NORSK DEL, GULLVEKTA  

Grimm-eventyr

 13 › 1 › 11

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Raudhette

DET VAR ein gong ein søt, lite jente som alle heldt av, men ingen var gladare i henne enn bestemora hennar. Ho visste knapt kva godt ho skulle gjere for jenta. Ein gong gav bestemora henne ein lita raud hue av fløyel, og hua kledte jenta så godt at ho gjekk med den støtt, og derfor blei ho kalla Raudhette. Ein dag sa mora til henne: "Sjå her, vesle Raudhette, her har du eit stykke kake og ei flaske vin: Vil du bringe det bort til bestemor? Ho er sjuk og svak så det vil nok styrkje henne. Du må helst gå med det same, før det blir alt for varmt, men gå no pent rett bort til huset hennar og pass på så du ikkje fell og slår sund flaska. Og hugs så å seie goddag straks du kjem inn i stova; stå ikkje først og sjå deg omkring."

"Eg skal nok hugse alt saman," sa Raudhette.

Bestemora budde ute i skogen, ein halv times gonge frå landsbyen. Då Raudhette kom inn i skogen, møtte ho ulven, men ho var slett ikkje redd, for ho ana ikkje kor vond den er.

Grimm-eventyr

"Goddag, Raudhette," sa den.

"Goddag," svara ho.

"Kor skal du hen så tidleg?"

"Eg skal til bestemor."

"Kva er det du har under forkleet?"

"Det er kaker og vin. Vi bakte i går, og no skal bestemor også få noko med."

"Kor bur bestemor di, vesle Raudhette?"

"Å, det er vel ein kvarters gonge herifrå. Huset hennar ligg under dei tre store eiketrea, du veit."

"Det her er ein lekker, liten munnfull," tenkte ulven med seg sjølv, "ho vil nok smake betre enn den gamle. Men om eg ber meg rett åt, får eg tak i begge to."

Den følgde no Raudhette eit lite stykke på veg, og om litt sa den til ho: "Sjå dei herlege blomane, Raudhette, du ser deg jo ikkje om. Du hører visst ikkje ein gong kor vent fuglane syng, men skundar deg som om du skulle på skolen, enda det er så herleg her ute i skogen."

Raudhette såg seg om. Solstrålane skein mellom blada ned på dei mange vakre blomane, og ho tenkte: "Bestemor ville sikkert bli glad for ein bukett blomster. Det er så tidleg at eg godt kan nå å plukke nokre."

Ho gjekk inn mellom trea og tok til å plukke. Men då ho hadde plukka éin, syntest ho at det stod nokre som var enda penare lenger borte, og på den måten kom ho djupare og djupare inn i skogen. Imens gjekk ulven rake vegen til bestemora sitt hus og banka på.

"Kven er det?" spurde bestemora.

"Det er meg, vesle Raudhette, med kaker og vin til deg," svara ulven.

"Trykk ned dørklinka," ropte bestemora, "eg er så dårleg at eg ikkje kan stå opp."

Ulven trykte på klinka så døra gjekk opp, og utan å seie eit ord gjekk den like bort til senga og slukte bestemora. Så tok den på seg kleda hennar, la seg i senga og trekte forhenget føre.

Raudhette hadde no plukka så mange blomster som ho kunne bere, og kom langt om lenge bort til huset. Ho kunne ikkje forstå at døra var open, og då ho kom inn i stova, blei ho så underleg til mote, og det kunne ho slett ikkje forstå, for ho heldt elles så mykje av å vere hos bestemor si.

"Goddag," sa ho, men der var ingen som svara. Ho gjekk så bort til senga og trekte forhenget til side, og der låg bestemora med nattkappa trekt djupt ned i panna og såg så underleg ut.

"For nokre lange øyre du har, bestemor," sa Raudhette.

"Det er for at eg betre kan høre det du seier."

"Og for nokre store auge du har, bestemor."

"Det er for at eg betre skal kunne sjå deg."

"Men for nokre store hender du har, bestemor."

"Så kan eg betre halde på deg."

"Men, bestemor, for ein skremmeleg stor munn du har."

"Det er så eg betre kan ete deg," sa ulven, og i same augeblink sprang den ut av senga og slukte Raudhette.

Då no ulven hadde metta seg, la den seg i senga att og snorka så huset rista. Jegeren gjekk samtidig forbi og tenkte: "Det er då komisk så den gamle kona snorkar. Det er best eg går inn og ser om der er noko i vegen."

Han gjekk inn i stova og fann ulven liggjande i senga. "No har eg deg endeleg, gamle syndar," sa han, "for eg har leita etter deg lenge."

Han skulle akkurat til at skyte den då han kom til å tenkje at den kanskje hadde slukt den gamle bestemora, og at ho kanskje var levande enno. Han tok derfor fram kniven sin og tok til å skjere opp buken til ulven. Då han hadde gjort eit par snitt, såg han den raude hua, og litt etter sprang den vesle jenta ut og ropte: "Huff, kor eg var redd. Det var så mørkt i ulvemagen>."

Den gamle bestemora kom også ut, men ho var svært andpusten og kunne nesten ikkje trekkje vêret. Raudhette henta nokre store stein i ein fart og putta dei inn i magen til ulven, og då den vakna og ville springe sin veg, fall den om og var død straks.

Alle tre var veldig glade. Jegeren trekte skinnet av ulven og tok det med seg heim, bestemora åt kake, drakk vin og kom til hektene att, og vesle Raudhette lovde seg sjølv at ho aldri meir skulle springe inn i skogen, når mor hadde forbode det. DET BLIR også fortalt at ein annan gong Raudhette ville bringe bestemor nokre kaker, møtte ho ein ulv igjen, og den ville lokke henne inn i skogen. Men Raudhette vakta seg vel og gjekk beinveges til bestemor si og fortalde henne at ho hadde møtt ein ulv. "Den såg så vond ut," sa ho, "så eg er viss på, den hadde ete meg om eg hadde møtt den utafor vegen der det går så mange menneske."

"La oss lukke døra så den ikkje kan kome inn hit," sa bestemora. Kort etter banka ulven på døra og sa: "Lat opp, bestemor, det er Raudhette som kjem med kaker til deg."

Dei svara ikkje. Ulven lista seg nokre gonger rundt huset, men sprang til sist opp på taket for å vente der til Raudhette gjekk heim om kvelden, og deretter snike seg etter henne og ete henne i mørket. Men bestemora merka nok kva den hadde planer om. Utafor huset stod eit stort steintrau, og ho sa no til jenta: "Eg kokte pølser i går, vesle Raudhette. Ta vatnet eg kokte dei i og hell det ut i trauet."

Raudhette gjorde det, og lukta av pølsene trengde opp til ulven. Den snuste og kika ned, og strekte til sist hals så den mista balansen og glei ned taket, like ned i det store trauet og drukna. Men Raudhette gjekk glad heim, og det var ingen som gjorde henne noko.

OPP

Oskepott

Grimm-eventyr


DET VAR ein gong ein rik mann. Kona hans blei sjuk, og då ho kjende at døden nærma seg, kalla ho på den einaste dottera si og sa: "Hald fram å vere from og god, veslejenta mi, så vil nok Gud hjelpe deg. Og når eg kjem i himmelen, vil eg sjå ned på deg, og tankane mine vil følgje deg kor du går."

Deretter lét ho att auga sine og døde. Jenta gjekk kvar dag ut til moras grav og gret og heldt fram å vere from og god. Då det blei vinter, breidde snøen eit kvitt dekke over grava, og då våren kom og sola tok den bort, tok mannen seg ei annan kone.

Denne kona hadde to døtrer. Dei hadde vene fjes, men hjerta deira var vonde og harde. No begynte ei vond tid for den stakkars stedottera. "Skal den dumme jenta sitje her inne i stova hos oss," sa dei vonde jentene, "den som vil ha noko å ete, må arbeide for det. Ut i kjøkkenet med den kokketausa."

Dei tok dei vene kleda hennar frå henne og gav henne ein gammal grå kjole og tresko. "Sjå kor fin kongsdottera er," ropte dei leande og jaga ho ut i kjøkkenet. Der måtte ho arbeide hardt frå morgon til kveld, stå opp før daggry og hente vatn og gjere opp eld, lage mat og vaske opp. Attpåtil gjorde systrene henne all den skade dei kunne, og kasta erter og bønner i oska så ho måtte ha bryet med å samle dei opp att. Om kvelden når ho var trøytt, hadde ho inga seng å leggje seg i, men måtte sove ved sida av peisen. Det var då ikkje noko under at ho støtt var støvete og skiten. Derfor blei ho kalla Oskepott.

Ein gong då faren skulle til marknad, spurde han stedøtrene sine kva han skulle ta med heim til dei. "Vene klede," sa den eine, "Perler og edelsteinar," bad den andre. "Men kva vil du ha, Oskepott?"

"Den første greina som støyter imot hatten ditt når du fer heim," sa ho. Han kjøpte då også nye klede og perler og edelsteinar til dei to døtrene sine. På heimvegen rende han mot ei grein som puffa hatten av hovudet på han, og han hugsa no kva Oskepott hadde bedt han om, og brakk den av. Då han kom heim, gav han kvar av døtrene det dei hadde ønskt seg. Oskepott gjekk ut og planta greina på grava til mor si, og tårene hennar fall ned på jorda. Greina voks til og blei til eit praktfullt tre. Oskepott gjekk kvar dag ut og sette seg under treet og gret. Så kom det ein kvit fugl flygande og sette seg i treet, og når ho bad om noko, kasta den det ned i fanget på henne.

På denne tida førebudde kongen ein stor fest. Alle vene jomfruer i heile landet var bedne for at sonen hans kunne velje seg ei brur blant dei. Då dei to stesystrene fekk vite at dei også skulle med, blei dei i godt humør og sa til Oskepott: "Kom og stell håret vårt og børst skorne våre. No skal vi til bryllaup i kongeslottet."

Oskepott gjorde det, men gret, for henne ville også gjerne til fest, og ho bad så stemora om ho måtte kome med. "Vil du til bryllaup?" spurde ho hånleg. "Du er svart som jorda og har verken sko eller klede."

Då ho haldt ved med å be, sa stemora: "No kastar eg denne skåla med bønner i oska. Kan du samle dei opp på to timar, får du bli med."

Oskepott gjekk no ut i hagen og ropte: "Kom alle duene mine og alle småfuglar under himmelen og hjelp meg.

Saml opp bønnene som de kan best.
Oskepott skal på fest i kveld."

Straks kom to kvite duer flygande inn gjennom kjøkkenvindauget, og etter dei kom ei heil mengd andre fuglar. Alle saman gav seg til å samle opp bønnene, og på mindre enn ein time var dei ferdige. Jenta bringa stemora skåla og trudde at ho no fekk lov til å kome med til bryllaupet. Men stemora sa: "Du blir berre til latter, Oskepott, du har jo ingen klede."

Då jenta gav seg til å gråte, sa ho: "Dersom du på ein time kan samle desse to skålene med bønner opp av oska, skal du få bli med."

Oskepott gjekk att ut i hagen og sa: "Kom duene mine og alle små fuglar og hjelp meg.

Saml opp bønnene som de kan best.
Oskepott skal på fest i kveld."

Då kom alle fuglane flygande inn gjennom glaset, og før ein halvtime var gått, hadde dei samla alle bønnene saman i skåla. Jenta blei glad og trudde at ho no skulle få lov til å kome med, men stemora sa: "Det nyttar likevel ikkje, du kan ikkje bli med likevel. Du har ingen klede og kan heller ikkje danse, så vi ville berre kome til å skamme oss over deg."

Deretter køyrde ho av stad med dei to døtrene sine.

Då dei var gått, skunda Oskepott seg ut til moras grav, stilte seg under treet og sa:

"Vesle tre, no ber eg deg,
kast gull og sølv hit ned til meg."

Fuglen kasta straks ned til henne ein kjole med gull og sølv ved inn i seg, og eit par perlebroderte sko. Ho tok det fort på og gjekk opp på slottet. Stemora og stesystrene hennar kunne ikkje kjenne henne igjen, men trudde det var ei fremmend kongsdotter. Det fall dei ikkje inn ein augeblink å tenkje på Oskepott som dei trudde sat heime ved peisen i smusset og støvet. Kongssonen kom bort til henne, tok henne i handa og dansa med henne og ville slett ikkje gi slepp på henne att, og når ein annan kom og bukka for henne, sa han: "Ho dansar med meg."

Om kvelden ville ho gå heim, og kongssonen ville gå med henne for å få vite kva ho var. Men ho sprang framfor han og gøymde seg i dueslaget. Kongssonen venta til far hennar kom heim, og fortalde at jenta hadde sprunge inn i dueslaget. "Det skulle då vel aldri vere Oskepott," tenkte faren og fekk fatt på ei øks og hogg sund dueslaget, men det var ingen der inne. Då dei gjekk inn i huset, låg Oskepott ved omnen i dei gamle, smussige kleda sine. Ho hadde sprunge ut på den andre sida av dueslaget i ein fart og til mora si grav, og hadde teke av den fine kjolen sin. Så hadde ho kledd seg i dei vanlege fillene sin og lagt seg i oska ute i kjøkkenet.

Neste dag, då alle dei andre hadde dradd til festen, gjekk Oskepott ut til treet og sa:

"Vesle tre, eg ber deg,
kast gull og sølv ned hit til meg."

Straks kasta fuglen ein kjole ned til henne, og den var enno penare enn den førre. Alle blei forbausa over kor ven ho var, og kongssonen kom straks bort og dansa med henne. Når der kom ein annan og bukka for henne, sa han: "Ho dansar med meg."

Om kvelden ville ho heim, og kongssonen gjekk med for å sjå kor ho budde, men ho sprang frå han og inn i hagen bak huset. Der klatra ho i ein fart opp i eit stort pæretre, og kongssonen kunne ikkje fatte kor ho var blitt av. Han venta til faren kom heim og sa så til han: "Jenta har sleppt frå meg att, men eg trur ho har klatra opp i pæretreet."

"Det skulle då vel aldri vere Oskepott," tenkte faren henta ei øks og hogg ned treet, men det sat ingen der. Og då dei kom inn i kjøkkenet, låg Oskepott i oska som ho brukte. Ho hadde sprunge ned på hi sida av treet, hadde bringa kleda ut på grava og hadde igjen tatt på dei gamle fillene.

Dagen etter gjekk Oskepott igjen til moras grav og sa:

"Vesle tre, eg ber deg,
kast ned gull og sølv til meg."

Den kjolen som fuglen no kasta ned til henne, var meir praktfull enn nokon av dei førre, og skorne var heilt forgylte. Alle bryllaupsgjestane blei hugtekne av kor ven ho var. Kongssonen dansa med henne heile kvelden, og var det nokon annan som bukka for henne for å danse med henne, sa han: "Ho dansar med meg."

Grimm-eventyr

Om kvelden ville Oskepott heim, og kongssonen ville følgje henne, men ho slapp att frå han. Men venstre skoen hennar blei hengande fast i noko bek som han hadde latt trappa bli smurt over med. Kongssonen tok den vesle gylne skoen, gjekk til far til Oskepott og sa: "Eg gifter meg berre med henne som denne skoen passar."

Då systrene hørte det, blei dei glade, for dei hadde vene føter begge to. Den eldste tok skoen og ville prøve den, og mor hennar hjelpte ho. Men ho kunne ikkje få plass til stortåa, same kor mykje ho streva. Mora rekte henne derfor ein kniv og sa: "Skjer av tåa. Når du først er blitt dronning, treng du jo ikkje å gå."

Jenta gjorde det, fekk skoen på og beit smerta i seg. Deretter gjekk ho inn til kongssonen som tok henne framfor seg på hesten og reid av stad med henne. Då dei kom forbi grava til mora til Oskepott, sat det to kvite duer i treet og song: "Kongsson, sjå blodet veltar purpurraudt ut av skoen.
Og den raude floda fortel det er ikkje rette brura." Kongssonen såg no at blodet strøymde ut av skoen. Han reid så heim med jenta og sa at den andre systera skulle prøve skoen. Ho fekk tærne ned i den, men hælen var for stor. "Skjer av eit stykke av hælen." sa mor hennar og rekte henne ein kniv. "Når du blir dronning treng du jo ikkje å gå."

Jenta gjorde det, fekk foten klemt ned i skoen og beit smerta i seg. Kongssonen tok henne no framfor seg på hesten og reid heim med henne, men då dei kom forbi grava sat duene i treet og song:

"Kongsson, sjå blodet veltar purpurraudt ut av skoen.
Og den raude floda fortel det ikkje er rett brur."

Han såg no at skoen var full av blod og den kvite strømpa hennar var heilt raud. Han reid straks heim med henne og sa: "Det er heller ikkje henne, har de ikkje fleire døtrer?"

"Nei," svara mannen, "ja, det vil seie, mi første kone hadde nok ei dotter som vi kallar Oskepott, men ho kan det umogeleg vere."

Kongssonen bad om at ho fekk kome inn, men stemora sa: "Nei, det kan verkeleg ikkje gå an så skiten som ho er," men kongssonen ville absolutt ha det, og dei kalla så endeleg på henne. Ho vaska først fjeset og hendene og gjekk så inn og neia for kongssonen, som rekte henne skoen. Ho prøvde den, og den passa henne som den var sydd til henne. Og då ho reiste seg, og kongssonen såg ansiktet hennar, kjente han henne att med det same. "Det er den rette," ropte han glad. Stemora og dei to døtrene hennar blei bleike av raseri då kongssonen sette Oskepott framfor seg på hesten og reid av stad med henne. Då dei kom til grava, sat dei to kvite duer i treet og song:

"Kongsson, du fører rette kvinna til slottet no.
Ingen raude dropar renn; ho har passe sko."

Oskepott kalla på dei, og dei kom straks flygande og sette seg på skuldrene hennar.

Då bryllaupet skulle haldast, kom dei to systrene og ville smiske seg inn hos Oskepott. Dei tenkte det kanskje kunne falle noko godt av til dei. Då kongssonen og brura hans gjekk til kyrkje, gjekk den eldste på høgre og den yngste på venstre side, og duene som sat på skuldrene til Oskepott, flaug då bort og hakka ut eit auge på kvar av dei. Då dei gjekk ut, gjekk den yngste på høgre og den eldste på venstre side og no hakka duene deira det andre auget deira også.

Slik blei dei blinde for resten av livet som straff for at dei hadde vore så vonde.

Samlinga  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2001–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]