Norsk del, Gullvekta
Aforismar og andre åtgåingar
Seksjon › 13   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Innleiing

Kven seier kva til kven, på kva måte, i kva for kanal, når, med kva for føremål? Kva tener det til og kor går pengane? [Tilpassa etter Harold Lasswells formel]

På dei kommande sidene kjem eit utval åtgåingar, lause vurderingar kalla aforismar, ordspråk og sitat om kvarandre. Fyndord og tankekorn og andre sentensar kviler jamt på betraktningar, observasjonar og vurderingar, plent som ordspråk. Er nokon av tankane nyklekte? Det kan hende, og det er rom for meir.

Aforismar

Ordet aforisme kjem frå det greske aforismós, som er avleidd av aphorizein, å avgrense. Ordet samsvarer godt med meininga som ordet sutra, - tråd, altså tanketråd - har i Sanskrit-litteraturen, (Pali: sutta). Såleis blir teksten kalla Yoga Sutras omsett til Yoga-aforismar av somme. Sutraar er kortfatta sentensar. Dei treng gjerne tradisjonelle utgreiingar for å bli skjønelege.

Her i Vesten er ein aforisme forstått som "ei kort setning, eit lausrive sitat eller ein strøtanke som på ein treffande og underfundig måte uttrykker eit tankevekkande poeng, ei læresetning eller allmenn sanning, særleg om vitskap, kunst, moral og psykologi." Aforismar minner både i form og innhald om ordspråk, men aforismane har kjent opphav, enten dei er sitat frå litterære verk og talar, eller dei er nyskrivne. Aforismar er ofte humoristiske, men ikkje like komiske som vitsar. Aforismedikting eller -kunst blir rekna av fleire som ei eigen litterær form innan prosa.

Aforismar, sentensar, litterære sitat og andre gullkorn blir gjerne kalla "vengeord", eit uttrykk den greske historiediktaren Homer bruker i Iliaden og Odysseen. Mange er kjende for aforismane sine eller blir siterte for aforismeliknande formuleringar og fråsegner.

(Wikipedia, "Aforisme")

Nokre døme

I aforismar blir sanningar falda ut med omtanke.*

Kunsten tener til å skylle auga våre. - Carl Klaus Somme ting blir så heilt og fullt våre eigne at vi gløymer dei. - Antonio Porchia

Alle klagar over å ha dårleg minne, men ingen over dårleg forstand. - de la Rochefoucauld (1613–1680)

Er det framsteg om ein kannibal bruker kniv og gaffel? - Stanislaw Jerzy Lec (1909–1966)

Sitat

Sitat er oftast ganske lausrivne ord av nokon. Kjenner ein namnet på kjelda si, setter ein det til når det høver og om det høver. Er det ganske ukjent kven sitatet kjem frå, kan ein skrive NN eller Anonym om ein er viss på at han eller ho verkeleg er ukjent. Det kan hende ein lyt slite for å finne fram til første kjente kjelda til eit sitat, for skrivande folk nappar fyndord herfrå og derfrå gir det kan hende ein eigen vri, og gir ut resultatet som sitt. Det er lovleg. Ein finn såleis fleire opphav til same sitat, berre ein grev litt. Sånn er det somtid, men ikkje alltid.

Sitat har ved seg "kva" og "kven" ifrå Lasswell-formelen (ovanfor), men kanskje ikkje måten ytringa har blitt meint på opphavleg, og ofte ikkje i kva for kanal - kva bok, til dømes. Kva ulike sitat tener til kjem også an på bruken av dei, og når det gjeld pengar, kjem det vel an på utgivar og marknad.

Stilgaidar gir oppskrifter for godtatt sitatbruk. Det er ein god del om og men. [Jf. f.eks. Chicago Manual of Style 2010, s. 621, 1004-5]

Gode sitatbøker gjer sikkert etterplapringar kostelegare

Gode sitatbøker kan sitere rett - og andre ikkje. Dei flinke har med opphav, første kjente kjelde, dato og "kanal" for publiseringa av verket, og somtid noko om samanhengen - kven det har blitt sagt eller skrive til, eller kommentert, og så vidare. Men slik er det ikkje støtt, det er snarare unntak.

Det kan vere litt trøblete å finne fram til kjelder og tilvisingar for sitat. Då kan ein ganske enkelt forme om på noko, sidan "tankane er tollfri" og det som blir uttrykt med eigne ord og ikkje støyter mot kopivern og kopilov, er trygt nok. Det finst eit nokså uklart grenseområde mellom sitat (kopiering) og attgiving. Men feltet er vidt og går djupare enn mangt anna, og dessutan finst svært mykje tilfang som er utan kopivern. Då er det berre å forsyne seg som ein får seg til. For ikkje å bli ein etterplaprar av andre sine formuleringar, kan ein forme sine eigne frasar over om lag same tankane - eller helst betre, meir treffande, meir presise, sannare, rettare. Då har ein fått tak på noko som gjer meir tilfreds.

Utgangspunktet: Det er lov å gi att tankar med eigne ord, og tankar frå verk som fell utanfor kopivernet, til dømes sytti år etter forfattaren er daud.

Sitatsmartingar

Å formulere ein idé eller tanke er å gi han språkleg form, gi uttrykk for tanken. Ein kan gjere det forsiktig eller på andre måtar. Noko kjem an på samanhengen. Tre viktige måter å bere fram andre sine tankar på:

  • Gi att ordrett. Sei kva som er kjelda eller kjeldene ein siterer frå;
  • Gi att omtrentleg: Formulere noko med andre ord (Dansk: omformulere, reformulere);
  • Seie noko med eigne ord eller i flunkande ny språkdrakt: Formulere på ny, gi ny språkleg form. (Dansk: nyformulere).

Å vekse med godord kan vere å våge seg meir og meir opp til eigne formuleringar av heilt eigne tankar - ikkje ukunnige formuleringar heller. Men i vitskapleg publisering treng ein hyppig alle tre formene for formuleringar: Sitere ordrett; gi att reieleg og skapleg; og formulere sjølv. Det er snakk om tre nivå i formuleringskunsten, og det er smart å kunne alle og meir til for den som kavar og arbeider med orda. [Meir]

For alle tre slaga gjeld det å "sleppe unna med det". Det er ei anna side ved ordkunsten. Ikkje overdrive; ha god dekning for det ein setter fram; og vere reieleg oppriktig og omsynsfull kan gå godt. Ein får helst gå inn for å vere høveleg sakleg og rund framfor tendensiøs, som det heiter - om ein ikkje berre er ute etter å underhalde og om ein skal velje.

Kva gagn og hygge er det til dømes i å (1) sitere vas? (2) Forme sladder og løgn med andre vendingar? (3) Ny-formulere skarpt så ein blir bura vekk eller ringeakta for verket sitt?

Å snakke høveleg fører ikkje til fall. Mykje øl har motsett verknad.

Variantar kjem med i spelet

Ord og sitat som har overlevd i fleire slektsledd, er ganske runde i kantane, slagferdige, men også bra uavhengige av situasjonene dei sprang ut frå - det siste gjeld mange, men ikkje alle. Og det hender ofte at sitat blir gitt att i "folkedjupet" så dei blir ordtak i fleire variantar - meir eller mindre godt omformulerte. Men den sida ved sitat kan få ligge her.

Med tida kjem fleire ordtaklike og ordtaknære ord og fyndord med i samlinga her - det blir nok lite sitatarbeid, men heller omforma frasar og nyformuleringar. Det er ikkje noko enten-eller mellom dei tre sjikta; sitat, attgivingar og eigne utsegner kan godt blandast. Men når ein lagar eigne utsegner ifrå frasar og brokkar ein finn frå ulike hald slik at ein ikkje kan seie ein siterer, får ein helst gi form og innhald til eitkvart likande eller originalt for seg.

Det finst mange friske bidrag. Ordkunsten er vid og ikkje så vanskeleg som mange kanskje vil ha det til, og barn kan godt velte ut av seg både flotte tankar, ganske gode tankar og feil tankar. Det finst gode døme. [Døme på engelsk]

Det gjeld å gardere seg mot at eigne tankar er feil tankar. Til det har ein slikt som akademiske reservasjonar - nyttig å kunne.

Tankar i skolesekken kan vere bra . . .

Det er fint å ha kjekke, gode tankar med seg i ryggsekken og bakhovudet. Har ein fått dei inn i hovudet, kan dei kanskje hjelpe ein livet ut. Så har ein dei i ei boksamling i ein skoleransel eller ryggsekk, har ein vel ikkje komme til det fremste resultatet ein kan nå.

Men så får ein jo finne ut kva som er gode, nyttige tankar mellom ordtak, sitat og vitskapsdogme. Den kunsten bør vere minst like nytttig som å lese og lære fyndord i bøker. [Vink]

I hovudet og bringa kan vere betre enn i sekken bak.

Den mogelege verdien av sitat

Professor emeritus Ruth Finnegan (2011) spør: "Korfor siterer vi?" Ho fortel så ifrå sitatkultur og sitatsoge gjennom nokre hundre sider. Sitat:

What does it mean, this strange human propensity to repeat chunks of text from elsewhere and to echo others' voices? How does it work and where did it come from? Does it matter? Why, anyway, do we quote? (2011, xi)

Ho spør om lag slik: Kva tyder han på, denne rare menneskelege hangen til å ta opp att tekstbitar frå andre og gjere seg til ekko for andre sine røyster? Korleis fungerer den hangen, og kor kom han frå? Spelar det noka rolle, same kva?"

Finnegan kom til at for å finne ut av slikt, laut ho granske i det britiske noet og grave etter kva som låg bakom. Det gjorde ho, og kom fram til at det gav henne perspektiv på sitatpraksisar fram til 2011, og det førte henne også til å sanne at ho utan å sanse det, hadde vore intenst interessert i sitering ei tid, skriv ho (2011, xii).

Sitering skjer i rikt monn omkring oss. Skjønar vi kva fenomenet betyr? Veit vi noko om korleis dagens siteringspraksisar kom i stand? Finnegan granskar siteringshistoria og jamfører ulike siteringsskikkar i samtida. Ho ser inn i den artige historia til hermeteikn, den lange tradisjonen med sitatsamlingar, som kan bugne med seigliva, langliva sitat mellom resten av dei. Sitatkunsten har hatt ulike utløp gjennom tusenåra. Siteringshistoria kastar også lys over omgrep som "etteraping", "allusjon", "forfattarskap", "originalitet" og "plagiat," syner ho.

Det er jamt eit klokt grep å ha kjelder å vise til for sitata sine. Ei slik forsikring hjelper mot lureri. Å sitere seg sjølv er kanskje ikkje topp, men heller ikkje eit absolutt teikn på nedgang. I mangt eit studium kan ein høyre at lærde som skriv artiklar og bøker går gjennom tre fasar:

  1. På vegen opp siterer dei andre.
  2. Frå toppartia av karrieren siterer dei andre og seg sjølv.
  3. Til sist kan det hende dei siterer mest seg sjølv, og det går for å vere teikn på akademisk nedfasing. Sikkert er det likevel ikkje. Det same gjeld for tanken at fleirtalet har rett - Det kan vi sjå nærare på nedanfor.

Abraham Maslow dolkar oppfatninga av at fleirtalet veit best og har rett ved hjelp av bjøllekurva (fig. 1).

Bellkurva
Fig. 1. Den statistiske normalfordelinga ser ut som ei gjennomskoren bjølle.

Les av fig. 1

Denne fordelingskurva er mykje brukt. Ein har komme til at mange eigenskapar og meir til blir fordelt ganske i samsvar med slike prosent-fordelingar som fig. 1. viser.

Dei to mørkeblå felta i midten femner over "dei fleste", som vil seie 68,2 prosent, som er innpå sju av ti. Det statistiske gjennomsnittet er vist som midtaksen i kurva. Stolpane som går utetter ifrå midtaksen markerer "standardavvik". Dei kan ein rekne ut. Det finst statistikk-matematikk for det.

I det største lyseblå feltet til høgre finn vi også 13,6 prosent av alle som er med. Maslow reknar slike som plussvariantar. I feltet heilt ytst på figuren (det startar fire standardavvik frå midtaksen) er ganske få, rundt "ein av tusen" i gjennomsnitt.

Slik er dette laga ut frå nokre hundre års arbeid for å finne ut av fordelingar. Det står meir i Wikipedia om "normalfordeling" og "standardavvik" - men krev forkunnskapar for å bli forstått godt.

Abraham Maslow peikar på at det finst to grupper som skil seg frå det store fleirtalet, eller gjennomsnittsgruppa. Ei av gruppene står for "positive avvik", meiner han. I "Elitens psykologi" framme i boka ◦. . . at vi skal elske hverandre (1968) fortel professor Tollak B. Sirnes (1922–2009) kva som Maslow fann ut kjenneteiknar modne plussvariantar (einarar), og seier med Maslow at det er desse som eigentleg er føredøme, gode rollemodellar.

Det er dermed som i ordtaket "Sjå til dei beste, ikkje dei fleste." Så ikkje berre fordelingsstatistikk støttar elitesyn. Tilbake til sitatbusinessen: Dersom ein er kvikk av seg, har granska noko i lang tid, og endar opp med å sitere seg sjølv heller enn mange dei fleste gongane ein siterer, så kan det også vere teikn på at ein sjølv har mest å fare med, er mest skikka, har mest ekspertise og fagkunnskap på eit felt. Skulle ein ikkje sitere den beste kjelda, som i slike tilfelle godt kan vere ein sjølv? Kanskje ikkje berre, dersom:

Ein ekspert er ein som veit meir og meir om mindre og mindre. - Nicholas Butler (1862–1947)

Det er eit stytta sitat å fundere over. Den som grev seg ned i eit emne og spesialiserer seg ved det, går kan hende glipp av noko av den breie oversikta - men det skjer vel lett for andre også.

"Eit godt sitat kan vere verdt ei heil bok" - eller ei halv bok . . .

Det finst ikkje noko som er så låtteleg at ikkje ein filosof har sagt det. - Cicero, filosof

Sitat handlar ofte om livsfilosofi, eller sider ved han. Somme sitat er livslærdommar. Greie skriv også klart og godt slik. Dei skriv mangt med fynd og klem, og noko av det verkar kanskje sitatverdig om ikkje rett, som mange ord av filosofen Ralph Waldo Emerson: Rett skal vere rett. Om ein ikkje vil gjere alle mogelege feil sjølv og kaste vekk mykje dyrebar tid på dei om ein overlever, kan ein sjå kva andre har gjort og trekt lærdommar av. Kanskje nokre av dei ikkje er skeive eller kjem til kort på andre måtar. I slike høve kan ein gle seg over alle feila ein slepp å gjere sjølv for å få seg tips om kva som lønner seg. Ein lærar ikkje heilt ulike kunstnarane som granskar tusenvis av verk som andre har laga, og dernest tenker: "No har eg sett meg inn i det, og slepp å gjere slikt sjølv." Slikt arbeid kan vere med og endre kunststilane i verda etter kvart.

Ein som får del i ordkunst-tankar med god livslærdom i frå hine, kan vise sambandet til desse kjeldene på fleire vis. Stilgaidar ved universitet fortel om korleis dei vil at eigne studentar skal gå fram så det blir stell på sitat og anna.

Ein viser samband (sambanda på Sanskrit) ved direkte sitat; det er ein god måte. Å gi att er også råd. Det finst fleire vriar innan attgivingskunsten. Sjå berre: [Meir]

I akademisk og vitskapeleg skriving syner ein også helst kva kjelder og jamføringar ein har. Det syner ein er i eit godt eller høveleg nettverket, så som eit akademisk eit, grovt sagt.

Sitat av andre, som seier klart og godt noko ein sjølv meiner, kan fungere halvt som "lynavleiarar" ved at sitata viser at tankane er høvelege og verdsette mellom verdsette rundt om. For å få heile lynavleiarar og ikkje berre "halve slike", skulle sitata og kjeldene vere aksepterte i dei rette samanhengane, som ein seier.

Jamvel om ein har si si eiga olle, sitt eige oppkomme, er det ikkje gale å vikle olle-tankane i hop med andre sine tilsvarande tankar, og helst jamføre nøyaktig og spesifikt. Slikt detaljarbeid kan gjere tiltrua lettare, som for gjengse tankar innan forsking.

  Innhald  


Aforismar, fyndord, ordtak, sitat, tankar, maksimar, levereglar, litteratur  

Auden, W. H., and Louis Kronenberger. The Viking Book of Aphorisms: A Personal Selection. Reissue ed. New York: Dorset Press, 1981.

Cohen, J. M., og M. J. Cohen. The New Penguin Dictionary of Quotations. Rev. utg. London: Viking, 1992.

Cohen, M. J., red. The Penguin Thesaurus of Quotations. London: Penguin Books, 1999.

Finnegan, Ruth. Why Do We Quote? The Culture and History of Quotation. Cambridge: Open Books Publishers, 2011.

Gaither, Carl C., and Alma E Cavazos-Gaither, samlarar. Scientifically Speaking: A Dictionary of Quotations. Bristol: Institute of Physics Publishing, 2000.

McGovern, Una, ed. Chambers Dictionary of Quotations. Edinburgh: Chambers Harrap Publishers, 2005.

Mother, The. On Thoughts and Aphorisms. 2nd ed. Pondicherry: Sri Aurobindo Ashram, 2001.

Parrinder, Geoffrey. The Routledge Dictionary of Religious and Spiritual Quotations. London: Taylor and Francis / Routledge, 2005.

Phap Hoa Buddhist Temple. Admirable Friendship (Kalyana mittata): An Anthology of Buddhist Texts, Dharma Talks, Book Excerpts, and Quotations. Vernon CT: Dharma Flower Sangha, 2012.

Prabhavananda, Swami, and Christopher Isherwood, oms. How To Know God: The Yoga Aphorisms of Patanjali. The New American Library / Mentor. New York, 1953.

The University of Chicago Press. The Chicago Manual of Style. 16. utg. London: The University of Chicago Press, 2010.

Wagmann, Morton, coll. Historical Dictionary of Quotations in Cognitive Science: A Treasury of Quotations in Psychology, Philosophy, and Artifcial Intelligence. Westport CT: Greenwood Press, 2000.

Wilhoit, Stephen. A Brief Guide to Writing from Readings. 7. utg. Boston, Ma: Pearson Education, 2016.

Aforismar, tankekorn, betraktningar, åtgåingar, vurderingar, fyndord, sentensar, ordspråk, levereglar, ordtak, observasjonar, sitat, maksimar, meiningar, synsmåtar, overslag, fråsegner, granskingar, utsegner, tankar, ord, opp    Seksjon     Sett    Neste

Aforismar, tankekorn, betraktningar, åtgåingar, vurderingar, fyndord, sentensar, ordspråk, levereglar, ordtak, observasjonar, sitat, maksimar, meiningar, synsmåtar, overslag, fråsegner, granskingar, utsegner, tankar, ord. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]