NORSK DEL, GULLVEKTA  

Islandske eventyr og segner

 13 › 1 › 18

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Dyktig dreng

Eventyrlærdom

I EI LITA bygd vestpå fanst det ein gong eit ektepar med ein lovande son. I grenda budde to andre menn. Ein dag kom dei til bonden og meinte sonen hans kunne ha godt av å sjå seg om. Dei skulle passe på guten om han hadde hug til å følgje dei opp imot fjellheimen.

Jo, guten hadde reiselyst og fekk gjere som han sjølv ville, enda faren tykte dette var eit dumt påfunn.

Lamma var nett skilde frå mjølkesauene då dei tre fór av garde. Foreldra vona guten måtte ha lykka med seg og lét han få ein heil saueskrott saman med alt det andre han fekk til ferda.

Dei gjekk i to dagar til dei fann ein kvilestad ved ei brusande elv eit stykke inni landet. Der sette dei opp eit telt. Då blei dei to samde om å ta nista som guten hadde fått. Sjølv fekk han berre eit lite stykke av saueskrotten. Han blei så sint at han miste både søvn og mathug. Mens han låg og tenkte på kor vondt han hadde det, kom ein brun hund og stakk snuten inn under teltkanten. Guten kasta kjøtstykket sitt til hunden, som tok det og blei borte.

Etter dette rusla han til hestane, som beitte eit stykke borte. Ein røsleg mann kom mot han, helste vennleg og spurde om siste nytt. Ei brun bikkje var nær dei då guten fortalde om seg sjølve og karane som tok frå han nista. Mannen sa han hadde bruk for ein onnekar. Guten tok hestane sine, blei med han og brydde seg ikkje om å seie farvel til dei to som låg i teltet.

Det blei ein langt ridetur bort frå allfarvegen. Endeleg kom dei til ein liten gard i ein ven dal. Guten skimta vide marker, men skodda stengde for utsynet. Dottera til mannen stod i døra, helste på faren sin, og guten såg ho var ung og ven.

Jenta fekk til oppgåve å gi han mat og stelle senga hans. Men bonden sjølv følgde han til slåtteteigen morgonen etter. Det var ei stor slette han laut vere ferdig med å slå før hausten kom og sauene blei henta ned frå fjellet. Så det var berre å svinge ljåen seint og tidleg. Jenta raka, men guten fekk så visst ikkje vere nyfiken eller bry seg om høyet som kvarv etter kvart. Ikkje såg han andre enn jenta og far hennar. Husdyra var borte. Den eine dagen gjekk som den andre, og det var berre om søndagane han fekk fri.

Ei veke før sauesankinga tok til om hausten, blei han ferdig med arbeidet. Mannen var glad og takksam og bad guten skunde seg heim for ikkje å bli etter dei to karane som hadde sove i teltet det meste av tida, etter det bonden sa. Dei hadde blitt for seine til å få seg onnearbeid, og no var dei alt på heimveg.

Guten fekk større lønn enn han venta: To store skinnsekker fulle av smør, to fullvaksne sauer og god niste. Sjølv ville mannen følgje han til staden der dei møttest første gongen, og ein grå kløvhest fekk han med på ferda.

Til slutt måtte guten ta den eine slurken etter den andre av eit drikkehorn, ta tak med mannen og kjenne etter om han var sterk nok til å vinne over to spreke karar. Så var det berre å ta farvel med rakstejenta, setje seg i salen og leie den grå kløvhesten. Den brune hunden jaga sauene, og husbonden følgde han vekk frå vidda. Det siste han gjorde, var å be guten kome att neste sommar.

Før guten kom til ein høveleg kvilestad, møtte han dei to grannane han hadde rømt frå. Noka forteneste hadde dei ikkje fått, men nyfikne var dei, og meinte han skulle dele med dei det han hadde med seg. Då måtte dei prøve krefter, meinte guten. Og dermed hoppa dei ned av salen, alle tre. Så tok han dei, ein under kvar arm, svinga dei rundt og kasta dei til kvar sin kant.

Det var fælt kor sterk den guten hadde blitt, tenkte dei og lét han halde fram på ferda.

Då han kom heim, sleppte han den brune hunden og den grå hesten, og dei fann vegen attende. Foreldra blei glade for å sjå han att, og over den gildet sommarlønna. Så vakre sauer som dei han kom med, hadde dei aldri sett før. Men det var lite han ville fortelje om onnearbeidet. Om vinteren var han heime, og alle tykte han var ein dugande kar.

Då sommaren kom, drog han opp mot fjellheimen att, møtte husbonden på vegen, merka at dottera blei glad då han kom, og så fekk han enda større slåtteteig denne gongen. Han dreiv på alt han orka, og jenta raka, og høyet kom bort etter kvart som det var tøyrt.

Denne gongen blei han ferdig fjorten dagar før sauesankinga. Då kom husbonden til han i soverommet, sa at han tykte guten hadde prata vel mykje med dottera denne sommaren, men takka han likevel for velgjort arbeid. Godt var det også at han ikkje brydde seg om tilhøva på garden. No fekk han høyre at det var ein stor gard med mange tenarar. Husbonden var gift og hadde tolv døtrer. Det var berre den yngste som var ugift, og guten skulle få henne med det same.

For å prove at han talte sant, tok mannen eit glas opp av lomma, lét guten sjå gjennom det, og då såg han heile dalen med ikkje mindre enn tolv gardar, og alle stader var onnefolk i arbeid med å berge høyet. Sauer, storfe og hestar beitte oppe i liene. Det var berre den stunda han brukte glaset at han såg alt dette.

Guten var glad då han dagen etter drog på heimveg med kjærasten. Dei fekk med seg førti sauer som den brune hunden skulle jage, og så mange nyttige ting som den grå hesten kunne berre. Husbonden følgde dei til kvilestaden ved elva. Men hesten og hunden blei med dei heilt fram, for dei kom vel til å finne vegen heim att, meinte mannen.

Det var eit par overlag glade foreldre guten og jenta møtte der heime. Det synte seg snart at jenta blei den beste kvinna i bygda. Ho var heller ikkje snau då ho kom til garden. Om ikkje lenge blei det bryllaup. Dei nygifte fekk garden, blei høgvørde og rike, og ei stor slekt kom frå dei med tid og stunder.

[Fritt etter islandsk]

Ord

  1. Saueskrott: slakta sauekropp utan hud, blod, innmat, innvolar og anna avfall.

OPP

Kongsdotter Anna

Eventyrikon

EIN GONG for lenge sia var det ei kongsdotter som heitte Anna. Ho voks opp og blei både grei og flittig, enda om kongen gav henne mange terner til å tene seg.

Så blei dronninga sjuk og døydde. Etterpå var kongen så merkt av sorg at han blei likeglad med alt og alle. Det enda med at dei to klokaste rådgivarane hans fór ut i verda og skulle finne ei ny kone til kongen. Dei sette segl og fór vill. Til sist såg dei land og styrde dit. Dei kjende ikkje staden, men gjekk i land. Framfor dei låg ein stor ørken. Dei gjekk langsmed den i lang tid utan å finne nokon som helst, men endeleg høyrde dei noko. Det var ei harpe som spela, og den stod i eit silketelt. Den som spela på harpa var ei ung jente, og ved sia av henne stod ei nokså ung kvinne. Ho hadde vore dronning i landet der før, fortalde ho, like til det kom ein røvarhær og la landet øyde. Ho og dottera hadde floge inn i øydemarka for å sleppe å bli gift med hærføraren.

Rådgivarane spurde om ho ville bli kona til kongen deira, og sa korleis det låg til. Kvinna lét seg overtale og gjekk med dei om bord, og dei fekk god vind heim. Der blei det snart bryllaupsfest i sju fulle dagar, og då den var ferdig, drog kongen av stad for å krevje inn skatt for å dekkje kostnadene.

Dottera hans forsvann mens han var vekke. Den nye dronninga batt henne til ein trestokk ein gong dei gjekk i skogen. Så gjekk ho attende til slottet mens kongsdottera låg og vrei seg utan å kome laus. Til sist fall ho i søvn av utmatting. Då drøymde ho at mor hennar kom til henne, løyste banda hennar, og gav henne ein trylleduk. Den ville alltid gi henne mat om ho berre hugsa å ikkje ete opp alt, og aldri syne duken til nokon, aller minst stemora og dottera hennar. Då vakna Anna og såg at alt var slik ho hadde drøymt.

No kom stesystera ut i skogen til henne og ville vere saman med henne, for mora var slem, fortalde ho. Anna hadde vanskeleg for å tru at jenta ville vere hos henne uti skogen i staden for i sus og dus på slottet, men syntest ikkje ho kunne sende stesystera ifrå seg heller. Det var blitt kveld. Dei la seg til og lét som dei sov, begge to. Då Anna trudde stesystera sov, tok ho fram duken for å få seg noko mat. Men då var stesystera snar. Ho sprang opp, tok duken og skunda seg heim.

No dreiv Anna fortvila omkring like til ho fall i søvn, trøytt og sorgfull. Då drøymde ho at mor hennar kom til henne att. "Du var ikkje varsam no," sa mora til henne. "Men skjedd er skjedd. Gå no ned til havet, til eit nes der. Ute på neset står eit lite hus. Det er låst, men nøkkelen står i. Bli der ei tid, for

"Der gjel gauken
der spirar løken
der tek vêren ullhamen av,"

sa mora til henne.

No vakna Anna og gjekk den vegen ho hadde fått vite om i drøyme, og alt gjekk som det var sagt i draumen. Det var så godt å vere i det vesle huset at ho knapt nok ansa at dagane flaug.

Den påkledde Maja av Goya
Ho hadde det herleg der i huset.

Ein dag mens ho gjekk og hadde det herleg, kom ein stor flåte med båtar inn frå havet. Anna flykta så fort heim til huset at ho miste den eine skoen, og den var av gull.

Leiaren av flåten var ein kongsson som hadde kome for å fri til Anna. På vegen til slottet fann han gullskoen. Den var så fint og flott laga at han no ville gifte seg med jenta som hadde mista den, sa han.

Då han kom opp til slottet, fortalde han korfor han hadde kome, men at han i staden ville gifte seg med ho som hadde den andre gullskoen. Den nye dronninga sa til han at det var skoen til dottera hennar, at ho hadde gått ut av den nyss - ja slik var jo ungdommen, sa ho.

Dronninga skunda seg no inn til dottera med skoen og skulle prøve den på. Men skoen passa ikkje. Då hogg dronninga både tær og hæl av foten til dottera, mens ho sa: "Skal ein vinne ein kongsson, er nesten ikkje noko offer for stort."

No tok ho dottera inn til kongssonen for å syne at skoen passa.

"Men kor er den andre skoen?" spurde kongssonen.

"Å, eit augeblikk," sa dronninga, og gjekk ut av salen med dottera. "Skaff ein sko som er maken," sa ho til gullsmeden mens ho viste fram skoen, og så gjekk ho inn att til kongssonen og sa at den andre skoen skulle gjerast i stand. "Vent berre, så blir det gjort," sa ho.

Kongssonen slo seg tilfreds med dette. Han venta til den andre skoen kom, og så ville han ta bruda med seg heim med det same. Mens båten hans stemna ut av hamna, kom han tett forbi der Anna budde. Då skratta og kvitra alle fuglane så sterkt at han laut stogge og høyre etter kva dei ville han.

"Med på båten sit Hogg-ein-hæl
med skoen full av blod.
Her på land er ho som skoen passar,
ei mykje betre brur.
Snu no, kongsson,
så vil det gå deg godt.

Og då han såg etter, var det som fuglane song. Skoen til jenta var full av blod. Så tok han eit sterkt kort og la på hovudet til jenta, og då laut ho straks vise korleis ho eigenleg var: ei diger heks. Ho blei nøydt til å fortelje alt om seg og mor si, dronninga. Då ho hadde gjort det, slo kongssonen henne i hel og salta henne ned. Kjøtet kunne dei bruke i lag med krut, var tanken.

No sette kongssonen ut ein liten båt, rodde i land og fann fram til det vesle huset på neset. Der inne sat den vakraste jenta han hadde sett. Ho heitte Anna, og hadde løynd seg på grunn av den vonde stemora, fortalde ho.

Kongssonen fortalde kva som hadde hendt sia han kom inn frå havet, og synte henne gullskoen. Så sette han den på foten hennar, og den passa heilt fint. Ho hadde ein maken, sa ho, og henta den fram. No ville han ikkje sleppe henne frå seg, og dei blei samde om at han skulle ta henne med om bord. Dei seglde vekk frå slottet til ei vik der dei blei liggjande og duve.

Etter ei tid styrde dei flåten inn i hamna nedfor slottet att, og baud kongen og dronninga til bryllaupsfest. Kongen ville gjerne bli med, men dronninga kvidde seg. Sott og tungsinn hadde vore over henne sia dottera drog med kongssonen, og det einaste ho kunne tenkje seg kunne hjelpe, var laks ifrå lindetre dyrka i ei skogsmyr. Dette boterådet var så merkeleg at det gjekk ein støkk i kongen. Han fekk mistanke om at ikkje alt stod rett til med den nye dronninga, og lurte henne til å smake salta krabbeklo for å finne ut av henne. Og ganske rett, då dronninga smakte krabbeklo, blei ho til ei fæl trollkjerring og sprakk framfor auga på han.

Då dei hadde gjort rein salen etter henne, blei kongen med den komande svigersonen ned til båten, og så seglde dei til riket hans. Der blei det feira bryllaup i åtte dagar, og ingen som var med blei lei seg.

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   Omsetjing og design, © 2008–2009, Tormod Kinnes [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]