Norsk del, Gullvekta
Tankar frå Hitopadesha
Seksjon › 44 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Innleiing

Hitopadesha er ei samling med fablar og eventyr og gode råd frå 1100-talet. Historiene har dyr og fuglar som hovudpersonar.

Boka er spekka med vers og ordtak frå verk som ligg enda lenger attover i tid: somme meiner frå 350 til 1200 før vår tidsrekning. Så det er spor av mykje gammal kultur som har funne plass på sidene.

Heime i India frydar gamle og unge seg over boka, skriv Sir Edwin Arnold om dei i si eiga omsetting av utvalde ordspråk og vers derifrå. "Syskenbarna" til denne teksten er Panchatantra og Jataka-historiene frå India, og Esopsfablar i Europa. Enkelte greske fablar er like somme frå Hitopadesha.

Hitopadesha-fablane har blitt omsette til persisk, arabisk, hebraisk, gresk og mange andre språk. Den første engelske omsettinga av Hitopadesa kom i 1787. Fleire følgde, både på engelsk, tysk, fransk, og andre språk. Verket er altså godt likt i verda.

Boka er ei samling meiningsfylte, korte soger eller fablar med dyr og fuglar i, og er delt opp i fire hovuddelar ein også finn i Femboka, som Hitopadesha tar av frå og utfyller i somt. Dei fire er:

  • Korleis ein vinn vennar
  • Vennar som skiljast
  • Krig
  • Fred

I dei siste versa av verket heiter det at samlaren/forfattaren heiter Narayan(a). Vi veit nesten ingenting om han, men han kan ha vore ein lærd (pandit), og rådgivar ved hoffet til ein konge som heitte Dhavalachandra. Narayana seier at hovudmålet med å lage boka er å fortelje unge hugar om livet slik at dei forstår ting som hjelper dei når og om dei blir ansvarlege vaksne.

Boka kan overraske med visdommen som er fletta inn i fablane. Historiene er korte, enkle og greie å forstå, og så er samlinga sitatvennleg. Ho er skatta av barn og foreldrer.

Innhald


Ord frå Hitopadesa, Hitopadesha wisdom or common sense, litteratur  

Arnold, Sir Edwin. The Book of Good Counsels: From the Sanskrit of the "Hitopadesa." London, W. H. Allen, 1893.

Pincott, Frederic, red. Hitopadesa: A New Literal Translation from the Sanskrit Text of Prof. F[rancis] Johnson for the Use of Students. London: W. H. Allen, 1880.

Ord frå Hitopadesa, Hitopadesha wisdom or common sense, opp Seksjon Sett Neste

Ord frå Hitopadesa, Hitopadesha wisdom or common sense BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link]
© 2010–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [Email]  ᴥ  Disclaimer:  [Link]