Gullvekta
Grimm-eventyr  ❀ 8
Seksjon › 37   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Ulven og dei sju geitekillingane

Det var ein gong ei gammal geit som hadde sju små kje, og ho heldt så mykje av dei som ei mor kan elske barna sine. Ein dag ho ville i skogen og skaffe mat, kalla ho på alle sju geitungane sa: "Eg vil til skogs, barn. Vakt dykk for ulven, for kjem han inn til dykk mens eg er borte, et han dykk med hud og hår. Den skurken forkler seg rett som det er, men de kan kjenne han på den grove stemma og dei svarte føtene."

Kjea sa, "Kjære mor, vi skal ta godt vare på oss sjølve. Du kan gå i skogen utan frykt."

Då mekra mora og gjekk sin veg utan å uroe seg.

Kort etter banka det på døra og nokon ropte: "Lat opp, kjære barn, her kjem mor heim med noko verkeleg bra til kvar av dykk."

Men killingane kunne høyre på den grove stemma at det var ulven. "Vi vil ikkje late opp", ropte dei", du er ikkje mor vår. Ho har mjuk og fin stemme, og stemma di er så grov. Du er ulven."

Då gjekk ulven til ein butikk og kjøpte eit stort stykke krit, og åt det. Då blei stemma ganske tynn og mjuk. Ulven gjekk så tilbake og banka på døra og ropte: "Lat opp, kjære barn, her er mor med noko godt til dykk alle."

Men killingane såg på dei svarte framlabbane som ulven hadde lagt opp mot vindauget og ropte: "Nei, det gjer vi ikkje. Mor har ikkje slike svarte potar. Du er ulven."

Ulven sprang til ein baker og sa: "Eg har skadd føtene mine. Ver gold og gni dei inn med deig."

Bakaren gjorde det, og så sprang ulven til møllaren og bad han om å skvette kveitemjøl på. Møllaren trudde ulven ville lure einkvan og sa først tvert nei. Men då ulven truga han med at han ville ete han om ikkje, blei møllaren redd og gjorde som ulven ville. Slik er folk flest.

No gjekk den fæle ulven for tredje gong til killingane og banka på. "Lat opp, barn, sa han", her er mor med mat til dykk alle sju."

"Vis oss foten din først, så vi kan sjå om det er sant", ropte geitekillingane. Ulven sette labben opp i vindauget, og då dei såg at han var kvit, gjekk ein av dei bort og opna døra. Og så kom ulven inn. Dei blei fælt redde og prøvde å gøyme seg. Den eine killingen kraup under bordet, den andre hoppa opp i senga, den tredje inn i omnen, en fjerde sprang inn på kjøkkenet, den femte gøymde seg i skapet, den sjette kraup under vasken den sjuande i det store golvuret. Men ulven fann dei seks etter tur og slukte dei ein etter ein. Berre dei minste, som sat inni golvuret, fann han ikkje.

Når no ulven hadde fått i seg så mange killingar, gjekk han ut og la seg til å sove under eit tre i enga ved sida av.

Kort etter kom morgeita heim frå skogen. Døra stod vidopen, stolar, bord og benkar var velta og låg om einannan. Fatet til vaskevatn var slått sund, og dynene og putene hadde blitt rive ut av senga. Ho tok til å leite etter killingane sine, men kunne ikkje finne dei nokon stad. Ho kalla på dei etter tur, men ingen svarte. Men til sist, då ho kalla på den siste killingen, var det endeleg ei tynn lita stemme som sa: "Eg sit her i golvuret, mor."

Ho hjelpte killingen ut med det same. Han fortalde ho korleis ulven hadde komme og slukt alle dei andre. Den stakkars mora tok til å gråte og sørge over dei seks små killingane ho hadde mista.

Etter litt gjekk ho utanfor, og den yngste killingen gjekk med ho. Då dei kom ut på enga såg dei ulven som låg snorka så greinene skalv. Ho såg på det frå alle sider og kunne sjå det var noko som rørde seg inne i magen på ulven.

"Store himmel", tenkte ho, "kan ungane mine vere i live?"

Ho skunda seg og sende den vesle killingen heim etter saks og nål og tråd. Så tok ho til å klippe opp ulvemagen, og hadde berre så vidt starta før eit kje stakk hovudet ut. Då ho klipte noko meir, hoppa alle seks killingane ut levande. Dei hadde ikkje tatt skade, for ulven hadde vore så grådig at han hadde slukt dei heile. Då blei det glede! Dei omfamna mora og hoppa rundt ho, men ho sa: "Gå no og finne nokre store steinar. Dei skal vi legge i magen til ulven mens han søv så tungt."

Killingane skunda seg å dra steinane dit og legge så mange som mogeleg inn i ulvemagen. Geitemora sydde så magen saman att i ei hast, og ulven merka det ikkje, og lea ikkje på seg ein gong.

Då ulven til sist hadde sove ut, reiste han seg opp. Og sidan han var tørst, ville han av stad til ein brønn for å drikke. Men då han tok til å gå, slo steinane i magen hans mot kvarandre og rumla.

Då ropte ulven:

"Au, kva er det som rumlar i magen og slår mot rygg og bein?
Eg trudde det var geitekje, men det høyrest ut som stein.

Då han kom til brønnen og lena seg ut over vatnet og skulle til å drikke, velta steinane fram så han mista balansen og fall ned i brønnen og drukna. Då dei sju killingane såg det, kom dei springande og ropte høgt: "Ulven er daud, ulven er daud!" Så dansa dei i glede rundt brønnen med mor.

Notar til Grimm-eventyr

Fiskaren og kona hans

Det var ein gong ein fiskar som budde med kona si i ei muddergrøft tett ved havet, og dit gjekk han kvar dag for å fange fisk.

Ein dag sat han og fiska mens han glana ned i det blanke vatnet. Med eitt gjekk duppen til botns, og då han halte opp snøret, såg han at han hadde fanga ei stor flyndre. Ho tok til å tale og sa til han: "Lat la meg leve, fiskar, for eg er inga flyndre, men ein fortrylt prins. Slår du meg i hel, vil eg likevel ikkje smake. Sett meg ut i vatnet att."

"No, ja", sa mannen, "du treng ikkje å ta slik på veg. Ei flyndre som kan tale, ville eg likevel ikkje gjere noko." Deretter kasta han flyndra ut att, og ho forsvann under overflata. Men det var ei lang blodstripe etter ho i vatnet. Fiskaren gjekk heim til kona si i muddergrøfta.

"Har du ikkje fått noko?" spurde kona, då han kom heim.

"Nei", svarte han. "Vel, eg fekk ei flyndre, men ho sa ho var ein fortrylt prins, og så lét eg ho svømme vekk."

"Bad du ho ikkje om noko til gjengjeld?" spurde kona.

"Kva i all verda skulle eg bede ei flyndre om?" spurde mannen forbausa.

"Du kunne då bedt om ei lita hytte", sa kona, "det er slett ikkje hyggeleg å bu i denne muddergrøfta, her luktar så ekkelt. Gå av stad og rop på ho og bede om ei lita hytte, så får du ho nok."

"Men korfor det?" sa mannen.

"Gå no berre", sa ho, "du har fanga ho og gitt ho lov til å behalde livet, så ho gjer nok som du bed om, skal du sjå."

Mannen hadde ikkje mykje lyst til det, men han ville også nødig gjere kona si imot, og så gjekk han då. Då han kom ned til havet, svulma det gult og grønt og var slett ikkje blankt som før. Han stilte seg likevel på stranda og sa:

"Vesle, gode flyndre, kom opp til meg frå djupet,
for kona mi vil meir enn meg."

Flyndra kom også opp og spurde: "Kva vil ho då?"

"Kona mi seier at når eg har gitt deg livet, skulle eg også bede deg om noko. Ho er så lei av å bu i ei muddergrøft og vil så gjerne ha ei lita hytte."

"Gå berre heim", sa flyndra, "ho sit alt i hytta."

Mannen gjekk no heim og fann kona si sittande på benken utanfor ei lita hytte. Ho tok han i handa og sa: "Kom inn, så skal du sjå kor triveleg her er."

Han gjekk inn med ho. Det var ei triveleg forstove og ei flott daglegstove og eit lite rom med to senger. Kjøkkenet og spiskammeret var kvitt og pent, og det stod blanke tinnkrus og massingkar der. Bak huset var det ein liten gard med høner og ender og ein liten hage med grønsakar og frukt.

"Er det ikkje herleg her?" spurde ho.

"Jo", svarte han, "no kan vi få det godt."

"Vi får vel sjå korleis det går", sa kona. Så sette dei seg til å ete, og deretter gjekk dei i seng.

Då det var gått fjorten dagars tid, sa kona: "Høyr, mann, eg synest her er altfor lite plass. Garden og hagen er også fælt små. Flyndra kunne godt ha gitt oss eit større hus. Eg kunne ha lyst til å bu i eit stort slott. Gå og bede flyndra om det."

"Du verda", sa mannen, "kva skal vi med det? Hytta er då god nok!"

"Du kan då gjerne spørje om det", sa kona. "Nei", svarte han, "no har ho alt gitt oss huset her. Ho kunne bli sint om eg kjem att."

Men kona heldt fram med å plage han, og til sist gjekk han også, sjølv om han var svært lei for det.

Då han kom ned til havet, var det ikkje lenger grønt og gult, men heilt mørkt og grumsete. Men det var ikkje mykje bølgegang, så han stilte seg på stranda att og sa:

"Vesle, gode flyndre, kom opp til meg frå djupet,
for kona mi vil meir enn meg."

"Kva vil ho no då?" spurde flyndra og stakk hovudet opp av sjøen.

"Ho vil bu i eit slott", svarte mannen og var sturen.

"Gå berre heim", sa flyndra, "ho sit alt i slottet."

Mannen gjekk heim, og då han kom dit der huset hadde stått, stod det eit stort slott der. Kona hans stod utanfor på trappa og tok han i handa, og han gjekk inn i slottet i lag med ho. Det var så mange tenarar som lukka dørene opp og att for dei, veggane var skinande blanke, og det stod forgylte bord og stolar omkring, og på alle golv låg det mjuke teppe. Bak slottet var det ein stor gard med stallar og fjøs og ein herleg hage med blomster og tre. Litt lenger borte låg det ein stor skog, og der inne sprang harar og hjortar fornøgde omkring.

"Er det ikkje herleg her?" spurde kona.

"Jo", sa mannen, "No skal vi då også slå oss til ro her."

"La oss først sove på det", sa kona, og så gjekk dei i seng.

Neste morgon vakna kona først og sette seg opp i senga og kika ut på det herlege, fruktbare landskapet. Mannen låg enno og sov, men snart gav ho han ein dult så han vakna, og sa: "Eg kunne ha lyst til å herske over heile landet. Gå og sei til flyndra at du vil vere konge."

"Eg har slett ikkje lyst til å vere konge", klynka mannen.

"Vil du ikkje, så vil eg", sa ho. "Gå og sei til flyndra at eg vil vere konge."

"Nei, det gjer eg ikkje", sa mannen, men til sist gjorde han det likevel. Han gjekk ned til havet, som no var kolsvart, og sa:

"Flyndre vesle, flyndre god, kom opp til meg frå djupet,
for kona mi vil meir enn meg."

"Kva vil ho no", spurde flyndra.

"Ho vil vere konge", sa mannen sturen.

"Gå du berre heim, ho er det alt", sa flyndra og dukka ned att.

Mannen gjekk heim, og då han kom til slottet, såg han at det var blitt mykje større. Utanfor stod ei skiltvakt og der vrimla av soldatar. Då han kom inn i slottet, såg han at det var heilt av marmor og gull, og det hang raude fløyelsforheng med store gullkvastar her og der. Han gjekk inn i den store salen der heile hoffet var samla, og kona hans sat på ei trone av gull og edelsteinar med krone på hovudet og septer og rikseple i handa. På kvar side av ho stod seks jomfruer, den eine eit hovud mindre enn den andre.

"Er du konge no?" spurde han.

"Ja, det er eg", svarte ho.

Han stod ei stund ganske fortapt og såg på ho, så sa han: "Så skal du heller ikkje forlange meir no."

Kona hans blei ganske uroleg av å høyre det. "Eg kan ikkje halde ut dette", sa ho. "Gå ned til flyndra og sei eg vil vere keisar."

"Nei det gjer eg ikkje", sa mannen, "for keisar kan ho ikkje gjere deg til."

"Kva for noko?" sa kona, "Gjer som eg seier. Eg er konge, og du er berre mannen min. Han kan like godt gjere meg til keisar som konge."

Mannen måtte av stad til sist, men han var svært redd og tenkte at flyndra truleg ville bli vreid. Havet svulma argt og svart, men mannen stilte seg opp på breidda og sa:

"Vesle, gode flyndre, kom opp til meg frå djupet,
for kona mi vil meir enn meg."

"Kva er i vegen no då?" spurde flyndra.

"Ho vil vere keisar", svarte mannen og såg svært ulykkeleg ut.

"Gå berre heim, du", svarte flyndra, "ho er det alt."

Då mannen kom heim, var slottet blitt enno større og prektigare. Soldatar marsjerte fram og tilbake og bles i trompetar og slo på tromme. Då han kom inn i storsalen, sat kona hans på ei høg trone med ei stor gullkrone på og septer og rikseple i handa. På begge sider av trona stod livvakter, og den største var så høg som ei kjempe og den minste ikkje større enn ein veslefinger. Framfor trona stod mykje fornemt folk samla.

Mannen gjekk fram mellom dei og spurde: "Er du keisar no?" Han stod lenge og såg over ho. Så sa han: "Som det kler deg å vere keisar."

"Kva står du der og glor for?" sa kona. "Er eg keisar, vil eg også vere pave. Gå ned og sei det til flyndra."

"Det kan du då ikkje meine", sa mannen, "der er berre éin pave i heila verda."

"Men eg vil vere pave", sa kona. "Eg vil vere pave alt i dag. Skund deg til flyndra."

Mannen ville helst sleppe.

"Kjem du med vrøvl?" sa kona. "Sjå til å komme av stad. Hugs at eg er keisar, og du er berre mannen min."

Han gav seg då også på veg, men han var så redd at knea hans skalv under han. Vinden jaga skyene av stad over himmelen og suste gjennom trea, og langt ute kunne han sjå båtar som blei kasta fram og tilbake på bølgene I midten var himmelen ørlite blå, men mot sør trekte eit mektig uvêr seg opp. Mannen skalv i stemma mens han stod nede på stranda og sa:

"Vesle, gode flyndre, kom opp til meg frå djupet,
for kona mi vil meir enn meg."

"Kva vil ho no då", spurde flyndra.

"Ho vil vere pave", sa mannen og rista av angest.

"Gå berre heim, ho er det alt", sa flyndra.

Då mannen kom heim, låg det ei svær kyrkje der. Ho var omkransa av praktfulle slott. Folk stimla mot kyrkja, der kona hans sat på eit enno høgare trone i gylne klede. Lange rekker med lys stod ved sida av ho, det største så stort som det høgaste tårn, og det minste ikkje større enn eit ørlite vokslys. Prestar og munkar stod rundt om trona, og kongar og keisarar knelte ned og kyste tøffeltuppen hennar.

"Er du pave no?" sa mannen.

"Ja", sa kona og nikka. Mannen gjekk rundt og såg på ho og blei like blenda av all prakta som når ein ser på sola. "Kor fager du er som pave", sa han deretter. Ho svarte ikkje, og han sa: "No kan du vel ikkje bli noko større."

"La oss sove på det", sa kona, og sa gjekk dei i seng.

Mannen var trøytt og sov trygt og godt, men kona kunne slett ikkje falle i søvn. Ho kasta seg frå den eine sida av senga til den andre og tenkte på kva ho kunne bli som var enda meir enn pave. Då sola stod opp og heile himmelen raudna, sette ho seg opp i senga og tenkte: "Om berre eg også kunne få sola og månen til å stå opp!"

Ho gav mannen sin ein kraftig dult så han vakna. "Skund deg å stå opp", sa ho. "Du skal ned til flyndra og seie at eg vil vere Gud."

Mannen blei så forskrekka at han fall ut av senga. Han trudde han hadde høyrt feil, og sperra auga vidt opp og sa gapande: "Kva er det du seier?"

"Eg kan ikkje halde ut å gå her og sjå at sola og månen går opp og ned utan at eg har noko at skulle ha sagt", ropte ho, "eg får aldri ein roleg time meir. Gå ned til flyndra og sei at eg vil vere Gud."

Mannen fall på kne og rekte hendene opp mot ho. "Det kan han ikkje gjere", sa han, "ver nøgd med å vere pave."

Då blei kona ute av seg. Håret flaug vilt om hovudet på ho, og ho gav han eit spark. Så skunda han seg å kle på seg, og sprang som det gjaldt livet.

Utanfor rasa det storm så han nesten ikkje kunne stå på beina. Trea blei rivne opp med rot, berga skalv, og store klippestykke blei slynga ut i havet. Himmelen var kolsvart, og det tora og lynte. Bølgene gjekk så høge som kyrkjetårn, og det kvite skummet sprøyta opp i lufta. Mannen ropte så høgt han kunne, men kunne ikkje ein gong høyre det han sjølv sa:

"Vesle, gode flyndre, kom opp til meg frå djupet,

for kona mi vil meir enn meg."

"Kva er i vegen no då?" spurde flyndra. "Ho vil vere Gud", sa mannen, og tennene klapra i munnen på han.

"Gå heim", sa flyndra. "Ho sit i muddergrøfta att."

Og der sit ho enno, den dag i dag.

Notar til Grimm-eventyr

  Innhald  


Bøker      

Grimm-eventyr ved brørne Grimm.    Seksjon     Sett    Neste

Grimm-eventyr ved brørne Grimm. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2001–2020, Tormod Kinnes. [E‑post]