Gullvekta
Grimm-eventyr  ❀ 6
Seksjon › 37   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Gjetarguten

Det var ein gong ein gjetargut som var kjent vidt og breitt for dei kloke svara sine på alle slags spørsmål. Ryktet om han nådde også kongen, som sende bod etter han.

"Kan du svare meg på tre spørsmål", sa han, "skal eg ta deg til meg som min eigen son, og du får bu her på slottet med meg og ha det så godt som nokon."

"Kva er dei tre spørsmåla?" spurde guten.

"Kan du først seie meg kor mange dropar det er i sjøen?" sa kongen.

"Kan du demme opp alle elvene så ikkje ein drope kjem ut i havet til eg har talt alt, skal eg fortelje det", svarte guten.

"Kan du seie meg kor mange stjerner det er på himmelen?" sa kongen.

Guten bad om eit stort stykke kvitt papir, og laga så mange små prikkar på det at ein knapt kunne sjå dei og langt mindre telje dei. Alle som ville granske arket kunne få såre auge av å stire og forsøke å telje. "Det er så mange stjerner på himmelen som det er prikkar på papiret her", sa guten, "Berre tel etter." [1]

Men det var det ingen som kunne.

"No kjem det tredje spørsmålet", sa kongen, "kor mange sekund er det i æva?"

"I nedre Pommern er det eit diamantfjell", svarte gjetarguten. "Fjellet er førti tusen meter høgt førti tusen meter breitt, og ei mil djupt. Kvar hundre år kjem ein fugl og kvesser nebben sin mot fjellet, og når han har slite ned heile fjellet, har det første sekundet av æva gått."

"Du har svart godt, synest eg", sa kongen. "Bli hos meg på slottet mitt, så skal eg vere som ein far for deg."

Ord

  1. Det er lett å spørje kor mange stjerner som finst, og vanskeleg å gi noko rimeleg godt svar. På ei stjerneklar natt vekke frå lysa i tettbygde stadar, kan ein kanskje sjå opptil 2 500 stjerner utan stjernekikkert. Berre prøv.

    Astronomar reknar det til at det finst lausleg 2-400 000 000 000 (2-400 milliardar) stjerner berre i Mjølkevegen (galaksen vi er i), og utanfor han finst millionar på millionar av andre galaksar. Dei stjernene ein kan sjå og rekne seg til ved teleskop, er 70 tusen million million million. Dette er ikkje alle stjernene som finst, men talet på dei som ein kan fange opp signal ifrå med teleskop. Sanninga er at astronomane ikkje veit så godt kor mange stjerner som finst, dei heller.

Notar til Grimm-eventyr

Oskepott

Det var ein gong ein rik mann. Kona hans blei sjuk, og då ho kjende at dauden nærma seg, kalla ho på den einaste dottera si og sa: "Hald fram å vere from og god, veslejenta mi, så vil nok Gud hjelpe deg. Og når eg kjem i himmelen, vil eg sjå ned på deg, og tankane mine vil følge deg kor du går."

Deretter lét ho att auga sine og døydde. Jenta gjekk kvar dag ut til moras grav og gret og heldt fram å vere from og god. Då det blei vinter, breidde snøen eit kvitt dekke over grava, og då våren kom og sola tok snøen vekk, tok mannen seg ei annan kone.

Denne kona hadde to døtrer. Dei hadde vene fjes, men hjarta deira var stygge og svarte. No begynte ei vond tid for den stakkars stedottera. "Skal den dumme gåsa sitte her inne i stua med oss?" sa dei vonde jentene, "den som vil ha noko å ete, må arbeide for det. Ut herifrå med kjøkkentausa!"

Dei tok dei vene kleda frå ho og gav ho ein gammal, grå kjole og tresko. "Sjå kor fin kongsdottera er", ropte dei leande og jaga ho ut i kjøkkenet. Der måtte ho arbeide hardt frå morgon til kveld, stå opp før daggry og hente vatn og gjere opp eld, lage mat og vaske opp. Attpåtil gjorde søstrene ho all den skaden dei kunne, og kasta erter og bønner i oska så ho måtte ha bryet med å samle dei opp att. Om kvelden når ho var trøytt, hadde ho inga seng å legge seg i, men måtte sove ved sida av peisen. Det var då ikkje noko under at ho støtt var støvete og skiten. Derfor blei ho kalla Oskepott.

Ein gong då faren skulle til marknad, spurde han stedøtrene sine kva han skulle ta med heim til dei. "Vene klede", sa den eine, "Perler og edelsteinar", bad den andre.

"Men kva vil du ha, Oskepott?"

"Den første greina som støyter imot hatten ditt når du fer heim", sa ho.

Han kjøpte då også nye klede og perler og edelsteinar til dei to døtrene sine. På heimvegen rende han mot ei grein som puffa hatten av hovudet på han, og han hugsa no kva Oskepott hadde bedt han om, og brakk greina av. Då han kom heim, gav han kvar av døtrene det dei hadde ønskt seg. Oskepott gjekk ut og planta greina på grava til mor si, og tårene hennar fall ned på jorda. Greina voks til og blei til eit praktfullt tre. Oskepott gjekk kvar dag ut og sette seg under treet og gret. Så kom det ein kvit fugl flygande og sette seg i treet, og når ho bad om noko, kasta han det ned i fanget hennar.

På denne tida kunngjorde kongen at han skulle halde ein stor fest. Alle vene jomfruer i heile landet var bedne for at sonen hans kunne velje seg ei brur blant dei. Då dei to halvsøstrene fekk vite at dei også skulle med, blei dei i godt humør og sa til Oskepott: "Kom og stell håret vårt og børst skorne våre. No skal vi til bryllaup i kongeslottet."

Oskepott gjorde det, men gret, for ho ville også gjerne til fest, og ho bad så stemora om ho måtte komme med. "Vil du til bryllaup?" spurde ho hånleg. "Du er svart som jorda og har verken sko eller klede."

Då ho haldt ved med å be, sa stemora: "No kastar eg denne skåla med bønner i oska. Kan du samle dei opp på to timar, får du bli med."

Oskepott gjekk no ut i hagen og ropte: "Kom alle duene mine og alle småfuglar under himmelen og hjelp meg.

Saml opp bønnene som de kan best.
I kveld skal Oskepott på fest."

Straks kom to kvite duer flygande inn gjennom kjøkkenvindauget, og etter dei kom ei heil mengd andre fuglar. Alle saman gav seg til å samle opp bønnene, og på mindre enn ein time var dei ferdige. Jenta bringa stemora skåla og trudde at ho no fekk lov til å komme med til bryllaupet. Men stemora sa: "Du blir berre til latter, Oskepott, du har jo ingen klede."

Då jenta gav seg til å gråte, sa ho: "Dersom du på ein time kan samle desse to skålene med bønner opp av oska, skal du få bli med."

Oskepott gjekk att ut i hagen og sa: "Kom duene mine og alle små fuglar og hjelp meg.

Saml opp bønnene som de kan best.
I kveld skal Oskepott på fest."

Då kom alle fuglane flygande inn gjennom glaset, og før ein halvtime var gått, hadde dei samla alle bønnene saman i skåla. Jenta blei glad og trudde at ho no skulle få lov til å komme med, men stemora sa: "Det nyttar likevel ikkje, du kan ikkje bli med likevel. Du har ingen klede og kan heller ikkje danse, så vi ville berre komme til å skamme oss over deg."

Deretter køyrde ho av stad med dei to døtrene sine.

Då dei var gått, skunda Oskepott seg ut til moras grav, stilte seg under treet og sa:

"Vesle tre,
eg kan trenge festklede."

Grimm-eventyr

Det sat ein fugl høgt i treet. Han kvitra, "Ja, det kan du få", og vinka ho med eine vengen bort til eit graskar og gav teikn til at ho skulle opne det. Oskepott tok ein stein i neven og slo laus eit bit av skalet. Inni låg ein silkekjole godt innpakka. Kjolen var brodert med gull og sølvtråd, og eit par perlebroderte sko følgde med. Ho tok det fort på og gjekk opp på slottet. Stemora og halvsøstrene kunne ikkje kjenne ho att, men trudde det var ei framand kongsdotter. Det fall dei ikkje inn ein augeblink å tenke på Oskepott som dei trudde sat heime ved peisen i smusset og støvet. Kongssonen kom bort til ho, tok ho i handa og dansa med ho og ville slett ikkje gi slepp på ho att. Når einkvan annan kom og bukka for ho, sa han: "Ho dansar med meg."

Om kvelden ville ho gå heim, og kongssonen ville gå med ho for å få vite kva ho var. Men ho sprang framfor han og gøymde seg i dueslaget. Kongssonen venta til far hennar kom heim, og fortalde at jenta hadde sprunge inn i dueslaget. "Det skulle då vel aldri vere Oskepott", tenkte faren og såg grundig gjennom heile dueslaget, men det var ingen der inne. Då dei gjekk inn i huset, låg Oskepott ved omnen i dei gamle, smussige kleda sine. Ho hadde sprunge ut på den andre sida av dueslaget [1] i ein fart og til mora si grav, og hadde tatt av seg den fine kjolen sin og pakka han vekk i graskaret og sett biten av skalet på att som lokk. Så hadde ho kledd seg i dei vanlege fillene sin og lagt seg i oska ute i kjøkkenet.

Neste dag, då alle dei andre hadde dratt til festen, gjekk Oskepott ut til treet igjen og bad:

"Tre, kan eg få
festklede til i kveld?"

Fuglen i treet song det same som sist vinka ho bort til same graskaret. Oskepott fjerna den lause biten. Inni fann ho ein enda gildare kjole enn den førre. På ballet blei alle forbausa over kor ven ho var, og kongssonen kom straks bort og dansa med ho. Når det kom ein annan og bukka for ho, sa han: "Ho dansar med meg."

Om kvelden ville ho heim, og kongssonen gjekk med for å sjå kor ho budde, men ho sprang frå han og inn i hagen bak huset. Der klatra ho i ein fart opp i eit stort pæretre, og kongssonen kunne ikkje fatte kor ho var blitt av. Han venta til faren kom heim og sa så til han: "Jenta har sleppt frå meg att, men eg trur ho har klatra opp i pæretreet."

"Det skulle då vel aldri vere Oskepott", tenkte faren og leita grundig i treet, men det sat ingen der. Og då dei kom inn i kjøkkenet, låg Oskepott i oska som ho brukte. Ho hadde sprunge ned på hi sida av treet, hadde bringa kleda ut til grava og pakka den fine kjolen inn i graskaret og hadde tatt på seg dei gamle fillene igjen.

Dagen etter gjekk Oskepott igjen til moras grav og sa:

"Vesle tre, eg kan vel be -
ein silkekjole til blir fint."

Fuglen høgt i treet vinka ho igjen bort til graskaret som stod der. Inni låg ein enda meir praktfull kjole enn nokon av dei førre, og skorne var heilt forgylte. Alle bryllaupsgjestane blei hugtekne av kor ven ho var. Kongssonen dansa med ho heile kvelden, og var det nokon annan som bukka for ho for å danse med ho, sa han: "Ho dansar med meg."

Om kvelden ville Oskepott heim, og kongssonen ville følge ho, men ho slapp att frå han. Men venstre skoen hennar blei hengande fast i noko bek som han hadde latt trappa bli smurt over med. Kongssonen tok den vesle gylne skoen, gjekk til far til Oskepott og sa: "Eg giftar meg berre med ho som denne skoen passar."

Då søstrene høyrde det, blei dei glade, for dei hadde vene føter begge to. Den eldste tok skoen og ville prøve han, og mor hennar hjelpte ho. Men ho kunne ikkje få plass til stortåa, same kor mykje ho streva. Mora rekte ho derfor ein kniv og sa: "Skjer av tåa. Når du først er blitt dronning, treng du jo ikkje å gå."

Jenta gjorde det, fekk skoen på og beit smerta i seg. Deretter gjekk ho inn til kongssonen som tok ho framfor seg på hesten og rei av stad med ho. Då dei kom forbi grava til mora til Oskepott, sat det to kvite duer i treet og song:

"Kongsson, sjå blodet som sildrar ut av skoen.
Det syner ho er ikkje rette bruda."

Kongssonen såg no at blodet sildra ut av skoen. Han rei så heim med jenta og sa at den andre søstera skulle prøve skoen. Ho fekk tærne ned i han, men hælen var for stor. "Skjer av eit stykke av hælen." sa mor hennar og rekte ho ein kniv. "Når du blir dronning treng du jo ikkje å gå."

Jenta gjorde det, fekk foten klemt ned i skoen og beit smerta i seg. Kongssonen tok ho framfor seg på hesten og rei heim med ho, men då dei kom forbi grava sat duene i treet og song:

"Kongsson, sjå blodet som sildrar ut av skoen.
Det syner ho er ikkje rette bruda."

No såg han at skoen var full av blod, og strømpene hennar var raude. Han rei straks heim med ho og sa: "Det er heller ikkje ho. Har de ikkje fleire døtrer?"

"Nei", svarte mannen, "ja, det vil seie, den første kona mi hadde ei dotter som vi kallar Oskepott, men ho kan det umogeleg vere."

Kongssonen bad om at ho fekk komme inn, men stemora sa: "Nei, det kan verkeleg ikkje gå an, så skiten som ho er", men kongssonen ville absolutt ha det, og dei kalla så endeleg på ho. Ho vaska først fjeset og hendene og gjekk så inn og neia for kongssonen, som rekte ho skoen. Ho prøvde skoen, og han passa ho som han var sydd til ho.

Då ho reiste seg, og kongssonen såg ansiktet hennar, kjente han ho att. "Det er den rette", ropte han glad. Stemora og dei to døtrene hennar blei bleike av raseri då kongssonen sette Oskepott framfor seg på hesten og rei av stad med ho. Då dei to kom til grava, sat dei to kvite duer i treet og song:

"Kongsson, du bringar rette kvinna til slottet no.
Ingen raude dropar renn; ho har passe sko."

Oskepott kalla på dei, og dei kom straks flygande og sette seg på skuldrene hennar.

Då bryllaupet skulle haldast, kom dei to søstrene og ville smiske seg inn hos Oskepott. Dei tenkte det kanskje kunne få vinning av det. Då kongssonen og brura hans gjekk til kyrkje, gjekk den eldste på høgre og den yngste på venstre side av paret. Men midtveges flaug duene opp frå skuldrene til Oskepott, og skitna til søstrene hennar slik fuglane kan. Då ville dei ikkje vere med følget lenger og for heim i skam. Det gjekk ikkje som dei ville sidan heller, sidan dei var så simple av seg.

(Attgiving)

Ord

  1. dueslag: lite hus til å ha duer i.

Notar til Grimm-eventyr

  Innhald  


Bøker      

Grimm-eventyr ved brørne Grimm.    Seksjon     Sett    Neste

Grimm-eventyr ved brørne Grimm. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2001–2020, Tormod Kinnes. [E‑post]