Gullvekta
Grimm-eventyr  ❀ 12
Seksjon › 37   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Bonden i himmelen

Det var ein gong ein fattig bonde som var svært gudeleg, blei sjuk og døydde. Då han kom til himmelporten, kom det til same tid ein svært rik mann og ville inn i himmelen, han også. Sante-Per kom med nøkkelen sin og lukka opp for den rike mannen, men såg slett ikkje bonden: Han fekk stå utanfor og høyre korleis den andre blei tatt imot med fryd og glede til lyden av storveges song og ompa-ompa-musikk der inne.

Litt etter blei det stilt. Så kom Sante-Per attende og lukka inn bonden. Bonden tenkte at det ville bli sunge like herleg som for den rike, men det kom ikkje så mykje som ein tone. Ganske visst kom englar og helste vennleg på han og baud han velkommen, men synge gjorde ingen. Han spurde no Sante-Per korleis det kunne ha seg. "Det går nok like så urettvist til i himmelen som på jorda", sa han.

"Nei", svarte Sante-Per, "vi held like mykje av deg som av han. Men, ser du, fattige bønder som deg kjem hit kvar dag, mens det kan gå hundre år utan at det kjem ein einaste rik mann."

Notar til Grimm-eventyr

Den kloke bondejenta

Det var ein gong ein fattig bonde som ikkje eigde noko jord, og berre hadde eit ganske lite hus. "Vi skal be kongen om eit stykke jord på heia", sa han til den einaste dottera si, og då kongen fekk høyre kor fattige dei var, gav han dei eit lite stykke jord. Det grov og hakka dei i for å så korn og slikt der.

Då dei var nesten ferdige, fann dei ein mortar [1] av reint gull i jorda. "Det er best vi gir det til kongen, sidan han var så nådig å gi oss jordstykket", sa mannen.

Men dottera syntest ikkje om det. "Tei heller stilt", sa ho. "Vi har jo ingen støytar [2] til mortaren, og gir du mortaren til kongen, så vil han at vi skal gi han støytaren også."

Men faren brydde seg ikkje om det ho sa. Han gjekk til kongen med gullmortaren og sa: "Eg fann han i jorda som De gav oss" og ville gi det til kongen. Kongen spurde om dei ikkje hadde funne meir, og då bonden sa nei, forlangte kongen at bonden og dottera skulle skaffe han støytaren også.

Bonden sa at den hadde dei ikkje funne, men det var som å tale for døve øyre; han blei kasta i fengsel og skulle sitte der til han hadde skaffa støytaren. Tenarene måtte kvar dag komme med vatn og brød til han - det var jo den maten folk fekk i fengsel - og dei høyrde at mannen stadig ropte: "Hadde eg berre følgt rådet frå dottera mi! Hadde eg berre gjort det!"

Dei gjekk til kongen og sa at mannen verken ville ete eller drikke, men heile tida ropte: "Hadde eg berre følgt rådet frå dottera mi!"

Konge sa dei skulle føre fangen framfor han, og spurde korfor han stadig ropte slik.

"Ho sa at eg ikkje skulle gå hit med mortaren, for i så fall ville eg bli nøydt til å skaffe støytaren også", svarte han.

"Har du slik ei klok dotter, så la ho komme hit", sa kongen.

Ho måtte no komme til slottet, og kongen sa til ho at han ville prøve om ho verkeleg var så klok. Han ville gi ho ei gåte, og kunne ho løyse gåta, ville han gifte seg med ho.

Bondejenta meinte ho skulle nok klare å løyse gåta hans.

Kongen sa då: "Kom til meg, ikkje kledt, ikkje naken, ikkje ridande, ikkje køyrande, ikkje på vegen og ikkje utanfor vegen. Kan du det, vil eg gifte meg med deg."

Ho kledde no heilt av seg så ho ikkje var påkledt, vikla eit stort fiskegarn omkring seg så ho ikkje var heilt naken, lånte eit esel og batt garnet fast til eselhalen og let det slepe ho av stad så ho verken rei eller køyrde. Eselet måtte slepe ho i hjulsporet slik at ho berre rørte bakken med stortåa - så var ho ikkje på vegen eller utanfor vegen.

Då kongen såg ho komme slik, sa han at ho hadde klart oppgåva i gåta. Han sleppte no bonden ut av fengselet, gifta seg med dottera og let ho ta seg av alt dei eigde.

Så gjekk det nokre år. Ein gong samla kongen troppane til parade. Dei skulle stå oppstilt og bli inspiserte, og marsjere mens han fekk sjå korleis det tok seg ut. Då fall det seg slik at nokre bønder som hadde vore og selt ved, stogga med vognene sine utanfor slottet. Nokre av vognene hadde oksar til å trekke seg, og andre hadde hestar framfor seg. Ein av bøndene hadde tre hestar. Ei av dei, ei hoppe, fekk føl framfor slottet. Følet kom seg på beina og stavra seg bort til to oksar som var spent for ei vogn, og la seg ned mellom dei. Bøndene tok til å skrike opp over kven sitt føl det var, og snart slo dei laus på kvarandre over det. Bonden med oksane ville behalde følet, og sa at dyret hans hadde født det. Men den andre sa nei, det var hoppa hans som hadde født følet, og det var hans.

Kongen fekk vite om kampen om følet, og dømde at følet skulle bli der det hadde lege. Slik blei det gitt til den bonden som ikkje hadde rett til det. Den andre bonen gjekk gråtande sin veg. Men han hadde høyrt at dronninga var så mild og god fordi ho sjølv var kommen av fattigfolk, og han gjekk no og bad ho om ho ikkje ville hjelpe han å få følet sitt attende.

"Om du vil love at du ikkje seier kven som har hjelpt deg, skal eg gjere det", sa ho. "I morgon tidleg, når kongen drar på vaktparade, skal du stille deg midt i vegen og ta eit stort fiskegarn, late som du fiskar og får garnet fullt av fisk og ristar dei ut." Ho sa også kva han skulle svare når kongen tala til han.

Bonden stilte seg så opp neste dag og fiska på tørt land. Kongen kom forbi, og då han såg mannen, fekk han nokon til å springe bort til mannen og spørje kva for dumskapar bonden heldt på med.

"Eg fiskar", svarte bonden.

Mannen som hadde sprunge til han, spurde korleis han kunne fiske der der ikkje var vatn. "Eg kan fiske på tørt land like så vel som to oksar kan få føl", svarte bonden. Då sendebodet bringa svaret til kongen, kalla han på bonden og gav han ordre om straks å seie kven som hadde lært han slikt fiske og slikt eit svar, for det hadde ikkje bonden sjølv funne på, meinte kongen. Men bonden ville ikkje ut med det. Han blei no kasta på ein haug med strå, og dei slo og pinte han så lenge at han tilstod: "Det var dronninga."

Då kongen kom heim, sa han til kona si: "Korfor svik du meg slik? Eg vil ikkje vere gift med deg meir. Gå heim att til bondehytta." Han gav ho likevel lov til å ta det med seg det ho heldt mest av, som avskilsgåve.

"Ja, kjære mannen min, eg skal gjere det du legg på meg", sa ho og kyste han farvel. Ho let no hente ein sterk sovedrikk for å drikke eit avskilsbeger med han. Kongen tok ein drabeleg slurk, mens ho sjølv berre nippa litt. Han fall snart i djup søvn. Då ho såg det, kalla ho på ein av tenarane, sveipa kongen inn i eit kvitt laken og baud tenaren bere han ned i vogna som stod og venta utanfor. Ho køyrde så heim til hytta med han la han i senga si.

Han sov godt i eit heilt døgn i trekk. Då han vakna, reiste han seg opp og såg seg omkring utan å kunne fatte kor han var. "Himmel! Kor er eg?" jamra han, og kalla på tenarane sine, men det kom ingen. Til sist kom kona hans inn til han og sa: "Du gav meg lov til å ta med heim det som eg heldt mest av, og du er det kjæraste i verda for meg. Derfor tok eg med deg."

Kongen fekk tårer i auga: "Vi skal alltid vere saman", sa han. Dei vende attende til slottet. Der gifta han seg med ho om att, og er dei ikkje daude, lever dei enno.

Ord

  1. mortar: kar av hardt materiale til å pulverisere faste stoff i med ein støytar.
  2. støytar: stav eller liknande til å støyte stoff med nedi ein mortar.

Notar til Grimm-eventyr

  Innhald  


Bøker      

Grimm-eventyr ved brørne Grimm.    Seksjon     Sett    Neste

Grimm-eventyr ved brørne Grimm. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2001–2020, Tormod Kinnes. [E‑post]