Norsk del, Gullvekta
Tankar frå Hitopadesha
Seksjon › 44 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Noko frå Boka med gode råd

Ved bredda av Ganges-elva låg byen Pataliputra. Kongen der, Sudarsana ["Kjekk og pen"], var ein god og moralsk konge. Ein dag overhøyrde han tilfeldigvis nokon som sa fram desse versa:

Vismenn reknar visdom for høgast og ser ned på mang slags fryd og gaman. Dei lever kvar dag som om dauden alt tvinna fingrane sine i håret deira for å dra dei med seg.

Sanneleg, rikare enn gods og gull, betre enn den beste vinning elles, er visdom som er sikker og gratis. Har ein først fått det, får ein halde på det sidan.

Visdom gjer varsam, og varsemd gjer skikka etter kvart. Den godt skikka kan få seg velstand, velstand ein har til å gjere godt med, så ein blir glad.

Våpenkunnskap kan ein sjeldan løyse problema med når alderen sig over ein, men kunnskap om særs gode bøker blir vel alltid halde i ære.

Slik som mønster og former blir rissa og prega på våte leirkar og blir verande etter at dei blir brent, kan fablar forme unge sinn moralsk med lærdommane sine.

Ungdom, rikdom, makt og mangel på omsyn fører til ulemper. Kor mykje meir gjer dei ikkje det når alle fire går saman!

Lærdom kastar lys over det som ligg i skugge, løyser tvil og flokar som plagar ein i hugen. Utan eit slikt auge, er ein blind på sett og vis.

Dette overhøyrde kongen og blei uroleg til sinns, for sønene hans mangla mykje for å herske godt. Dei las heller ingen gilde skrifter, men gjekk snarare galne vegar, slik han hadde forstått det. Han sa fram eit vers for seg sjølv:

Er du barnlaus? Er barna dine daude? Er du att aleine, så du berre kan lengte og sikle?

I så fall har du det ikkje så elendig som han som er far til ein tosk.

Og igjen dette:

Ein vis son gjer far sin glad, førti toskar er til inga nytte.

Ein måne gir meir sølvaktig nattelys enn ein skare stjerner.

"Og det har blitt sagt", tenkte han:

Å ha det lettvint og makleg og vere ved god helse, å ha lydige barn, visdom og ei kone med vakker stemme, det er fem ting å rekne seg lykkeleg for.

Også sonen til den noble blir æra. Men bogen som bøyer seg for mykje og bogestrengen som brest i bruk, kva kan ein gjere med dei?"

Eg veit det blir sagt at menneske-innsats ikkje alltid duger stort, og at det som skal skje vil skje og det som ikkje kjem til å skje, det kjem ikkje til å skje. Så korfor ikkje ta inn over seg slike utsegner, drikke slik ei enkel motgift mot å bli elendig? Det er fordi slike haldningar stammar frå dum lediggang, frå folk som ikkje vil gjere det dei skulle.

Heller enn å sukke at lagnaden er sterkast, skal ein tenke at sesamfrø inneheld mykje olje, men gir ikkje slepp på oljen utan å bli pressa.

Det er eit tofaldig liv vi lever: der køyrer lagnad og vilje i lag. Dei er to hjul som ber livsvogna framover - kan den rulle på berre eitt av dei? Lagnaden kan vere sjefen i dag - mennesket kan ha vore sjefen i går."

Ei verdig fullending av noko kan krevje meir enn furting*. Så opp og vinn fram! Mens den svoltne løva dormar i hiet sitt, kjem nesten aldri ein hjort innom der.

Slik er det nok.

Etter å ha blitt ferdig med alle desse tankerekkene sine, gav kongen ordre om å sette saman eit råd av lærde. Der sa han: "Høyr no."

Innhald


Høyet i hus

På mange sider er det små teikn i teksten: parentesar, symbol, tilvisingar og anna til nytte ved læringsarbeid: (1) Teiknforklaringar; (2) Handtering av livslærdommar.

∼ Kjelder: [Bøker]

Ord frå Hitopadesa, Hitopadesha wisdom or common sense, opp Seksjon Sett Neste

Ord frå Hitopadesa, Hitopadesha wisdom or common sense BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link]
© 2010–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [Email]  ᴥ  Disclaimer:  [Link]