NORSK DEL, GULLVEKTA

Grimm-eventyr

 13 › 1 › 31 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Grimm-eventyra
– SAMLINGA

Den gamle kona i skogen

Ei fattig tenestejente køyrde ein gong gjennom ein stor skog med familien ho tente hos. Då dei var midt inne i skogen kom det røvarar ut av krattet og drap alle dei fann. Men jenta hadde hoppa ut av vogna i frykt og gøymt seg bak eit tre, så henne fann dei ikkje. Då røvarane hadde gått vekk med byttet sitt, kom ho fram og såg dei drepne. Ho tok til å gråte bittert og sa: "Kva skal eg gjere no? Eg veit ikkje vegen ut av skogen. Her bur vel ingen. Eg er redd eg kjem til å svelte i hel."

Ho gjekk omkring og leitte etter veg, men fann ingen. Då det blei kveld, sette ho seg under eit tre. Der ville ho sitje og vente og ikkje gå vidare, same kva.

Då ho hadde sete der ei stund, kom ei kvit due flygande til henne med ein liten gullnøkkel i nebben. Dua putta nøkkelen i hande til jenta og sa: "I det store treet du ser der, er det ein liten lås. Den vesle nøkkelen opnar den låsen, og der vil du finne mat nok, så du ikkje svelt slik meir."

Så gjekk jenta til treet og opna det med låsen. Så fann ho ein mjølkerett i ein liten bolle og kvitt brød, og kunne ete seg mett. Då ho var forsynt, sa ho: "På denne tida setter hønene heime seg på vaglet for natta. Eg er så trøytt at eg kunne sove, eg også."

Då kom dua flygande tilbake til henne med ein annan gullnøkkel i nebben og sa: "Opne det treet der, så finn du ei seng."

Jenta opna treet med nøkkelen og fann ein fin, mjuk seng. Så bad ho kveldsbøn og la seg til å sove. Om morgonen kom dua for tredje gong, og atter hadde ho ein liten nøkkel og sa: "Opne det treet der, så finn du klede."

Jenta opna treet, og fann klede som var prydt med gull og edelsteinar, og var vakrare enn noka kongsdotter sine, meinte ho. Så budde ho der ei stund, og dua kom kvar dag og gav henne alt ho trengde. Det var eit roleg, godt liv.

Men ein dag kom dua og sa: "Vil du gjere noko for meg?"

"Ja, svært gjerne," sa jenta.

Då sa dua, "Eg vil føre deg til eit lite hus. Gå inn der. Ved eldstaden sit ei gammal kone som kjem til å seie "God dag". Men du skal ikkje svare henne, for alt i livet. La henne gjere som ho vil. men pass på å gå forbi henne på høgre sida hennar, for så finn du ei dør. Den skal du opne. Så går du inn i eit rom der det er mange slags blanke ringar. Nokre er praktfulle og strålande, men du skal ikkje ta nokon av dei. I staden skal du finne fram ein enkel ring der mellom dei. Ta den enkle ringen hit til meg så fort du kan."

Jenta gjekk til huset og kom til døra. Innafor sat ei gammal kone ved eldstaden, og ho stirde på jenta då ho såg henne, og sa "God dag, barnet mitt."

Jenta svara henne ikkje, og opna døra som dua hadde bedt henne fine.

"Kor skal du hen?" ropte den gamle kona og greip kappa hennar for å halde henne fast, og sa, "Dette err huset mitt, og ingen kan gå inn dit om eg ikkje gir løyve til det."

Men jenta sa ikkje noko, kom seg vekk frå henne, og gjekk rett inn i rommet. På bordet der låg uhorveleg mange ringar. Somme glitra og funkla for auga hennar. Ho endevende haugen for å finne den enkle ringen, men kunne ikkje finne den.

Mens ho leita, såg ho at den gamle kona ville snike seg vekk med eit bur i handa. I buret var ein fugl. Jenta gjekk etter kona og tok buret ut av handa hennar, og då ho lyfte det opp og såg inn i det, var det ein fugl i buret, og den hadde den enkle ringen i nebben.

Så tok jenta ringen og sprang fornøgd heim med den, og trudde den kvite dua ville kome etter ringen med det same, men det hende ikkje. Ho lena ho seg mot eit tre for å vente på dua, og som ho stod der, var det som om treet var mjukt og smidig og senka greinene sine. Og med eitt tvinna greinene seg rundt henne og var to armar, og då ho såg seg om, var treet ein vakker mann som omfamna henne hjarteleg og kyste henne og sa: "Du har forløyst meg og gjort meg fri frå makta til den gamle kona, som er ei vond heks. Ho hadde omskapt meg til eit tre. Men i to timar kvar dag var eg ei kvit due. Så lenge ho hadde ringen, kunne eg ikkje få att menneskeforma mi."

No blei tenarane og hestane hans også sette fri frå fortrollinga. Dei hadde blitt forvandla til tre som stod ved sida av han. Mannen tok jenta med til riket sitt, for han var kongsson, og dei gifte seg og levde lykkeleg.

TO TOP

Kjempa og skreddaren

Ein skreddar som var fæl til å skryte men dårleg til å gjennomføre ting, fekk for seg å dra utalands ei tid og sjå seg om i verda. Så snart han kunne, forlét han verkstaden sin og vandra i veg over bakke og dal, no her, no der, men alltid vidare.

Ein gong han gjekk i det fri, såg han ein bratt ås som blåna lenger vekke, og bak den eit skyhøgt tårn som reiste seg opp frå den ville, mørke skogen.

"Lyn og tore!" ropte skreddaren. "Kva er det der?" Og sia han var nyfiken av natur, gjekk han frimodig mot tårnet. Men då han kom nærare, laut han både gape og stire, for tårnet hadde føter og hoppa i eitt hopp over åsen, og no stod det framfor han og viste seg å vere ei mektig kjempe.

"Kva vil du her, vesle flugebein?" ropte kjempa med ei stemme som rumla og dundra mot skreddaren frå alle kantar.

Skreddaren kviskra: "Eg vil sjå om eg kan tene til litt brød her i skogen."

"Om det er det du er ute etter, "sa kjempa, "kan du få tene hos meg."

"Om så skal vere, så korfor ikkje?" Men kva blir lønna mi?" sa skreddaren.

"Kva får du i løn?" sa kjempa. "Kvart år tre hundre og sekstifem dagar, og dersom det er skotår får du ein dag til. Passar det deg?"

"Greitt," sa skreddaren, men tenkte med seg sjølv: "ein lyt skjere til kappa etter det tøyet ein har. Eg vil prøve å kome meg vekk så fort eg kan."

No sa kjempa: "Gå, vesle krabat, og hente meg ei mugge med vatn."

"Burde eg ikkje heller hente brønnen og kjelda til den?" spurde skrythalsen mens han gjekk med muggen til vatnet.

"Kva? Brønnen og brønnkjelda?" brumma kjempa i skjegget. Ho var dum og tok til å bli redd. "Den fyren kan gjere meir enn å bake eple. Det bur ein trollmann i den kroppen. Ver på vakt, gamle Hans, for dette ikkje nokon tenar for deg."

Då skreddaren hadde kome med vatn, baud kjempa han gå og hogge eit par vedstykke i skogen og kome med dei.

"Korfor ikkje heile skogen med eitt slag, heile skogen, med unge og gamle tre, med alt som er der, både grovt og glatt?" spurde skreddaren, og gjekk for å hogge noko ved.

"Kva? Heile skogen med unge og gamle tre, med alt som er der, både grovt og glatt, og brønnen og kjelda?" brumma den godtruande kjempa i skjegget og frykta enda meir. "Fyren kan meir enn å bake eple. Det bur ein trollmann i den kroppen. Ver på vakt, gamle Hans, for dette ikkje nokon tenar for deg."

Då skreddaren hadde kome med veden, la kjempa på han å skyte to eller tre villsvin til middag.

"Korfor ikkje heller tusen med eitt skot, og bringe dei alle hit?" spurde den brautande skreddaren.

"Kva?" utbraut kjempa og blei enda reddare. "La det vere i kveld. Legg deg og sov, du."

Kjempa var så skremt at ho ikkje fekk blund for auga heile natta; ho låg og tenkte fram og tilbake på korleis ho best skulle bli kvitt denne farlege trollmannen av ein tener. Men timane med nattevaking gjorde ikkje kjempa visare.

Neste morgon gjekk kjempa og skreddaren til ei myr. Rundt myra stod ei rekkje piletre. Då fekk kjempa ein idé: "Høyr, skreddar, sett deg på ei pilegrein, for eg vil sjå om du kan bøye den ned."

Skreddaren sette seg på ei pilegrein, greip tak i nokre greiner nedafor seg, og så bøygde greina seg. Men då han sleppte taket i ei av dei andre greinene for å klatre ned att, blei han slyngt så høgt i vêret at ein ikkje kunne sjå han lenger, til stor glede for kjempa.

Dersom han ikkje har falle ned att, svever han kanskje oppi lufta enno.

Grimm-eventyra– 
SAMLINGA
Grimm-eventyra- SLUTTBOLK

Grimm-eventyra- LITTERATUR  

Grimm-eventyra- OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Grimm-eventyr BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2001–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]