Gullvekta
Grimm-eventyr  ❀ 16
Seksjon › 37   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Den fattige møllarguten og katten

I ei mølle budde ein gong ein møllar som verken hadde kone eller barn. Han hadde tre møllarsveinar i teneste, og då dei hadde vore nokre år hos han, sa han til dei: "No er eg gammal og vil sette meg borti kakkelomnkroken og kvile etter alt arbeidet. Dra ut i verda. Den av dykk som kjem med den beste hesten til meg, skal få mølla, men då skal han til gjengjeld pleie meg til eg døyr."

Den tredje møllarsveinen var ikkje utlærd enno. Dei to andre sveinane heldt han for ein stor tosk, og unnte han ikkje mølla. Derfor brydde han seg ikkje noko særlig om å få ho heller. Dei drog no alle tre av stad saman. Då dei kom utanfor landsbyen, sa dei til Hans: "Du kan bli her. Du skaffar deg likevel ikkje nokon hest så lenge du lever."

Men Hans gjekk vidare i lag med dei likevel. Om kvelden kom dei til ei hole, og der la dei seg til å sove. Dei to andre venta til Hans hadde sovna, så stod dei opp og gjekk sin veg og let Hans ligge aleine, og tykte dei var lure. Men det gjekk likevel ikkje så veldig godt med dei. Då sola stod opp, og Hans vakna, låg han aleine i den mørke hola. Han såg seg om og ropte: "Kor er eg hen?"

Så stod han opp, kravla ut av hola, gjekk inn i skogen og tenkte: "No er eg ganske aleine og forlaten her. Korleis skal eg då klare å skaffe meg ein hest?"

Han gjekk vidare med desse triste tankane til han møtte ei mangefarga kjette. Ho sa vennleg: "Kor skal du hen, Hans."

"Du kan sikkert ikkje hjelpe meg om eg seier det", sa guten.

"Eg veit godt kva som er i vegen", sa katten. "Du vil ha ein storarta hest. Kom med meg og ten meg i sju år, så skal eg gi deg ein som du aldri har sett maken til."

"Denne katten er jammen eit vedunder!" tenkte Hans. "Eg har lyst til å sjå om det er sant som kattepus seier."

Han følgde katten til eit fortrylt slott der alle tenarane var kattar. Dei sprang smidig oppetter og nedetter trappene og var glade og i godt humør. Då det blei tid for kveldsmat, spela tre av dei attåt måltidet. Den eine spela bass, den andre fele, og den tredje bles på trompet så kinna bula ut. Då dei hadde ete, blei borda rydda vekk, og kjetta sa: "Kom og dans med meg, Hans."

"Nei, å danse med ein kattepus har eg enno aldri gjort."

"La han komme i seng", sa då katten til ein tenar. Tenarar viste Hans inn i sovekammeret som han skulle ha. Ein av dei tok av han skorne, og ein annan strømpene hans, og så bles dei ut lyset. Om morgonen kom dei att og hjelpte han med å kle seg. Ein av dei tok på han strømpene, ein annan batt strømpebandet hans, ein annan henta skorne hans, ein vaska han og ein tørka fjeset hans med halen sin.

"Dette er behageleg", sa Hans. Men han fekk også arbeid å gjere. Kvar dag hogg han ved til brensel. Han fekk ei øks, ein kile og ei sag av sølv og ei klubbe av kopar. Han hogg altså ved og fekk god mat og drikke der i huset, men såg aldri anna enn den brokete katten og tenarane hennar.

Ein dag sa ho til han: "Gå til enga mi og slå graset der, og sjå til at det blir tørt." Så fekk han ein ljå av sølv og ein slipestein av gull. Når han blei ferdig med slåtten, skulle han levere alt saman tilbake til ho.

Hans slo og tørka graset på enga, og til sist bar han ljåen, brynet og høyet heim til pus. Samtidig spurde han om tida var kommen til at han fekk lønna ho hadde lovd han første gongen dei møttest.

"Du skal gjere ein ting til", sa kjett. "Her er bygningstømmer av sølv, økser, vinkeljern og alt du treng, alt saman av sølv. Bygg no eit lite hus til meg."

Hans bygde huset. Då han var ferdig, var dei sju åra gått. Det verka som berre eit halvår, men no var tida kommen til å få hesten som avtalt. Hokatten spurde om han ville sjå hestane hennar, og det ville Hans gjerne. Så lét ho opp døra til det vesle huset han hadde bygt, og der inne stod tolv hestar. Dei var så vene og blanke at hjartet hoppa i brystet på han. Han fekk noko å ete og drikke. Katta sa: "No kan du berre dra heim, men du får ikkje med deg hesten straks. Eg kjem med han om tre dagar."

Ho viste han vegen til mølla, og så tok Hans av stad i dei same kleda han gjekk i støtt. Han hadde ikkje fått nye klede, men laut gå i den skitne, fillete gamle frakken sin han hadde hatt på då han kom. På dei sju åra hadde han også vakse ut av han.

Dei to andre møllarsveinane var alt komne heim, og dei hadde med seg kvar sin hest, men den eine hesten var blind og den andre halt. "Kor er hesten din?" spurde dei.

"Han kjem etter", svarte han, men då lo dei godt av han: "Kor skal du få ein hest frå, dumme Hans?" sa dei. "Det blir visst ein rar ein."

Hans gjekk inn i stova, men møllaren ville ikkje ha at han skulle sette seg bort til bords, for han var så fillete og riven at det ville vere ei skam i tilfelle det kom nokon, så Hans laut nøye seg med ein liten matbit utanfor stova. Då dei skulle i seng om kvelden, ville dei to andre ikkje gi han plass. Hans laut krype inn i gåsehuset og legge seg på halmen der.

Då han vakna neste morgon, var dei tre dagane gått. Ei vogn kom køyrande. Framfor vogna var seks praktfulle hestar. Ein tenar kom bakom med ein sjuande hest til den fattige møllardrengen. Ut av vogna steig ei herleg kongsdotter, og det var ingen anna enn den brokete kjetta som Hans hadde tent i sju år. Ho spurde møllaren kor møllardrengen var.

"Han ligg ute i gåsehuset", svarte han. "Han var så fillete at vi ikkje kunne ta han inn hit."

Kongsdottera sa at dei skulle hente han med det same, og då dei kom ut med han, heldt han fillene sine saman så godt han makta. Tenarane tok no fram nokre gilde klede, vaska han og kledde på han. Då dei var ferdige, var så fin som nokon konge.

No ville kongsdottera sjå hestane som dei to andre lærlingane hadde fått tak og og bringa med seg til mølla, den blinde og den halte. Så lét ho tenarane hente den sjuande hesten ho hadde med, og møllaren sa at ein så gild hest hadde han aldri hatt til gards. "Det er hesten til den tredje møllarsveien," sa ho.

"Så skal han ha mølla", sa møllaren.

Men kongsdottera sa til han at han fekk gjerne behalde hesten og mølla attpå. Så sette ho seg opp i vogna saman med trufaste Hans. Dei køyrde til det vesle huset som han hadde lagd med verktøyet av sølv. Det var blitt til eit stort slott der alt var av sølv og gull. Så heldt dei bryllaup, og dei var så rike, så rike at dei hadde nok for heile livet. Så ingen skal seie at den som blir kalla dum, ikkje kan bli til noko.

Notar til Grimm-eventyr

Den gamle kona i skogen

Ei fattig tenestejente køyrde ein gong gjennom ein stor skog med familien ho tente hos. Då dei var midt inne i skogen kom det røvarar ut av krattet og drap alle dei fann. Men jenta hadde hoppa ut av vogna i frykt og gøymt seg bak eit tre, så ho fann dei ikkje. Då røvarane hadde gått vekk med byttet sitt, kom ho fram og såg dei drepne. Ho tok til å gråte bittert og sa: "Kva skal eg gjere no? Eg veit ikkje vegen ut av skogen. Her bur vel ingen. Eg er redd eg kjem til å svelte i hel."

Ho gjekk omkring og leita etter veg, men fann ingen. Då det blei kveld, sette ho seg under eit tre. Der ville ho sitte og vente og ikkje gå vidare, same kva.

Då ho hadde sete der ei stund, kom ei kvit due flygande til ho med ein liten gullnøkkel i nebben. Dua putta nøkkelen i hande til jenta og sa: "I det store treet du ser der, er det ein liten lås. Den vesle nøkkelen opnar den låsen, og der vil du finne mat nok, så du ikkje svelt slik meir."

Så gjekk jenta til treet og opna det med låsen. Så fann ho ein mjølkerett i ein liten bolle og kvitt brød, og kunne ete seg mett. Då ho var forsynt, sa ho: "På denne tida set hønene heime seg på vaglet for natta. Eg er så trøytt at eg kunne sove, eg også."

Då kom dua flygande tilbake til ho med ein annan gullnøkkel i nebben og sa: "Opne det treet der, så finn du ei seng."

Jenta opna treet med nøkkelen og fann ein fin, mjuk seng. Så bad ho kveldsbøn og la seg til å sove. Om morgonen kom dua for tredje gong, og atter hadde ho ein liten nøkkel og sa: "Opne det treet der, så finn du klede."

Jenta opna treet, og fann klede som var prydt med gull og edelsteinar, og var vakrare enn noka kongsdotter sine, meinte ho. Så budde ho der ei stund, og dua kom kvar dag og gav ho alt ho trengde. Det var eit roleg, godt liv.

Men ein dag kom dua og sa: "Vil du gjere noko for meg?"

"Ja, gjerne", sa jenta.

Då sa dua, "Eg vil føre deg til eit lite hus. Gå inn der. Ved eldstaden sit ei gammal kone som kjem til å seie "God dag". Men du skal ikkje svare ho, for alt i livet. La ho gjere som ho vil, men pass på å gå forbi ho på høgre sida hennar, for så finn du ei dør. Den skal du opne. Så går du inn i eit rom der det er mange slags blanke ringar. Nokre er praktfulle og strålande, men du skal ikkje ta nokon av dei. I staden skal du finne fram ein enkel ring der mellom dei. Ta den enkle ringen hit til meg så fort du kan."

Jenta gjekk til huset og kom til døra. Innanfor sat ei gammal kone ved eldstaden, og ho stirde på jenta då ho såg ho, og sa "God dag, barnet mitt."

Jenta svarte ho ikkje, og opna døra som dua hadde bedt ho finne.

"Kor skal du hen?" ropte den gamle kona og greip kappa hennar for å halde ho fast, og sa: "Dette er huset mitt! Ingen kan gå inn dit om eg ikkje gir løyve til det."

Men jenta sa ikkje noko, kom seg vekk frå ho, og gjekk rett inn i rommet. På bordet der låg uhorveleg mange ringar. Somme glitra og funkla for auga hennar. Ho endevende haugen for å finne den enkle ringen, men kunne ikkje finne han.

Mens ho leita, såg ho at den gamle kona ville snike seg vekk med eit bur i handa. I buret var ein fugl. Jenta gjekk etter kona og tok buret ut av handa hennar, og då ho lyfte det opp og såg inn i det, var det ein fugl i buret, og fuglen hadde den enkle ringen i nebben.

Så tok jenta ringen og sprang fornøgd heim med den, og trudde den kvite dua ville komme etter ringen med det same, men det hende ikkje. Ho lena ho seg mot eit tre for å vente på dua, og som ho stod der, var det som om treet var mjukt og smidig og senka greinene sine. Og med eitt tvinna greinene seg rundt ho og var to armar, og då ho såg seg om, var treet ein vakker mann som omfamna ho hjarteleg og kyste ho og sa: "Du har forløyst meg og gjort meg fri frå makta til den gamle kona. Ho er ei vond heks. Ho hadde omskapt meg til eit tre. Men i to timar kvar dag var eg ei kvit due. Så lenge ho hadde ringen, kunne eg ikkje få att menneskeforma mi."

No blei tenarane og hestane hans også sette fri frå fortrollinga. Dei hadde blitt forvandla til tre som stod ved sida av han. Mannen tok jenta med til riket sitt, for han var kongsson, og dei gifta seg og levde lykkeleg.

Notar til Grimm-eventyr

  Innhald  


Bøker      

Grimm-eventyr ved brørne Grimm.    Seksjon     Sett    Neste

Grimm-eventyr ved brørne Grimm. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2001–2020, Tormod Kinnes. [E‑post]