette seg ned i det lyse solskinet og gret, og Joringel blei også underleg sørgmodig. Dei var så redde som om dei skulle døy, og då dei såg seg om, visste dei ikkje kor dei var, og kunne ikkje finne vegen heim. Sola hadde enno ikkje sokke heil bak berga, og då Joringel såg gjennom krattet, fekk han auge på det gamle slottet like ved og blei livredd. Men Jorinde gav seg til å synge:

"Vesle fugl med ring så raud,
så sturen du syng kvi-vitt
bak sommarlauv."

Og då Joringel såg seg om etter Jorinde var ho gjort om til ei nattergal og song: "Kvi-vitt, kvi-vitt."

Ei nattugle flaug tre gongar rundt om ho og sa tre gongar: "Hututu, hututu, hututu."

Joringel kunne ikkje røre seg av pletten men stod stiv som ei støtte og kunne verken gråte eller tale. No gjekk sola heilt ned, ugla flaug inn i ein busk, og straks etter kom ei gul, mager, gammal kone med raude auge og spiss nase som hang heilt ned på haka hennar. Ho mumla noko, fanga nattergalen og tok han med seg. Joringel stod der og kunne ikkje seie noko og ikkje røre seg av staden, og nattergalen - ho han trulova med - var borte.

Langt om lenge kom kona attende og sa med hås stemme: "U-hu. No når månen skin i buret, er tida kommen, så løys han då."

Med det blei Joringel fri. Han fall på kne og bad ho om å gi han Jorinde attende. Men heksa svarte at han fekk aldri meir sjå ho, og gjekk sin veg. Det hjelpte ikkje kor mykje han gret og klaga.

"Kva skal der bli av meg", jamra han og gjekk sakte ut av skogen og kom noko etter til ein framand landsby. Der var han i lang tid som sauegjetar. Ofte gjekk han inn i skogen, rundt omkring slottet, men vakta seg nøye for å komme for nær.

Ei natt drøymde han at han fann ein blodraud blom, og midt i blomen sat det ei herleg, stor perle. I draumen plukka han blomen og gjekk inn i slottet, og alt han rørte med han, blei løyst av trolldommen, og han fekk også att Jorinde. Då han vakna neste morgon, tok han til å leite i berg og dalar for å finne ein slik blom.

Han leitte og leitte, og den niande dagen fann han ein blodraud blom, og midt i blomen låg ein doggdrope så stor som ei fager perle. Han plukka blomen og gjekk dag og natt til han kom til slottet. Han gjekk heilt inntil det utan å bli til stein. Hjartet hans banka høyrleg av glede, og då han rørte ved porten med blomen, sprang porten opp. Han gjekk inn på slottsplassen og stod stille og lytta, heilt til han kunne høyre kor alle burfuglane var.

Og då han kom inn i slottssalen, sat heksa der og mata fuglane i dei sju tusen korgene. Då ho fekk auge på Joringel, blei ho arg og spydde gift og galle imot han, men ho klarte ikkje komme nær han, men laut heile tida halde seg minst to steg vekke frå han.

Joringel brydde seg ikkje om ho, men gjekk og såg etter i alle korgene. Han visste ikkje korleis han skulle kjenne att kjærasten sin. Då la han merke til at heksa lurte seg til å ta ei av korgene og ville snike seg ut døra. Kjapt sprang han etter ho og rørte både korga og ho med blomen. No var makta hennar broten, og Jorinde stod der framfor han, like fager som alltid. Han skapte no om alle dei andre fuglane til jomfruer, tok Jorinde i handa og gjekk heim, og dei levde lenge og lykkeleg i lag.

Notar til Grimm-eventyr

Rapunkelklokke (Rapunzel)

Campanula rapunculus.
Rapunkelklokke

Rapunkelklokke (Campanula rapunculus) har klokkeforma blomster i blått til purpur. I si tid blei planten dyrka vidt om i Europa for den etande rota sin del. Blada har også blitt brukt i salatar.

For mange år sidan var det ein mann og ei kvinne som lenge hadde ønskt seg eit lite barn, men som ikkje fekk det. Til slutt verka det likevel som himmelen ville oppfylle ønsket deira.

På baksida av huset var det eit lite vindauge der ein kunne sjå inn i ein herleg hage. Der inne voks dei vakraste blomar og urter ein kunne tenke seg. Rundt hagen var det ein høg mur, og ingen våga å gå dit fordi det var ei mektig heks som eigde hagen, og ho var frykta i heile landet.

Ein dag kvinna stod ved vindauget og kika ut i hagen, fekk ho auge på eit bed der det voks lilla rapunkelklokker, og dei såg så ferske ut at munnen hennar vassflaug. For kvar dag som gjekk fekk ho meir og meir lyst på dei, men sidan ho visste at ho ikkje kunne få nokon av dei likevel, mista ho interessa og humøret og tok til å sjå bleik og svak ut. Mannen blei overraska og spurde: "Kva feilar det deg, vesle kone?"

"Eg får ikkje fred før du skaffar meg nokre av dei rapunkelklokkene frå hagen", sa ho og sukka djupt.

Mannen syntest synd i ho, og om kvelden klatra han over muren inn i hagen til heksa, plukka i all hast ein handfull rapunkelklokker og slapp trygt heim til kona si att. Ho laga salat av dei med det same og forsynte seg grådig. Det smakte så godt at dagen etter hadde ho tre gongar så stor lyst på Rapunkelklokke. Skulle ho få ro over seg, laut mannen skaffe meir, "for elles døyr eg", sa ho.

"Eg kan då ikkje sjå at kona mi døyr utan å våge eitkvart for å redde ho", sa mannen med seg sjølv. Om kvelden klatra han over muren att. Men då møtte han heksa og blei redd. "Vågar du deg inn i hagen min og stel rapunkelklokker frå meg?" sa ho rasande. "Det blir dyrt for deg."

"Vis miskunn", sa mannen. "Det har seg slik at kona mi har fått slik smak på rapunkelklokke at ho seier ho døyr om ho ikkje får det."

Heksa blei formilda og sa: "Når det er slik det heng saman, skal du få plukke så mykje rapunkelklokker hos meg som du vil. Til gjengjeld bed eg berre om at du gir meg barnet som kona du skal ha. Eg skal vere mor for det, og det vil få det godt."

Mannen var så redd at han sa ja til alt, og når barnet blei født, kalla heksa ho Rapunkelklokke og tok ho med seg til huset og hagen på hi sida av gjerdet.

Då den vakre jenta blei tolv, stengde heksa ho inne i eit tårn som stod ute i skogen, og som var utan dør og trapper, med berre eit lite vindauge høgt oppe. Rapunkelklokke hadde fint langt hår som såg ut som spunne gull. Når heksa ville gjeste ho, ropte ho opp i tårnet:

"Rapunkelklokke, Rapunkelklokke, la håret falle."

Piken løyste då på fletta si og slengde ho ut over vindaugskarmen. Fletta var tolv meter lang, så heksa kunne gripe tak i ho og klatre opp og inn gjennom vindauget.

Eit par år etter rei kongesonen gjennom skogen ein dag og kom av tårnet. Han høyrde ein så fin song at han stansa og lytta. Det var Rapunkelklokke som fordreiv einsemda med å synge. Prinsen ville opp til ho, men fann ingen inngang til tårnet i skogen, så han laut fare heim att. Men kvar dag rei han tilbake inn i skogen og lytta. Ein gong han var der ute, såg han at heksa kom til tårnet, og høyrde ho seie:

"Rapunkelklokke, Rapunkelklokke, slepp ned håret ditt."

Rapunkelklokke sleppte fletta si ned, og heksa klatra opp til ho.

"Eg vil også prøve lykka slik", sa prinsen ved seg sjølv, og neste kveld gjekk han til tårnet og ropte:

"Rapunkelklokke, Rapunkelklokke, slepp ned håret ditt."

Straks kom fletta ut av vindauget, og prinsen klatra opp.

Rapunkelklokke blei redd då ho såg ein framand mann, men prinsen snakka vennleg til ho og sa at all songen hennar hadde gjort eit slikt inntrykk på han at han ikkje hadde kunna kvile før han fekk sjå ho. Ho blei raskt roa, og då han spurde om ho ville gifte seg med han, og ho såg kor vakker han var, tenkte ho: "Eg skal nok få det betre med han enn med den gamle heksa", og sa ja og rekte han handa.

"Eg vil bli med deg, sa ho", og høyr korleis du skal få meg ut. Kvar gong du kjem, bør du ta med ei silkesnor. Eg knyter saman snor etter snor, og får til sist ein sterk silkestige som er lang nok. Så klatrar eg ned til deg der du sit på hesten din." Dei blei einige om at han skulle komme kvar kveld, sidan den gamle heksa kom berre om dagen.

Heksa såg ingenting før Rapunkelklokke ein dag sa til ho utan å tenke seg om: "Høyr her, korleis kan det vere at du er så mykje tyngre å trekke opp enn den unge prinsen. Han er oppe på ein augeblink."

"Uskikkelege jente, "ropte heksa", kva er det du held på med? Eg trudde eg hadde skilt deg frå alle, og så har du likevel narra meg."

I strengt sinne greip ho håret til Rapunkelklokke, vrei det eit par gongar i handa, tok ei saks, og på ein-to-tre klipte ho det lange håret av ho. Ho var så omsynslaus at ho også gjekk med stakkars Rapunkelklokke ut i ei øydemark, der jenta fekk li mykje vondt.

Då heksa hadde fjerna Rapunkelklokke frå tårnet sitt, sette ho seg i tårnet og venta på prinsen. Om kvelden kom han og ropte:

"Rapunkelklokke, Rapunkelklokke, slepp ned håret ditt."

Håret som var klipt av jenta, kom straks ut av vindauget. Prinsen klatra opp, men fann ikkje si eiga, kjære Rapunkelklokke, men heksa, som såg vondt på han.

"Så, du ville hente kjærasten din", sa ho stritt, "men den vakre fuglen sit ikkje lenger i reiret - Rapunkelklokke har du mista."

Prinsen blei ute av seg av sorg, og i fortviling hoppa han ut av vindauget. Han slapp frå det med livet, men han fall i ein tornebusk og fekk tornar i auga. Han flakka no ganske så blind omkring i skogen, levde av røter og bær, og gret og sørgde over å ha mista kjærasten sin.

Etter nokre år kom han til øydemarka der Rapunkelklokke levde i si nød. Ho hadde fødd han tvillingar, ein gut og ei jente. Ein dag høyrde han ei stemme som verka kjent, og gjekk etter lyden. Då han kom dit, var det ho. Ho kasta seg om halsen hans og gret. To tårer fall på auga hans, og av det fekk han synet tilbake så han etter ei tid såg like godt som før.

Han tok ho og barna med til riket sitt. Der tok folket imot dei med jubel, og dei levde lykkelege saman.

Notar til Grimm-eventyr

  Innhald  


Bøker      

Grimm-eventyr ved brørne Grimm.    Seksjon     Sett    Neste

Grimm-eventyr ved brørne Grimm. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2001–2020, Tormod Kinnes. [E‑post]