Norsk del, Gullvekta
Indisk visdom
Seksjon › 42 Sett Søk Førre Neste

Yoga-ord

Reservasjonar Innhald  

Indisk visdom: Fortale

Saml deg slik rikdom som ikkje har noko å frykte frå kongar og tjuvar, og som ikkje sviktar og forlèt deg i dauden. Amass that wealth which has nothing to fear from kings or thieves, and which does not desert you in death. - Mahabharata

Kva slags rikdom har slike kjenneteikn? Det er godt å vite. Noko kan ein lese seg til, og anna ligg høgare enn boklærdom. Det er som når ein går opp ei trapp. Med orda kjem ein eit stykke oppetter. Frå det nivået kan ein nå høgare om ein lærer å sanne seg sjølv i meditasjon. Det er stadium i den inn-glidinga også, fortel ◦Maharishi. Indisk visdom krinsar om slike overleveringar alt frå oldtida, ei tid då folk i Norden ikkje gjekk i bukser - men somme kunne vel trivast bukselause like fullt. Tenk det!

Mange kloke hovud i Vesten har funne noko å lære av ifrå tankegangen i gamle indiske tekstar. Den tyske filosofen Arthur Schopenhauer (1788–1860) var ein. Den amerikanske filosofen, føredragshaldaren og diktaren Ralph Waldo Emerson (1803–82) var ein annan. Dei var tidlegare ute enn mange andre.

OPP

Bruk visdomsord som høver

Det finst små og større grep for å få bra utbytte av gilde visdomsord. (1) Ein forenklar fint så hovudsaker kjem godt i front. Hjelpeteikn og typografiske finesser duger til det. (2) Ein går inn for fint læringsutbytte ved læringsstrategiar. Dei kan godt bli kopla til bl.a. tibetansk lojong (meditativ læringstrening) og meir.

Hjelpeteikn

[....] Tekst i hakeparentesar [i skarpe klammer] er skriven for denne utgåva.

(....)Tekst i bogeparentesar, i runde parentesar, (  ), er frå sitert tilfang.

* 'Endra': Det kan vere omforma litegrann eller meir - stytta eller moderert på ulike vis, alt etter som. — Av og til tyder kjennemerket 'lagt til': Det gjeld for tilføyde aproposar, som bl.a. kan vere nylagingar, og er fri for kjeldetilvisingar.

står mellom ordspråk med liknande meining, mellom nærskylde ordspråk.

Jf. Jamfør', 'sjå'. (Sv. jämför; eng. cf. = compare).

Mod. 'Moderert', kan stå bakom ordspråk om dei er jenka for å høve betre enn originalversjonar med rundt snakk, eller "tar munnen for full", eller taler for breitt til å vere mykje høveleg jamt over.

Innrykt tekst:

Lange merknadar står med litt innrykt tekst, som her.

Forkortingsliste Oversyn over avstyttingar.

Læringsvinstar i langdrag

Unngå det som umogeleg er sant

Læresetningar femner over lausleg overlevingskunne og -kunst til folk, og fleirfaldige måtar å nå eit givande liv på. Fordommar og fordummande "fasitar" blir også omfatta i slik "talekunst", men bør silast vekk så ingen blir for dogmatiske.

Slik går ein fram for å finne høvelege slagord og slikt til gagn i den lange kunsten å leve - all den tid slett ikkje alle såkalla vise ord er skikkeleg eigna for klok og hendig bygging av levekår som kan gi både materiell og åndeleg vinst etter kvart. Noko heng saman med kulturen. Dei beste levereglane går an jamt over. [Finn kloke læresetningar]

Mental oppøving ved gjentak, som i lojong, og meir

Gilde læresetningar kan vere kjekke å ty til. Hovudmåten å tileigne seg god livsvisdom på, er først å ◦meditere djupt (kontemplere), og så memorere og reflektere avslappa over lære og ord som det høver.

Det gjeld å få gode og ikkje galne læresetningar godt festa (etablert) i hugen, å hugse dei. Til det arbeidet høver både djup kvile, meditasjon og lytting, og behagelege gjentak. Det skal gjerne gå timar mellom gjentaksøkter. Så kan vel nokon kvar litt etter kvart nyte fruktene av utsøkte læresetningar med mindre strev. [Meir om innlæring]

På ei eiga side står det om lojong, meditativ kviling og fokusering på kvalitetsord og kunsten å dyrke fram gode frukter frå dei etter kvart om ein er "heldig" - om lag som ved planmessig studium; Der bygg vi læingsnettverk i langtidsminnet, LTM (sjå elles avsnittet ovanfor): [Lojong-metoden for læresetningar]

Kunsten å reservere seg

Tradisjonen med å meditere avslappa over utleita læresetningar kan koplast saman med tradisjonen med å ta rimelege og godt eigna atterhald (reservasjonar), slik bl.a. Buddha seier [Meir].

Reservasjonar er høvelege å ha med for læresetningar med figurativt innhald, og det er mange av det slaget. Vi kan nærme oss fleire av dei forsiktig, forstandig, i tråd med Buddhas råd (ovanfor), for slik kan dei ta til å gi oss næring. Det er mykje å legge til rundt kunsten å ta rimelege atterhald.

Innhald


Indisk visdom frå mange kjelder, litteratur  

Bhaktivedanta, Srila Prabhupada. Bhagavad-Gita as It Is. London: Collier MacMillan, 1972.

Chatterjee, Satischandra, and Dhirendramohan Datta. An Introduction to Indian Philosophy. 7th ed. Calcutta: University of Calcutta, 1968.

Dasgupta, Surendranath. A History of Indian Philosophy. Bd. 1-5. Cambridge: Cambridge University Press, 1922, 1932, 1940, 1949, og 1955.

Flood, Gavin. An Introduction to Hinduism. Cambridge: Cambridge University Press, 1996.

Gansten, Martin, oms. Bhagavad Gita: Vishet och yoga. Nora: Bokförlaget Nya Doxa, 2008.

Heimann, Betty. Indian and Western Philosophy: A Study in Contrasts. London: George Allen and Unwin, 1937.

Johnson, W. J., oms. The Bhagavad Gita. Paperback reissue ed. Oxford: Oxford University Press, 2008.

Katz, Vernon, og Thomas Egenes. The Upanishads: A New Translation. New York: Jeremy P. Tarcher / Penguin, 2015.

Leirfall, Jon: Meierifesten. Sant og usant frå Trøndelag. Oslo: Samlaget, 1969.

Mascaró, Juan, oms. The Upanishads. London: Penguin Classics, 1965.

Nikhilananda, Swami. The Upanishads, Bd. 1-4. New York: Ramakrishna Vivekanada Center, 1977.

Prabhavananda, Swami. The Spiritual Heritage of India. 2. utg. Hollywood: Vedanta, 1969.

Radhakrishnan, Sarvepalli., red. The Cultural Heritage of India, Bd 1-7. Calcutta: Ramakrishna Institute. Bd 1: 2. utg. 1958. Bd. 2: 2. utg. 1962. Bd. 3: 2. utg. 1953. Bd. 4: 2. utg. 1956. Bd. 5: 1978. Bd. 6: 1986. Bd. 7-1: 2006.

Rao, T. M. Bhrigu Samhita. New Delhi: Hindology Books, 2008.

Indisk visdom frå mange og gamle kjelder, opp Seksjon Sett Neste

Indisk visdom frå mange og gamle kjelder BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link]
© 2016–2017, Tormod Kinnes, MPhil. [Email]  ᴥ  Disclaimer:  [Lenke]