NORSK DEL, GULLVEKTA  

Homeopati - forsking og utprøvingar

 15 › 2 › 5

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



homeopati

FØR var homeopati kontroversielt her på berget; no er det iallfall velkomment. Her får du sjå kva for plager homeopatiske middel er utprøvd mot i utlandet, kva for homeopatiske middel som finst på apotek. Resept trengst ikkje, men kontantar. Til sist stå lenkjer til mange av dei beste homeopatiske lærebøkene. Dei er tung lesing. - Tormod Kinnes


Verktøy med litt vind i segla

Bilete
Ein stad seier ein homeopatisk lege, James Tyler Kent, at det er samgangar mellom det ytre og indre i mennesket, og at det indre banar seg veg utetter [Kent, Aphorisms and Precepts 5].
      Kent talar om psykosomatiske sjukdommar, der ugreie innefrå baner seg veg ut i fysiske plager. Den tanken er vidt godtatt i den medisinske verda. Legar anslår at emosjonelt stress spelar ei viktig rolle i minst halvparten av alle vanlige fysiske sjukdommar [Hi 505]. Det finst også uheldig miljø, uheldige påverkningar, mangelsjukdommar, feil kosthald, gal (for sedat) livsstil, gifter og stråling som kan gå andre vegen. Kort sagt, sjukdom og vanhelse kan ha fleire årsaker.
      Det ligg nær å tenkje at i fall psykosomatikk - stress med stressrelaterte plager - er involvert i noe, kan vel homeopatiske piller gagne den som har tiltru til dei. Det kan vere verdt å prøve. Det same kan placebo-medisin, narremedisin makte når god tru og suggesjon motverkar sjukdommane psykosomatisk. Optimisme og humor helper også. Så: "Hjelper det, er det vel bra innan visse grenser."
      Homeopatar har i grunnen tru på at homeopatiske piller hjelper uavhengig av tru og suggesjon (placebo). Ein har tre hjelpemiddel når ein prøver å gagne folk og fe til betring via homeopatisk medisin: ved "sukkerkuler med mange forskjellige latinske namn" på seg - men det er ikkje alt som er sagt om homøopatiske middel:

Dr Karin Lengers funn

Dr Lenger har funne magnetiske foton* i homøpatiske middel (høgpotensar). Ho nytta ein magnetisk resonans-metode der ymse homøopatiske middel i høge potensar blei plassert i eit sterkt magnetfelt. Det viste seg at dei ulike middela hadde ulik resonans, at kvart middel hadde sin eigen magnetiske resonans - eller kan hende oscillasjonsbøljge, oscillatory wave gir like god forståing. Dr Lenger har altså brukt ein ny magnetisk resonansmetode til å måle homøopatiske potensar.
*I fysikken er foton eit kvantum av det elektromagnetiske feltet, for eksempel lys. Fotona vart opphavleg kalla energikvant. Eit foton er ein elementærpartikkel og har både partikkel- og bølgeeigenskapar. Fotonar står bak elektromagnetiske fenomen som røntgenstråling og mikrobølgjer. I teoretisk fysikk kan eit foton reknast som mellomledd (mediator) i alle slags elektromagnetiske interaksjonar, inklusive magnetfelt. Fotonforståing har ført til stor framgang i eksperimentell og teoretisk fysikk.
      Eit foton sin energi er det same som frekvensen det har, altså talet på elektromagnetiske svingningar per sekund som det representerer.
      Dr Lengerfann at homøopatiske foton er bundne til molekyla som ber dei (berarane) - anten vatn eller sukker - ved magnetpolane sine. Når vi "skakar i hop" eit homøopatisk middel blir ikkje vassmolekyla endra så vatnet verkar som "stille minne" av utgangsstoffet for det homøopatiske middelet, men endra vasstruktur blir tilskrive ulike slags fotonar med sine spesifikke frekvensar og energi når dei blir bundne til vatnet sin magnetiske pol.
  bsp;   Og fordi foton med sine særkjenner blir magnetisk bundne slik, inneheld homøopatiske preparat "informasjon". Denne informasjonen er det homøopatiske magnetiske fotonet med sin ibuande elektromagnetiske bølgjepakke, wave packet, og ulike frekvensar omforma av tilvirkingsmåtane til høgare frekvensar ved høgare potensar.
      Generelt innheld kvar homøopatiske potens eit distinkt energinivå. Høgast energi finn ein i potensar som har blitt rista fram (skaka) mest. Det er berre talet på skakingar - for hand eller maskinelt - som er avgjerande faktor for energinivåa til middela ho har undersøkt ved magnetisk resonans, og ikkje akkurat graden av fortynningar som blir nytta i tilvirkingsprosessen av slike middel. Ho fann også at handskaka og maskinelt produserte homøopatiske middel er likedan. Det vil seie du kan lage homøopatiske middel sjølv. Slik kan du kanskje spare ein tusenlapp eller fleire i året.
      Alle verdiane dr Lenger har funne, kan reproduserast nøyaktig. Det er avgjerande i forsking.
      Homøopati gagnar ved å regulere det elektromagnetiske feltet i samsvar med resonans-prinsippet, seier ho.
      Hahnemanns regel om å bruke berre eitt middel for å få i stand fullstendig heiling, er tvilsamt.
      Hahnemanns ofte siterte "likskapslov" for val av homøopatisk middel, kan ein redusere til likearta resonansfrekvens mellom potensen av at middel og den patologiske "stien", pathway inni ein, i samsvar med resonansprinsippet. Kvart homøpatisk middel har sitt eige resonansmønster, og sjukdommar i kroppen er ytringar av defektar i dei resonansane.
      Du får sjå om og i kva grad det høver. Ei mengd homøopatiske middel er karakteriserte i homøopatiske lærebøker. Det ligg ei slik bok på engelsk på nettstaden her. Somme kallar den den homøopatiske bibelen: [BOKA].
      Pepper og salt er mellom middela som blir skildra der og som det går an å lage homøotiske middel av.
      Dr Lenger har skaffa til veges forskingsdata som stadfester enkelte homøopatiske læresetningar og ikkje støttar (motseier) andre. Ho har gitt "hard fakta" på at homøopatiske middel ikkje er "berre sukker" og fusk likevel, og hurra for det. Her kan den interesserte lese den storveges forskingsrapporten hennar: [Rapport]

Meir er å seie

Tradisjonelt har ein til rådevelde:
  • Liste over middel (materia medica). Lister vil gi opplysingar om "gjengs skitt" som har blitt knytt til eit middel (remedium) ut frå mange slags påstandar med og utan vitskapelige sjekkingar - mest utan, dessverre.
  • Liste over plager og skavankar m.v. (repertoria)
  • Oppskriftsbøker (lærebøker) over korleis ein går fram for å handtere det påfallande medisinske systemet som homeopatien har ord for å vere.
Ut frå dette vel ein sukkerkulene som ein trur kan hjelpe godt. Her kjem vi saman til eit annleis teoritilfang med ein 200 års tradisjon i ryggen.
     
fishes
Når det gjeld det homeopatiske verktøyet (middela, remedia), er det du ser, sukker. Det vil seie, beraren av virkninga er små sukkerkuler som smeltar på tunga og smakar godt. Dei blir gitt ulike namn ut frå kva som gjekk inn i skaking-og-fortynningsprosessane føreåt, frå før sukker blei dusja eller dynka med skaka vatna på eit vis. Som homøopatiske preparat er dei utnemnt til å ha ulike styrkegrader (potensar) - enkelt og greitt å sjå til, kan hende: Det ein kallar homeopatiske middel er frå éi side sett (nesten berre) ugiftig sukker i hovudtrekk. Slikt er til sals i apoteka i landet, for di styresmaktene i si tid kom til at middela dei godkjente, ikkje kunne innehalde fysiologisk verksame komponentar (bestanddeler). Nei, men noko innheld det altså likevel: fotonar. Det syner ny forsking, og det er det. Ein får justere seg til den forskinga som best ein kan, meiner eg. Eg for min del starta med det for rundt ein generasjon sia -
      Eit av dei fremste kjennemerka på noen som kan faget sitt skikkelig, er enkel, ledig framleggjing, så liketil at born eller unge kan fatte hovudtinga. Dette er nokså generelle vink frå toppfysikarar som Werner Heisenberg, Albert Einstein og Erwin Schroedinger. [Thd 27]
      La oss berre slå det fast: homeopati har vind i segla, og vinn fram også i legestanden, og i utlandet når det enda fleire (sjå førre sida om det).


Kva for homeopatiske middel finst på marknaden i Sverige og Norge?

Link:DCG: DCG - Homeopatiske middel å få (sjå under "Enkelmedel" og nedover)

Dei fleste varene som står oppført, kan kanskje lokal apotekar skaffe. Han tingar i så fall desse reseptfrie middela ifra NMD (Norsk Medisinaldepot) med kontor i Oslo, Bergen, Trondheim og Harstad, om han ikkje har det på lager. Det er slett ikkje sikkert. I verste fall har ikkje NMD middelet heller. Då kan det tingast ifrå grossist eller frå utlandet, og det kan fort gå noen dagar eller veker slik. Eit alternativ som ser greitt ut, er å tinge (bestille) ifrå Løveapoteket i Trondheim eller eit apotek som har større utval, om ein finn det i Norden. Det er ikkje så sikkert.
      Norske apotek har elles plikt til å forsøke å skaffe deg middela i fall du tingar (bestiller), ifølge Helsedirektoratet, med basis i Lov om apotekarverksemd m.m. Sjå elles:


Å skaffe middela

Frå eit rundskriv

fishes
"Når det gjelder leveringstid, må det sentrale anliggende for Statens helsetilsyn være å legge forholdene til rette for at apotekets kunder får de forskrevne legemidler raskest mulig.
      Statens helsetilsyn har derfor gjort følgende vedtak:
      Med hjemmel i forskrift om grossistvirksomhet med legemidler av 21.desember 1993, § 4, 3. ledd og under forutsetning av at handel kun skjer mellom parter med godkjenning for tilvirkning av eller handel med legemidler samt at det til enhver tid velges den bestillingsmåte som gir kunden raskest tilgang til de ordinerte preparater [ettertrykk lagt til], gjøres herved unntak fra forskriftens krav til leveringstid. Unntaket gjelder kun homeopatiske og antroposofiske legemidler."
      [Sjekk nøye]


Teste middel?

Her kan du finne fram til kven som har lov å ta andre i kur når det gjeld den forma for naturmedisin som homeopatiske middel vel kan kallast. [Sjekk lovverket nøye] [Sjekk høringsuttalelsene]

Når ein vil teste middel, kan ein godt prøve å finne eit apotek som har godt utval av middel på lager. Kva som så skjer er kanskje uklart. Same kva: Det hjelper ofte å halde seg heilhjerta. Det kan også hjelpe å syte moderat - kven veit?

Norske legar flest har jamt nekta å tru at homeopatiske piller har verknad på menneske og dyr for di:

  1. Mye av vanlig homeopatisk teori har vore tullete ifrå starten, ikkje i spann med medisinsk hovudkunnskap.
  2. Praktiske utprøvingar, i sær akseptable, vitskaplige testingar, har mangla til nylig. Dessutan kjem det til at Helsedirektoratet knesette i si tid at dei midla som er i handelen - dvs med homeopatisk styrkegrad "D6" og høgre: D12, D30; D200, og så vidare, ikkje har fysiologisk verksame mengder i seg. Derfor blir jamt resultat frå homeopatisk praksis underkjent som utslag av:
    • Tru, suggesjon og tilfelle, samtale, og eventuelt også ufatta underverksemd;
    • Verknad på ufatta måtar som ikkje er fysiologiske i seg sjølve, og heller ikkje energetiske (energi-arta), og ikkje akkurat underverksemd.
For noen få tiår sia fanst det dårlig med lovande, ganske vitskapelig fundert forsking over homeopati. No finst det noe.

I vinden

Når vi seier at homeopatiske middel er "sukker med mange latinske namn over seg", er det sant. Spekulasjonar og tru setter somme til i lange baner - det kjem i tillegg. Men det skal vere sunt og lurt å tru minst råd og heller undersøkje ting for å avklare.
      Om homeopati er dette å seie: Det har vore eit likande og ugiftig felt. Det hender det kallast gjævt, enda om det er kontroversielt eller baksnakka: La oss sjå her kva tre professorar i kjemi kjem fram til med omsyn til dei gamle, vel innbanka forklaringane på korleis dei kostbare/kostelige (vel sjølv) sukkerpillene kan verke:
"Det ... finnes (ikke) noe vitenskapelig grunnlag for medisinske effekter av homøopatiske ekstreme fortynninger, som hverken kan inneholde virkestoffer, andre energitilstander av virkestoffer eller relevante spor etter virkestoffer. De såkalte forklaringsmodeller bygger ikke på noe reelt grunnlag." [Sjekk]
Dei tre ytrar seg ut frå gjengs nok teori og skjønnar ikkje at homøopati kan verke. Men er det heile så enkelt? Finst det ikkje rom for alternative forklaringar (alternative hypoteser) i det? Vi meiner jo, det skulle ein sjå nøye etter, i og med at homeopatien har hatt så lang levetid i med- og motbør. Den er 200 år gammal, til og med.
      Den som vil finne ut av noe kan ein ta til med å sjekke (1) teoriane, (2) utprøvingane og (3) middela - alle tre.
"The proof of the pudding is in the eating (Engelsk ordtak)".
Dersom middela syner seg å verke ved lagelige utprøvingar, og ein ikkje forstår at dei kan verke, har ein ikkje gode nok tankar til å skjønne fenomena ved. Då prøver ein å finne fram til omgrep som kan duge. Slikt kan godt ta tid. Vitskap kviler på utvikling av lagelige nok omgrep og metodar, og å dyrke "akademisk skepsis", tviling, med meir. Også for homøopatiske middel gjeld det at storsamfunnet og ei lang rekke naturmedisinarar ikkje har hatt saklige omgrep til å skjøne homeopatien med. Testingar kan likevel gjørast, for homeopatiske middel høver framifrå til dobbel-blind forsking, som dominerer når ein vil utprøve legemiddel. Dersom homeopatiske middel har effekt, må den kunne tre fram gjennom omhyggelige tilrettelagt dobbelt-blind-forsking. Det spelar inga rolle om ein forstår kva som verkar eller ikkje; verkar dei, så kan det komme fram..
      Ein skal altså ikkje sette seg på sin høge hest om homøopaten ikkje har vitskapelig skreddarsydde teoriar. Har han piller som har verknad, kan han vere godt nøgd likevel. Vi kan også vere aktsame og la vere å setje bom for gagnlig teori-utvikling ved snakk som er litt dumt. Heller gå inn for lagelige etterprøvingsmåtar (testar) av homeopatiske middel, som nemnt. Det opplegget skulle harmonere med bra og vitskapelig sikker framferd i det store og heile.
      Vi har i grunnen nokså likt grunnsyn som professorane over: Har ein ikkje prov på teori-makinga si, får ein halde stilt og ikkje braute udugelig så ein kompliserer. Men vi avviser altså ikkje nokså fair praksis fordi om teoriar kan ha sine feil og manglar. Verkar middela, så verkar dei. Det skulle no vere prova at det ikkje er tabbe å drive gransking i verknader av homøopatiske middel i og for seg (per se).
      Den som kjenner for det, kan gjøre seg kompetent (skikka) og prøve ut noe, all den tid det homeopatiske provmaterialet som finst er spinkelt. Det finst fleire slags opplegg å velje mellom (nedafor). Etter ein gjennomgang av ting som er gjort, kjem noen hint som blei utpønska av ein professor i medisin og ein statistikar.

OPP


Kva verkar homopatiske middel mot? Forskingsfunn

Lo EIN SKAL ikkje vente at homeopati hjelper mot alt her i verda - det gjør heller ikkje placebo-effekten (verknader av narremedisin i kontrollerte forsøk) - men begge kan ventelig gagne mot stress-relaterte og somme kroniske og akutte plager, om vi skal tru utlandsk forsking. Det skal vi vel ... Den skulle ein setje seg inn i, både forkjemparar, venner og omhyggelige motstandarar.
      Det enkle gjennomsynet under er ikkje fullstendig, og primærkjeldene er ikkje sjekka.


Allergisk høysnue

I ein studie som var dobbel-blind og placebo-kontrollert, blei det foreskrive eit "30c-potensert" kombinasjonsmiddel; det var stelt i stand frå tolv vanlige pollensortar.
      Resultata: Dei som tok det homeopatiske middelet hadde seks gongar færre symptom som dei som tok narremedisin (placebo). I begge gruppene fekk dei lov til å ta antihistamin i fall middelet deire ikkje verka godt nok. Studien viste at dei som fekk homeopati, trengte antihistamin-medisinen halvparten så ofte som dei som fekk placebo.

David Reilly, Morag Taylor, C. McSharry, et al., "Is Homoeopathy a Placebo Response? Controlled Trial of Homoeopathic Potency, with Pollen in Hayfever as Model" Lancet, October 18, 1986, 881-86.


Anklar, stua og svolne

Det finst eit gjengs homeopatisk middel for ytre bruk; det heiter Traumeel™, og inneheld fjorten homeopatiske middel i potensar mellom 2x og 6x [lågpotensar]. Folk med stua anklar fekk det i ei undersøking.
      Etter ti døger var 24 av 33 pasientar som fekk kombinasjonsmiddelet, utan smerter, mot 13 av 36 pasientar som fekk narremedisin (placebo). [A]
      Same middelet blei også nytta i behandling av oppsvulma ledd (traumatisk hemarthrosis). Middelet minska lækjingstida signifikant [vesentlig] i forhold til placeboen. Ledd-svelling og ledd-bevegeligheit blei målt objektivt, som det heiter, osv. [B]

[A] J. Zell, W.D. Connert, J. Mau, et al., "Behandlung von akuten Sprung-gelenksdisotrionen: Doppelblindstudie zum Wirksamkeitsnachweis eines Homoopathischen Salbenpraparats," Fortschr. Medicine, 1988, 106:96-100.

[B] W. Thiel, and B. Borho, "Die Therapie von Frischen, Traumatischen Blutergussen der Kniegelnke (Hamartros) mit Traumeel N Injectionslogung," Biol. Medizin, 20:506.


Astma

Forsking utført av professorar ved universitetet i Glasgow, indikerer at pasientar som får ein overlag liten homeopatisk dose av det dei er mest allergisk mot, får betydelig (signifikant) lindring den første veka etter behandlinga. Kva som skjer seinare, sjekka ein ikkje i den undersøkinga.
      Undersøkinga var dobbel-blind og placebo-kontrollert, og viste at over 80% [82%] av pasientane kom seg, mens berre 38% av pasientane som fekk placebo (narremedisin), opplevde like mye lindring. Det var berre 24 pasientar i heile forsøket, så for å få statistisk signifikante (vesentlige) resultat, må ein få svært store forskjellar mellom dei som får middel til testing og dei som får narremedisin (placebo). Ein fekk slik statistisk signifikant forskjell i forsøket. [Meir her: Sjekk]

David Reilly, Morag Taylor, Neil Beattie, m.fl.: "Is Evidence for Homoeopathy Reproducible?" Lancet, December 10, 1994, 344:1601-6.


Diare

Ein studie som omfatta 81 barn mellom seks månader og fem år, nytta "randomisert, dobbel-blind og placebo-kontrollert testing". Legar frå mellom anna Washington Universitet stod for opplegget. Alle barna i studien fekk også væske oralt (gjennom munnen) for å unngå uttørking. Dei barna som så fekk individuelt valde (tilpassa) homeopatiske middel, kom seg fra diareen om lag 20% fortare enn barna som fekk placebo (narre-medisin). [Kjelde: Sjekk]

Jennifer Jacobs, L. Jimenez, Margarita, Stephen Gloyd, "Treatment of Acute Childhood Diarrhea with Homeopathic Medicine: A Randomized Clinical Trial in Nicaragua," Pediatrics, May 1994, 93,5:719-25.


Fødselsbesvær og -komplikasjonar

Nitti kvinner i niande månad av svangerskapet blei delt inn i to grupper. Den eine fekk eit homeopatisk kombinasjonsmiddel i "5c-potens" [den er blant dei svakaste, slik homeopaten tenkjer], den andre fekk placebo. Middel-blandinga: "Caulophyllum, Arnica, Cimicifuga, Pulsatilla, og Gelsemium". Kvinner fekk doser av blandinga to gongar daglig i niande månad av svangerskapet, dei andre fekk placebo. Det kom fram signifikante ("vesentlige") resultat av den dobbel-blinde, placebo-kontrollerte studien:
      Dei som fekk homeopatisk blandingsmiddel, fekk 40% kortare fødselstid enn dei med placebo. Og kvinnene som fekk placebo fekk fire gongar så mange fødselskomplikasjonar som dei som fekk homeopatiske middel.

P. Dorfman, M.N. Lasserre, M. and Tetau, "Preparation a l'accouchement par Homeopathie: Experimentation en double-insu versus Placebo," Cahiers de Biotherapie, April 1987, 94:77-81.


Influensa-symptom

The best-selling flu remedy in France is actually a homeopathic medicine. Anas barbariae 200c ... also popular in the U.S. and is effective primarily at the first signs of influenza. A double-blind, placebo-controlled study with 478 patients suffering from influenza was conducted, making this the largest trial yet performed testing a homeopathic medicine. This trial showed that almost twice as many people who took the homeopathic remedy got over the flu after 48 hours as compared to those given a placebo (etc). ... Although this remedy was found to work for all age groups, it was considerably more effective for people under 30 than for those over 30. However, it was not found to be effective when subjects had severe flu symptoms. [Meir her]

J.P. Ferley, D. Zmirou, D. D'Admehar, et al., "A Controlled Evaluation of a Homoeopathic Preparation in the Treatment of Influenza-like Syndrome," British Journal of Clinical Pharmacology, March 1989, 27:329-35.


Luftvegsinfeksjonar i Nederland

Ei undersøking med tilfeldig fordeling av pasientar i to grupper (randomisering), dobbel-blind gransking og placebo-oppnådd kontroll, blei gjort med 175 nederlandske barn med gjentatte infeksjonar i dei øvre luftvegane - recurrent upper respiratory tract infections heiter det på engelsk. Barna i behandlingsgruppa fekk føreskrive eit såkalla konstitusjonsmiddel for den generelle helsa si, og somme akutt-middel mot luftvegsinfeksjonane dei så ofte fekk.
      Studien fann at barna som fekk homeopatiske middel hadde ein 16% betre symptom-skåre enn barna som fekk narremedisin (placebo).
      Studien viste også at talet på barn som fekk placebo og som laut fjerne mandlane, var 24% høgre enn for dei barna som hadde fått homeopatiske middel. Bruk av antibiotika blei minska med 54,8% for barna som fekk homeopatiske middel, mens hos barna som fekk narremedisin, minska bruken av antibiotika med 37,7%.
      Det statistiske sannsynet for at desse skilnadene kunne skje tilfeldig, var 6%. Dana Ullmann kommenterer den: "Dei skulle ha sagt meir presist at homeopatiske medisinar gagna barn med infeksjonar i dei øvre luftvegane, men at det er ein liten sjanse (6%) for at desse gode resultata kom tilfeldig. (They should have more accurately said that homeopathic medicines provided benefit to children with upper respiratory infections, but there is a small chance (6%) that these good results happened at random.)" Det er noe slikt som dette prosenttalet vil seie - det ser ut til at ein nederlendar kan få hjelp nokså ofte.
      Ullman: "Når ein vurderer [bl.a.] helse-betringane elles og det aukande ønske om å unngå antibiotika, blir det meining i - for legar og foreldre - å vurdere homeopatisk behandling mot infeksjonar i dei øvre luftvegane hos barn." [Heile: Sjekk]

E. de Lange de Klerk, J. Blommers, D.J. Kuik, et al., "Effect of Homoeopathic Medicines on Daily Burden of Symptoms in Children with Recurrent Upper Respiratory Tract Infections," British Medical Journal, November 19, 1994, 309:1329-32.


Leddgikt

I ein studie individualiserte ein homeopatisk behandling mot leddgikk. Det var 46 pasientar. To homopatiske legar foreskreiv individuelt valde middel til kvar pasient. Halvparten av pasientane fekk det føreskrivne middelet sitt, den andre halvparten fekk narremiddel (placebo).
      I studien fann ein at 82% av dei som fekk individualisert homeopatisk middel opplevde symptom-lindring, mens 21% av dei som fekk placebo opplevde noe tilsvarande.

R.G. Gibson, S. Gibson, A.D. MacNeill, et al., "Homoeopathic Therapy in Rheumatoid Arthritis: Evaluation by Double-blind Clinical Therapeutic Trial," British Journal of Clinical Pharmacology, 1980, 9:453-59.


Migrene

Ein studie av homeopatisk behandling av migrene blei gjort i Italia. Seksti pasientar blei tilfeldig fordelt (randomisert) for dobbel-blind, placebo-kontrollert testing. Dei svara på spørreskjema kor ofte og intenst dei hadde migrene, og kva som karakteriserte hovudverken. Dei fekk føreskrive ein enkelt dose av eit 30c-middel [ein låg-til-middels potens, kan vi seie] fire gongar med to-vekes intervall. Det var åtte homeopatisk middel å velje mellom, og dei som skreiv dei ut for pasientane, kunne velje to av desse som dei ville.
      Berre 17% av pasientane som fekk narremedisin (placebo) opplevde linding av migrene-verken. Og 93% av dei som fekk individualiserte homeopatiske middel [med dei avgrensingane som låg i studien], opplevde gode verknader. Så står det:

Bruno Brigo, and G. Serpelloni, "Homeopathic Treatment of Migraines: A Randomized Double-blind Controlled Study of 60 Cases," Berlin Journal on Research in Homeopathy, March 1991, 1,2:98-106.


Strålingsplager

Kvite mus blei utsett for 100 til 200 rad røntgenstrålar (mindre enn dødelig dose for slike små), og så evaluert etter 24, 48 og 72 timar. Mysene fekk dei homeopatiske middela Ginseng i "styrkegrad" 6x, 30x, and 200x and Ruta graveolens i 30x and 200x før og etter eksponeringa. Samanlikna med mus som fekk placebo-behandling, var det signifikant mindre kromosom-skade og celle-skade hos dei som fekk dei homeopatiske middela. [A]

Albino-marsvin (Cavia porcellus) blei utsett for små doser røntgenstråling som gjør huda raudare. Studier viste at det homøopatiske middelet Apis mellifica ["knust bie"] 7c or 9c hadde vernande verknad, og circa 50% lækjande verknad på røntgenstrålings-framkalla raud (oppflamma) hud. [B]

[A] A.R. Khuda-Bukhsh, S. Banik, "Assessment of Cytogenetic Damage in X-irradiated Mice and its Alteration by Oral Administration of Potentized Homeopathic Drug, Ginseng D200," Berlin Journal of Research in Homeopathy, 1991, 1,4/5:254.
      Også: Khuda-Bukhsh, A.R. Maity, S., "Alteration of Cytogenetic Effects by Oral Administration of Potentized Homeopathic Drug, Ruta graveolens in Mice Exposed to Sub-lethal X-radiation," Berlin Journal of Research in Homeopathy, 1991, 1, 4/5:264.

[B] J. Bildet, M. Guyot, F. Bonini, et al., "Demonstrating the Effects of Apis mellifica and Apium virus Dilutions on Erythema Induced by U.V. Radiation on Guinea Pigs," Berlin Journal of Research in Homeopathy, 1990, 1:28.

HOHO I denne undersøkinga kjem dei til at det homeopatiske middelet knust bie har biverknader ... (spøk)

Åreknutar

Ein studie av 61 pasientar med åreknutar (varicose veins, på engelsk) blei gjort dobbel-blind og placebo-kontrollert. Tre dosar av ein vel likt tysk kombinasjonsmiddel av åtte homeopatiske medisinar blei gitt daglig i tjuefire døger.
      Det ein målte, var venefyllings-tid, fot-omfang og subjektive symptom. I studien fann ein at venefylling-tida betra seg med 44% hos dei som fekk homeopatiske middel, mens den blei 18% verre i placebo-gruppa. Også for andre mål fanst det signifikante forskjellar.

E. Ernst, T. Saradeth, K.L. Resch, "Complementary Treatment of Varicose Veins: A Randomised, Placebo-controlled, Double-blind Trial," Phlebology, 1990, 157-163.

OPP


Rundt praktiske utprøvingar av slikt sukkertøy

Dr Olof Lindahls opplegg, ingen spøk

Kan ein bli frisk eller bra i lang tid ved tru og suggesjon - det som legevitskapen kallar placebo-effekta? Ja, syner professor Olof Lindahl frå Sverige. Han har skrive bok om slikt i lag med statistikaren Lindvall. Han peiker på at når legemiddel blir utprøvd, kan virkningane faktisk tilskrivast "tru, suggesjon og tilfelle" i nær 7 av 10 tilfelle. Han legg også til det enkle, kyndige: "-så kan vi kanskje lære å utnytte den effekten - spele varsamt med den -"
      Det kan vere noe av grunnen til at homeopatiske sukkerpiller med mange ulike namn verkar. Det kan sjå sånn ut. Men dr. Olof Lindahl er også inne på alternative utprøvingskutymer. "Innta utvalde middel for deg sjølv, om og om att, og noter kunnig korleis du hadde det før og etter. I langdrag får vi eit bilete som kan vere gyldig, same kva." Han meiner om lag: "I staden for mange som blir testa samtidig og samanlagt for å få fram gjennomsnitt, kan same person bli testa ei rekkje gonger som blir vurdert samanlagt, og så lagar ein gjennomsnittsstatistikk frå dette." Om lag sånn får han det fram. Dette er godslig nedkorta.
      Dr. Lindahl har meint som oss: I dette ingenmannslandet får den som maktar, prøve og sjå og leite etter prov på i kva grad verktøyet verkar. Det er elles ei heller drabelig og underlig skam at ingen ifrå legestanden med økonomiske middel og likearta pasientgrupper nok, har sett seg i stand til å dobbelsjekke i kva grad homeopatiske verktøy i røynda fungerer - mot kva - i kor lang tid, på kva for tenkjelige måtar - og så bortetter. Sanninga er - som Olof Lindahl også er inne på - at homeopati eignar seg framifrå til dobbelsjekkingar av den typen legevitskapen kjenner som "dobbelblindforsøk". Ingen skal blinde seg. Namnet viser til: velj to grupper, gi noen homeopatisk verktøy mot noe, og gi den andre gruppa dilldall-verktøy (placebo, narremedisin). Når ingen av dei som er med i opplegget får vite kva som er homeopati-sukker og kva som er narre-sukker, har vi designen som kan prove ting.
      Ein treng også å målfeste kva for tilstand folk har vore i før og etter kuren - og kan også makte å kontrollere om dei mogelige endringane mellom før og etter forsøket, held seg over tid - til dømes 4 månader.
      Det er latterlig enkelt å gjennomføre. Her skulle vore gjort mye meir. [Litteratur: sjå Lnp]


Frå kunsten å velje ut "rette namn"

Det var ein gong ... eg kunne nytte spørreskjema-undersøking - hadde slik utdanning. Eg fekk noen hundre homeopatiske pasientar med på at dei ville svare på spørjeskjema når kuren var over. Dei fekk også høve til å boltre seg og kommentere. Det var ikkje noen vesentlig skilnad mellom dei med tru på middela i starten, og dei som ikkje hadde tru på dei. Dei som heldt seg "nøytrale", hadde best resultat, viste det seg. I snitt var det noen og sytti prosent som meldte frå om at dei hadde blitt betre eller bra etter ein kur administrert av meg.
      I år 2000 kom ein Trondheims-homøopat med nokså nøyaktig same prosenten i ei undersøkjing han hadde stått for [Kjelde: TV Norge Trøndelag].
      Kunsten å hjelpe seg sjølv ved å suge kuler, heng i så fall nøye saman med utveljinga - og eg veit det hørest litt rart ut etter kvart. Denne forma for patentmedisin blei sett i gong av tyskaren Samuel Hahnemann for kanskje 200 år sia. Den første utgåva av hovudboka hans, Organon, kom i 1810. Dr. Hahnemann for omkring i barkesko i lang tid, for di dei bisarre framgangsmåtane hans som apotekar - han var doktor - ikkje fann gehør i Tyskland. Han laut lide for kunsten. Men i Paris blei han fetert. Slik kan det skifte. Jakob Sande er inne på stort sett det same i songen "Katten og gåsa og hanen".


Kva det kostar

Om middel

Eit glas homeopatiske middel kostar ein del. Frå Løveapoteket i Trondheim, som har eit rikhaldig utval etter norsk målestokk, kjem denne oversikta frå 14. mars 2003:

Homøopatisk potensPris pr. glas
D6-D3093 kr
D200110 kr
CM134 kr

Apoteket i Trondheim sender ut homeopatiske middel i posten daglig, og frakta er etter måten svært rimelig, ventelig 13 kr eller mindre, takk vere ei spesialordning.
      Eit glas med homøpatiske sukkerpiller (granulat og tablettar finst også) kallast homeopatisk medisin av noen; men "middel" har eit mildare preg. Homøopatiske middel er ikkje reseptpliktige, anten ein kallar dei "homøopatisk medisin" eller "homøopatiske middel".


Om "homøopatisk kur"

Ein homeopatisk sukkersugings-periode blir kalla homøopatisk kur av somme. Når ein kur tek rundt 8 veker, og det kan gå med kanskje 4 glas i ein slik runde, kjem vi fram til kostnader som ein kan rekne ut (jf. oversikta ovafor).
      Det som sia kan skje, er at somme kurar blir tekne opp att og opp att med noen få vekers kvilepauser mellom "kulesugingane". Det gjeld i regelen for kroniske forhold. For akutte, mindre plagar kan kuren ta mindre tid, og ned til noen dagar.


Konsultasjonane

Konsultasjonshonorar for kvar gong kjem også til. Det kan koste 4-500 kr første gongen, og 3-400 kr etter det. Vaksne kan halde seg til dei høgste tala, barn til dei lågaste. Prisane varierer mellom homeopatane, så ein kan vere tent med å sjekke på førehand.

homøopati Første time: 500 kr,
Andre time: 400 kr.

Begge prisane varierer.

Så kjem homeopatiske middel i tillegg - det kan fort bli 400 kr og mye meir for ein 7-8 vekers kur-framstøyt. Ein får altså ikkje noe igjen av dette på trygdekassa (år 2004). Og det kan bli nye omgangar (rundar) med kurer og pauser sia, avhengig av litt av kvart.



Den som vil lære å lage homeopatiske middel sjølv, eller lære å drøye eit glas så det varer ikkje ei eller to veker, men tusen veker, kan lære seg noen små triks for å få det til. Her er ei engelsk side som viser veg, og har med nok litteraturtilvisingar om det, så ein kan lese vidare, den som vil. [LENKJE]
      Ein kan også lære seg å finne fram til middel i enkle tilfelle. Det kan vere eit alternativ. Det kan likefram vere spennande. Opplegget heiter som hos yrkeshomøopatane "prøv og sjå". Det finst mange kloke reglar å lære seg for å få det til, og likeframme sjølvhjelpsbøker skrivne av legar (sjå nedafor).

OPP


Oppå og attåt kur-framstøytar

You must get off the cure. - Dr. Bernard Jensen i eit foredrag. Meir: [Ref 1] [Ref 2]
Meininga med ein kur er først og fremst å bli frisk. Det er ikkje alltid det er råd. Då kjem det fram "reserve-mål" og kanskje kriseminimeringar som:
  • Betringar.
  • Hjelp til å halde stillinga,
  • Seinke forfall;
  • Lindre og dulme eit og anna, kan hende;
  • Kanskje forebygge tilbakefall;
  • Og anna; det er mangt å ta omsyn til.
Den amerikanske kosthaldskjennaren, forfattaren m.v. heldt kurs i Oslo. Der kom han fram til at det er betre å vere før (sunn og heil) enn å ha reservedelar. Og at det er bra å komme seg så mye til hektene at ein ikkje treng kur resten av livet.
      "Dr. Jensen is at his best as he teaches ways to transform the body to a higher state of wellness." Nitti-åringen held seg stadig aktiv. [Ref 2 ovafor]
      Nok ressursar, sunt og godt liv, gode omkring seg, godt miljø og slikt hjelper i rett veg. Det er meir å ta omsyn til også, kanskje særlig "hald motet oppe, iallfall". Tilmed kreftforsking syner det kan gagne signifikant [Sjå Kafk, fremste delen].
      Det kan hjelpe å satse på å byggje helseressursar. Det foregår når ein går inn for helsegevinstar. Det er mange definisjonar av helse. Vår er holistisk i grunndrag.
      Så for å delta bra, lyt mange detaljar og mindre ting først vere i orden. Og deretter kjem behov for å fornye balansane. Noe kan ein ause innefrå, men den som lyt streve for mye for å delta, skulle først ha studert kva motparten er ute om, kva for rutiner som gir vinst, og la vere å skvatre-tilpasse seg i eit sig som gir langsiktige tap lange vegar. Hovudting først, i alle fall.


BØLGJE

Litteratur  
      Ad: Clarke, John Henry. A Dictionary of Practical Materia Medica. 3 Vols. London: The Homeopathic Publishing Co., 1900 (Vol 1) and 1902 (vols 2 and 3).
      Dgh: Stephenson, James Hawley. A Doctor's Guide to Helping Yourself with Homeopathic Remedies. 6th impression. Wellingbourough: Thorson's, 1983.
      Hei: Voegeli, Adolf. Heilkunst in neuer Sicht. 7. Aufl. Heidelberg: Haug, 1991 (orig, 1955).
      Hi: Smith, Carolyn D., ed, et al. Hilgard's Introduction to Psychology. 14th ed. Belmont: Thomson Wadsworth, 2003.
      Hoa: Lockie, Andrew: Homeopati. Damm. Oslo, 2001.
      Hoi: Dannheisser, Ilana og Penny Edwards: homeopati: En illustrert håndbok. Könemann. Köln, 2001
      Kafk: Simonton, O. Carl, Stephanie Matthews-Simonton, and James Creighton: Du kan bli frisk igjen. Dreyer. Oslo, 1982.
      Lnp: Lindahl, Olof and Lindwall, Lars: Laegevidenskaben i nyt perspektiv. Reitzel. København, 1979.
      Mab: Boericke, William, and Oscar Boericke. Homoeopathic Materia Medica. 9th ed. Philadelphia: Boericke and Runyon, 1927.
      Pre: Voegeli, Adolf. Homoeopathic Prescribing. Wellingborough: Thorsons, 1976.
      Sbh: Lockie, Andrew, and Nicola Geddes. Den store boken om homeopati. Oslo: Hilt & Hansteen, 1996.
      Sho: Vithoulkas, George. The Science of Homeopathy. New York: Grove, 1980.

On-line

Mange tunge, gamle klassikarar i homeopati ligg føre på Internett. Blant dei blir bøker av Boericke-brørne, Kent og Clarke mye nytta ute i verda.
  • Allen, Henry Clay. Keynotes And Characteristics With Comparisons of some of the Leading Remedies of the Materia Medica
  • Allen, Timothy F., AM, MD. The Encyclopedia of Pure Materia Medica
  • Bidwell, Glen Irving, MD. How to use the repertory
  • Boericke, Oscar E., MD. Repertory
  • Boericke, Oscar, MD, MD, Ph.D. Mind Repertory (French: Dossier Psychiatrie Mind - Repertoire de Boericke
  • Boericke, William, MD. Homeopathic Materia Medica
  • Boger, C. M., MD. Boenninghausens Characteristics - Materia Medica
  • Clarke, John Henry. A Dictionary of Practical Materia Medica
  • Dias, Aldo Farias, MD, compiler. Allen's Clinical Hints compiled from T.F. Allen's Handbook
  • Hahnemann, Samuel. Chronic diseases
  • Hahnemann, Samuel. Organon
  • Kent, James Tyler, AM, MD. Lectures on homoeopathic Materia Medica
  • Kent, James Tyler, MD. Kent's Repertory
  • Kent, James Tyler, MD. What the doctor needs to know in order to make a successful prescription
  • Roberts, Herbert A., MD. The Principles and Art of Cure by Homoeopathy
  • Talcott, Selden Haines, AM, MD, Ph.D. Compendium: Mental diseases and their modern treatment

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
  ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
  © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]