![]() |
Tankekart, kognitive kart | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Forord
Eit døme på det siste: Ved Boeing Aircraft blei ein manual for ingeniørar korta ned til eit 7,6 meter langt tankekart som sette eit lag på 100 ingeniørar i stand til å lære på nokre veker det som før hadde teke nokre år. [Mmb 170-71] Kunnskap om tankekart (kreative hugsekart, minnekart, idékart, mind maps), bør bli til eigen vinst ved dugande læringsteknologi. Noko skulle også lærarar i det offentlege skuleverket forstå og kunne om slikt, for kunnskapen om slike representasjonar kan fremme lærelyst - og då kan innlæring gå nesten av seg sjølv, ein treng ikkje slite hardt for å la gode kunnskapar "gli inn". Eit tankekart kan liknast med fleire nette kapitteloversyn som greinar seg ut frå same kjernefelt, eller med ein blome der kronblad strålar ut likeins. Hovudsaken står i midten ved slik organisk framstelling, ikkje på toppen, som i opplistingar nedetter, eller fremst, som i lineære opplistingar bortetter. Resultatet av midtfeltsentrerte framstellingar er høgare grad av orden, enda om det ikkje alltid ser slik ut, og høgare grad av orden syner seg å kunne hjelpe læring, blant anna fordi hjernen prosesserar data nokså organisk til tider, ved aktiviserte nevron-nettverk. Vekstar er ganske typisk forma så dei gir menneske, pattedyr, fuglar og insekt velvære - kanskje ikkje alle. Frå desse nokså lette tipsa kan eg kanskje anse at tankekart blir hyggelege for læringsarbeid når dei er forma fint og hjelpande for menneskehugen i det heile. Men somme former for læring krev meir enn spatiale rutinar. Somme minner er hørselminne, til dømes, slik Dale Schunk nemner. Andre er forteljingsminne, minne om forteljingar, som Jerome Bruner fortel. Gode forteljingar hjelper oss å hugse, og blir mykje brukt. Eg trur altså ikkje at den beste hugsen er karta, at andre hugsemodusar finst, men at det er mykje å hente via spatiale arrangement, av di synet er langt de viktigaste sansen, og at det kan vere mykje å hente ved samordningane som hjernekart kan gi, først og fremst. [Ltp; Coe 39-40 and passim]
Som følgje av greitt oversyn får ein hjelp til å identifisere elementa å hugse, sjå kor dei står innordna og tilpassa i ein vidare heilskap, og bra hjelp til memorering. Og nettopp memorering burde eigentleg ta mykje av studietida. Francis P. Robinson har funne at 80 prosent av studietida bør gå med til memorering (Robinson 1970, i Ams). Det gir best utbytte. Her hjelper godt laga tankekart. Men så skal ein også "fylle på" nye kunnskapar kvar dag, lese nye sider i pensumet, og då blir det ganske fort klart at å studere er hardt hjernearbeid, at ein treng hyppige, mindre pausar på ti-femten minutt, og at ikkje alt er lagt til rette for godt læringsarbeid eller friminutt kvar halvtime rundt om, til dømes. Det finst fleire typar tankekart. Dei mest kjente er utforma av den vidkjente psykologen Tony Buzan. Han forstod kva som kjenneteikna god nok læring, og forma mind maps for å hjelpe seg sjølv, og sia andre. Tankekarta hans består av ord og ordrekkjer som greiner seg ut frå eit midtfelt, om lag som spindelveven om midtpartiet sitt, om lag som kronblad omkring blomsterbotnen, eller kan hende klasar i vinranka. Det er mange og individuelle måtar å skissere opp tankekart på. Somme er betre enn andre. Dei fremmer læring der begge hjernehalvdelane arbeider godt, heiter det. Visuell framstelling kan ha slik generell verknad. Kognitive kart hjelper altså gjennomsyn og lettar repetisjonsarbeidet, og gjer det mykje enklare å bringe ting over i langtidsminnet, LTM, som eigentleg ikkje er kjapt, men tek inn ganske få moment per minutt - kanskje ti-tolv. Når læring har komme inn dit, kan ein tingen. Men den er ikkje fastna før ein har memorert og kanskje overlært aldri så lite. Då kan ein for mange år når lykka er god.
Med tankekart kan ein notere kjekkare og sparer tid. Mykje kjem an på i kva grad ein greier å trekkje sambandslinjer mellom momenta (orda og nøkkelfrasane) eit rissar opp, og kor greie dei sambandslinjene er å tyde i ettertid. Boka Bruk hovudet betre av Tony Buzan viser korfor tankekart kan vere nyttige, og grunnreglane for å lage dei. Det er ikkje mykje som skal til. Å notere idear og assosiasjonar (ting ein kjem på) ved tankekart kan det bli utbytte av i framhaldet, for karta hjelper ein å ta vare på verdifulle tankar og gjer det ganske lett å hente ideane fram igjen ved gjennomsjåing (for memorering).
Det er lett å forme og bruke tankekart. Ein må kanskje halde på i noko tid for å merke utbytte.
Kapittel 1: Om dei øvste, midtre, nedste, høgre og venstre delaneA. Øvst, mellomst og nedst
Ny forsking syner at mellomhjernen går i spann med storhjernen i langt større grad enn ein før trudde når det gjeld å lære ting. Ulyst kan hindre og hemme læring. Rundt ein firedel av elevane på ungdomsskolesteget hadde motvilje mot skolen, fortalde Harald Valås ein gong på 1990-talet på grunnlag av ei undersøking. At unge tek til å mislike skole og undervisning og blir blokkerte i forhold til å lære, kan faktisk motverkast. Den lempelege læringsmåten som kallast mastery learning, meistringslæring, etter Benjamin Bloom - og James H. Block som forfina metoden - kunne kanskje hjelpt langt dei fleste av dei også. Meistringslæring vil seie at ein får lære ting i si eiga fart og under laglege læringsforhold til ein kan det aller meste (helst over 90 prosent av kjernetilfanget); så høver det å gå vidare, steg for steg. Meistringslæring viser til innlæringsprosessering. Metoden høver for gruppeundervisning, programmert materiale, og elevar og studentar som elles har større behov for lærarhjelp. Det er altså ikkje berre tankekart og bra studiemetodar som gagnar læring og hjelper mot veksande ulyst og tilkortkoming. Også individuell tilpassing når det gjeld fart, gir hjelp. I staden for å presse elevane skal ein gi ei hjelpande hand, og det er det gagnleg studiemetodikk er. Tankekart hjelper dei fleste, trur eg. [Aoc; Tece] Det gjeld å hindre ulyst og at ulyst veks. Det kan vere heilt avgjerande at læring og lyst går hand i hand. Det same overlag vesentlege poenget har også psykoanalysen funne fram til uavhengig av forskinga over hjernen. Ein snakkar då om assosiasjonar og koplingar ved assosiasjonsdanningar normalt skjer via id (libido, som er lystprega). I psykoanalysen trener ein på å avdekkje unormale og like vellykka forhold innom hugen (sinnet) ved å gjere "detektivarbeid" ut frå blant anna assosiasjonar til ord. Det er ei side ved saka. Det viktigaste i vår samanheng er å gripe at også når det gjeld god innlæring, er det slik at "det er lysta som driv verket". Ein gjer vel i å starte positive læringserfaringar og ved det starte "positive keiereaksjonar" som kan gi varig lærelyst. Det går berre ikkje godt i langdrag å sjå vekk frå desse poenga. HjernedominansSTORHJERNEN har ein høgre og venstre halvdel. Dei er bundne saman med hjernestammen, corpus callosum. Når det gjeld høgre og venstre halvdel, har hjernebølgjeforsking og mykje anna forsking synt at hjernen fungerer mykje betre når dei to halvdelane samverkar godt (optimalt). Det er ikkje sikkert dei gjer dette i vanleg undervisning. Det har seg også slik at enkelte ting som hjernen gjer (hjernefunksjonar) dominerer i den eine halvdelen - og skoleundervisning har ein lei tendens til å "svelte ut høgre hjernehalvdel", det vil seie underaktivisere slike funksjonar som normalt der høgre halvdel er den dominerande. Har ein ikkje god balanse i kroppen, blir ein halt. Hjernebruken kan godt bli "låghalt" den også. Og hjertet kan også bli labert. Det gjeld å ha hjertet med, som ein seier. Elles kan litt av kvart bli for goldt. Det er ikkje berre det at den eine halvdelen ikkje kjem til og får utfalde seg i noet like godt som den andre. Det er også slik at når ein del av hjernen ikkje blir stimulert, utviklar kanskje ikkje nervecellene seg godt og fullstendig i den delen. Det ligg føre forsking som indikerer dette vel. Meir høgre og venstreDr. Robert Sperry fekk Nobels medisinpris i 1981 for forsking over høgre og venstre hjernehalvdel. Dr. Robert Ornstein kom til og avdekte langt meir av kva for funksjonar som normalt dominerer i dei to hjernehalvdelane. Den venstre halvdelen blir kalla den akademiske hjernen. Den har arbeidet med lesing, skriving, enkel rekning, analyse, logikk, og årsaksforhold, med meir. Den høgre halvdelen, som blir kalle den kunstnarlege hjernen, har arbeidet med identifisering, bilete, heilskapar, symbol, visualiseringar, dagdrømming, fantasi, og anna. Hos enkelte er det ombytta; hos slike er den venstre kunstnarleg, og den høgre "akademisk". Begge halvdelane utfyller kvarandre likevel. Og anten hjernedominans og hjernefunksjonar er snudd slik er slik innvendig, bør dei to hjernehalvdelane bli samkjørt om dei ikkje er det. Det har også vist seg at kvar av hjernehalvdelane kan klare alle desse intellektuelle funksjonane. Dermed blir det minst ukorrekt å snakke om "akademiske funksjonar" og "kunstnarlege funksjonar" i hjernen, heller enn "høgre og venstre hjerne", kjem brørne Buzan til i The Mindmap Book. I vår kultur kan ein prøve å fremme kunstnarsidene (normalt: høgre halvdel) sine for å komme i betre balanse - ikkje berre når det gjeld livslyst og glede, men hjerneprestasjonar også. Når det gjeld hjernen og dei funksjonane som oftast kjem litt til kort i vanleg læring, gjeld det å vere høgrevridd, rett forstått. Målet er noko så enkelt som vel balansert hjernebruk. Hjernebruk er nokså vanskeleg å talfesteSOMME held fast på at moderne menneske bruker noko under 1 prosent av den teoretiske hjernekapasiteten. Men den trua får vi heller oppdatere, for saka er at det finst ikkje vitskapeleg prov på at ein brukar verken ein eller fem ti prosent - desse tala kan ein sjå hos ulike forfattarar. Men nyare hjerneforsking derimot, mellom anna magnetiske skanningar, MR-undersøkingar, og studium av hjerneskadde syner at det ikkje finst område "i dvale" i hjernen. Om ein skader ein ganske liten del av hjernen - mykje mindre enn ti prosent - kan ein til dømes bli ufør. Funna i dag viser at folk brukar mykje meir enn ti prosent av hjernane sine, konkluderer Rachel C. Vreeman og Aaron E. Carroll i ein artikkel, "Medisinske mytar", som blei trykt i British Medical Journal 22 desember 2007. [BMJ 2007;335:1288-1289] På den lysare sida tyder vitskapelege funn i det siste tiåret på at cellene i dei hjerneområda som har med minne og læring å gjere, er i stand til å bli regenererte. Hjernen kan altså reparere seg sjølv meir eller mindre. Noko kjem an på kor skaden den er, kor omfattande og alvorlege skadane er, og så bortetter, men det gledelege er at hjerneceller kan regenererast. Det trudde ikkje legevitskapen før. No har den prov, som frå Neuroregeneration Laboratories, McLean Hospital, Program in Neuroscience, Harvard Medical School. [http://www.brainlightning.com/regen.html] No er det fatta at hjernen kan utvikle nye idénettverk og synapsar [koplingar mellom nerveceller] ved tenking. Det er å tilrå. Studium av folk med hjerneskadar syner hjernen i stor grad reparerer seg sjølv når den har blitt skadd. Understimulering og rovdrift er to andre problem. Dei som ikkje har stimulert begge hjernehalvdelane noko særleg, ikkje har lyst (nok) med i læringsarbeidet, og kanskje ikkje har lært nok teknikk til å ha respekt for tidsbruken sin, gjer kanskje feil. Mange som driv rovdrift på seg sjølve, kan få slag. Gløymsleforsking har synt at om ein ikkje går inn for læringa med interesse og nok teknikk - ein av delane kan gjere jobben, og begge i lag kan gjere "underverk", trur somme - kjem det ein har brukt tid, krefter og pengar på å lese gjennom til eksamen og slikt, til å bli gløymt styggeleg fort. I så fall har ikkje nok "godt stoff" nådd langtidsminnet (-hukommelsen). For å få stoff inn i langtidsminnet, nyttast både overlæring og klokt utmåla (porsjonerte) gjentak (repetisjonar), og somtid overlæringsarbeid. Det kan vere ein kunst å kunne ting godt nok til å tole offentleg undervisning. og ikkje berre det: Ved likande arbeid med læringa kan ein bli glad i å lære att, og glad for å lære att, mykje som då ein var liten. Hørest det ut som eventyr? Det finst metodar mot mykje goldt i kunsten å lære (lære inn). Meininga med skolegang er ikkje først å fremst å undervise (vise, seie fram i aust og vest, nord og sør, men å sørgje for at innlæring går i orden. Det er innlæring, learning, og ikkje dum utlæring, teaching, som er nøkkelen og hovudsaka, eigentleg. Legg ein vel til rette for innlæring, og held på dei samgangs- og omgangsformene som lettar og ikkje hindrar den, drive ein god undervisning også. Det er ikkje noka normal motsetning mellom dei to, mellom å lære og bli undervist, det berre verkar slik i mykje offentleg undervisning som ikkje er god, og kan kveste og drepe lærelyst vidt og breitt. Samandrag
Ein annan måte kan vere å studere nøkkelord og nøkkelfrasar med same farge, og så tenkje etter i kva grad det kan vere samband mellom dei også.
Meir om kognitive kart på nettstaden (på engelsk): [LENKJE]
Kapittel 2: Karta
DET LIGG vitskapelege arbeid bak råda under, men eg setter somme av dei til side i illustrasjonar til tider. Det er ikkje berre av tekniske grunnar, men også for å gi tips om alternativ å tyggje på, og kanskje omsetje til eigna tankekart for seg. Plantefrøa er ved jamføring berande idéar, idéar å bere fram. Det er stor variasjon i korleis tinga blir organiserte og ordna i planteriket. Variasjon og mangfald duger jamt her i verda - Det enkle utstyret
Tenk "blomster og kronblad med linjer og fargar"
TANKEKARTA kan ein sjå på som blomster, kanskje litt ufullstendige til tider. Hovudsaka for planten står i sentrum av blomen. Der er blomsterbegeret og meir. Slik som målet med blomar er å få setje frø, er målet med kognitive kart om eit sentrum å nå langtidsminnet (LTM) og ved det setje hugsefrø utan tull og knep. Rundt det kjem kronblad på varierte måtar. Tankekart er slik: dei har slik ein grunnstruktur, men det finst ein vrimmel av måtar å "ordne" og forme blomen på i tillegg.
Ein kan godt hente inspirasjon i å sjå på blomster. Høgaste
nytingane kan vel komme ifrå å glede seg over blomster som dei er, rett og
slett. Det skal vi ikkje sjå bort frå. Men det som er rikt og
verdifulltplantelivet erkan vi kanskje tanke inn hovudlærdommar ifrå
utan at det går galt for seg.
Deler av sambandslinjene i mange slags tankekart kan vere som fjørnerve-nett her og der. [Sjå Flo xviii] På enda høgare nivå for plantane greiner dei seg også - vi finn utgreiningsmåtar i blomsterstandar: der er tosidige kvastar, klasar, skjermar og halvskjermar. [Sjå t.d. Flo xxi] Når det gjeld blomefasongar, kan hjulkronefasong høve godt, iallfall i starten. [Sjå Flo xx] Vidt ulike og nyttige inspirasjonsformer til "blomemønster" og planteorganiseringar kan ein få både i naturen og ved å bla i bøker om plantane.
Lat oss gjere det ganske enkelt: Nedafor er eit utval å sjå inn i for den som har lyst og høve. Dei ulike formdanningane i bladformer, stengelordningar, blomsterkroner og blomsterfasong. Eit framlegg til ting å sjå inn i for den som har lyst og høve:
Slik som Buzan-brørne gir bilete av ulike naturformer som kan ha ein heil del til felles med tankekart, gir plantane kloke vink om organisasjonsdanningar for den som vil ha variasjon i tankekarta sine heller enn å bli einsforma og einsretta. Kritisk drøftingNo kjem eit kritisk avsnitt. Brørne Buzan meiner at tankekart av det slaget dei er talsmenn for, harmonerer særskilt bra med korleis hjernen fungerer. Det kan vere noko i det. Men éin grunn som dei gir for det, verkar noko bakvendt - dei baserer logikken rundt tankekart på formlikskap mellom nervecellene i hjernen og ulike organiske mønster. Deira mønster har ganske typisk ein noko lausleg punktsymmetri i flatene og også mykje romgeometrisk symmetri i seg. Det finst fleire fine bilete som syner dette i The Mind Map Book. I Mellomalderen var folk likeins opptekne av formlikskapar: Ein tenkte at ein plante med den og den fasongen, kunne lækje sjukdommar ut frå den og den fasongen på eit vis (signaturlæra). Den har ikkje mykje for seg. No er det avgjerande: Er det form og fasong på hjernen som er utslagsgivande for kva geometriske og andre formdanningar menneskehugen (psyken) kan trivast best med eller fungere best med? I så fall, kva med fargen på hjernen? Skulle arka ein teiknar på vere lyseraude og grå som hjernebark og "dei små grå" då? Nei, korfor det? Sansande deler av hjernevev og hug er primært avstemt til naturleg, ytre verd og det ein finn der, ikkje til mykje til oppbygginga (fasong, mønster og måtar) av nokre av delane i hjernen. Det indre er ikkje alltid likt det ytre, og ikkje nokon naturgitt målestokk for kva som er bra ytre formgiving heller. Eg held på at det Buzanpoenget - at fysiologiske hjernecellemønster også blir designforankring for tankekarta - blir ei for tynn grunngiving. Heller gå til mentale funksjonar og spørje meir i gater som denne: Kva for former er det hugen naturleg gler seg til å sjå og ha omkring seg? Vakre blomster gler folk flest, barn, unge og gamle, og kan gle opptil veldig. Vi lever i samgang med plantevekstar i naturen. Det er god grunn til å meine at heile hugen er naturleg tilpassa til vekstar og anna som gir liv, tryggleik eller kvile. Det finst elles mange andre "ting" i naturen som har punktsymmetri og andre fikse formdanningar. Buzan-brørne viser spindelvev og korallar, men ikkje isroser og snøfjom, etter det eg kan hugse. Meir om mentale formdanningar: I akupunkturteorien kjem det fram at når ein vil tenkje styringssystem, altså systemtenking, kjem punktsymmetri fint til hjelp for danning og "kjøring" av tankebaner (ymse assosiasjonsnettverk). Norske dr. Vilhelm Schjelderup var inne på dette i boka Legekunsten på nye veier i si tid.
På elementfiguren her står fem moment punktsymmetrisk omkring eit midtfelt. Fordi teikninga gir ein overflod av sambandsopningar, blir det langt lettare å knyte idésamband heilskapeleg, og dermed hugse lettare (etter kvart). Figurar kan gi mykje hjelp slik. Regel: Dess fleire vilkår for tankesamband som finst, dess betre går det å komme i hug etterpå, fordi (a) mengda av mogelege samband betrar sjansane til å hugse ting ifrå figuren, og (b), enda viktigare, nettverket av (mogelege) assosiasjonar hjelper venteleg enda meir. Gestaltprinsippet om heilskapen som blir meir enn summen av delane, gir også vink om korleis dette vel kan ha seg. Døme: Blir elementet "metall" borte for deg og går i glømmeboka, kan du med dette indre "kartet" eller oversynet kunne gjenfinne "metall" via omkretslenkjer. Dei kan vere lange eller korte og gå begge vegar (sjå figuren). Eller sambanda kan gå via femkantbanene. Då kan ein hugse utan mellomledd imellom ordet ein er ute etter og dei orda ein hugsar - i fall ein kan dette "akupunkturelement-grunnkartet". I tillegg til å hugse frå kjernen (ikkje vist ved linjer på akupunkturelement-oversynet), har ein altså mange ulike sambandsvegar å kople til - å assosiere inn i oppgåva: å kalle fram att "metall". Det biletlege oversynet gir også høve til å vinne systemisk oversyn, men det er noko som ligg høgare og truleg krev meir. Her har vi synt og gitt klare, gode prov på at organiske kartformer femner over punktsymmetri i visse høve, og at slike organisasjonsformer hjelper oss å knyte, halde ved lag og kanskje hugse tankesambanda vi gjerne ville hugse. Dette underminerer ikkje noko av Buzan-karta i og for seg. Men eg har våga å stelle eit tiltrengt spørsmål rundt verdien av nervecelle- og nervesamband-analogiar som blir brukt til dekning og halvt til legitimering for tankekart hos Buzan, av di tvilsam analogiføring gir nemleg ikkje gode prov, og heller ikkje djupe argument. [Sjå The Mind Map Book]. Eg har derimot og attåt dette teke feste i id; freudiansk teori omkring assosiasjonar ved id høver. Og ved å røkte etter (granske) kva for former i naturen som hugen (psyken) naturleg liker og held ut med i langdrag, har eg kanskje opna ei anna gate for nye moduleringar etter kvart. Det får vel vise seg. Eit spørsmål til: I kva grad skal ein investere tid på å lage tankekart, og i kva grad bør ein bruke tida til å forme innvendige assosiasjonar - i "den mørke hugen" sin? Eg vil seie svaret ligg i dette: Når blomen har gleda, fell den av. Men noko blir att: frø til neste giv. Ut frå dette resonnementet forsking gjeld det å ta opp i seg nøkkelord og nøkkelutsyn, så dei sit i langtidsminnet (LTM). Det er ikkje den ytre forma av tankekartet som er hovudsaka å hugse, men innhaldet. Det er krona på verket, det er "frøet til blomen" eller slikt noko. Hugsing går over ifrå det ytre til det indre ved høveleg interesse, noteringar, fokuseringar, memoreringsverksemd (gjentak), hugseknaggar, lære-akronym og anna. Når det ein kjem i hug kjem fram att, har det vore gjennom nye eltingar, har hugen arbeidd med stoffet? Det kan hende. Høgare læring likefram krev det. Sjå Benjamin Blooms læringsnivå, for eksempel. [LENKJE] Det er ikkje eit anten-eller. Først noterer ein ved tankekart og liknande, så bruker ein mykje meir tid på å lære det. Læring vil seie atterkalling, recall, i denne samanhengen. Hovudtinga som blir lært utanboks, blir dei kalla fram att i tankekartfasong, eller kjem ein eller fleire "lysstrålar" av biletlause minningselement opp ifrå "mørket", frå hugnivå ein sjeldan er bevisst? Eller kjem hugseknaggane i dagen? Kanskje mest det siste? Folk er ulike. Og lærestoff skil seg: Akademisk stoff har mykje abstrakt tilfang i seg, og kan det ha noko for seg å hugse boksidene visuelt ut i eitt? Dette er nokre enkle spørsmål som kvar enkelt kan grunde over for seg sjølv inntil vidare. For dei som føretrekkjer akademisk utbretting av slikt, høver boka Learning Theories av Dale Schunk godt. [Sjå Lte] Vi har her gitt vink om at hugseteknologi ikkje er heilt enkelt, og at meiningane er delte om enkelte emner. OrganisasjonsdanningHovudtingen du vil notere eller ordne tankar til, kjem i midten; det er "blomsterbegeret". Rundt den kjem "kronblad" - tankeslynger og tankegreiner i ulike fasongar og fargar. Eller kanskje rotstengelen er i midten, med fleire stilkar ut frå seg, og blomar i enden av somme av dei. I utvida tankekart kan eit opplegg som det kanskje høve flott. [Sjå The Mind Map Book, om Boeing-flya] Her skal du sjå korleis ein lagar dei i mind-mappinggata etter Tony Buzan. Hovudsaka kjem i sentrum, og gjerne med eit fargeflott bilete til. Dernest, når du vel fram nøkkelord, vel du dei orda du kjenner på deg inneheld mest råd meining og er kortfatta. La det gå strekar ifrå orda du skriv ned. Strekane kjem mellom orda og meininga er at dei skal vise høvelege samband mellom ord: dei skal altså hjelpe deg å assosiere, å lage tankeassosiasjonar og halde dei lenge nok til å kunne tinga "inni hovudet" til sist. Til støtte for nøkkelorda du noterer, kjem kan hende enkle strekteikningar (mest som kunst å rekne). Med trening kan slike sentrale hugseteikningar hjelpe. Verdien av fargane
ENKEL hugsing går lettare føre seg når ein nyttar fleire fargar. Marker ting med minst fire ulike fargar for å få hugsearbeidet til å gå lettare. [Sjå Khm 20] Fargar er viktige for resultata, og like eins at det ligg eit grann skapande arbeid (verksemd) i karta. Bruk fleire fargar du verkeleg kan like. Lat det vere lettlest og svært tydelegSKRIV heller "litt for lite" enn litt for mykje, berre du i ettertid hugsar tankane og tankesambanda bak det som står skrive, og innarbeider dei så dei ikkje glir ut av hugen. Skriv du tydeleg og lettlest, iallfall for deg, kan du nytte skrifta di, men legg gjerne flid i å skrive særs tydeleg, gjerne prydeleg også. Det gjer det meir lystfylt å sjå gjennom tankekarta etterpå, og lyst og læring går gjerne hand i hand. Alle monnar dreg, heiter det såleis. Når du skriv nøkkelord og nøkkelfrasar, kan du bruke trykte bokstavar også. Det kan vere like bra. Ein har lov å variere mellom STORE BOKSTAVAR for mykje viktige moment og vanleg trykkskrift (små bokstavar) for andre moment. Prøv og sjå, finn ut korleis du liker det i augeblikket og i langdrag, etter nokre månader kan det høve å gå gjennom karta med tanke på dette. Bruk tydelege bokstavar - kanskje trykte passar best. Trykte bokstavar - skriv gjerne ein bokstav om gongen - kan vere hovudregelen for den som skriv heller uleseleg til vanleg. Linjer inntil ord og bilete skal hjelpe
ORDA DU tek med, kan gjerne stå attåt linjer for å hjelpe hugen (sinnet) å gjenkjenne sambanda som går der. Det er noko ulike meiningar om kva for design (måte å vise fram samband på som er gode. Det viktige er at linjene viser den strukturen du har forma, og som venteleg då ligg bak kartet. Meininga med kartet er å sjå stikkord med samband til kvarandre, i sær til hovudsaka, hovudtingen. Det er det som står i sentrum - kvar gong. Prøv å la linjene vise ein klar struktur - korleis du har tenkt og forgreina tankar etter kvart kan høve. Og den innebygde strukturen i eit felt kan også bli vist mykje likt - ved ord og linjer som greinar seg ut frå midtfeltet på arket ditt. Det er vanleg å bruke berre eitt ord på (til) kvart linjestykke ved idédugnad, (hjernestorming brainstorming). Elles kan ein nytte eit, to og tre ord på kvart linjestykke, og med tida føle (kjenne) seg inn i kva som hjelper best i langdrag. Øv til du liker denne noteringsmåtenBLI VAN med dei enkle grunnreglane og øv ofte. Ofte kan ein merke at kartet hjelper fram stadig nye tankar (assosiasjonar). Tren i å få dei med og lat dei få komme fritt, med så lite sensur som det er råd. Tenk ikkje på "start" eller "slutt" når du formar tankekartet, for rekkefølgjer av momenta kan ein setje til etterpå, og det går greitt. Meininga med desse vinka er å gi deg instruksane som gir mest mogeleg utteljing med notering av nøkkelord. Ordne stoffet kan du gjere etterpåNår ein ikkje får fleire idéar (assosiasjonar), kan ein tenkje over korleis den endelege presentasjonen skal bli. Ein kan forme enkle temagrupper ved å binde saman eller ringe inn visse nøkkelord som heng saman (for deg). Ein kan nummerere både tema og nøkkelord attpåtil. Ved slike middel skaper ein truleg noko høgare orden over assosiasjonane. Vil du forme eit nytt tankekart for å ha ein reinskriven versjon å halde tale og liknande ifrå, eller bruke til seinare gjennomsyn, er det flott. Å lage eit slikt tankekart tek ikkje mange femminutt - neppe over ti minutt. Helst ikkje over det. Samandrag
Kapittel 3: Opp med det sentraleHALD DEG til det sentrale og lag nøkkelord og nøkkelfrasar for å komme det i hug betre.No er det slik at det vi til vanleg hugsar frå innlæring, er helst (ting frå) starten, slutten, det mest sentrale innhaldsmessig (for nettopp oss sjølve), og ting som stikk seg fram eller utmerkjer seg (spesielle, særmerkte o.a.), ord som blir gjentekne, ting som kan assosiere med noko kjent. Det kan vere kjentfolk, kjente menneske, vidkjente hendingar og meir til i den gata. Dei sentrale tinga og hovudsidene ved det du noterer, kan du skape nøkkelvendingar og nøkkelord for, i den grad du maktar å sjå det sentrale og formulere noko enkelt og tenleg for hugsing attåt det. Det er visse reglar for dette, men kjernen i dette er vel at når du ordnar nøkkelord inntil kvarandre og i forskjellige samanhengar, kjem tankesamband lettare i dagen (att). Sagt meir pedagogisk: Gode nøkkelord framkallar sentral informasjon ifrå det du ville lagre i langtidsminnet, LTM. Assosiasjonar med mild humor og noko uvanlege hendingar, kan ein hugse lettast, for dei verkar neppe trugande innover, i tillegg til å vere kjekke og ved det kalle opp lyst (id, libido). Det er nettopp id-assosiasjonar vi hugsar ved, og det gjeld å gjere "banene" for atterkalling lettast råd. Det går fram av denne resonneringa at ein gjer nokså godt i å halde seg unna djupe problem når ein formar nøkkelord. Det kan også hjelpe om gode og blide kjensler er involvert. Og når ein blir dumma ut og gjort narr av - men det er ikkje kjekt. ¤ Kanskje nokre enkle, innarbeidde symbol kan hjelpe i kvardagsnotatane også. Notat er hjelp til å få innhald og forståing inn i "hovudet". Det er ikkje nok når det står på eit papir, enda så fint det verket kan vere. Det gjeld å arbeide, lagre og kalle fram att informasjon innafrå til ein det så ein kan bruke det rett som det er, når det høver. Det kan vere ein kunst å lage gode notat. Ein skal tenkje godt over kva ein vinn på å lære og ha god greie på. FØRSTE vink: Skriv ned dei tankane du får i livet. Skriv dernest korte minneord og -vendingar som kallar fram tankane att, også når det har gått litt tid. Nøkkelord er med andre ord som lett hentast opp, og med dei kjem eit haleheng av tilknytte assosiasjonar, truleg. Det er meininga med bruken. Nøkkelord og nøkkelvendingar har meining i seg, iallfall for ein sjølv. Å arbeide kreativt (skapande verksemd) hjelper idé-assosiasjonsflyt. ◊ PERSONLEGE assosiasjonar - ting som vedkjem deg som person, blir normalt betre hugsa enn generelle. mykje kjem an på kor (emosjonelt) lada dei blir, og noko kjem an på kor fikserte. Oppatt-tak hjelper det siste når det skjer i fikst memoreringsarbeid. Å memorere er å innprente i minnet, lære utanboks. Eit godt nøkkelord er eit nøkkelord som kallar fram bruk av fleire sansar enn ein. Men uttrykk det sentrale momentet visuelt i den grad du evner og har tid til det, for bilete kan ein hugse påfallande godt, syner forsking på feltet. Dei orda som gir dei beste bileta mentalt kan høve for mange.
Mang slags tenking - ikkje berre reint kreativ tenking - går normalt lettare
med tankekart når ein har innøvd det.
Kapittel 4: Kart-kunnskaparTENK PÅ eit kart i eit atlas og kva som gjer det lett og likande å lese. Noko av det sentrale ifrå kartforming kan du overføre til tankekart også: Bruk bilete, omriss, symbol og kodar som forenklar for kartlagar og kartlesar.Ein gjer til vanleg vel i å gi hovudorda i kartet noko luft rundt seg - ein centimeter klarer seg vel, men dette er ikkje nokon hovudregel. Det er viktigare at piler og strekar som ein trekkjer, ikkje øydelegger for inntrykket av hovudorda. Piler formast så dei helst ikkje kryssar kvarandre. Det blir mykje meir innvikla å lese kartet om dei kryssar kvarandre. Det sinkar og kjem lett i vegen for læring. Når ting liknar kvarandre, kan vi lettare hugse dei. Når dei kjem nær kvarandre i tid og rom (situasjonar), kan vi lettare assosiere dei saman. Piler og blide fargar kan også hjelpe. Mange småord ein normalt skriv ned, kuttar ein ut - nesten som i modernistisk poesi til tider - berre ein bevarer samanhengen og overblikk. I så fall blir det vekk med mange "i, så, på, av", osv. Når "begge hjernehalvdelane" (fleire hjernefunksjonar) blir stimulert, lærer ein kjekkare og kan hugse betre. Det gjer også godt å gå gjennom tankekart med noko ein kallar lesestøtte. Ein penn kan nyttast. ¤ Når ein formar kart gjeld noko til: Assosiasjonar eller nøkkelord som ein ikkje trur ein kjem til å bruke, kan ei setje éin tolleg klar strek gjennom. Somme av dei kan komme til nytte seinare; det er ikkje godt å vite. Men når ein reinskriv tankekart, klarer ein seg normalt bra utan overstrykingar. SKRIV alle nøkkelord på linjer for å skipe oversikt og vise kva for strukturar som ligg i kartet. Ei linje skal i slike tilfelle stå under heile ordet, ikkje berre ein del av det. Det skal vere mogeleg å lese nøkkelorda kjapt. Dermed er tydeleg skrift tingen. Kva hendingar blir best gjenkalla? Det kan det også lønne seg å leite i for å forme kart med "pang" og snert. Kart gir hugsehjelp, av di dei gir overblikk. Når ein memorerer, og brukar tankekarta sine, kan ein "normalt" trenge 5-6 vel tilmåta (porsjonerte) repetisjonar over dagar og månader for å bringe kunnskap inn i langtidsminnet - det vil seie lære og/eller overlære til tinga sit og kan kallast fram att. Det er ein "cirkaregel" att. [45] ¤ Ein hendeleg tommelregel er å gå attende til tankekartet etter rundt ti minutts pause for å sjekke om nøkkelorda dine er gode nok. Utan slik sjekking kan ein notere så tankelaust og dumt at ein ikkje klarer å gjenkalle hovudidéane bakom når det har gått meir tid. Derfor: juster tankekarta så du hugsar dei godt, og ikkje fall ifrå å justere dei til du klarer den "biffen". KUNSTEN å forme sambandslinjer: Sjølv om ein finn det tiltrengt å byrje dei loddrett (vertikalt), kan ein sikkert bøye dei til venstre eller høgre for å skrive vassrett (horisontalt) bortetter. Det vil ikkje seie noko særleg om slik ei linje blir nokså lang. Den skal hjelpe oversyn, og ikkje hindre at kartet og hovudtinga skal vere tydelege og lett leselege. Dermed eit råd som dette. Og minnet verker ved at ein assosierer - ved assosiasjonsbaner. Det er grunn til å minne om det titt og ofte. Så ein god grunn til å teikne linjer frå eit nøkkelord til andre, er å skape hjelp til å sjå samanhengar. Og god oversikt - som ifrå geografikart - hjelper lett læring det også.
Det som er klar og tydeleg hjelper også eit grann. Ting som gjer det
kognitive kartet uklart og vanskeleg å lese, må ein unngå. Eit
oversiktleg kart er heilt nødvendig. Av den grunn er det betre å ha det enkelt
enn så fullt av informasjon at det blir vanskeleg å tyde det. Karta kan likevel
formast så dei inneheld svære informasjonsmengder. Det gjeld å
gjere lesinga behageleg og greileg. Fargar hjelper godt til det. [7.3 T+]
Kapittel 5: Behageleg motverking av gløymsleDET HAR blitt hevda at god meistring av kognitive kart, effektiv tekstlesing og mangt som hjelper minnet, kan minske studietida med minst ein halvdel. Det kjem vel an på. Studietid er også ei modningstid, og store tre treng lang tid for å vekse ut. Det kan i somme tilfelle gjelde store tankebaner også.Det som det gjeld, er å få mykje utbytte av studiet. Ikkje bruke kart så ein forserer ting og mistar mykje verdifullt ved slikt, men ta dei i bruk så ein kan gjere studiet lettare og likande for seg - det er det meining i. Det kan kognitive kart hjelpe til med på mange måtar, i sær ved å gjere nyttig stoff lett tilgjengeleg for oversyn og memoreringar. Truleg kan ein likevel vinne fælande mykje ved å ta nok omsyn til korleis hugen og hjernen organiserer og prosesserer informasjonar. Det kan ta litt for lang tid før nye ting vinn innpass i det skoleverket. Tankekart har vore til i over eit kvart hundreår no. TekstlesingNÅR DU les gjennom ein tekst i ei lærebok eller noko anna nytteleg, merker du venteleg av viktige ord og vendingar med filtpenn. Kanskje ein tidel av teksten kan vere verdt overfarging. Kanskje ein femdel av den teksten du har farga, kjem fram til sentrale og vesentlege ting, til hovudord. Slike ord er normalt verdt å bite merke i og hugse godt. Dei kan vere fagord, vendingar som ringar inn heilt sentrale forhold for deg, og så bortetter. Når du ser gjennom alle orda du har understreka eller dekt med farge, kjem du kanskje også på kjekke og likande hugseord for enkelte frasar. Somme av dei hugseorda kan vere prima nøkkelord i lag med fleire andre - til hjelp for nettopp deg. Det vil ofte vere lurt å teikne hugsekart (tankekart) først etter andre gjennomlesing av teksten. Når ein då lagar tankekart, tek ein slike sentrale ord og vendingar og grupperer dei så liketil ein klarer. Slik redigering kan ta nokre femminutt. Blant fordelane med å bruke tankekart av denne typen i læringsarbeidet, er at dei hjelper oversikt når dei er rett laga, og oversikt hjelper kontroll over fagfeltet. Oversikt blir fremma ved at heilt unødvendige ord for hugsing blir fjerna frå det ein arbeider ut frå i repetisjonsarbeidet. Noko mellom 70 og 90 prosent av orda i ein tekst kan vere overflødige for det hugsearbeidet, og kan seinke jobbinga og læringa i same grad. Gode nøkkelord er hugseord. Dei verkar om lag som knaggar - pegs heiter det på engelsk. Hugseknaggen får fram lange assosiasjonsbaner når ein har repetert og memorert godt nok. Når lange assosiasjonsrekkjer kjem "rullande", betyr det at ein hugsar fint, og kartoversikta tener til å sameine og samkjøre dei på mykje likande vis. Det kan komme mykje fikst ut av det. Det kan gå lettare å binde saman gamal og ny kunnskap ved tankekart. Opplegg for repetering
Fordi ein normalt gløymer mest like etter ein har lært noko, er det vesentleg å memorere ifrå karta kort etter for å berge mest mogeleg når det er mest å hente opp. Når ein så porsjonerer ut med aukande intervall, har ein nytta tida og forholda best råd og kan ha mykje att for strevet, også nokre veker etter eksamen. Når ein har memorert tinga passe, kan deler hamne i langtidsminnet som ein seier, etter knapt ein månad. Det er mange ein gong mogeleg å hugse noko sterkt utan memoreringsarbeid, men slikt blir halde utafor her, like eins diskusjonen om det finst noko særskilt langtidsminne inni oss. John Andersen er ein som har lufta tvil om det. No hører det også med å vise til gløymslekurver for å sjå kor verdifullt utmåta repetisjonar og memoreringsarbeid kan vere: ein gjengs gjennomsnittskurve for gløyming syner at noko rundt 80 prosent av detaljane ifrå ei førelesning er gått i glømmeboka etter 24 timar. Ei anna gløymslekurve viser kor forsvinnande lite som ein hugsar etter fjorten dagar - det er mest ingenting. Føresetnaden er at ein ikkje arbeider meir med stoffet i dei vekene. Men i fall ein gjer det, hjelper ein minnet på mange måtar, og hindrar løynd gløyming som gjer studia til svært mange til loffing og kanskje forfalle parodiaktig - slikt kan koste mange hundre tusen kroner for kvar enkelt, og mykje meir for samfunnet. Men det er ei anna soge. Enkle ord om overlæringLAT OSS seie du kjempar med ti franske gloser: Når du har lest dei ti gonger, kan du hugse dei frå fransk til norsk og andre vegen i tillegg, om du altså lærer gloser slik. Det var vanleg før. Når du held fram å pugge frå den gongen du hugsar alle heilt godt, og jobbar rundt 25 prosent gonger meir enn det tiltrengte i augeblikket, driv du overlæringsarbeid. Altså: Når du hugsar tinga etter ti repetisjonar og les dei tre gonger til på toppen av dette, driv du overlæring. Slikt kan vere å rå til for fag som krev kunnskap om ord og litt av kvart anna. Språk krev at ord blir lært. Det finst andre måtar å lære språk på, men det er ikkje meininga å komme inn på anna enn overlæring med dette. Noko nær 25 prosent overlæring kan lønne seg godt. Når ein ser gjennom tankekarta i lys av dette, kjem sikkert tanken fram: "Lærer eg godt i starten, utan at lysta til å lære blir laber, er det mogeleg å korte ned læringstida og somme av repetisjonane." Kanskje. Ein får sjå etter i kva grad det hjelper og tek dampen ifrå ein, for seg sjølv. Læring treng å vere lystprega. Når ein tvingar seg imot naturlege lyster i staden for å leike seg, blir ein fortare lei. Når ein blir lei, treng ein kanskje å kvile. Heller det enn å bli stamgjest i kroa. Ein kjempar altså imot å bli forfallen innom seg. Verdien av nøkkelordHer er nokre gode råd mot å gjere studiearbeidet til makkverk: Pugg løyser ikkje alt. Det ein les med stor motvilje og uhygge og uvilje, vil ein ha vekk, og kan bruke fortrenging (som omfattar gløymsle) for det. Så det gjeld å hyggje seg når ein kan. Dessutan hjelper noteringskunne. Gordon Howe og medarbeidarar ved Exeter Universitet i Storbritannia har studert kva for noteringsmåtar som hjelper best.
Eit par merknader: Desse funna får ein kople saman med gløymsleskurva og memoreringsarbeidet (gjentak og overlæring kjem inn). Om ein ikkje jobbar for å få hovudpoeng og sentrale moment inn i minnet ved å arbeide med dei, kan ein vel tvile på kva som hjelper mest etter lang tid: Fyldige notat eller knappe. Men i store drag kan lista etter Howe nok vere hjelpsam. Når ein skal lære noko ifrå bøker, kavar ein for å finne og merke av nøkkelord etter å ha forstått sånn nokolunde. Nøkkelord kan kort definerast som (1) dei som inneheld sentral meining og helst kortfatta - og godarta - og (2) slike ord som fremmer gjenkalling ved testing, nemner Tony Buzan. Ein får altså vere på utkik etter ord som betyr mykje, har mykje innebörd, innhald [sjå Mum 113-14]. Psyken hugsar ikkje nødvendigvis i setningar, men ved nøkkelord og tankebilete. Nøkkelord kan ein setje saman til nøkkelfrasar. Det kjem i tillegg - Og det visuelle minnet er ganske storarta. Vi hugsar bilete veldig godt, har det blitt vist ved mange eksperiment. Noter berre "eitt eller to av ti" når det høverHER KJEM vel rosina i pølsa: Av dei orda vi hører, les og bruker, er det kanskje berre eitt eller to av ti som er nøkkelord - heilt vesentlege meiningsberande ord (og frasar). Dei skulle vi bite best merke i, fordi dei vi hugsar, kan hjelpe gjenkalling av dei hine også. Det har synt seg at studentar hugsar større tilfang lettare på desse måtane. Å ordne hugseorda (nøkkelorda og nøkkelfrasane) i lange rekkjer bortetter eller nedetter, kallast lineær organisering av dei. Det er neppe godt nok for langtidslæring i det store og heile, enda om unnatak sikkert finst. Det bør verke betre å bruke fine tankebilete og nøkkelord (jamfør forsking over kor fint vi hugsar bilete og Gordon Howe sine funn over noteringsmåtar). For å bruke hjernen storarta, skulle vi alliere oss med og dra behageleg nytte av korleis den verkar best. Nøkkelord kan ein altså stelle i figurar og i skjema og i skjema som også tillet figurar inni seg (dei kallast kuge, tankekart og idékart om kvarandre). Av desse momenta finn ein teoretisk bakgrunn for korfor tankekart av ulike slag hjelper. Godt forma tankekart kan også fremme meir samordna hjernebruk, som igjen gir merkbar vinst [jf. også Mum 114]. Memoringsarbeid mot gløymslehegrenORDET 'gløymslehegren' er ein metafor som er brukt i Håvamål, vers 13. Inntil 80 prosent av studeringstida bør brukast til memorering. Då blir utbyttet best, syner amerikanske studiar. Det blir ikkje langt frå 50 minutt av kvar time - men om ein hugsar å "bake inn" passe utporsjonert kvile i læringstida ein har, kan ein seie det betre: Frå ein har gjennomsett og skumlest og sett godt gjennom tekstane det gjeld, høver det å bruke mesteparten av tida til memoreringsarbeid til ein kan stoffet. Då er det overført til LTM (langtidsminnet) og kan dermed aktiverast att ganske utan mageknip. [sjå Ams, eit appendiks] Ein får komme gjennom lærebøkene og notere ned ting å memorere i dei, og så legge hovudinnsatsen der det er lønnsamt. Studering er hard og tung jobbing i hovudet. Det finst heldigvis kjekke måtar å få til desse tinga på. Men tid tek dei. Human og grundig studieteknologi og kvile hand i hand kan få ein frametter.
Metodane og karta kan kanskje hjelpe også den som er litt makeleg av seg, like
fullt. Og takk for det.
Kapittel 6: Kreative byksEIN FÅR tenkje positivt om seg sjølv, det er ikkje sikkert nokon annan vil det, sa mannen.Tankesprang kjem i stand ved id-assosiasjonar. Når poeng ifrå ulike felt blir kopla saman, kjem fusjonar i stand, nye mønster, nye måtar å sjå på. I fall slike koplingar går seg til, blir brukt om att og om att, blir dei fikserte. Og når mange koplar likt i lengre tid, kostar det nesten ingenting å konstatere i tråd med slike koplingar. Mange normer kan ha vore radikale i si eiga tid, før dei glei ned i "folkedjupet" i form av ordtak og sentensar. Vi ser av skrifter ifrå Mo Tzu, Mencius og mange andre at i oldtids-Kina streva mange med å finne normer å leve etter. Confucius ifrå den tida var noko som minnar om radikalar - i samtida si. Kanskje ingen hadde fare fram og dosert like eins som han før. Han knefesta normer og kutymar. Til sist blei dei statseige - mange følgjer dei. Der alle tenkjer likt, tenkjer ingen godt nok, er elles kjernen i eit norsk ordtak mot for mykje underdanig fellestenking. Individ er unike, altså ulike. Individ vinn altså fram til eigne utsyn - derfor. Når ein tenkjer, aktiverast nerveceller rundt om i hjernen. Ulike utladdingar skaper ulike mønster. Når ein har tenkt om lag det same mange gonger, går det "sport" i det - ein glir inn i liknande tankebaner mykje lettare. Somme klarer å nå over det utvendige og konforme i form av eiga, sjølvstendig tenking - meir eller mindre. Det er ikkje så lett som det ser ut til. Men det finst mange guruar til å gi metodar, om ikkje Kjell Magne Bondevik tolererer alt dei kjempar for. Attende til korleis innlæring kan gå for seg: Ein får med seg mykje meir - også meir av seg sjølv - ved lagleg studiemetodikk, som tankekart er fine deler av. Læring kan gi mykje, også mange, nyttige tankar, når prosessane går vel for seg. Nervecellene i hjernen blir utlada på noko ulikt vis. Dei skaper bølgjer når dei bli utlada. Slike bølgjer kan ein måle ved EEG, elektroencefalogram. Når hjerneceller blir utladda og ladda igjen, blir det målt i svingingar per sekund (Hertz, korta ned til Hz) Ein ser også at slike utladdingar av spenningane i hjernebarken former ulike hjernebølgjer, og at desse igjen kan forme mønster. Hjernebølgjer har fire tydeleg ulike fasar. Dei er:
Bølgjene blir først og fremst målt ved svingingar per sekund (Hertz). Dernest kan det vere overlag interessant å sjå på amplituden til bølgjene - kanskje utslagsvidde dekkjer meininga her. Meditasjon kan hjelpe til med å sameine hjernebølgjer. Det kjem an på metodane ein brukar og korleis ein går fram. Somme klarer også å kveste seg med slikt, men det er det ikkje god nok meining i. Dei mest akademiske hjernefunksjonane kjem lettare til kort med omsyn til kreative løysingar, innovasjon, å sjå mogelegheiter. Dei artistiske hjernefunksjonane har mest styrke i det. Det finst mange døme på at kunstnarar og forskarar kom i drømmetilstandar og med eitt såg løysingar i drømme. Albert Einstein sa sjølv at mange av oppdagingane hans ikkje ville vore mogeleg utan dagdrømming (artistiske hjernefunksjonar). Niels Bohr sin atomteori kom til med liknande hjelp, og så vidare. Det finst mange andre døme. Ein får gjere eit poeng av å lære og kvile på ein overordna integrert måte i framhaldet. Tony Buzan har komme til at ein kan korte ned ei læreøkt til 18 - 20 - 25 - 30 - 35 minutt eller så for å alliere seg best mogeleg med hugsefenomena som gir langvarig læring. Det har seg slik: Å forstå og hugse er ulikt. Ein kan godt lese i tre timar og skjøne tinga godt, men hugsing er noko heilt anna: Utmatting kjem snøggare i den "leiren". Derfor er det kjekt å korte ned læringsøktene til halvparten av ein skoletime (til under 20 minutt kan vere bra). Og så skal det vere korte pausar imellom. Ein av grunnane til å innlemme korte pausar er at mykje ubevisst integreringsarbeid finn stad i lag med bevisst jobbing med stoffet, og det kan gjere godt å la den delen av prosessen vere uforstyrra av tankar utafrå om att og om att. I tillegg er det også slik at regelmessig kviling av den typen eg nemner, kan hende hjelper det meir mekaniske minnet også. Ein hugsar gjerne meir når ein kviler imellom ganske korte innlæringsøkter. Gløymslekurva syner også at ein normalt hugsar mest nokre femminutt eller så etter innlæringsøkta, ikkje direkte etter den. Slik er det. I tråd med dette blir altså samordna kviling skarpt tilrådd som haleheng til mest kvar læringsøkt. Behageleg kan det også vere, berre det går godt i hugen. Det som er tilrådd: Lese og ta pause, lese og ta pause, gjerne korte leseøkter med fem-ti minutts pausar åt seg. Det kan gå mykje betre enn "alt anna. Deretter kan ein ta ein kvil. Så kjem kanskje nye jobbeøkter med kvilepausane mellom, og så tek ein til å kjenne om det er tungt å studere, kva? Det finst mykje meir å leggje fram om kunsten å studere med pausebruk, men vinka ovafor kan venteleg hjelpe overlag mange. Regelmessig kvile hjelper hugen (psyken) å arbeide på materialet, og djupt innvendig til tider. Dessutan regenererer det hug og kropp så ein ikkje blir tussete. Når ein får lite søvn i mange veker om senn, kan ein elles gå frå vitet. Det er ikkje det beste. Noko rundt halvparten av dei som bur i større byar har søvnproblem, heiter det. Ein kan sove for lite eller for dårleg eller begge deler. Det siste er verst. [Sjå Søvn; Khm 70] Idémyldring (brainstorming) kan ein få til på eiga hand og i grupper. Det siste kan vere best. Dyrk og hegn (plei) ei positiv innstilling til både deg sjølv og oppgåva. Det hører med.
Koselege tankekart høver framifrå i det arbeidet. Dei er flotte å
ha ved planleggingar, førebuingar, løysingar av problem og visse knutar, og
idéskapingar.
Kapittel 7: Utfordringar eller -BETRE oversikt kan omforme problem til noko ein tener pengar på, eller til noko anna som er tenleg for ein sjølv. Maktar ein å omforme eit problem til ei utfordring i lys av dette, kan ein godt bli gjæv av det, iallfall å sjå til, og for ei tid. Den tida kan vare heile livet.Tankekart kan hjelpe hjernestorming når ein vil klare av problem betre, utvikle mental fridom (det er å tilrå), og komme med assosiasjonane ein kanskje kan vinne framgang ved. Somme av dei kan bli blokkert innafrå (ved det som blir kalla sensur i freudianismen) og mange utafrå, frå andre. Godt sosialt klima ryddar unna negative tilbakemeldingar på idéar (assosiasjonar) ein kastar fram i ei gruppe der ein skal tenkje oppfinnsamt, nytt og skapande. Nøkkelordikkje nordlyset kan fjerne somme av problema. idéane du får under dagdrømming og nattesøvn (i alfa- og tetatilstandar) kan kanskje hjelpe deg. [Sjå Khm 67] Blir dei generelle, blir det mange måtar å sjå på dei. Ved desse to midla kan ein makte å liste seg omkring problemet med indre og ytre sensur innan visse grenser. Dei beste kreative nøkkelorda er altså generelle ord. Dei fleste av dei skaper ikkje konkrete bilete i hugen. Med dette kjem heller ikkje vanleg sensur med fotfeste i meir primitive (arkaiske) deler av hjernen opp og fram så lett som når ein tenkjer om lag som en primat og bruker runde, biletord. Sjå også på barna. Det er mykje å lære av dei. Tankekartteknikkane bør du venne deg til så du nyttar dei det du er god for. Det er normalt viktig å fremme forståing, og det kan kognitive kart hjelpe til med.
Elles: Kanskje naturfargar kan hjelpe deg, trening, og kunnskap om hug og hjerne
under eitt. Buzan sine bøker hjelper fint om ein vil vere driftig og få meir
utbytte av mange slag.
Kapittel 8: Enkle kosthaldrådNokre gode råd til oppvarmingET DEG friskare og tren mykje om du kan:
Kvile framfor kunstig stimulering - av biologiske grunnarHJERNEN bruker rundt ein firedel av oksygenet ein pustar inn i blodet, også når den er i kvile. Den er ein storforbrukar av oksygen, altså. Forbrenninga i hjernen krev nokre tilsetjingsstoff - ikkje berre glukose ifrå sukker og stive (stivelse), men også nokre mineralar og vitaminer. I læringssituasjonar krev nokså lett litt ekstra mat, men ikkje kva som helst slags mat. Når du treng kvile, så kvil. I somme tilfelle kan det hjelpe om du strekkjer deg og badar - i andre tilfelle krevst søvn. Sjå berre:
Nåla i symaskinenDen som fann opp symaskinen i si tid, heitte Elias Howe. Men så lenge holet i nåla var i toppen av nåla, fekk han ikkje maskinen til å verke godt nok. Så ein dag fekk han melding frå oppdragsgivaren sin om at dersom han ikkje fekk nåla til å verke innan klokka ni neste morgon, ville prosjektet bli lagt vekk.Howe jobba heile natta utan å få hòl på problemet. Om morgonen var han utsliten, og på veg inn i drøymeland. Då drøymde han at han blei teken til fange av kannibalar som stakk han i ryggen med spyd. Spyda hadde hòl i spissen, såg han. Løysinga var klar. Hòlet i symaskinnåla kunne vere i spissen, altså nede på nåla. Slik fekk han det til. Koffein eller urtetear? Valet er dittStimulansar kan utsette at trøttleiken kjem, men kan krevje opptil det dobbelte med kvile etterpå, og etter kvart. Kaffi og mange leskedrikkar inneheld koffein. Det er ein stimulans å gå vekk ifrå for dei hundre tusen som slit med helgeabstinensar ifrå større mengder koffein. Te er litt mildare. Mange urtetear kan hjelpe deg. Kanskje du kan sjå over dette før du kasserer slike milde vink: Ved hjelp av erfarent kosthald kan du kanskje styrke hugsen, auke kreativiteten, førebyggje depresjonar og bremse aldringa. Leskedrikkar er det ikkje så mykje om å gjere å ha i seg når kranvatnet ikkje er for ille. Forsking viser at kva hjernen kan utrette også kjem an på kva den har å forbrenne, og kva som blir "putta" inn i den elles gjennom blodet. Dette vil seie ein truleg kan betre hjernen sin gjennom kosthaldet. Det kjem fram av ei bok av den amerikanske helsejournalisten Jean Carper (69). Boka vil heite Din mirakelhjerne når den kjem ut på norsk noko etter dette er skrive. "Kosthaldet hjelper deg å utnytte hjernekapasiteten best mogeleg," kunngjer Carper. Det ulødige kosthaldet kan gå utover hjernenCARPER hevdar at "steinalderkosthald" er det beste for hjernen. Med det meiner ho vekstar, fisk, og kanskje kjøt - og først dernest korn og husdyrprodukt. Det kan ho meine som ho vil om. Noko kan det nok vere i det. Sjå berre: I våre dagar får hjernen til somme nøye seg med næringa i burgarar og cola og slik fiffig mat. "Kampen om hjernen" går føre seg mellom dei frie radikala og antioksidantane. "Dei frie radikala går til åtak på og øydelegg hjerneceller. Antioksidantane kjempar mot desse frie radikala. Forskarar flest meiner vel at antioksidantane er med til å styrke hjernekapasiteten og utsette aldringsprosessen. Desse "gode hjelparane" finst det mykje av i frukt og grønt, og særleg i svisker, blåbær, kvitløk, jordbær og spinat." Dyreforsøk viser at mykje spinat, jordbær og blåbær er med på å avverje den svekkinga av hjernefunksjon og minne (hugs) som kjem med alderen, seier Carper. Jamvel om ein ikkje er dyr, kan ein få seg til å ete jordbær og blåbær . . . nam. Feit fisk før den blir radioaktivNoko av det viktigaste ein kan gjere for hjernenved sida av å kvile og få frisk luft, regelbunden mosjon og ha lite maser å ete feit fisk, til dømes ansjos, aure (aure), laks, makrell, sardinar, sik, sild og tunfisk. Feit fisk inneheld blant anna fiskeolje av typen omega-3. Dyreforsøk viser at slike oljer betrar læringsevna - men folk er ikkje dyr. Kanskje ein ikkje får overføre resultat frå dyr til menneske utan vidare. Men Carper seier at feittet vi får i oss er noko av det mest avgjerande for om hjernen fungerer godt eller dårleg. Undersøkingar syner at dess meir metta feitt dyr får i seg, dess meir bli hjernen og minnet deira svekka. Dyr som får fôr med mykje metta feitt, lærer seinare. Det er slikt feitt i heilmjølk og smør, med meir. Einumeitta feittsyrer, som blant anna finst i olivenolje og mange andre planteoljar, er derimot med på å hindre minnetap og svekte åndsevner når vi blir eldre, viser ein italiensk studie. Kan det vere motstykket til "Ei svale gjer ingen sommar"? Ein stor nederlandsk studie blant 1300 eldre menn viser at dei som fekk i seg mest omega-6-feittsyrer, som hovudsakleg finst i margarin og sausar, var 75 prosent meir utsette for kognitiv svekking (også minnesvekking) enn dei som hadde i seg minst omega-6, seier Carper vidare. "Når eg skal kose meg, tek eg gjerne litt . . . sjokolade. I moderate mengder er det bra for hjernen . . . inneheld antioksidantar som er bra for hjernecellene," seier ho. Kanskje det høver å komme med litt meir her:
Nokre fleire vinkKvitløk, peparmynte, pepar, søt, raud paprika, ingefær, tomatar, urter, krydder og tilmed melasse kan stogge og hindre nedsløvingar av ulike grunnar. Lite feitt, svært lite kvitt sukker, Demerara rørsukker bli betre. Minst råd vanleg salt. Urtesalt kan gå. Noko sitron i lag med feit mat skulle gjere godt, det også. Dette kan ein prøve, sa naturlegen.
Ei kjelde: Dagbladet, måndag 13. august 2001. [Heile artikkelen] [Alternativ] Kapittel 9: PresentasjonarKurs og seminar er ofte sløsing med tid og pengar om ein ikkje følgjer opp. Med eller utan oppfølgingsprogram får ein nok komme i hug at ansvaret for læringa kan vere læraren (kurshaldaren) sitt. Han og ho skal kunne om læring og leggje vel til rette for det.Humor har ofte ein brei plass i somme kurs. Humor kan løyse litt på bindingane og knuse litt is mellom folk, når ingen er pøbel. Truverdig kursleiar er eit gode, og kjem attåt oppfølging. Gruppearbeid er nokså vanleg no om dagen. Det er like eins vanleg med nokre visuelle (biletlege) presentasjonar. Overhead (prosjektør) kan bli brukt med hell. Ein kan teikne transparentar mens ein underviser, og gjerne kombinere med ferdiglaga materiale i tillegg. Hugsekart og ferdige transparentar kan kombinerast. Det finst dyrare hjelpemiddel i handelen også, men ein får vurdere nytten av dei forhold til anna ein kunne fremme og som hjelper svært bra. Noko kjem an på korleis ein underviser. Klar og tydeleg skal talen vere, og det visuelle materialet skal vere like eins: klart og tydeleg, ikkje for innvikla - heller noko enklare - og så skal ein ikkje sjokke tilhørarane.
Nok eit råd til kursleiar og kven som helst: "Never expect, inspect."
Meir om tankekart og læring på engelsk Ams: Atkinson, Richard, et al. Introduction to Psychology. 9th ed. San Diego: Harcourt, Brace, Jovanovich, 1987. Bhb: Buzan, Tony. Bruk hodet bedre. Oslo: Hjemmet-Fagpresse, 1977. Bhe: Buzan, Tony. Bruk hodet enda bedre! Du har 10 forskjellige intelligenser - lær å bruke alle sammen. Oslo: Hilt og Hansteen, 2001. Bs: Buzan, Tony, and Richard Israel. Brain Sell. Aldershot: Gower, 1995. Coe: Bruner, Jerome. The Culture of Education. Cambridge, Mass.: Harvard University Press, 1996. Cpi: Anderson, John R.: Cognitive Psychology and its Implications. 4. utg. New York: Freeman, 1995. - Lærebok for studentar Cto: Hunt, Rikki, with Tony Buzan. Creating a Thinking Organization: Groundrules for Success. Aldershot: Gower, 1999. Eh: Buzan, Tony. Et hode foran: Mental styrke er veien til fysisk helse. Oslo: Hilt og Hansteen, 2002. Ehb: Malone, Samuel A. Et hode bedre. Oslo: Egmont Hjemmet Bokforlag, 1997. [Interessant bok basert på leseteknikkar med hugsetriks] Eh: Buzan, Tony. Et hode foran: Mental styrke er veien til fysisk helse. Oslo: Hilt og Hansteen, 2002. Khm: Ringom, Bjørn: Kreative hukomelseskart (mind-maps). Lillehammer: IML, 1987. Laj: Michael J Gelb, and Tony Buzan. Lessons from the Art of Juggling. London: Aurum Press, 1995. Ltp: Schunk, Dale. Learning Theories. An Educational Perspective. 4. utg. Upper Saddle River, NJ: Pearson Education, 2004. [Grunnsolid. Lærebok for studentar] Lte: Schunk, Dale. Learning Theories. An Educational Perspective. 2. utg. Englewood Cliffs, NJ: Merrill/Prentice-Hall, 1996. [Nyare opplag har komme] Mmb: Buzan, Tony, med Barry Buzan. The Mind Map Book. Rev. utg. London: BBC Books, 1995. [All right] Mum: Buzan, Tony. Make the Most of Your Mind. Rev. utg. London: Pan, 1988. [Kjekk] Pl: Gross, Ronald. Peak Learning: A Master Course in Learning How to Learn. New York: J. Tarcher/Putnam, 1991. [Positiv] Prt: Rotondo, Jennifer og Mike Rotondo jr. Presentasjonsteknikk. Tr. Poul Henrik Poulsson. Oslo: Damm, 2002. Sg: Buzan, Tony, and Richard Israel. Sales Genius: A Master Class in Successful Selling. Aldershot: Gower, 2000. Tor: Buzan, Tony. Speed Reading. Rev. utg. London: David and Charles, 1988. [Svært nyttig] Uy: Buzan, Tony. Use Your Head. New, rev. utg. London: BBC Books, 1989. [Oppdatert engelsk utgåve av Bruk hodet bedre (over)]
Zwm: Herrigel, Eugen. Zen i bueskytingens kunst. (Zen in der Kunst des Bogenschiessens) Oslo: Hilt og Hansteen, 1995. (Også Oslo: Gyldendal, 1971) - [Varmt tilrådd]
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 19992009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||