![]() |
Islandske eventyr og segner | ||||||||||||||||||||
|
Alvedronninga
DET BUDDE vel ein gong ein bonde på ein gard oppunder fjell. Han var ugift og
hadde ei hushaldarske som heitte Aldine. Ho styrte alt innadørs, og gjorde arbeidet
godt, stillferdig og omgjengelig.Det gjekk godt for bonden, unntatt at det var vanskelig å få gjetarar til sauene. Det som gjorde utslaget avar at gjetarane på staden sjeldan blei særlig gamle. Ein etter ein blei dei funne døde i senga si på julemorgonen. Etter kvart kom ordet om dette ut over bygda. Dess fleire gjetarar som døde hos bonden, dess vanskeligare blei det å få nye. Til sist sa bonden at han ikkje lenger hadde samvit til å hyre gjetarar til seg, det fekk gå som det ville med formuen hans, heller. Då no bonden hadde slått ut av hovudet å hyre noen som gjetar, kom det ein frisk og sterk kar til han og ville gjete sauene for han. Bonden spurde, "Har du hørt kva for ulykke som har hendt alle gjetarane mine før deg?" "Det har eg," sa mannen, og heldt fast på tilbodet sitt. Bonden let han få det som han ville og tok mannen i teneste, og bonden og gjetaren kom godt ut av det med kvarandre. På julekvelden tok bonden folka sine med til kyrkja, og let hushalderska Aldine og gjetaren vere att på garden. Den eine skulle stelle i stand til jul i huset, den andre sjå til dyra. Kvar blei no opptatt med sitt. Då det blei kveld, kom gjetaren heim som vanlig og åt maten sin, og då han var ferdig, gjekk han til ro. Han tenkte no han gjorde best i å vere varsam og heller vake enn sov same korleis det skulle gå til. Mens han låg vaken og det hadde blitt natt, hørte han kyrkjefolket komme heim. Dei fekk seg ein bit mat og gjekk til ro. Då blei gjetaren meir enn vanlig søvnig, men han samla kreftene og heldt seg vaken ved å nappe hår ifrå nasebora sine. Eitt for eitt nappa han dei utan å seie eit knyst. Etter enda ei stund kom noen inn, og han meinte det var hushaldarska Aldine. Gjetaren let som han sov mens ho stappa ein mystisk grime i munnen hans. Ho leidde han stilt utfor døra, sette seg på ryggen hans og rei han like til ein grotte. Der steig ho av ved ein stein og gjekk inn. Gjetaren ville gjerne gå etter og speide henne ut, men trollgrimen hindre han. Mannen gnei derfor hovudet mot steinen like til grimen fall av hovudet. Så sprang han etter Aldine og fekk auge på henne på ei vakker slette. Utpå sletta låg eit slott. Det kom ei skare mot henne derifrå, og det syntest som ho var dronninga deira. Kjapt fekk ho på seg kongelige klede og gullarmband, og så blei ho ført til hallen i slottet. Gjetaren følgde etter heilt fram og fekk sjå at Aldine sat i høgsetet ved sida av en mann som såg ut som konge. Då dei hadde ete, dansa alt folket så mye dei lysta, mens kongen og dronning Aldine tala saman. Mens dei tala saman kom tre born bort til dei og helste på mor si. Det yngste barnet var urolig, så det fekk leike med ein av ringane til Aldine, like til ringen fall i golvet. Gjetaren stod nær ved. Han rekte fram ein fot og fekk lynsnart tak i ringen. Seint på natta laut Aldine av garde igjen. Alle i hallen bad henne bli litt til, og blei lei seg over at ho skulle av stad igjen så fort. På vegen ut gjekk ho og kongen forbi ei gammal og skummel kjerring, den einaste som ikkje blei glad då Aldine kom, og den einaste som ikkje bad henne bli lenger. Kongen sa til den gamle, "Ta no forbanninga vekk, mor, så dronninga mi ikkje lenger treng å leve så lengt vekke, og vi kan vere meir saman." Men den gamle svara sint, "Alle forbanningane står ved lag. Ingenting skal få meg til å ta dei attende." Kongen kunne ikkje gjøre anna enn å gå vidare ut med dronninga. Mens dei gjekk ut i natta, sa dronninga at det var ikkje sikkert ho fekk sjå dei att, for dei manndrapa som hadde funne stad, kunne ho til sist bli avslørt og straffa for, enda om ho hadde handle mot sin vilje. Mens ho og kongen snakka saman om dette, sneik gjetaren seg heilt ut av slottet, over enga, og attende til opninga. Der tok han på seg grimen, og så kom dronning Aldine og sette seg opp på ryggen hans og rei han heim. Der la ho han varsamt i senga og tok grimen av. Så gjekk ho til si eiga seng og la seg til å sove. No fall han i søvn, og vakna ikkje før ut på neste dag. Då var bonden på beina før alle andre på garden, spent på om sjå om gjetaren var i live eller ikkje. Han gjekk bort til senga hans og rørte ved han med handa, såg at mannen var i live, og blei overlag glad. No vakna gjetaren og var frisk og utkvilt, og ved frukostbordet fortalte han alle i huset kva som hadde hendt om natta, om korleis Aldine hadde kome bort til senga og lagt grime på han og ridd han til berget. Aldine ville ha det til at han tulla, men då tok gjetaren fram ringen han hadde stole om natta, og spurde om ikkje dronning Aldine ville ha den igjen. Det ville ho, sa ho, og så skreik ho om kor hardt det var å vere hushaldarske, langt vekke frå eigen mann og eigne barn. "Det var svigermor som la det åket på meg," sa ho stilt. "Eg var i si tid ei ganske vanlig alvejente som kongen over alvefolket forelska seg i. Mora hans var imot at det blei oss to, og svor at han ikkje skulle få mye glede av meg. Så la ho på meg dette, at eg skulle slite i menneskeverda og kvar julenatt vere skuld i at den gjetaren eg rei heim, skulle dø av strabasane eller bli med ned i alveriket og sia gi prov på det. Det har du gjort, og no er eg løyst ifrå forbanninga som tok livet av så mange gjetarar før. Ha takk, eg skal vite å løne deg når tida er inne. Og takk til dykk alle for at de har vore vennlige mot meg. No vil eg gjerne heim." Dermed kvarv alvedronninga framfor dei. Gjetaren blei snart gift, og både bonden og Aldine lønna han godt - så godt at han og kona skaffa seg sin eigen gard neste vår. Han blei snart den dyktigaste i egnen, og folk søkte gjerne råd og støtte frå han. Han var godt likt, dyra gav fin avkastning, men sjølv sa han det var dronning Aldine han hadde å takke for all velstanden. Sjela til Jon
Så blei mannen svært sjuk. Mens kona vaka over han, kom ho til å tenkje på at han kanskje ikkje var så godt budd på døden at han heilt sikkert ville kome til himmerike. Derfor tok ho ein skinnpose og heldt den over fjeset til mannen i det same han døydde. Ånda til mannen for ut av han og inn i posen då han pusta ut for siste gong, og kona batt godt igjen med det same. Så gjekk ho opp til himmerike med skinnposen under forkledet. Ved porten til himmerike banka ho på. St. Peter kom straks ut og spurde kva ho ville. "God dag," sa kona, her kjem eg med sjela til Jon. Han døydde så fort at han fekk ikkje førebudd seg fullgodt, kan hende. No vil eg be om at han får kome inn her." "Nei," sa Peter, "eg har nok hørt om din Jon." Kona sa, "Eg hadde aldri trudd du kunne vere så hjertelaus. Du har visst heilt glømt korleis det gjekk deg ein gong du fornekta meisteren din." No gjekk Peter inn og låste porten, mens kona stod utafor og sukka. Men litt etter banka ho på att, og då kom Paulus ut. Ho helste på han og bad han ta vel imot sjela til Jon. Men heller ikkje Paulus ville vite av den, og han sa til og med, "Så vidt eg veit har han ikkje fortent noen nåde." Då blei kona harm og sa, "Nettopp du skulle ikkje snakke om at ein må gjøre seg fortent til nåde, Paulus. Og var det slik at du gjorde deg fortent til nåden sjølv då du forfølgde Gud og gode menneske?" Paulus smekka porten igjen, men kona gav seg ikkje. Ho var i godt ærend, syntes ho. No kom jomfru Maria ut. "God dag, kjære deg," sa kona. "Eg vonar du vil sleppe inn min Jon, enda om Peter og Paulus takka nei til han." "Dessverre," sa Maria, "Ryktet hans var ikkje godt." "Bevarast," sa kona, "eg trudde elles at nettopp du visste at andre kunne vere skrøpelige, eller hugsar du ikkje at du blei med barn utafor ekteskap, og at du blei berga frå svært dårlig rykte ved at Josef gifte seg med deg?" No ville ikkje Maria høre meir og skunda seg å låse porten. Kona banka på for fjerde gong, og no kom sjølve Kristus ut og spurde kor ho skulle hen. Ho svara audmjukt, "Eg vil gjerne be deg om å la denne stakkars sjela få lov å kome innafor." Kristus svara, "Er det sjela til gamle Jon - nei, han trudde ikkje på meg." I det same snudde han seg for å late att porten, for han skulle i utdrikkingslag, men kona var snar i snuinga. Ho kasta skinnposen med sjela til Jon langt inn forbi han. Den stogga ikkje før den låg på golvet i ein av salane i himmerike. Så gjekk ho glad heim. Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] Omsetjing og design, © 2007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||