NORSK DEL, GULLVEKTA

Grimm-eventyr

 13 › 1 › 31 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Grimm-eventyra
– SAMLINGA

Rapunkelklokke (Rapunzel)

IMAGE
Rapunkelklokke

Rapunkelklokke (Campanula rapunculus) har klokkeforma blomster i blått til purpur. I si tid blei planten dyrka vidt om i Europa for den etande rota sin del. Blada har også blitt brukt i salatar.

For mange år sia var det ein mann og ei kvinne som lenge hadde ønskt seg eit lite barn, men som ikkje fekk det. Til slutt verka det likevel som himmelen ville oppfylle ønsket deira.

På baksida av huset var det eit lite vindauge der ein kunne sjå inn i ein herleg hage. Der inne voks dei vakraste blomar og urter ein kunne tenkje seg. Rundt hagen var det ein høg mur, og ingen våga å gå dit fordi det var ei mektig heks som åtte den, og ho var frykta i heile landet.

Ein dag kvinna stod ved vindauget og kika ut i hagen, fekk ho auge på eit bed der det voks lilla rapunkelklokker, og dei såg så ferske ut at munnen hennar vassflaug. For kvar dag som gjekk fekk ho meir og meir lyst på dei, men sia ho visste at ho ikkje kunne få nokon av dei likevel, mista ho interessa og humøret og tok til å sjå bleik og svak ut. Mannen blei overraska og spurde: "Kva feiler det deg, vesle kone?"

"Eg får ikkje fred før du skaffar meg nokre av dei rapunkelklokkene frå hagen," sa ho og sukka djupt.

Mannen syntest synd i henne, og om kvelden klatra han over muren inn i hagen til heksa, plukka i all hast ein handfull rapunkelklokker og slapp trygt heim til kona si att. Ho laga salat av dei med det same og forsynte seg grådig. Det smakte så godt at dagen etter hadde ho tre gonger så stor lyst på Rapunkelklokke. Skulle ho få ro over seg, laut mannen skaffe meir, "for elles dør eg," sa ho.

"Eg kan då ikkje sjå at kona mi dør utan å våge eitkvart for å redde henne," sa mannen med seg sjølv. Om kvelden klatra han over muren att. Men då møtte han heksa og blei redd. "Korleis kan du våge deg inn i hagen min og stele rapunkelklokker frå meg," sa ho rasande," det blir dyrt for deg."

" Vis miskunn," sa mannen. "Det har seg slik at kona mi har fått slik smak på rapunkelklokke at ho seier ho dør om ho ikkje får det."

Heksa blei formilda og sa."Når det er slik det heng saman skal du få plukke så mykje rapunkelklokker hos meg som du ønskjer. Til gjengeld ber eg berre om ein ting, og det er at du gir meg barnet som kona du skal ha. Eg skal vere mor for det, og det vil få det godt."

Mannen var så redd at han sa ja til alt, og når barnet blei født, kalla heksa henne Rapunkelklokke og tok henne med seg til huset og hagen på hi sida av gjerdet.

Då den vakre jenta blei tolv, lykka heksa henne inne i eit tårn som stod ute i skogen, og som var utan dør og trapper, med berre eit lite vindauge høgt oppe. Rapunkelklokke hadde fint langt hår som såg ut som spunne gull. Når heksa ville gjeste henne, ropte ho opp i tårnet:

"Rapunkelklokke, Rapunkelklokke, la håret falle."

Piken løyste då på fletta si og slengde den ut over vindaugskarmen. Fletta var tolv meter lang, så heksa kunne gripe tak i den og klatre opp og inn gjennom vindauget.

Eit par år etter rei kongesonen gjennom skogen ein dag og kom av tårnet. Han høyrde ein så fin song at han stansa og lytta. Det var Rapunkelklokke som fordreiv einsemda med å syngje. Prinsen ville opp til henne, men fann ingen inngang til tårnet i skogen, så han laut fare heim att. Men kvar dag rei han tilbake inn i skogen og lytta. Ein gong han var der ute, såg han at heksa kom til tårnet, og høyrde henne seie:

"Rapunkelklokke, Rapunkelklokke, slepp ned håret ditt."

Rapunkelklokke sleppte fletta si ned, og heksa klatra opp til henne.

"Eg vil også prøve lykka slik," sa prinsen ved seg sjølv, og neste kveld gjekk han til tårnet og ropte:

"Rapunkelklokke, Rapunkelklokke, slepp ned håret ditt."

Straks kom fletta ut av vindauget, og prinsen klatra opp.

Rapunkelklokke blei redd då ho såg ein fremmend mann, men prinsen snakka vennleg til henne og sa at all songen hennar hadde gjort eit slikt inntrykk på han at han ikkje hadde kunna kvile før han fekk sjå henne. Ho blei raskt roa, og då han spurde om ho ville gifte seg med han, og ho såg kor vakker han var, tenkte ho: "Eg skal nok få det betre med han enn med den gamle heksa", og sa ja og rekte han handa.

"Eg vil bli med deg, sa ho," og høyr korleis du skal få meg ut. Kvar gong du kjem, bør du ta med ei silkesnor. Eg knyter saman snor etter snor, og får til sist ein sterk silkestige som er lang nok. Så klatrar eg ned til deg der du sit på hesten din." Dei blei einige om at han skulle kome kvar kveld, sia den gamle heksa kom berre om dagen.

Heksa såg ingenting før Rapunkelklokke ein dag sa til henne utan å tenkje seg om: "Høyr her, korleis kan det vere at du er så mykje tyngre å trekkje opp enn den unge prinsen. Han er oppe på ein augneblink."

"Uskikkelege jente, "ropte heksa," kva er det du held på med? Eg trudde eg hadde skilt deg frå alle, og så har du likevel narra meg."

I strengt sinne greip ho håret til Rapunkelklokke, vrei det eit par gonger i handa, tok ei saks, og på ein-to-tre klipte ho det lange håret av henne. Ho var så omsynslaus at ho også gjekk med stakkars Rapunkelklokke ut i ei øydemark, der jenta fekk li mykje vondt.

Då heksa hadde fjerna Rapunkelklokke frå tårnet sitt, sette ho seg i tårnet og venta på prinsen. Om kvelden kom han og ropte:

"Rapunkelklokke, Rapunkelklokke, slepp ned håret ditt."

Håret som var klipt av jenta, kom straks ut av vindauget. Prinsen klatra opp, men fann ikkje si eiga, kjære Rapunkelklokke, men heksa, som såg vondt på han.

"Så, du ville hente kjærasten din," sa ho hånleg, "men den vakre fuglen sit ikkje lenger i reiret og syng. Katta har teke den, og truleg også klora ut auga. Rapunkelklokke har du mista. Henne får du ikkje sjå meir."

Prinsen blei reint ute av seg av sorg, og i fortviling hoppa han ut av vindauget. Han slapp frå det med livet, men fall i ein tornebusk og fekk tornar i auga. Han flakka no ganske så blind omkring i skogen, levde av røter og bær, og gret og sørgde over å ha mista kjærasten.

Etter nokre år kom han til øydemarka der Rapunkelklokke levde i si nød. Ho hadde fødd han tvillingar, ein gut og ei jente. Ein dag høyrde han ei stemme som verka kjent, og gjekk etter lyden. Då han kom dit, var det henne. Ho kasta seg om halsen hans og gret. To tårer fall på auga hans, og av det fekk han synet tilbake så han etter ei tid såg like godt som før.

Han tok henne og barna med til riket sitt. Der tok folket imot dei med jubel, og dei levde lykkelege saman.

OPP

Snøkvit

Det var midtvinters, og snøflaka kom dalande frå skyene. Dronninga sat og sydde ved sia av vindaugskarmen, som var av ibenholt, som er eit hardt og mørkt trevirke [1]. Mens ho sydde og såg ut på snøen, kom ho til å stikke seg i fingeren så tre bloddropar fall ned i snøen. Det raude såg pent ut i den kvite snøen, så ho tenkte: "Å, om eg kunne få eit barn så kvitt som snø og så raudt som blod, og mørkt som ibenholt."

Kort tid etter ho fekk ho ei dotter som var kvit og raud med håret nesten svart, som ibenholt. Den vesle jenta blei kalla Snøkvit, men dronninga døde i barselsenga.

Året etter at kongen tok til seg ei ny kone. Ho var vakker, men stolt og hovmodig, og kunne ikkje tole at nokon var vakrare enn henne. Ho hadde ein spegel, og når ho såg inn i den og spurde:

"Vesle spegel på veggen der,
kven er vakrast i landet her?"

svara spegelen: "Ingen er så vakker som deg."

Då ho var fornøgd, for spegelen snakka alltid sant.

Snøkvit, derimot, voks og blei vakrare og vakrare, og då ho var sju år gammal var ho så vakker som lyse dagen, og mykje penare enn dronninga. Ein dag spurde så dronninga spegelen:

"Vesle spegel på veggen der,
kven er vakrast i landet her?"

Då svara den:

"Du er framleis vakker, dronning,
men Snøkvit er så søt som honning."

Dronninga blei både gul og grøn av misunning, og no hata ho Snøkvit av heile sitt hjerte. Ho hadde ingen fred dag eller natt, og ein morgon ho ropte på ein av jegerane og sa: "Eg vil ikkje sjå Snøkvit for auga mine meir. Ta henne inn i skogen og drep henne og bring meg lever og lunge som prov på at det er gjort."

Jegeren gjekk av garde med henne, men då han lyfte dolken for å stikke den i det uskyldige hjertet til Snøkvit, tok ho til å gråte og sa: "Å, ikkje drep meg. Eg skal gå langt inn i skogen og aldri kome att."

Jegeren syntest synd på det vakre barnet og sa: "Gå berre, stakkars barn."

Med seg sjølv tenkte han: "Det tek ikkje lang tid før villdyr et deg likevel." Han var likevel letta fordi han ikkje hadde drepe henne.

Sia skaut han eit ungt villsvin og bringa lever og lunge til dronninga. Kokka måtte salte og steike dette, og dronninga åt det og trudde det var frå Snøkvit.

No var jenta heilt aleine i skogen, og så redd at ho stirde med frykt på lauvet i kvart tre ho gjekk forbi. Ho visste ikkje kva ho skulle gjere og til sist tok ho til å springe så fort ho klarte. Det bar over skarpe steinar og gjennom tornar, og villdyr rende forbi henne utan å gjere henne noko.

Ho sprang så lenge beina kunne bere henne, og mot kvelden ho kom til eit lite hus og gjekk inn der. Alt der inne var svært lite, men så reint og ryddig. I midten av rommet stod eit bord med ein kvit duk, sju små tallerkenar med skeier, gaflar og knivar, og sju små koppar. Mot veggen stod sju små senger med kvite laken. Snøkvit var svolten og tørst og åt litt grønsaker og brød frå kvar tallerken og drakk ein slurk vin frå kvar kopp, for ho ikkje ville ta all maten frå berre ein. Så ville ho leggje seg i ei av sengene, men ein var for kort, og den andre for lang, det tredje for trong, den fjerde for brei, og så vidare, heilt til den sjuande senga. Den passa henne. Der la ho seg til, sa ei bøn og sovna.

Då det mørkna, kom dei sju dvergane som åtte huset, heim frå arbeidet sitt i fjella, der dei hakka og grov etter malm. Då dei tende dei sju lysa sine, såg dei straks at det hadde vore nokon i stua mens dei var borte, for alt var ikkje på sin vante plass.

"Kven har sete på stolen min?" sa den første

"Kven har ete av tallerkenen min?" sa den andre.

"Kven har teke brødet mitt?" sa den tredje.

"Kven har ete kålen min "sa den fjerde.

"Kven har brukt gaffelen min "sa den femte.

"Kven har vore og skore med kniven min?" sa den sjette.

"Kven har drukke frå koppen min?" sa den sjuande.

Den første såg seg rundt i stua og la merke til eit søkk i senga si. "Det har vore nokon i senga mi," sa han, og når dei andre samla seg ved sengene, ropte dei: "Det har også vore nokon i mi."

Men då den sjuande kom til senga si, såg han Snøkvit. Han kalla på dei andre, og dei kom rennande med dei sju små lysa sine.

"Milde himmel, for eit vakkert barn," ropte dei og blei så glade at dei ikkje hadde hjerte til å vekkje henne. Den sjuande dvergen sov ein time i senga til kvar av kameratane, og slik fekk han nattesøvn, han også.

Då Snøkvit vakna om morgonen og såg dei sju dvergane, blei ho redd, men dei var så vennlege og blide at ho snart roa seg.

"Kva heiter du?" spurde dei.

"Snøkvit, svara ho.

"Korleis kom du hit?"

Ho fortalde at stemora hennar hadde villa drepe henne, men jegeren som skulle gjere det, hadde lete henne springe vekk, og så ho hadde gått heile dagen før ho kom til huset.

"Dersom du vil stelle i huset og lage mat, vaske, sy og strikke for oss og halde alt nett og reint, "sa dvergane, "då får du bli hos oss og ikkje mangle noko."

Snøkvit sa ja med det same, og budde hos dei og stelte huset. Kvar morgon gjekk dvergane av garde til fjella for å grave etter gull og kopar, og når dei kom heim att om kvelden, hadde ho maten ferdig til dei. Heile dagen var ho aleine, og dvergane åtvara henne og sa: "Vakt deg for stemor di, for ho får snart greie på at du er her. La ingen kome til deg."

Då dronninga hadde ete det ho trudde var lever og lunger frå Snøkvit, stelte ho seg opp framfor spegelen og spurde:

"Vesle spegel på veggen der,
kven er vakrast i landet her?"

Spegelen svara:

"Ingen her i landet er vakrare enn deg.
Men Snøkvit langt bortom dei sju fjella
hos sju små, gode, flittige dvergar,
ho er då mange gonger vakrare."

Dronninga blei redd, og tenkte at jegeren hadde narra henne. Ho grunda dag og natt på korleis ho kunne drepe Snøhvit, og til sist måla ho ansiktet og kledde seg som ei gammal kone til ho var ganske ukjenneleg. Så gjekk ho over dei sju fjella til dei sju dvergane, banka på døra og ropte: "Eg sel vakre og billige varer."

Snøkvit såg ut vindauget og spurde: "Kva har du?"

"Mange gode ting, "svara kvinna, "sjå her, vakre blonder," og ho viste fram ein som var vove av spraglete silke.

"Den gode kona kan eg då vel sleppe inn i huset," meinte Snøkvit, gjekk bort og opna døra og kjøpte det pene bandet.

"Men korleis er det du ser ut, barn, "sa kona, "Kom her, så skal eg blonde deg skikkeleg."

Snøkvit mistenkte ikkje noko som helst, men stelte seg framfor kona. Men kona vikla blonda så fort og tett rundt Snøkvit at jenta ikkje fekk puste og fall til golvet som ho var død.

"No er eg den penaste," sa dronninga med eit flir og skunda seg bort.

Kort etter kom dei sju dvergane heim. Dei blei sjokkerte då dei såg kjære Snøkvit liggje som død på golvet utan å lee seg. Dei lyfte henne opp, og då såg dei ho var snøra for tett., og kutta over blonda. Då begynte Snøkvit å puste skikkeleg, og kom sakte til seg sjølv att.

Då dvergane fekk høyre kva som hadde skjedd, sa dei: "Den gamle kramkona var sikkert dronninga. Ta deg i akt og slepp ikkje inn nokon når vi ikkje er heime."

Då dronninga var komen heim, gjekk ho framfor spegelen og spurde:

"Vesle spegel på veggen der,
kven er vakrast i landet her?"

Spegelen svara som før:

"Ingen her i landet er så vakker som deg.
Men Snøkvit lang bortom dei sju fjella,
blant sju små, gode, arbeidsame dvergar,
ho er då mange gonger vakrare."

Då dronninga fekk høyre dette, blei ho bleik, for ho skjøna at Snøkvit var enno i live.

"No får eg tenkje fram noko som kan gjere ende på henne," tenkte to, laga ein giftig kam og forkledde seg att som ei gammal kvinne. Så gjekk ho over dei sju fjella til dei sju dvergane, banka på døra og ropte: "Eg sel vakre og billige varer."

Snøkvit stakk hovudet ut av vindauget og sa: "Det nyttar ikkje, eg får ikkje sleppe inn nokon."

"Du må vel ha lov å sjå denne, "sa den gamle, tok giftige kammen fram og viste den for henne. Snøkvit fekk slik lyst på kammen at ho gløymde åtvaringane frå dvergane, og kjøpte den.

"No skal eg kjemme deg skikkeleg, for ein gongs skuld," sa den gamle kona, og Snøkvit hadde ingen mistankar, men lét henne gjere det. I same augeblink som kammen kom i håret, fekk gifta Snøkvit til å falle saman som død.

"No er det ute med deg og venleiken din, "sa den vonde kvinna og gjekk sin veg.

Heldigvis kom dei sju dvergane heim litt etter og tok den forgifta kammen ut av håret. Snøkvit kom til seg sjølv att og fortalde kva som hadde skjedd. Dei åtvara henne igjen mot å la nokon kome inn.

Då dronninga hadde kome tilbake, spurde ho:

"Vesle spegel på veggen der,
kven er vakrast i landet her?"

Spegelen svara som før:

"Ingen her i landet er vakrare enn deg.
Men Snøkvit langt bortom dei sju fjella
hos sju små, gode, flittige dvergar,
ho er då mange gonger vakrare."

Då dronninga høyrde dette, skalv ho frå topp til tå av raseri. "Snøkvit skal dø, om det så skal koste meg livet," ropte ho. Så gjekk ho inn i eit rom, låste døra og stelte i stand eit forgifta eple. Det var vakkert og raudkinna, slik at alle som såg det fekk lyst til det; men den som åt det, døde på flekken.

Då eplet var ferdig, måla ho fjeset sitt, kledde seg ut som ein bondekone og gjekk over dei sju fjella til dei sju dvergane og banka på.

"Eg får ikkje sleppe in nokon," sa Snøkvit og stakk hovudet ut av vindauget. "Dei sju dvergane har sagt eg ikkje skal det."

"Same for meg, "svara kona, "eg blir nok kvitt epla mine likevel. Men sjå her, du skal få eitt av meg."

"Nei takk," sa Snøkvit, "Eg får ikkje ta imot noko som helst."

"Er du redd for at det kan vere giftig?" sa den gamle kona. "Sjå her, eg deler det i to. Du får delen med raud side, og eg den kvitsida."

Eplet var så utspekulert forgifta at berre den raude sida var giftig. Snøhvit fekk så lyst på det vakre eplet, og då ho såg at kona åt av det kunne ho ikkje stå imot, men rekte ut handa og fekk den andre halvparten. Knapt hadde ho fått den i munnen før ho fall som død på bakken.

Dronninga stod ei stund og såg på henne med eit fælt blikk, så lo ho høgt og sa: "Kvit som snø, raud som blod og svart som ibenholt - Denne gongen kan ikkje dvergane redde deg."

Så gjekk ho heim og spurde spegelen:

"Vesle spegel på veggen der,
kven er vakrast i landet her?"

Spegelen svara:

"Ingen er så vakker som deg."

Dermed fekk det misunnelege hjertet hennar ein slags fred, så langt som eit misunneleg hjerte kan få fred.

Då dvergane kom heim om kvelden, fann dei Snøkvit som låg som død på bakken. Dei lyfte henne opp, og leita for å finne noko giftig, løyste kleda hennar, kjemma håret og vaska henne med både vatn og vin, men det hjelpte ikkje. Ho var og blei død, såg det ut til. Dei la henne på ei båre og sat rundt henne og gret i tre dagar til ende.

No var det tida til å gravleggje henne, men ho såg så levande ut med friske, raude kinn at dei ikkje kunne få seg til å leggje henne ned i mørke jorda. I staden laga dei ei glaskiste så ein kunne sjå henne frå alle kantar, la henne i den og skreiv med gullbokstavar kva ho heitte, og at ho var prinsesse. Deretter sette dei kista ut på eit fjell og skifta på å halde vakt over den. Dyr kom også til Snøkvit. Først ei ugle, så ein ramn, og til sist ei due. Dei sat ved kista og sørgde.

No låg Snøkvit i glaskista i lang tid. Det såg ut som ho sov, for ho var framleis kvit som snø, raud som blod og så mørk som ibenholt. Men så ein dag rei ein kongsson gjennom skogen og kom til huset til dvergane og var der over natta. Han såg kista der Snøkvit var, og las det som var skrive på den. "Sel kista til meg," sa han til dvergane, "Eg gir dykk alt eg eig og har for den."

"Nei, "svara dvergane, "vi vil ikkje skilje oss med den for alt gull i verda."

"Gi meg den som gåve, då, "sa prinsen. "Eg kan ikkje leve utan å sjå Snøkvit. Eg ville halde henne i stor ære."

Dvergane forbarma seg over han og gav han til slutt lov til å ta kista. Men ein stad der tenarane hans bar den over ujamn veg, snåva ein av dei så kista blei skumpa og støytt temmeleg kraftig. Dermed kom det forgifta eplet ut av munnen til Snøkvit. Kort etter kom til seg sjølv att, opna lokket, reiste seg og ropte: "Milde himmel, kor er eg?"

Prinsen var ute av seg av glede og fortalde henne korleis alt hadde skjedd. "Du er den eg elskar mest her i verda," sa han, "bli med meg til slottet til far og bli kona mi. "

Snøkvit var villig og drog med han, og bryllaupet blei halde etter store førebuingar.

Den vonde stemora til Snøkvit var også boden. Då ho tok på seg dei vakre kleda sine, gjekk ho framfor spegelen og spurde:

"Vesle spegel på veggen der,
kven er vakrast i landet her?"

Spegelen svara:

"Du er vakker, men dronninga kan du aldri måle deg med."

Den vonde kvinna banna i raseri, for ho visste ikkje kva ho no skulle gjere. Først ville ho ikkje til festen i det heile, men ho var så nysgjerrig etter å sjå den unge dronninga at ho ikkje fekk rast eller ro utan. Då ho kom inn i salen, kjente ho att Snøkvit og stod som forsteina. Men på elden stod eit par jernsko og blei oppvarma til dei glødde. Dei måtte ho gå med og danse i til ho fall død.

Ord

Elefant av ibenholt
Elefant av ibenholt
1. Ibenholt er eit verdifullt trevirke, ein hard kjerneved. De svarte tangentene på piano er oftast lagd av ibenholt. Det blir også brukt som gripebrett på gitarar og strykeinstrument. Ibenholt er så tett at det søkk i vann.

Grimm-eventyra– 
SAMLINGA
Grimm-eventyra- SLUTTBOLK

Grimm-eventyra- LITTERATUR  

Grimm-eventyra- OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Grimm-eventyr BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2001–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]