Norsk del, Gullvekta
Aforismar og andre åtgåingar
Seksjon › 13   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

E

Eg har ein god boge, men han ligg heime i borga. (Etter engelsk)

Eg seier berre litt, men tenker desto meir. (Engelsk)

Ein bør ikkje strekke beina lenger enn teppet rekk. (Svensk)

Ein boge bør ikkje alltid vere spent.

Ein får ete som ein koker til.

Ein får ikkje noko godt når ein seier noko vondt. (Gammalegyptisk)

Ein får ha øyre for likande song det ein kan.

Ein gammal ramn skrik ikkje utan grunn. (Russisk)

Ein gneg litt av bein, men ingenting av berr stein. (Etter svensk)

Ein god smak lever ikkje evig på leppa. (Afrikansk)

Ein har ikkje gild nok moro om ein ikkje er med og lagar ho sjølv.

Ein kan aldri vite, sa gutten, han fiska i vaskefatet.

Ein kan også få for mykje av det gode, sa bonden, han fekk møkkalasset i hovudet.

Ein kastar skit på dei levende og blomster på dei daude. (Svensk)

Ein løgnar trur vi ikkje, ikkje eingong når han taler sanning. (Latin)

Ein liten fisk i båten er betre enn ein stor i fjorden.

Ein lykkast ikkje alltid, enda om ein er dugleg nok.

Ein må la folk tale, ettersom fisk ikkje kan. (Polsk). (Merknad: Her har folkeoppfatninga vore feil, for ◦fisk kan tale som fisk.)

Ein mann kjennast på sin omgang. (Latin)

Ein skade skjer lett, men kan vere vanskeleg å gjere god att. (Tysk)

Ein skal først sope framfor si eiga dør. (Norsk)

Ein skal ikkje dømme ei bog etter tittelen. (Svensk)

Ein skal ikkje krangle om skjegget til paven. (Engelsk)

Ein skal ikkje ro lenger ut enn å ein kan ro i land igjen. (Svensk)

Ein skal kjenne sedene, og te seg ganske naturleg under eitt.

Ein skal skunde seg vel ifrå ein gal mann.

Ein skal spare i tide, mens ein enno har noko.

Ein skal velje å relatere attåt å ha stetta eigne behov.

Ein smigrar er ein hemmeleg fiende (Ungarn).

Ein stut kan ikkje brøle to stadar samtidig. (Afrikansk)

Ein tiger et ikkje sine eigne ungar. (Indonesisk)

Ein utolka draum er som eit uopna brev (frå Talmud).

Ein varmar omnen for at han skal varme igjen. (Svensk)

Ein vis mann vinn kunnskap frå den som ingen har. (Skotsk)

Einaste dottera blir snart moden. (Svensk)

Eit esel er eit esel, om så salteppet er av atlask.

Eit liv utan venn blir snart ein daude utan vitne. (Spansk)

Eit lys tenner andre lys og et seg sjølv. (Engelsk)

Eit sant ord er ikkje alltid frekt. (tilmåta frå Afrikansk)

Eit svolte auge ser langt. (Engelsk)

Eit vennleg ord held ein mann varm i tre vintrar. (Tyrkisk)

Eitt ord er nok for den vise. (Latin)

Eitt ord i tide er betre enn ti i utrengsmål.

Ekstreme vonde krev ekstreme forholdsreglar. (Latin)

Ekteskap er ikkje noko kappløp, du når alltid fram i tide. (Russisk)

Ekteskap kurerer kjærleiken. (Tysk)

Esel er vakre i auga til esel, grisar i auga til grisar. (Latin)

Et godt namn mister ein berre ein gong. (Svensk)

Et med måte og sov søtt. (Skåne)

Etter regn gror gras, etter vin veks vas.

Europearen vernar og slår i hel. (Afrika)

Innhald


Høyet i hus

Klammer, symbol, stjerner, teikn og meir blir forklart: (1) Teiknforklaringar; (2) Klok fôr-handtering.

Litteratur

Aforismar, tankekorn, betraktningar, åtgåingar, vurderingar, fyndord, sentensar, ordspråk, levereglar, ordtak, observasjonar, sitat, maksimar, meiningar, synsmåtar, overslag, fråsegner, granskingar, utsegner, tankar, ord, opp    Seksjon     Sett    Neste

Aforismar, tankekorn, betraktningar, åtgåingar, vurderingar, fyndord, sentensar, ordspråk, levereglar, ordtak, observasjonar, sitat, maksimar, meiningar, synsmåtar, overslag, fråsegner, granskingar, utsegner, tankar, ord. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2016–2018, Tormod Kinnes. [E‑post]