![]() |
Grimm-eventyr | ||||||||||||||||||||||||||
|
Fanden og bestemora hansEIN GONG var det krig i landet. Kongen hadde mange soldatar, men han gav dei ikkje så mykje løn at dei kunne leve av det. Tre av dei blei då samde om å reise bort saman. "Dersom dei finn oss, blir vi klynga opp i eit tre," sa den eine, "korleis skal vi eigentleg bere oss åt?" "Kan de sjå den marka der borte?" sa den andre. "Når vi gøymer oss der, er der ikkje eit menneske som kan finne oss. Soldatane tør ikkje gå dit inn, og i morgon dreg hæren vidare." Dei kraup så inn i kornet, men hæren blei liggjande ganske roleg rundt om. To heile døgn sat dei inne på marka. Dei var halvdaude av svolt, men dei torde ikkje kome fram, for så hadde døden vore viss for dei. "Kva kan det no nytte oss at vi har sleppt unna," sa ein av dei, "vi må likevel døy ynkeleg her."
Då kom ein elddrake flygande, dalte ned og spurde korfor dei hadde gøymt seg der. "Vi er soldatar som har sprunge vekk fordi vi fekk så knapp løn," svara den eine, "men no døyr vi av svolt om vi blir her, og går vi fram, kjem vi til å dingle i galgen." "Vil de tene meg i sju år," sa draken, "så skal eg føre dykk midt gjennom hæren utan at nokon får tak i dykk." "Her er ikkje noko val, vi er nøydt til å seie ja," svara soldatane. Draken greip dei då i klørne sine, førde dei gjennom lufta, over hæren, og sette dei ned att langt borte frå den. Men draken var ingen annan enn fanden. Han gav dei ein liten pisk kvar og sa: "Når de slår eit knall med den, kan de få så mange pengar de vil ha. De kan leve som fine herrar, halde hest og vogn, men etter sju år er de mine." No laut alle tre skrive namnet sitt i ei bok. "Eg vil først gi dykk ei gåte>," sa fanden, "og dersom de kan gisse den, skal de bli dykkar eigne herrar att." Draken flaug no bort att, og dei reiste av stad med piskane sine, og hadde fullt opp av pengar. Dei kjøpte seg kostbare klede, og kor dei kom, levde dei i fryd og glede, køyrde i deira eiga vogn, åt og drakk, men gjorde ikkje noko vondt. Tida gjekk fort for dei, og då dei sju åra nesten var gåtte, blei to av dei fælande redde, men den tredje tok saka lett og sa: "Ver ikkje redde. Eg er ikkje tapt bak ei vogn, eg skal nok gisse den gåta." Dei sette seg ute på marka, og dei to hang rett nok med nebben. Mens dei sat der, kom ei gammal kone gåande forbi og spurde kva som var i vegen med dei. "Kva kan det nytte å fortelje Dykk det, De kan jo likevel ikkje hjelpe oss," sa dei. "Kven veit," svara ho, "tru sorga dykkar til meg." Dei fortalde ho no at dei i omtrent sju år hadde tent fanden. Dei hadde hatt fullt opp av pengar, men til gjengjeld hadde dei forskreve seg til han, og var no hans med hud og hår dersom dei ikkje kunne gisse ei gåte. "Dersom eg skal kunne hjelpe dykk, må ein av dykk gå ut i skogen." sa den gamle. "Der kjem han til ein samanstyrta bergvegg som ser ut som eit lite hus. Der skal han gå inn, så vil han bli hjelpt." "Det vil så menn ikkje nytte noko," tenkte dei to trist og blei sitjande der ute, men den tredje reiste seg og gjekk inn i skogen til han kom til klippehytta. Der inne sat ei eldgammal kone. Det var fandens bestemor, og ho spurde kor han kom frå og kva han ville her. Han fortalde ho alt som var hendt, og då ho syntest godt om han, fekk ho vondt av han og sa at ho ville hjelpe han. Ho lyfta opp ein stor stein og sa: "Kryp ned i kjellaren her, så kan du høyre alt som blir sagt her oppe. Ligg ganske stille, utan å røre deg. Når draken kjem, vil eg spørje han om gåta, og meg fortel han allting. Legg så merke til kva han svarar." Ved midnatt kom draken og ville ha mat. Bestemora dekte bordet og sette fram mat og drikke, og dei åt og drakk ganske fornøgde. Mens dei talte saman, spurde ho korleis dagen hadde gått, og kor mange sjeler han hadde fått fatt på. "I dag har eg ikkje rett mykje hell med meg," svara han, "men eg får fatt i tre soldatar." "Soldatar," sa den gamle, "det er nokre eigne fyrar. Dei kan så menn sleppe frå deg enno." "Nei, det kan dei ikkje," svara fanden, "for eg gir dei ein gåte som dei aldri kan gisse." "Kva er den dåen for ein?" spurde ho. "Det skal eg så menn seie deg," svara han, "eg spør dei kva for ei steik dei får her, og så skal dei svare at ute i Nordhavet ligg det ein død havkatt, eit kvalfiskribbein skal dei bruke som skei, og ein gammal, hol hestehov som glas." Då fanden var gått i seng, lyfta den gamle bestemora opp steinen, og soldaten kravla fram. "Har du forstått alt saman?" spurde ho. "Ja, no skal eg nok klare meg," svara han. Han måtte no kravle ut gjennom vindauget og skunde seg ein annan veg heim til kameratane sine. Han fortalde dei no korleis fanden var blitt narra av den gamle bestemora si, slik at han no visste løysinga på gåta. Då blei dei glade, alle saman, tok piskane fram og knalla med dei så pengane sprang og hoppa på jorda. Då dei sju åra var over, kom fanden med boka, viste dei underskriftene deira og sa: "No vil eg ta dykk med til helvete, og der skal de få noko å ete. Kan de gisse kva for ei steik de får, så skal de vere fri, og attpåtil få lov til å behalde piskane." "Ute i Nordhavet ligg ein død havkatt, det er vel den vi skal ha," sa den første. Fanden kremta tvert, og spurde den andre: "Kva for ei skei skal de ete med?" "Eit kvalribbein," svara den andre. Fanden skar nokre leie grimasar og brumma argt: "Veit dei også kva de skal drikke av?" spurde han den tredje. "Vi skal bruke ein gammal, uthola hestehov til vinglas," svara den tredje.
Fanden flaug skrikande av stad, for no hadde han ikkje meir makt over dei. Soldatane behaldt piskane, knalla fram så mange pengar som dei lysta, og levde fornøgde og glade til dei døydde.
SpelehansDET VAR ein gong ein mann som ikkje gjorde anna enn å spele, og derfor kalla folk han Spelehans. Til sist hadde han sett huset sitt og alt han åtte over styr. Like før kreditorane skulle kome for å ta huset hans, kom Skaparen i lag med vennen Samba og bad om å få bli der om natta. " "For min del gjerne," sa Spelehans, "men eg kan ikkje gi dykk noka seng, og eg har heller ingen mat til dykk." Men Skaparen sa at når dei berre fekk bli der, skulle dei nok sjølve kjøpe seg mat, og det hadde Spelehans ikkje noko imot. Samba gav han såg ei mark og sa han skulle gå bort til bakaren og kjøpe brød. Og Spelehans gjekk, men då han kom til det huset der dei andre spelefuglane sat, dei som hadde vunne alt frå han, kalla dei på han: "Kom inn hit, Hans," ropte dei. "Ja, det ville dei like," sa han, "dei vil vinne også denne marka frå meg." Men dei lét han ikkje sleppe, og til sist gjekk han då dit inn og spela vekk pengane. Skaparen og Samba venta og venta, men då det varte så lenge, gjekk dei ut for å møte han. Då dei trefte han, lét han som han hadde mista pengane og leita etter dei over alt, men Skaparen visste godt at han hadde spela dei vekk. Samba gav han ei mark igjen, og denne gongen motstod Spelehans freistinga og bringa dei brødet. Skaparen spurde han no om han ikkje hadde geitemjølk, men Spelehans svara at alle byttene var tomme. Skaparen påla han då å gå ned i kjellaren. "Der står den gildaste geitemjølka ein kan få," sa han. Spelehans ville først ikkje tru det, men til sist sa han: "Eg kan jo gjerne gå ned dit, men eg veit der ikkje er noko." Men då han tok av næraste byttelokket, var det gild geitemjølk i bytta. Hans bringa den opp til dei to, og dei blei der om natta. Neste morgon sa Skaparen til Spelehans at han fekk ønskje seg tre ting. Skaparen tenkte at han ville ønskje å kome i himmelen, men Hans bad om ein kortstokk han støtt vann med, eit tre som støtt bar frukt, og at den som hadde krope opp i det, ikkje kunne kome ned att før Hans gav ordre til det. Skaparen gav han dei tre ønska, og gjekk sin veg att med Samba. Spelehans tok no til å spele stort, og vann snart halve verda. "Det går verkeleg ikkje an," sa Samba til Skaparen, "han vinn jo til sist heila verda. Vi sender dauden til han," og det gjorde dei.
Då den kom, sat Hans ved spelebordet. Dauden sa til han: "Kom med utafor ein augeblink." "Vent litt til spelet er ferdig," sa Hans, "Imens kan du klatre opp i det treet og plukke litt frukt til oss, så eg har noko å knaske på vegen." Døden klatra opp i treet, men kunne ikkje kome ned att. Spelehans lét den sitje der oppe i sju år, og i den tida døydde det ikkje eit einaste menneske. Då sa Samba til Skaparen: "Dette går ikkje. Det døyr jo ikkje eit einaste menneske. Vi må sjølve dit ned." Dei gjekk ned til jorda og gav Hans beskjed om sleppe døden fri. Hans gjekk straks ut til treet og sa: "Kom ned." Då døden kom ned, dreidde den straks halsen om på han. Dei heldt dernest følgje til hi sida, og Spelehans kom til himmelporten og banka på. "Kven er det?" "Spelehans." "Han har vi ikkje bruk for, gå din veg." Så gjekk han til skjærselden og banka på porten. "Kven er det?" "Spelehans." "Her er så menn nok jammer og nød, vi har ikkje lyst til å spele. Gå din veg." Han gjekk såg til helvete, og der kom han inn. Det var ikkje andre heime enn gamle Lucifer og forkrøpla djevlar, - dei friske hadde nok å gjere oppe på jorda. Hans sette seg så ned og gav seg til å spele med hinmannen. Men han hadde ikkje anna å spele om enn dei forkrøpla djevlane, og Hans vann dei alle saman, for han hadde dei korta som han støtt vann med. Han flaug så med djevlane sine opp til jorda og henta nokre humlestenger, og fór opp til himmelen og gav seg til at slå laus på den. Den knaka og braka, og Samba sa til Vårherre: "Det går ikkje, vi må la han kome inn, elles jagar han oss ut av himmelen." Dei lét han sleppe inn. Spelehans gav seg straks til å spele kort, og det blei slikt eit spetakkel at ein ikkje kunne høyre kva ein sjølv sa. Då sa Samba: "Det går likevel ikkje. Vi lyt kaste han ut att, elles bringar han heile himmelen i opprør. No greip den han og kasta han på porten, og sjela hans reiv dei i stumpar og stykke, og dei bitane fór inn i alle dei spelefuglane som lever enno. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20012009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||||||