Norsk del, Gullvekta
Aforismar og andre åtgåingar
Seksjon › 13   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

D

Dei gamle bukkane har dei stivaste horna.

Dei som er kvarandre lik, finn saman (Fransk: Qui resemble, s'assemble).

Den fuglen som syng på feil plass, kan bli tatt av katt.

Den jåledrukna elskar ingen.

Den lykkelegaste tenker dei mest interessante tankane. (Amerikansk)

Den som berre vil dra klart vatn or nygreven brønn, må finne seg i å gå tomhendt heim att.

Den som bygger ved landeveg, kan få mange til å kommentere seg.

Den som dømmer mellom to vennar, mister vel ein av dei.

Den som er rik nok, treng neppe overtale nokon om at ting han byr ut, er av verdi. Det skin venteleg gjennom eit og anna likevel.

Den som frir til pengar, spør ikkje om alderen.

Den som gir glede, har vel gagnleg påverknad enno.

Den som har vada i stryket, kjenner det vel.

Den som kjenner dei tolv pulsane, veit vel kva veg det ber [akupunkturlære].

Den som kjenner seg best, får gå for storkunstnar i faget.

Den som skil seg ut når det er kamp, må ofte li, også utan å fortene det.

Der dug vantar, er venleik lite blid.

Der dyden manglar, er det ikkje langt mellom motgangane.

Der ein ikkje kan skjere, få ein sjå om ein kan hogge.

Dess fleire kokkar, dess meir søl.

Dess lenger du ventar, dess meir mat trengst for å overleve.

Det beste vil alle gjerne ha del i.

Det blei færre sladrekjerringar om ikkje så mange høyrde på dei.

Det blir neppe godtfolk av fe.

Det den fattige seier, er normalt ikkje skjemt.

Det er alltids noko å kalle ting ved sitt rette namn.

Det er dyre dropar som gjer ein susete i knollen. (Om sjampanje)

Det er godt det flaskar seg, berre det ikkje korkar seg, sa mannen.

Det er ikkje alltid den venaste jenta som blir den beste kona.

Det er ikkje alltid godtå ro med straumen med vinden i ryggen.

Det er mang ein gong ingen feil å røre seg og vere stille, og heller ingen feil å vere rolig og med tida bere frukt derifrå - til dømes ei retning å gå aktivt fram langs, og ein stig å gå tilbake langs.

Det er mangt eit godt hovud under ein gammal hatt.

Det er mykje vondt i verda, sa guten, han lærte å lese.

Det er tryggare i fjøra enn på fjorden.

Det er vel ikkje så farlig om pølsa er i lengste laget.

Det finst måtar å vite kven som elskar deg; ho gir for eksempel framgang som ber frukt. Og ho held seg trufast til sanninga.

Det finst sikkert ein utveg, sa musa, ho låg i magen til katten.

Det finst verre mat i verda enn raspeball.

Det hjelper ikkje kva du trur, det høver ikkje å vere fattig.

Det luktar fort låkt av annan manns lort.

Det rette må stort sett vere å bakke opp noko mildare enn det som gjer folk flest sure.

Det skal lite til når lykka vil.

Det skjer mykje ein ikkje hadde drøymt om.

Det skulle hjelpe å vere behageleg og sakleg informert. Gal tru har felt så mang ein. At somme handlar heilt urimeleg tullete gjennom tru og låg griskheit i spann, høyrer dessverre ikkje heime berre i eventyr.

Det trengst lite for å pynte det som alt er pent.

Dunkle tekstar kan godt gi meirsmak. Berre les ymse filosofar -

Den som dømmer mellom to vennar, mister vel den eine.

Der ein ikkje kan skjere, få ein sjå om ein kan hogge.

Dess fleire kokkar, dess meir søl.

Det beste vil alle gjerne ha del i.

Det blir neppe godtfolk av fe.

Det er alltids noko å kalle ting ved sitt rette namn.

Det er godt det flaskar seg, berre det ikkje korkar seg, sa mannen.

Det er ikkje alltid den venaste jenta som blir den beste kona.

Det er ikkje alltid godtå ro med straumen med vinden i ryggen.

Det er mangt eit godt hovud under ein gammal hatt.

Det er mykje vondt i verda, sa guten, han lærte å lese.

Det er tryggare i fjøra enn på fjorden.

Det er vel ikkje så farlig om pølsa er i lengste laget.

Det finst sikkert ein utveg, sa musa, ho låg i magen til katten.

Det finst verre mat i verda enn raspeball.

Det luktar fort låkt av annan manns lort.

Det skal lite til når lykka vil.

Det skjer mykje ein ikkje hadde drøymt om.

Det trengst lite til å pynte det som alt er pent.

Innhald


Høyet i hus

Klammer, symbol, stjerner, teikn og meir blir forklart: (1) Teiknforklaringar; (2) Klok fôr-handtering.

Litteratur

Aforismar, tankekorn, betraktningar, åtgåingar, vurderingar, fyndord, sentensar, ordspråk, levereglar, ordtak, observasjonar, sitat, maksimar, meiningar, synsmåtar, overslag, fråsegner, granskingar, utsegner, tankar, ord, opp    Seksjon     Sett    Neste

Aforismar, tankekorn, betraktningar, åtgåingar, vurderingar, fyndord, sentensar, ordspråk, levereglar, ordtak, observasjonar, sitat, maksimar, meiningar, synsmåtar, overslag, fråsegner, granskingar, utsegner, tankar, ord. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2016–2018, Tormod Kinnes. [E‑post]